Den faglege samtalen går føre seg alle stader: på konferansar, seminar og under disputasar, i bøker, artiklar og debattinnlegg. Ein særs viktig del av denne omfattande samtalen er bokmeldingane. Vitskaplege bøker kan vere vanskelege å få utgjevne – eller dei er eigenfinansierte gjennom prosjektmidlar med dei konsekvensane det kan ha for kvalitetskontrollen. Vitskaplege bøker blir sjeldan omtala i dei meir allmenne media, og reine meldingar kan ein oftast sjå langt etter. Om målet er å «nå ut» eller å oppfylle draumane til formidlingsentusiastane om eit dagbladoppslag eller kanskje også ein Skavlan-visitt, kan forskaren sjølvsagt gjere sitt for å popularisere, og slik halde den faglege samtalen gåande på eit vis. Kanskje på andres premissar, med eit anna vokabular eller i ein annan dialekt – og utan den forpliktande og ofte naudsynte presisjonen. Difor er det viktig at det finst stader der forskinga kan synleggjerast og diskuterast utan ei slik kunstig opp- eller nedsnobbing, og der presisjon ikkje er eit problem, men ein føresetnad.

Det er ikkje tilfeldig at både det førre og dette nummeret av Edda rommar mange – og til dels lange – bokmeldingar. For denne nye redaksjonen er det som for den gamle ei viktig oppgåve å mobilisere fagmiljøa til å gjere forskinga synleg. Edda er dessutan ein stad der forskarane les forskingsbidrag på tvers av nasjonale grensar, og ei melding på denne arenaen vil difor frå tid til annan kunne reknast som korreks til eventuelle einsretta lesepraksisar innanfor den nasjonale fellesskapen. Samstundes kan nettopp det å melde forskingstekstar om litteraturen frå nabolanda nokre gonger krevje ekstra mykje tid. Eit praktisk problem er at dette arbeidet for å synleggjere og diskutere forsking ikkje blir spegla institusjonelt: Bokmeldingar er til dømes i Noreg ikkje lenger ein kvantifiserbar kategori i Universitets- og Høgskolerådets «System for dokumentasjon for vitskapleg publisering». Inneber det at meldingar av vitskaplege bøker – monografiar, antologiar, historieverk, essaybøker et cetera – ikkje er vitskaplege ytringar? Vi meiner i alle fall ikkje det. Snarare er det vel slik at kvalifiserte faglege ytringar i form av kritikk, ros og alt imellom er ein føresetnad for vitskapleg publisering, og på den måten også for den faglege samtalen.

I dette Edda-nummeret rosar norske Jon Haarberg danske Erik A. Nielsens litteraturvitskaplege verk om Thomas Kingo, men spør samstundes om det retter seg mot ein lesar som meir er elev enn fagfelle. Haarberg gjer med dette spørsmålet merksam på at fagbøker bør vere klare i kva for eit fagpublikum dei vender seg til. Svenske Stina Hansson skriv om fyrste bindet av Anne-Marie Mais nye danske litteraturhistorie, og trekkjer fram at den på ein fin måte integrerer kvinners rolle i den danske kanonen. Boka til Mai er eit nyskapande stykke litteraturhistorieskriving og ein guide til Danmarks kultur som ein kan vitje i ulike stader i landet. Vidare melder danske Lilian Munk Rösing norske Eivind Tjønnelands bok om Karl Ove Knausgård, og syner at Knausgård er ein forfattar som skapar fagleg debatt også på tvers av landegrensene. Magnus Rindal gjev innblikk i ein antologi om Saxo og Snorre, medan Rolf Gaasland presenterer Geir Farners Litterær fiksjon. Mot slutten av meldinga spør Gaasland om Farners bok kan bli ein grunnleggjande tekst for forskarfellesskapen, men konkluderer med at ho er for teoristyrt til å kunne fylle ein slik funksjon. Her tek denne meldinga opp att debatten om teori og metode frå Edda 4/2010 og 1/2011. Frode Lerum Boassons lange omtale av Anders Ehlers Dams bok om vitalismen i Danmark er kanskje fyrst og fremst eit teikn på at interessa for vitalismen for tida står like sterkt i Noreg som i Danmark, medan Christine Hamms utheving av Janet Gartons bidrag til Skram-forskinga uttrykkjer den internasjonale interessa for denne norske forfattaren. Ein annan norsk forfattar som fagfellar i inn- og utland fylgjer godt i forskinga om, er Tarjei Vesaas: Som eit unnatak prentar vi difor to meldingar av Lisbeth Wærps forskingsbidrag om denne forfattaren, henta frå det norske og det tyskspråklege skandinavistmiljøet.

Eit tidsskrift lever sjølvsagt ikkje utan dei vitskaplege forskingsartiklane. I dette Edda-nummeret lyfter Eiliv Vinje fram Jacob Baden og hans Kritisk Journal, og minner dermed om at den moderne litteraturkritikken har ei historie som er vel verdt å kjenne til. Bjarne Markussen leverer eit bidrag om forholdet mellom rett og litteratur, og vidarefører drøftinga av tilhøvet mellom ideologi og estetikk hos Hamsun når han les Markens grøde opp mot samtidas debatt om barnemord. Ideologi og estetikk er òg grunntema når Thorstein Norheim grip fatt i ein av dei kan hende mest utfordrande samtidige forfattarane i Noreg: Thure Erik Lund. Norheim prøver å forstå Lunds litterære prosjekt ved å relatere romanen Inn til ein genrekonvensjon som Raffaella Baccolini og Tom Moylan kallar for kritisk dystopi.

God lesnad!