Det har lenge vore tale om krise innanfor humaniorafaga. Denne såkalla HF-krisa har fått mange til å spørje seg kva framtid humaniora har innanfor universitets- og høgskulesektoren. Stille og i kollektiv medkjensle ser ein korleis fag krympar inn eller blir nedbygde til eit minimum. Kor stort eit fag skal vere, blir no berekna ut frå kalde fakta om studentgjennomstrøyming og poengproduksjon, og nedleggingsvedtak blir gjerne grunna i bedriftsøkonomiske argument om at berre «robuste einingar» har livsrett. Så langt er mange einige om at dette er ille, og kan ikkje anna enn å riste matt på hovudet i undring over korleis det kunne gå slik.

Dei forskarane som orkar å engasjere seg i denne situasjonen, har gjerne vendt blikket tilbake til røtene, det vil fyrst og fremst seie Humboldts humanistiske danningsomgrep. Ut frå tanken om at den menneskelege karakteren er i konstant forming, og da særleg i dei avgjerande studieåra, er det framleis mange som krev at dei klassiske humanistiske faga må førast vidare, slike fag som latin og gresk, romanske språk og kunsthistorie, norrøn filologi og nyare fag som teatervitskap.

Morsmålsfaget – i vårt tilfelle norsk – har ikkje alltid vore nemnt i denne samanhengen. Det kan skuldast at ingen fram til no har gått inn for ei generell avskaffing av nordistikken ved universiteta. Likevel er det eit faktum at nordiskfaget opplever stillingskutt og nedbygging av fagtilbod. Faget er utsett på grunn av den tradisjonelle fagforståinga: Kunnskap om og forsking på norsk og nordisk språk og litteratur skal vere ei prioritert oppgåve for norsk akademia, uavhengig av skiftande studenttal. Slik meir eller mindre intuitiv fagleg styring tapar i konkurransen om frie forskingsmiddel og formelle krav til studiepoeng. Korkje i politiske samanhengar, i departementa eller ved institusjonane sjølve ser det ut til å vere særleg interesse for å definere klåre forskingsmål for dei humanistiske nasjonalfaga.

Når litteraturforsking i nasjonalfaga skal legitimere seg i ein slik situasjon, er dei humboldtske danningsideala eit sjølvsagt felleshumanistisk utgangspunkt som ein må halde fast på. Men samstundes bør ein dempe identitetsretorikken og peike på det objektive innhaldet i faget. Faget kan ikkje legitimere seg som ein kultus av eit homogent «vi», men som ei forskingsbasert forvaltning av nordiske litterære ovringar som ingen har eigedomsrett til før dei sjølve har lese tekstane. Dette set krav til språkleg dugleik, men ikkje til ideologisk overtyding eller etnisk bakgrunn. Det er ein motsetnad mellom tanken om medfødd kultur og tanken om kulturell danning gjennom studium og gransking. Edrueleg og kritisk reflektert omgang med nasjonalkulturen er ei viktig oppgåve for forskingsfaget. Det er også naturleg at ein tek omsyn til den hugheile interessa for det globale i samtida slik at litteraturforskinga i morsmålsfaga opnar seg endå meir for komparative refleksjonar om både samanhengar og ulikskapar mellom det nasjonalspråklege og det internasjonale. Her, mellom det lokale, nasjonale og den store verda, må også danningsidealet liggje. Det er ein skremmande tanke at den nasjonale litteraturforskinga skulle falle i ei reaksjonær bakevje i ein mogleg tilspissa konflikt mellom global og nasjonal kultur. I eit slikt perspektiv er det ei konkret oppgåve for nasjonal litteraturforsking å rekruttere fleire studentar – og forskarar – med fleirkulturell bakgrunn.

Ei akademisk handsaming av nasjonalkulturen garanterer både at ein tek vare på og utviklar denne kulturen, men òg at han ikkje utartar til eksessar og nasjonalistiske idiosynkrasiar. Difor er det avgjerande for den nasjonale danninga at ein held ved like og vidareutviklar gode tilbod i morsmålsfaga ved dei nordiske universiteta, og at ei temperert kulturkjensle breier seg vidare gjennom skuleverket.

