Lovverket har utvikla seg ved behov over tid og set rammene for korleis viltet kan forvaltast. I dette kapittelet vil me visa norsk viltlovverk mot ein historisk og internasjonal bakgrunn. Jaktrettar og til dels jaktmetodar vert stort sett bestemt nasjonalt, medan vern i tillegg gjerne er regulert av internasjonale konvensjonar. Me vil fyrst drøfta tre lovområde: 1) Kven som har retten til å bruka viltet, 2) vern av ressursen, sikring av viltbestandar og 3) respekt for individuelle dyr. Me går deretter gjennom ei rekkje internasjonale konvensjonar som Stortinget har ratifisert, og som våre lover er tilpassa. Me omtalar naturvernregelverket til EU. Sjølv om det ikkje inngår i EØS-avtalen, er det viktig for mange av våre samarbeidspartnarar. Me går deretter gjennom utviklinga av norsk viltlovgjeving fram til ei viltlov underlagt naturmangfaldslova og viser ogso andre lover med betyding for viltforvaltinga. Viltlova er spesifisert i forskrifter som stadig endrast, og som me difor berre nemner stutt. Til slutt viser me nokre viltrelaterte domar. Me vonar kapittelet gjev god bakgrunn for å forstå at norske viltforvaltingsreglar er som dei er, og nokre tankar om korleis dei kan utviklast vidare.
Retten til å bruka viltet
Mennesket levde, som artene det ætta frå, av sanking, jakt, fangst og fiske. Graeber og Wengrow (2021) har vist at folk før jordbruket organiserte seg på mange ulike vis ut frå ressurstilgang, politiske oppfatningar og maktforhold. Det er dermed ingen grunn til å tru at det er nokon opphavleg rett måte å fordela jaktrettar på.
For mange andre dyrearter er det vanleg å forsvara begrensa ressursar som det er mogeleg å forsvara, og at dyr som rår over ein ressurs ofte vinn over inntrengarar. For folk var det truleg mindre lønsamt å forsvara område langt i nord der store villreinflokkar varierer trekkmønster og bruksområde. Dersom villreinen kom dit folka var, var det nok til alle. Om reinen var ein annan stad, kunne dei like gjerne flytta. I fruktbare jaktområde lenger sør i Amerika fann Kay (2007) at indianarstammer forsvarte sine jaktområde mot andre stammer.
I Europa har jaktretten i historisk tid ofte veksla mellom grunneigar og adel som ogso gjerne var grunneigarar. Far Johan Georg 1. (1585–1656) og son Johan Georg 2. (1613–1680), begge kurfyrstar av Saksen, arrangerte drivjakter der dreva enda opp i basseng der dyra laut symja medan kurfyrsten og gjestene skaut dei. Far Johan Georg 1. felte 116 443 og son Johan Georg 2. 109 318 pattedyr hovudsakleg ved slike jakter (Høgh & Perto 2011).
Utvandrarar frå føydale Europa til Amerika skreiv i sine nye lover at folket i kvar stat skulle ha jaktretten. I Frankrike hadde adelen jaktretten fram til revolusjonen i 1789. Revolusjonen erklærte at private område og skogar skulle vera opne for jakt for kven som helst, noko som delvis gjeld fram til i dag, ifylgje Piketty (2021). I Sverige hadde kongen jaktretten, i tida rundt den franske revolusjonen i 1789 gav Gustav 3. jaktretten attende til grunneigarane (Tillhagen 1987, Danell et al. 2016). I Sverige førte dette til veldig hardt jaktpress, og reguleringar måtte innførast.
Rundt i verda er døme på at viltet er totalfreda (Kenya, India), grunneigar har jaktretten (Noreg), grunneigar eig viltet på inngjerda område (Sør-Afrika), og folket har jaktretten (Sveits, USA). Prinsipielt er det særs stor forskjell på eit lovverk som la opp til at erkehertug Franz Ferdinand kunne fella 272 511 vilt til han vart skoten i Sarajevo i 1914 (Høgh & Perto 2011), og fri norsk villreinjakt, der den eigedomslause jegeren Jo Gjende kunne reisa på fjellet og fella alle dei reinane han kunne klara.
I Europa eig ikkje grunneigar viltet (Putman 2011). Enten vert det eigd av alle (res communis) eller ingen (res nullius). Forskjellen er at når det er eigd av alle, kan staten velja å selja jaktkort eller overlata forvaltinga til viltforvaltingsorganisasjonar eller -organ. Når viltet er eigd av ingen, vil vanlegvis grunneigar ha ei større rolle.
Kven som eig viltet | Land |
---|---|
Res communis (alle eig viltet) | Kroatia, Finland, Italia, Litauen, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovenia, Sveits og Ungarn |
Res nullius (ingen eig viltet) | Austerrike, Belgia, Danmark, England og Wales, Estland, Latvia, Noreg, Skottland, Spania, Sverige, Tsjekkia og Tyskland |
I Noreg og Sverige eig ingen viltet. Dermed har me system der grunneigarretten står sterkt. Grunneigar har jaktretten, unntaket er om jaktretten vart skild frå grunneigarretten før jaktlova frå 1899, lover har ikkje tilbakeverkande kraft. Grunneigar kan vera privatperson eller privat eller offentleg organisasjon eller organ. Ein grunneigar kan avtala særskild bortleige av jaktrett i inntil ti år, avtalen skal vera skriftleg (viltlova § 28).
