Kva kjenneteiknar ein god vitskapleg artikkel om litteratur? I kva mon finst det klåre normer for ein slik litteraturvitskapleg artikkel? Kva er kriteria for god litteraturforsking? Å spørje slik inneber å ta opp att grunnspørsmålet frå førebuande prøver: Kan ein stille dei same krava i humaniora som i naturvitskapen? I kva grad skil menneskelege kulturuttrykk, spesielt kunst som litteratur, seg frå klårt avgrensa objekt? Slike grunnspørsmål vert aktualiserte kvar gong ein skal vurdere ein artikkel som framsteller eit møte mellom tekst og lesar, men utan å vere teoretisk stringent. Kan ein tillate dette i eit tidsskrift på øvste nivå?

Og i kva mon skal ein artikkel vise litterær finkjensle og estetisk forståing? Tener ein artikkel alltid på å ha stringent argumentasjon frå hypotese til konklusjon? Er det vitskap å lese utvalde sider ved eit verk som illustrasjon på ein teori som allereie er formulert? Er det vitskap å framstelle det kvalifiserte møtet mellom forskarsubjekt og litteratur? På kva punkt blir ei kreativ lesing objektivt feil?

Kor mykje av den nyaste forskinga skal ein vente at artikkelforfattaren er kjend med? Er det slik i litteraturforskinga at ho skrid framover og akkumulerer innsikt? I så fall må nye vitskaplege artiklar reflektere slik ny innsikt. Om derimot endringane i litteraturforskinga må forståast i den vidgjetne søkjelysmetaforen, bør eit sentralt tidsskrift kan hende tvert om vere skeptisk til dei nyaste innsiktene og omgrepa.

I arbeidet med å redigere eit vitskapleg tidsskrift er slike spørsmål ofte sentrale, både når redaksjonen skal vurdere manuskripta som kjem inn, og når redaksjonen skal tolke fagfellevurderingane som responderer på desse tekstane. Det reflekterer den fagfellesskapen som vitskaplege tekstar blir skrivne i og inn mot. Men dette er òg ein fellesskap som rommar ulike normer og litteratursyn. Ein slik diversitet er først og fremst positiv, og friksjon mellom forskaren, forskingsbidraget, den representative kritiske lesaren og den samla forskingsfellesskapen er noko av det som driv forskinga til stadig nye (eller tilbake til gamle!) posisjonar. Men motstanden og motsetningane er samstundes brytningar mellom skrivande og lesande fagmenneske.

Litteraturforskinga er farga av sitt objekt, litteraturen. Difor er det også lang tradisjon for at kreativitet og subjektivitet har meir spelerom i litteraturforskinga enn på mange andre forskingsfelt. Men då blir òg kvalitetskrava meir uklåre. Dei fleste – rett nok ikkje alle – er einige om at det er forskjell på godt og dårleg i skjønnlitteraturen. Kva desse kvalitetane meir spesifikt består i, er det derimot større usemje om. Magekjensle og subjektivitet blir moment i den litterære kvalitetsvurderinga, og dermed i ein viss mon i vurderinga av litteraturforsking. Og det inneber at vi alle, både redaksjon og fagfellar, må vere noko meir romslege i vurderingane enn om vi dreiv ein meir objektiv vitskap.

Vi må tilstå at den første Edda-årgangen frå Bergen ikkje har synt fram ei mangslungen, kreativ og ellevill litteraturforsking. Snarare har 2011-årgangen vore prega av artiklar med relativt klår stringens i høve til hypotesar og aktuell forskingskontekst. Slike artiklar er vi glade for, og den redaksjonelle handsaminga har nok forsterka dei «vitskaplege» elementa i artiklane. Men sjølv om Edda ikkje med det første blir ein avantgardekanal for eksperimentell litteraturforsking – det får andre ta seg av – kan ein likevel vone at vi i 2012 får høve til å vise fram eit endå meir mangfaldig liv i nordisk litteraturforsking.

I siste nummeret dette året bringar vi ingen rabiate utfordringar til det vitskaplege paradigmet, men fire artiklar som i god vitskapleg tradisjon kombinerer lærdom og stringens i utforskinga av sentrale kanontekstar. Ikkje minst er vi i Edda glade for å kunne gripe tilbake til eddadiktinga med Jonas Wellendorfs interessante diskusjon av typologiske forståingsformar der. Vi er også særs nøgde med å kunne halde oppe Welhaven etter jubileet i 2007 med klassiskfilolog Pär Sandins artikkel, som er eit godt døme på at tverrfagleg kompetanse kan kaste nytt lys over kanoniske forfattarskapar. I tillegg reflekterer også dette nummeret den store aktiviteten i Hamsun-forskinga med artiklane til Gry Hedin og Steinar Gimnes. Ofte er det jo i debattane at litteraturforskinga viser sin livlege energi. Det kan ein nok seie er tilfellet også med det svaret Eivind Tjønneland har skrive til ei kritisk melding i Edda 3, 2011av Knausgård-boka hans. Diverre har vi berre ei einaste bokmelding i dette nummeret; her lovar vi bot og betring.

God lesnad!