 

Kor sentralt det er for nordiske forfattarar å reflektere kring sambandet mellom historie, identitet og språk – for å forstå det moderne mennesket – syner artikkelen vi prentar om den norske forfattaren Gaute Heivolls roman Himmelarkivet. Unni Langås tek der utgangspunkt i den rolla fotografiet har som dokumentarisk kjelde for traumeforskinga. Ho syner fram korleis Heivoll treng bilete for å setje ord på visse personar som forsvann i Noreg under andre verdskrig-en. Ein eigenskap ved eit traume er at det oftast er fortrengt til ein stad i medvitet som ein ikkje har direkte tilgang til, men som litteraturen gjennom sine særeigne kvalitetar kan framkalle og dermed gjere tilgjengeleg for mange.

Danninga av ein menneskeleg karakter skjer sjølvsagt ikkje berre i møtet med den kanoniske litteraturen. Ein kulturell fellesskap vert òg etablert kring tidlege røynsler, som i møtet med litterære tekster i barndommen. Edda slår i dette nummeret eitt – nei, to – slag for barneboka i litteraturforskinga. Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy hentar fram ein klassikar frå barnelitteraturen, nemleg Thorbjørn Egner og hans vesle bok Karius og Baktus. Bjorvand Bjørkøy viser oss gjennom ei edisjonsfilologisk analyse at barnelitterære tekstar kan vere endra minst like mye som vaksenlitteratur. Artikkelen gjev oss innsyn i kunnskapane Egner hadde om korleis han kunne endre teksten for å tilpasse han til nye medium og framføringssituasjonar. Bjørkøy argumenterer for at mykje av suksessen til Egner nettopp ligg i denne viljen til stadig omarbeiding. Ved hundreårsjubileet for Egner er vi glade for å kunne trykkje ein artikkel om det mest populære verket hans.

Eit komparativt perspektiv finn ein hos Åse Marie Ommundsen, som slår til lyd for å lausrive nordisk barnelitteraturforsking frå engelskspråkleg teori, som ho meiner definerer paradigmet, men som byggjer på ein annan og ikkje nødvendigvis samanliknbar litterær tradisjon enn den norske. Artikkelen er eit godt døme på at litteraturforsking, og då særleg litteraturforsking innanfor morsmålet, bidreg til ein refleksjon over tilhøvet mellom den internasjonale og den nasjonale kulturen i karakterdanninga.

Trass i at redaksjonen tidlegare har stadfest intensjonen sin om å auke delen av ikkje-norske bidrag i Edda, er alle dei tre artiklane i dette nummeret norske. Eit nordisk element finn ein derimot i disputasen til Henning Fjørtoft om danske Inger Christensens forfattarskap. Edda trykkjer denne disputasen, mellom anna fordi han tek opp ein særs sentral forfattar i eit globalt og – for Edda – nytt forskingsperspektiv, nemleg økokritikken. Publisering av disputasar i eit forskingstidsskrift er ein omstridd praksis, men her har Edda lange tradisjonar. Slike formaliserte ordskifte kan vere viktige faghistoriske dokument. Pedagogisk fungerer det dialogiske i slike diskusjonar ofte framifrå. Ved å lese Fjørtofts disputas kan ein sjå kva faglege krav til metode og argumentasjon ein stiller til avhandlingsgenren, og dessutan få kjennskap til instruktive, omstridde punkt om Christensen, i høve til økologiske perspektiv på litteratur.

Redaksjonen er glad for at vi denne gongen kan trykkje fleire grundige meldingar av faglitteratur. For å oppretthalde denne viktige funksjonen ved tidsskriftet, er vi stadig avhengige av velvilje frå forskarfellesskapen. Det er eit problem at redaksjonen har bøker vi ikkje får meldarar til: Fagbøker treng lesarar og forskinga kan knapt klare seg utan fagdebatt i form av bokmeldingar. Ein stor takk til dei meldarane som har levert denne gongen; med dette nummeret meiner vi å vere på veg mot eit akseptabelt nivå.

 

God lesnad!