Lovverk regulerer ogso kven som har lov til å gå i utmark. I Noreg har alle rett til å gå kvar dei vil. I England har grunneigar rett til å bestemma kven som kan gå på si mark, men folk har ferdselsrett langs gamle stiar og vegar. I USA kan grunneigar forby andre å gå på sin grunn. Det nyttar lite å ha jaktrett, men ingen stad å gå på jakt. Konklusjonen er at om det skal opnast for jakt – og kven som i tilfelle skal få jakta – er politiske spørsmål som ulike interessentar kan ha ulik oppfatning av.
Sikra ressursen
Mennesket har ei lang historie med å overhausta bestandar til det ikkje lenger er nokon lønsam ressurs å utnytta (sjå Hardin 1968). Når eitt individ er særs verdfullt, er faren for utrydding stor. I 1880-åra rekna kvalfangarane at dersom dei klarte å fanga ein rettkval (grønlandskval eller nordkapar) i Atlanterhavet, var heile fangstekspedisjonen betalt, fleire kvalar var rein netto (Cherfas 1989). At rettkvalartene i det heile overlevde, kom av at havet er stort, med is i nord, og fangarane ikkje fann alle trass stor innsats. I dag skal internasjonale avtalar og konvensjonar sikra overleving og eventuelt berekraftig bruk av vilt som kryssar landegrenser.
Ogso innan nasjonale grenser er døma på overhausting og utrydding mange, i Sverige og Storbritannia vart til dømes verdfull bever utrydda (Ellegren et al. 1993, Manning et al. 2014). Lovgjevarar i ulike land har nytta fleire tiltak mot overhausting. Eitt verkemiddel er å gje kongen, adelen, staten, bygdelag, fangstmann eller jeger einerett til bruk av ressursen i eitt område. Sør-Afrika satsa på prinsippet om at grunneigar kan tena pengar på viltet for at han skal ta vare på det. Dette har fungert for nokre arter, men for å ta vare på andre arter trengst offentlege reguleringar (Cousins et al. 2010). Reguleringane kan vera totalfreding, freding i større eller mindre deler av året, kvotar eller avgrensing av lovlege jakt- og fangstmetodar. Med lite kunnskap om storleik og produksjon i viltbestanden kan det vera klokt å gjera uttaket av vilt vanskeleg med jakttid og jaktmetode. Dersom bestandsstorleik og dynamikk er godt kjent, kan uttak i større grad styrast gjennom kvotar.
Moderne lovgjevarar har fått med seg at det ikkje er nok å freda arter; leveområda lyt ogso takast vare på. Her i landet er målet at grunneigarane sjølve skal ta seg av forvaltinga av jaktbare arter, rådyr, hjort og elg i samsvar med kommunalt sette mål, for villrein etter nasjonale mål. Jaktbart småvilt kan grunneigar forvalta etter eigne ynskje innan rammene sette av lover og forskrifter. Det er ansvaret til styresmaktene å syta for reglar slik at alle heimehøyrande arter og leveområda deira klarar seg.
Respekt for individuelle dyr
Lenge sa lovverk ingenting om korleis folk skulle oppføra seg mot tam- eller villdyr. Enno på 1800-talet stengde havstrilar med nøter kvalar inne i kvalvågar og skaut dei med forgifta jernpiler, og avlivinga kunne det ta opptil 17 dagar (Ringstad 2011). Det viktige var å ta livet av dyret for å kunne få bruka skinn, kjøt, olje eller det dei var ute etter. Einskildpersonar såg lidinga dyr vart utsette for og stifta dyrevernforeiningar i England (1824), Noreg (1859) og USA (1866). Likevel kom reglar som skulle betra dyrevelferd, fyrst inn i norsk viltlovverk med jaktlova i 1951, no står mange krav i dyrevelferdslova. Viltlova og underliggjande forskrifter gjev reglar som skal sikra at viltet ikkje vert utsett for unaudsynte lidingar.
Kva som vert rekna som unaudsynte lidingar, varierer mellom kulturar. Pelsjegerar i Amerika brukar gummifora fotsakser, revejegerar i Nord-Sverige fotsnarer, medan begge deler er forbode i Noreg. Under den fleire tusen år gamle jaktforma hetsjakt jagar eit koppel hundar særleg hjort, rev eller villsvin til viltet kjem seg bort eller vert rive i hel av hundane. Av og til må jegerane drepa viltet med kniv. Jaktforma er framleis lovleg i eit 20-tals land, derimellom Frankrike, Irland og USA. I Noreg er avliving ved hjelp av hund eller kniv forbode, men norsk lov tillet å avliva kvalar (som ikkje er definerte som vilt) med harpunkanon og oppfylgjande rifleskot. I Noreg krev forskriftene rifla krutvåpen med nok anslagsenergi eller hagler for dei ulike viltartene. I USA er det eigne jaktperiodar for pil og boge, munnladar og rifle. Vilt kan ogso fellast med revolver.
Vår gjeldande viltlov krev at jakta skal vera omsynsfull (human) (§ 19). Forskrift for utøvelse av jakt, felling og fangst (Jaktutøvingsforskrifta 2002) viser korleis dette skal gjerast i praksis. Eigne organisasjonar som NOAH, Dyrebeskyttelsen og Dyrevernalliansen arbeider for dyr sine rettar. NORECOPA1 arbeider for å finna alternativ til å bruka forsøksdyr. Mattilsynet har tilsyn med at dyr har det bra, og styresmaktene har oppretta eit eige dyrepoliti som skal etterforska og påtala folk som bryt lover, reglar og forskrifter i omgangen med dyr.
