Ei lang økt i Eddas førarsete nærmar seg slutten, og det kan vere grunn til å reflektere over kva for publiseringskanal Edda eigentleg er. Vi tenkjer ikkje da fyrst og fremst på at Edda skal vere eit internasjonalt tidsskrift innanfor den litterære nordistikken, med tilflyt av artiklar frå heile det nordiske språkområdet samt frå dei som arbeider med nordisk litteratur i USA, Tyskland, Tsjekkia osb. – land der nordistikken står sterkt. Vi tenkjer heller ikkje på at studieobjekta innanfor faget vårt har endra seg, f.eks. at vi no publiserer artiklar om filmmanus, digital litteratur m.v. Alt slikt høyrer no så å seie til normaltilstanden innanfor faget, og jamvel diskusjonen omkring nivådifferensiering (når det gjeld økonomisk utteljing) innanfor tidsskriftfloraen har på det nærmaste stilna heilt. Vi tenkjer på dette: Kva for type forskarar er det som skriv i Edda?

Å svare skikkeleg på dette spørsmålet vil krevje ei lang utgreiing, men nokre inntrykk bit seg fast. Som kjent bruker mange forskarar (altfor) mykje tid på å skrive søknader til sine respektive forskingsråd. Og sjølv om mange no er blitt svært dyktige til å skreddarsy søknadene sine, tilpasse dei til dei moterette straumdraga og kanskje tilmed er viljuge til å gå på akkord med det som fagleg sett ligg dei djupast i hjarto, er det berre eit fåtal som får tilslag i form av millionar av kroner overført til institutt- og fakultetskontiane. Dei som får tilslag, opprettar gjerne sine eigne skriftseriar eller gir ut vitskaplege antologiar. Vårt hovudinntrykk er at Edda er ein sentral publiseringskanal for dei som held seg utanfor dei store programsatsingane og dei store prosjekta. Artiklane i Edda er nok eit uttrykk for det som meir retteleg kan kallast fri forsking. Slik blir Edda særleg viktig for dei som «held på med sitt», dei som sjølve definerer sitt forskingsområde og lèt sine eigne faglege interesser vere styrande uavhengig av press frå eigen institusjon om å skrive søknader og skaffe midlar, uavhengig av forskingsmessige trendar, uavhengig av alle former for overstyring utan- og ovanifrå. Desse forskarane gjer sitt til at vi får eit Edda med stort artikkelmangfald – grundig saumfart av røynde og uavhengige fagkollegaer.

Ei anna gruppe forskarar som ofte sender sine artiklar til Edda, er doktorandar – anten dei er knytte til bestemte program eller ikkje. Vi vil tru at doktorandane òg er visse på at Edda står for grundig og kompetent fagfellevurdering, noko som kjem dei sjølve til gode anten artiklane blir refuserte eller kjem på prent. For Edda-redaksjonen utgjer slike artiklar eit stort pluss. Doktorandane må nødvendigvis liggje i forskingsfronten, og det er nett Eddas oppgåve å formidle frå denne fronten og halde oss alle på forskingsmessig «tå hev». Berre slik kan Edda halde seg på eit høgt vitskapleg nivå og halde fram med å vere eitt av dei viktigaste og beste tidsskrifta innanfor den litterære nordistikken.

Vi meiner at det er eit slikt fagleg godt og mangfaldig Edda du no held i handa. Iallfall er det ikkje noko å seie på tidsmessig og tematisk spreiing i artiklane: Primærtekstar frå heile fire hundreår blir handsama her: tekstar frå barokk til modernisme, dikt, dramatikk og novelle- og romankunst. Stutt sagt: Margrét Eggertsdóttir og Jon Haarberg skriv om Petter Dass’ «Herre Gud, ditt dyre navn og ære» i islandsk oversetting, Liv Bliksrud kastar eit nytt blikk på den for mange gløymde og undervurderte Niels Krog Bredal, Joachim Schiedermair nyttar element frå postkolonial teori i sin analyse av P. Høegs Rejse ind i et mørkt hjerte og V. v. Heidenstams Endymion, Audun Renolen Aasbø følgjer så å seie i F. Nansens skispor over Langfjella frå Oslo til Bergen medan Christine Hamm tek for seg einslege mødrer i Sigrid Undsets Ida Elisabeth, Cecilie Løveids Sug og Anne Oterholms Etter kaffen.

Og som lesaren sjølv vil sjå er bolken med bokmeldingar minst like mangfaldig og variert.

God lesing!

Henning H. Wærp                      Lisbeth P. Wærp                     Ole Karlsen