Edda har heilt sidan starten hatt internasjonal profil. Tidsskriftet har nådd – og når framleis – ut til dei nordiske og skandinaviske institutta verda over. Tromsø-redaksjonen har som mål å vidareutvikle denne internasjonale dimensjonen på ulike vis. Med omsyn til forfattarkrins kan dette nummeret vere eit godt døme. Forutan Noreg er Danmark, Sverige, Finland og Skottland representerte blant forfattarane – med hovudvekt i Norden, som rimeleg kan vere. No garanterer likevel ikkje ein internasjonal forfattarkrins i seg sjølv at blikket er vendt og ope mot verda utanfor Noreg; at vi er opptekne av det nordiske og internasjonale perspektivet, må òg avspeglast i innhaldet, i kva artiklane handlar om og korleis dei er perspektiverte teoretisk. I hovudartiklane denne gongen kan denne profilen til dømes avlesast slik: Den fyrste artikkelen presenterer fransk sjølvfiksjonsteori som vil få konsekvensar for den nordiske litteraturvitskapen og korleis vi dreg grensene mellom sjølvfiksjon og sjølvbiografi særleg i samtidslitteraturen. Dinest følgjer ei resepsjonshistorisk drøfting av korleis den skandinaviske litteraturen verka inn på nasjonal identitetsdanning i England på 1850-talet. Den tredje artikkelen syner korleis litteraturkritikaren Amalie Skram arbeider interartielt – med kjønnspolitiske implikasjonar – i si melding av Christian Krohgs Albertine, og det kjem òg fram – ettersom artikkelforfattaren dreg vekslar på kunstteoretikaren Michael Fried – at Skram les Krohgs roman inn i ein anti-teatralsk tradisjon. Sist i artikkelbolken følgjer ein analyse av den tidlege Inger Christensen-teksten «Vandtrapper» sett i lys av Christensens subjekt- og verk-forståing elles i forfattarskapen.

Også i dette nummeret kan vi glede lesarane med ein grundig fagsamtale. Den 20. juni i fjor disputerte Thorstein Norheim ved Universitetet i Oslo på ei stor avhandling om Sveriges verdspoet Gunnar Ekelöf. Emnet for avhandlinga var ikkje berre eit utval frå alle fasane i Ekelöfs lyriske diktarskap; heile forfattarskapen – og ikkje minst ein stadig meir ruvande sekundærlitteratur – dannar bakteppet for korleis doktoranden oppfattar eg-instansen i Ekelöfs dikting. Avhandlinga utgjer ein viktig milepæl i norsk lyrikkforsking og opnar – slik diskusjonen syner – for lyrikk-teoretiske refleksjonar, for debattar om korleis det spesifikt ekelöfske skal tolkast, og for meir prinsipielle diskusjonar om avhandlingsdiskurs med bakgrunn i doktorandens framstillingsform.

Spennvidde og variasjon kjenneteiknar òg bolken med bokmeldingar. Einarr Skúlassons Geisli, Runebergs verd, svensk og dansk modernisme, Holberg, litteraturen og det heilage: Alt nemnt, inkje gløymd.

God lesnad!

Ole Karlsen                 Henning Howlid Wærp                  Lisbeth Pettersen Wærp