Internasjonale konvensjonar
På 1970-talet vart det klårt at det var naudsynt med internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturen. Dette førte til dei internasjonale avtalane som etter kvart har vorte del av lovverket i ratifiserande land. EU har vedteke habitatdirektivet og fugledirektivet, som konkretiserer konvensjonane og er styringsverktøyet i EU. Miljølovgjevinga i Sverige, Danmark og Finland må innrettast etter desse direktiva. Me nemner konvensjonane:
Ramsarkonvensjonen eller våtmarkskonvensjonen (engelsk: The Convention on Wetlands of International Importance) vart utarbeidd i Ramsar i Iran i 1971. Det er den eldste internasjonale naturvernavtalen i Europa og er underteikna av 167 land for å ta vare på våtmarker ned til 6 m djupn. (I Amerika underteikna USA og Canada avtale om forvalting av trekkfugl, The Migratory Bird Treaty Act (MBTA), alt i 1918.)
Ramsarkonvensjonen gjev føringar for nasjonale planar og tiltak samt samarbeid mellom landa for vern og berekraftig bruk av våtmark og tilhøyrande ressursar. Noreg underteikna konvensjonen i 1975 som eit av dei fyrste landa. Nær 20 000 km2 våtmarker fordelt på over 2100 område er på Ramsarkonvensjonen si liste over våtmarker av internasjonal betyding. Konvensjonen har sekretariat i Sveits, og medlemslanda møtest kvart 3. år for å drøfta korleis det går, og leggja vegen vidare framover.
Bernkonvensjonen (engelsk: Convention on the Conservation of European Wildlife and Natural Habitats). Konvensjonen er ein bindande avtale eller traktat mellom 45 europeiske land, EU og fem afrikanske statar og handlar om vern av ville planter og dyr og deira naturlege leveområde. Han vart vedteken i Bern i Sveits i 1979 og ratifisert av Noreg i 1986. Ekspertgrupper utarbeider handlingsplanar og gjev råd om overvaking (Emerald Network: Bern Convention 1989) og politikkutforming. Landa skal leggja særleg vekt på vern av trua og sårbare arter, og fire lister viser kva som er omfatta av avtalen:
•
Liste I reknar opp rundt 700 plantearter, både karplantar, mosar og algar som medlemslanda skal totalfreda. 25 av artene finst i Noreg.
•
Liste II omfattar om lag 700 dyrearter, pattedyr, fuglar, krypdyr, amfibium, fisk, insekt, blautdyr, pigghudar, korallar og svampar som skal vernast mot fangst, jakt og innsamling av egg. I Noreg lever 145 fugle-, 30 pattedyr-, ei krypdyr-, ei amfibium-, fire augnestikkar-, fire bille- og tre sumarfuglarter som er på lista.
•
Liste III reknar opp dei fleste europeiske dyrearter som ikkje står på liste II, mellom andre laks. Artene på liste III kan berre brukast på måtar slik at bestandane ikkje vert trua.
•
Liste IV forbyr visse jakt- og fangstmetodar som limpinne for småfugl, fotsakser, giftig åte og snarer for pattedyr (døme på at jaktmetodar vert internasjonalt bestemt).
Vår norske viltlov frå 1981 og seinare naturmangfaldslova (2009) er tilpassa Bernkonvensjonen, men ikkje for to skot i magasina på halvautomatvåpen. Jaktutøvingsforskrifta (2002) tillèt opptil eitt skot i laupet og tre skot i magasinet i halvautomatrifler – i hagler er tillate totalt berre to skot. Traktaten forpliktar landa og vernar både arter og habitat. Han legg særleg vekt på vern av trua og sårbare arter og arter som vandrar over store område og grenser, som trekkfuglar og store rovdyr.
Europarådet har sekretariatet, og medlemslanda har årlege møte. Medlemene har bore fram ynskje om å bruka Bernkonvensjonen som ein regional reiskap for å gjennomføra mål vedtekne i konvensjonen om biologisk mangfald (sjå lenger nede). Forfattar Brainerd (2007) utarbeidde for kommisjonen ein europeisk jakttraktat (European Hunting Charter) som vart vedteken i 2007, og som gjev føringar om korleis jakt og jaktturisme kan drivast på berekraftig vis. Fleire rovviltmotstandarar hevdar, utan medhald i regjering, stortingsfleirtal eller rettsvesen, at konvensjonen ikkje hindrar utrydding av ulv og bjørn i Noreg.
Bonnkonvensjonen (engelsk: Convention on Migratory Species (forkorta CMS)) (1979) er ein global avtale mellom 119 land om vern av trekkjande ville arter som regelmessig kryssar nasjonale grenser. Konvensjonen utarbeider lister for trekkjande arter som treng særskild vern og forvalting. På lista med mest trua dyr er norsk havørn og spermkval. Bonnkonvensjonen fremjar handlingsplanar for trua arter. Konvensjonen arbeider for trekkorridorar for fuglar som hekkar i nord og overvintrar i sør. Noreg har teke eit overordna ansvar for dverggås. Sekretariatet er saman med andre FN-sekretariat i Bonn.
AEWA2 (engelsk: The Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds): I rammeverket til Bonnkonvensjonen er det utvikla ei eiga semje om vern av trekkjande vassfuglar og deira habitat i Afrika, Europa, Midtausten, Grønland og øyane nord i Canada. Organisasjonen lagar forvaltingsplanar for trekkjande fuglearter som til dømes grågås (Powolny et al. 2018).
CITES (engelsk: Convention on International Trade of Endangered Species) (Washington,1973), ogso kalla Washingtonkonvensjonen, er ein global avtale om handel med ville dyr og planter. Alle land i verda, med unntak av seks, har underskrive konvensjonen. Noreg har ei eiga CITES-forskrift. Føremålet er: å begrense de skadevirkninger internasjonal handel kan ha for den fortsatte eksistens av dyre- og plantearter som er eller kan bli truet av utryddelse (CITES-forskrifta 2018).
Over 38 700 arter – nær 5950 dyrearter og 32 800 plantearter – er verna av CITES mot overutnytting gjennom internasjonal handel. Dei er sette opp på tre ulike lister, liste I, II og III. På liste I er dei mest trua artene, og internasjonal handel med desse artene er forbode. På liste II er arter som kan verta trua om handelen ikkje er regulert. Ogso arter som liknar på meir trua arter, kan vera på lista. Det vert kravd eksportløyve for desse artene. På liste III kjem arter som deltakarland treng internasjonal hjelp for å hindra overutnytting av.
Ettersom situasjonen endrar seg, kan arter flyttast mellom liste I og II, og arter kan vera på ulike lister i ulike land. Til dømes er ulv på liste I i Butan, India, Nepal og Pakistan, men på liste II i alle andre land. Land kan ta atterhald frå å fylgja opp listene for bestemde arter. Til dømes er vågekval totalfreda på liste I. Noreg har reservert seg og tillet årleg fangst av nokre hundre opptil over 1000 vågekvalar. Utfordringa for fangarane er at kjøtet ikkje kan eksporterast og må etast i Noreg. Dermed fører CITES-reglane til mindre fangst. Sørafrikanarar meiner dei ville kunna finansiert vern av elefantar og nashorn gjennom berekraftig hausting og sal av elfenbein og nashornhorn, og freistar flytta elefant og nashorn i Sør-Afrika frå liste I til liste II utan til no å ha lukkast.
Konvensjonen om biologisk mangfald (Rio, 1993), eller Riokonvensjonen (engelsk: Convention on Biological Diversity (forkorta CBD)), er ein global avtale mellom 193 land og EU om vern og berekraftig bruk av biologisk mangfald. Konvensjonen byggjer på arbeidet til Verdenskommisjonen for miljø og utvikling, i Noreg kalla Brundtlandkommisjonen, sidan han var leia av Gro Harlem Brundtland. Avtalen handlar ogso om rettvis fordeling av goda ved bruk av genetiske ressursar. Konvensjonen arbeider for å nå måla globalt og nasjonalt. Malawi-prinsippa (1998) og Addis Abeba-prinsippa (2004) byggjer på denne konvensjonen. Under denne avtalen vart i 2022 vedteke ein naturavtale med mål om at partlanda skal driva 100 % berekraftig naturforvalting, og at 30 % land og hav skal vernast innan 2030 (Klima- og miljødepartementet 2022b).
Malawi-prinsippa3 (1998) er 12 prinsipp som økosystembasert forvalting bør byggja på, og som vår norske naturforvalting byggjer på. Prinsippa legg stor vekt på lokal medverking i verneprosessar. Malawi-prinsippa slår fast at forvaltingsmåla er noko samfunnet kan velja, at forvaltinga bør skje på so lågt nivå som mogeleg, og at ein lyt forvalta økosystemet i ein økonomisk samanheng.
Addis Abeba-prinsippa4 (2004) gjev føringar om berekraftig bruk av naturressursane gjennom 14 praktiske prinsipp. Prinsippa legg mellom anna vekt på godt lovverk og solide institusjonar, bruk av vitskap og lokal kunnskap, gjennomsiktig overvaking og korleis lokal økonomi vert påverka.
Europeisk traktat om jakt og biodiversitet (Brainerd 2007) – laga på vegne av Bernkonvensjonen og Europarådet – er basert på både Malawi- og Addis Abeba-prinsippa.
EU – habitatdirektivet5, fugledirektivet6, Natura 20007
Med utgangspunkt i dei internasjonale konvensjonane har EU laga eit eige, og strengare, regelverk. Habitatdirektivet sikrar vern av ei rekkje sjeldne, trua eller endemiske8 dyre- og plantearter. Habitatdirektivet lister rundt 1000 arter og 200 habitattypar for ulikt vern. Fugledirektivet har som mål å verna alle dei rundt 500 fugleartene som finst i EU. Direktivet har fem lister som seier kva tiltak som må gjerast for dei ulike artene. Direktivet seier ogso noko om berekraftig jakt og felling av fuglar som gjer skade. Natura 2000 er eit nettverk av verna område som omfattar 18 % av landområda og 6 % av havområda i EU. Her skal verdfulle og trua habitattypar og arter overleva.
Finland og Sverige er, som medlemer i EU, bundne av habitatdirektivet, men sidan rovviltvern ikkje er ein del av EØS-avtalen, er Noreg berre bunden av Bernkonvensjonen. Ut frå habitatdirektivet må ulv ha ein gunstig vernestatus i medlemslanda. Dersom ein ulv vandrar inn kvart 5. år, vil ein svensk ulvebestand på minimum 300 ulvar vera tilstrekkeleg. EU kan overprøva svenske avgjersler. Norsk høgsterett har slått fast ut frå vårt lovverk og Bernkonvensjonen at den norske ulvebestanden er del av den svenske, og at me difor ikkje treng ha ein levedyktig bestand innan våre grenser (Norges Høyesterett 2021).
Norsk viltlovgjevingshistorikk
Gamal tid
Fåtalige samar levde av jakt og fiske i nord og i innlandet lenger sør (NOU 2007: 14.), me kjenner meir til lovene til majoritetsfolket. Lovseiemenn kunne lovtekstane, men på dei regionale tinga var det dragkampar mellom bønder, stormenn og kongar, kva småkårsfolk og trælar måtte meina, betydde lite. Soga seier at kong Eirik Blodøks overkøyrde Gulatinget og nekta Egil Skallagrimsson sin arverett etter lova (Heggstad 1994), og ved dette miste kongen stønaden frå bøndene, noko som var ein medverkande årsak til at han vart jaga frå landet (Titlestad 2011). Seinare får Egil rett i ei anna sak på Alltinget på Island, ikkje fordi han nødvendigvis hadde rett, men han hadde mest folk. Egil fylgde likevel reglane og fekk ei avgjersle som vart respektert, avgjersla vart teken på den måten slike avgjersler skulle takast.
Gulatingslova inneheldt reglar om eigedomsrettar til laksefiske i elvane, kvalar som rak på land eller vart fanga i kvalvågar, til falkar, dyregraver og fangstinnretningar. Målet var å løysa konfliktar om rett til å nytta ressursar. Bernssen (2020, s. 524) skriv at den største autoriteten på mellomalderrett, jurist og rettshistorikar Knut Robberstad, omsette Gulatingslova slik i 1937: «Med våpen skal kvar og ein [hava rett til å] veida dyr, kven det so er som eig utmarki.» Bernssen skriv at ogso dei andre store rettshistoriske autoritetane meinte at mellomalderlovene inneheld eit prinsipp om fri jakt. Bernssen (2020, s. 522, 523) slår ogso fast at «Ein finn regulering av jakt i alle retts- og lovbøker i norsk rettshistorie». Og at «Det tradisjonelle synet på mellomalderretten er at denne inneheld eit grunnprinsipp om allmenn jaktrett med våpen. Jakt med hund og utsetting av feller var på den andre sida grunneigars einerett».
Reglar frå Frosta- og Gulatingslovene vart stort sett vidareførte i Magnus Lagabøtes landslov frå 1276 (Taranger 1962). Men her var ogso eit forbod som skulle ta vare på viltet, eit forbod mot å på jakta elg på ski (Taranger 1962). Skilauparar med spyd eller pil og boge må ha vore særs effektive i djupsnø, eller med skare som jegeren, men ikkje elgen flaut oppå. Dei norrøne lovene vart omsette til dansk og med små endringar vidareført fyrst i Christian IVs Norsk Lov frå 1604, seinare i lova til Christian V frå 1687. Bernssen (2020, s. 525) skriv: «Uavhengig av konklusjon kring mellomalderretten, vart fri jakt gjennom Norske lov frå 1604 og 1687 ståande som grunnprinsipp fram til lovendringa i 1899.»
I 1730 kom regjeringa i København med reguleringar av storviltjakta med jakttider, fredingar, skotpremiar og strenge bøter for lovbrot (Søilen 1995). Motstanden var stor, reguleringane vart omgjorde alt i 1744. Det generelle mønsteret framover var: 1) Grunneigar hadde retten til fangstanlegg og jakt med hund på matnyttig vilt på eiga mark. 2) Grunneigar kunne i definert jakttid fella eit tal, gjerne eitt storvilt reist på eiga mark. Dyret kunne forfylgjast på annan si mark til det vart drepe. Uttaket var regulert gjennom jakttida, som ofte var svært kort. 3) Styresmaktene innførte ulike fredingar i yngletider for nokre arter. 4) I periodar var elg totalfreda (1733–1736, 1760, 1818–1823 (Søilen 1995). Grunneigarar kunne som i Østerdalen i 1776 på eiga hand innføra strenge reguleringar av seg sjølve med hardt straffenivå på eiga elg- og reinsjakt (Andersen et al. 2009).
Skavhaug (2005) skriv vidare at alle nordmenn før 1899 hadde rett til:
1)
jakt på ulv og bjørn overalt, med eller utan hund,
2)
jakt utan hund i utmark på alt vilt unnateke elg, hjort og bever,
3)
jakt utan hund i heimemarka på rovvilt og arter matnyttig vilt som ikkje var freda nokon del av året (døme: ender, bekkasinar, gjæser, duer og trast),
4)
jakt i statsallmenning, med og utan hund, på alt vilt unnateke elg, hjort og bever, og
5)
fangst av rovdyr i statsallmenning.
I Noreg auka folketalet utover på 1800-talet, ressursar vart knappe og hardt utnytta. Oppfatninga til konservator Halvor Heyerdahl Rasch var at dette førte til overhausting og dårleg utnytting av viltressursen. Tidlegare, alt i 1730, var det vedteke skotpremie på ulv, og i 1733 på bjørn (Bernssen 2020). Men Rasch meinte det trongst meir lovverk. Basert på hans arbeid kom Lov om Utrydding af Rovdyr og om Freding af Andet Vildt i 1845 og i litt endra form i 1863. Lova delte dyr i skadedyr og nyttedyr. Prinsippa var 1) Utrydding av skadedyr, 2) Freding, fredingstider og avgrensingar av jakt på matnyttig vilt, 3) Anna vilt var uinteressant. Dei åtte skadedyra, ulv, bjørn, jerv, gaupe, kongeørn, havørn, hønsehauk og hubro, skulle utryddast. Reven vart grundig vurdert i førearbeida til lova. Dei kom fram til at sjølv om reven tok høner og lam, tok han ogso skadegjerande smågnagarar, og pelsen var so verdfull at han vart rekna som nyttedyr (Richardsen 2012). Reaksjonar på brot på viltlovgjevinga var heimla i Lov angaaende Forbrydelser av 1842, 22 kapittel, § 11, med nytt opptrykk i 1849 med fotnotar der det vert vist til jaktlova frå 1845:
Den som ulovligen dræber, fanger eller saarer Vildt paa anden Mands Grund udenfor indhegnet Dyrehave, bøder, om Det er stort Vildt, hvortil regnes Elg, Hjort eller Rensdyr, indtil tyve Specidaler, og hvis det blot er andet Wildt, indtil ti Speciedaler. Jager Nogen ulovligen paa Andens Grund, bøder han indtil fem Speciedaler, endog han sammesteds hverken har dræbt, fanget eller saared noget Vildt.
I lova frå 1863 ville Rasch ha med forbod mot enkelte fælslege dyreplagande fangstmetodar, men Stortinget meinte det ikkje var naudsynt (Søilen 1995).
Framleis var jaktpresset på det matnyttige viltet oppfatta som for hardt. Barth (1881b, s. 435) skriv: At skyde Storfugl for Hund – denne en Fuglejægers ypperste Jagt – er her i Landet snart en saga blot. Han seier årsakene er at skogen vert hogd, og at kven som helst kan fella storfugl på leiken og på topp om vinteren. Fleire slår seg saman og reiser frå område til område og feller dei fleste fuglane, skriv han. Samstundes likte ikkje jegerar frå byen, frå 1871 organisert i NJFF, men ogso mange grunneigarar, at kven som helst kunne jakta utan hund og dermed forstyrra jakta deira. Med gjeldande reglar var det vanskeleg eller umogeleg å kontrollera jaktpress og jaktuttak. Skulle det verta betre, laut ein enten byggja ut ei offentleg viltforvalting eller overlata jaktretten til private. Velståande sportsjegerar som styrde NJFF, og grunneigarar argumenterte for prinsippet om at dersom grunneigar hadde fullstendig jaktrett, då ville han ta vare på viltet. Søilen (1995) skriv utførleg og detaljert om det langvarige arbeidet for at grunneigar skulle få utvida jaktretten. Han fortel ei spanande soge, og det var vanskeleg på førehand å vita kva Stortinget ville bestemma.
Jaktlova frå 1899
Den norske grunnlova vart i 1814 underteikna av 112 overklasserepresentantar. Ved stortingsvalet i 1897 hadde berre velståande menn, 12 % av folket, røysterett (Borgersrud 2000). Ved valet i 1900 skulle alle ustraffa menn over 25 år få røysta. Ingen hadde illusjonar om at det stortinget ville gje jaktretten frå folket til grunneigaren, skulle grunneigar få all jaktrett, var det hastverk. Landbrukskomiteen omsette no Gulatingslova § 95 slik: «Med Vaaben skal Enhver, der eier Skog, fælde Dyr, hvor han kan.» «Med ei slik endring i ordlyden vart utgangspunktet om fri jakt for alle snudd om til fri jakt for grunneigar» (Bernssen 2020, s. 24). Eit knapt stortingsfleirtal gav, etter lange drøftingar, grunneigar jaktretten til matnyttig vilt i jaktlova frå 1899. Medverkande var truleg ogso at Stortinget meinte dei måtte velja mellom å gje grunneigar jaktrett eller betala for eit offentleg viltvesen. Dei valde det billigaste, når grunneigaren fekk jaktretten, rekna dei med at han tok vare på viltet.
Det viktigaste prinsippet var at grunneigar hadde all jakt på matnyttig vilt, medan alle framleis kunne jakta ulv og bjørn, men måtte då melda frå til grunneigar. Alle nordmenn fekk jaktrett i statsallmenningane. Jaktstart på rype vart utsett frå 15. august til 15. september som eit spark til sportsjegerane i byen. Mange såg på lova som eit tjuveri av retten til fri småviltjakt og reinsjakt frå vanlege folk (Søilen 1995), noko som vart debattert til utpå 1950-talet. Overrettssakførar Jakob E. Vik (1930) slo i ein kort artikkel fast at grunneigar alltid hadde hatt all jaktrett, medan overrettssakførar Sverre Østlie (udatert) i ei bok truleg publisert i 1954 går gjennom all jaktlovgjeving og argumenterer overtydande om at ein rett vart teken frå fellesskapet og gjeven vederlagsfritt til grunneigarane.
Jaktlova frå 1951
I 1932 fekk grunneigar ogso einerett til jakt på rovdyr og rovfugl. Det vart forbode med speljakt på storfugl og orrfugl (Skavhaug 2005). Misnøye med jaktlova førte til at nytt lovarbeid vart sett i gang i 1937, men arbeidet vart utsett på grunn av krigen. Då det opp mot ny jaktlov, som kom i 1951, vart argumentert for å ta jaktretten attende til folket, hevda juristar at då laut grunneigar ha erstatning (Kjos-Hanssen 1983, Bernssen 2020).
Jaktlova frå 1951 inneheld nokre viktige nyvinningar:
1)
Viltstellet skulle ha eit eige forvaltingsapparat.
2)
Det kom avgifter på fangst og jakt for å bidra til å dekka utgifter ved viltstellet.
3)
Statlege viltnemnder i kommunane. Heradsstyret utnemnde som medlemer grunneigarar og jegerar med interesse for og kunnskap om vilt og viltforvalting. Dei drøfta seg fram til kor mange storvilt som kunne fellast, og delte løyva ut til jaktrettshavarane ut frå storleiken på arealet dei disponerte. Grunneigarar kunne samarbeida for å få tilstrekkeleg areal til minst eitt dyr. Kommunalt fastsette minsteareal var ein føresetnad for den komande auken i storviltbestandane fordi nemndene var forsiktige og sette so låge kvotar at bestandane kunne veksa.
4)
Eit nytt prinsipp var at vilt ikkje skulle lida vondt i utrengsmål.
5)
Heimel for å innføra skyteprøve og kaliber- og kulekrav for storviltjakt.
6)
Bruk av fotsaks vart forbode.
7)
Det var framleis ulovleg med magasin på villreinjakt.
Grunneigarretten til jakt og fangst vart understreka. Det vart likevel lagt vekt på at grunneigar skulle ta omsyn til ålmenta sitt behov for jakt og fangst, men dei hadde vanskar med å finna gode paragrafar som skulle sikra dette. Elles vart det framleis lagt stor vekt på rovviltbekjemping. Jakt på ulv, jerv og gaupe var fri for alle norske statsborgarar, viltstyresmaktene kunne utforma nærare reglar. Viltnemnda i kommunane kunne gje einskildpersonar rett til å jakta rovfugl og rovvilt uansett kven som eigde grunnen. I dag kan fylgjande reglar verka kuriøse:
§ 33. Årskalv av elg, hjort, villrein, dådyr og rådyr må ikke felles uten etter særskilt tillatelse av viltstyret. Det var god etikk å fella kua frå kalven, dårleg etikk å fella den stakkars vesle kalven.
§ 37. Svaner, ærfugl, ekonge (praktærfugl), havsul, havhest og dvergmåke samt alle ugler, unntatt hubro og snøugle, skal være fredet hele året … Nokre få fuglearter var freda, nokre fuglar hadde eiga fastsett jakttid, alle andre fuglearter var jaktbare frå 21. august og ut februar.
§ 49. Viltstyret kan … tillate at fosformos blir brukt til utryddelse av kråkefugler … Etter tilråding fra kommunestyret kan viltstyret på nærmere fastsatte vilkår gi tillatelse til bruk av gift til fangst av rovdyr i kommunen. Å leggja ut gift for å drepa dyr er i dag særs uetisk og straffbart. I 2002 vart ein som la ut gift til ulv, dømd til 120 dagars fengsel. Etter viltlova frå 1951 var bruk av gift heilt greitt.
§ 53. Viltstyret kan fastsette premier for felling eller fangst av pattedyr og fugler som anses særlig skadelige. Lova er tydeleg på at nokre viltarter er skadelege.
Jaktlova frå 1951 er veldig tydeleg ei jaktlov. Føremålet med lova er ikkje klårt presisert, men det går tydeleg fram at viltet kan delast i nyttedyr, skadedyr og dyr som ikkje spelar so stor rolle. Nyttedyra tek ein vare på, skadedyra bekjempar ein, nøytrale har yngletidsfreding og nokre få arter er totalfreda fordi dei er fåtalige eller har ein nyttig funksjon. Små ugler hadde nyttig funksjon ved å fanga mus.
Viltlova frå 1981
På 1960- og 1970-talet endra det norske samfunnet og haldningane til natur seg. Folk flytta til byen og vart langt meir velståande. Boka Rovfuglene og viltpleien (Hagen 1952) viste at rovfuglane var flotte fuglar og ikkje so farlege for viltet som folk trudde. Naturvernrørsla og kjensla for naturvern vaks. Den nye viltlova av 1981 kom etter Bernkonvensjonen (1979) og avspegla endringane i haldningar:
1)
§ 1. Dette er ikkje ei jaktlov, men ei viltlov. Lova hadde føremålsparagraf: Viltet og viltets leveområder skal forvaltes slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevares. Innenfor denne ramme kan viltproduksjonen høstes til gode for landbruksnæring og friluftsliv.
•
Ikkje berre viltet, men ogso viltets leveområde skal vernast. Leveområda var tidlegare ikkje omtala. Før kunne ein gjerne øydeleggja leveområda til ei freda art.
•
Naturen sin produktivitet og artsrikdom skal takast vare på. Før var det nyttearter og skadearter. No skulle artsrikdomen, ogso tidlegare definerte skadedyr, vernast.
•
Fyrst når produktivitet og artsrikdom er verna, kan ein hausta. Ein kan ikkje hausta dersom haustinga går ut over artsrikdomen.
•
Landbruksnæring og friluftsliv er jamstilt.
2)
§ 2. Vilt vart definert som ville, landlevande pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Før var vilt fugl og ville pattedyr. Sjøpattedyr er ikkje med i definisjonen.
3)
§ 3. Fredingsprinsippet. Det vart kalla «spegelvendingsprinsippet» fordi det tidlegare var lovleg å fella alt som ikkje var freda. No vart prinsippet «spegelvendt», vilt er freda om det ikkje er spesifisert at det skal vera jakt på arta. (I Noreg vart det i 2022 tillate jakt på 56 viltarter.)
4)
§ 4. Det skal vera fire viltforvaltingsorgan: 1) departementet, 2) Direktoratet for vilt og ferskvassfisk (seinare Direktorat for naturforvalting, no Miljødirektoratet, frå 2023 Landbruksdirektoratet for jaktbare arter), 3) Statsforvaltaren (Fylkesmannen) (frå 2010 ogso fylkeskommunen for jaktbare arter) og 4) kommunen. Frå 1992 kan kommunane organisera seg som dei vil, dei kan velja å ha eller ikkje ha viltnemnd. Grunneigaren, som kan organisera seg i større grunneigarsamskipnader og forvaltar i praksis mange viltarter gjennom jaktrett og eigedomsrett til leveområda, er ikkje forvaltingsorgan.
5)
Bruk av gift er slutt.
6)
Basert på viltlova vart det i 1983 oppretta eit jegerregister. Frå 1986 laut nye jegerar ta jegerprøve for å koma inn i registeret.
Går me attende til dei tre områda: 1) rett til jakt, 2) ta vare på viltbestandane og 3) respekt for individuelle dyr, ser me at: 1) Grunneigar har retten til jakt på sin grunn. 2) Å ta vare på viltbestandar med leveområde er vesentleg. 3) Det vert lagt stor vekt på at individuelle dyr ikkje skal lida i utrengsmål. I ei rekkje rettssaker har folk vorte dømde for å ha påført, eller teke risken på å påføra, vilt unaudsynt liding.
Kommunen vart viltforvaltingsorgan ved viltlova i 1981. Med Miljøvern i kommunen (MIK)-reforma i 1992 fekk kommunen eit samla ansvar for naturforvalting. Staten løyvde øyremerka midlar for miljøvernleiarstilling gjennom ein 3-årsperiode. Etterpå har vilt- og naturforvaltingsoppgåvene vanlegvis vorte lagde inn som ein liten del av andre stillingar. Dei ulike forskriftene som er underlagt viltlova, definerer kommunen sitt ansvar. Kommunen er lokal viltmyndigheit. Hjorteviltforskrifta (2016) gjev kommunane ei viktig rolle i forvaltinga av elg, hjort og rådyr. Kommunar med areal i villreinområde føreslår medlemer til villreinnemnda. Kommunane står fritt til å laga planar for beverforvalting og har ansvar for å henta inn trafikkskadd vilt. Kommunane løyver midlar frå eigne viltfond med inntekter frå fellingsavgifter for elg og hjort.
Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) er regjeringa sin representant i fylket. Statsforvaltaren rettleier og er budsjettansvarleg for villreinnemndene og klageinstans for kommunale viltvedtak. Statsforvaltaren skal ta vare på artsmangfald i arealforvaltinga og kan difor påleggja endringar eller stogga kommunale og regionale planar. Deira vedtak kan ankast til aktuelt departement. Statsforvaltaren har ei rolle i forvaltinga av freda viltarter, gjæser og store rovdyr. Han handsamar klager som gjeld hjorteviltforvalting.
Landbruks- og matdepartementet LMD har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar mellom anna forvalting av haustbare viltarter, arealforvalting, jord- og skogbruk og hausting, bestandsovervaking og villreinnemnder. | Klima- og miljødepartementet KLD har ansvar for heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Det omfattar mellom anna naturmangfald, ikkje jaktbare arter og rovvilt. KLD har ansvar for ikkje jaktbare viltarter og oppfylging av villreinen sine leveområde og som ansvarsart. | Justis- og beredskapsdepartementet Ansvar for våpenlovgjevinga. | |
Miljødirektoratet/Landbruksdirektoratet Miljødirektoratet har ansvar for utarbeiding av forskrifter, rettleiing og informasjon, klarlegging av kunnskapsbehov, prioritering og finansiering av forsking, overvaking og tiltak. Miljødirektoratet har ansvar for ikkje jaktbare arter og for jakt på villrein, oppnemner villreinnemnder etter forslag frå kommunane og er klageinstans for villreinnemnda sine vedtak. Overordna ansvar for jegerprøve og skyteprøve. Landbruksdirektoratet har byrja overta oppgåver om jaktbare arter. | |||
Fylkeskommune Regionalt koordinerings- og rettleiaransvar i forvaltinga av elg, hjort og rådyr. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som regional planmyndigheit og er ansvarleg for utarbeiding og oppfylging av regionale planar etter plan- og bygningslova for dei ti fastsette nasjonale villreinområda. | Statsforvaltar Rettleiar og budsjettansvarleg for villreinnemnder og klageinstans for kommunale vedtak. Skal ta vare på naturmangfald i arealforvaltinga og sjå etter om kommunale arealplanar kan godkjennast, og kan koma med formelle innvendingar til regionale planar. | ||
Kommune Kommunane har eit ansvar for offentlege hjorteviltinteresser og jaktrettshavar sine rettar. Kommunane skal setja mål for hjorteviltforvaltinga unnateke villrein, fastsetja minsteareal, godkjenna vald og tildela fellingsløyve. Kommunane skal godkjenna bestandsplanområde og bestandsplanar. Kommunen er sentral aktør i arealforvaltinga og skal ta vare på villreinbehov i arealsaker. | Villreinnemnd Offentleg organ, med medlemer frå kommunane med areal i villreinområde, med ansvar for godkjenning av bestandsplanar, årlege fellingskvotar og vald og skal syta for omsyn til villrein i arealforvaltinga. Nemnda er underlagt instruksjonsmyndet til Miljødirektoratet. Oppgåvene til nemnda er gjevne i forskriftene til direktoratet. | ||
Private rettshavarar / grunneigar Grunneigar har jaktrett på eigen grunn. Det er ynskjeleg at grunneigar organiserer seg i bestandsplanområde som utarbeider bestandsplanar, som for villrein må godtakast av villreinnemnd og for elg, hjort og rådyr av kommunen. Private rettshavarar og grunneigarar er ofte organiserte i landsdekkande organisasjonar, samvirke og lokale grunneigarlag. | Offentlege rettshavarar Statskog, Finnmarkseigedomen og kommunale eigedomar har same rettar og ansvar som private grunneigarar. Fjellstyra er gjennom fjellova tillagt administrasjonen av bruksrettar til statsallmenningane. Statskog administrerer grunneigarretten og gjer forvaltingsoppgåver i statsallmenningane. | ||
Jegeren Jegeren utøver jakta og den direkte avskytinga. Jegeren kan vera grunneigaren sjølv. Jegerar kan organisera seg i Norges Jeger- og Fiskerforbund, som er partipolitisk uavhengig, men som engasjerer seg politisk i jakt- og fiskesaker. Foreininga har i 2022 rundt 110 000 medlemer fordelt på rundt 550 lokalforeiningar og 19 regionallag. |
*Tabellen gjev ikkje ei fullstendig oversikt over alle aktørane i forvaltinga. Statens naturoppsyn (SNO) driv oppsyn. Statens vegvesen og Bane NOR har roller for å redusera viltpåkøyrslar, Mattilsynet har ansvar for kontroll av viltkjøt og dyrevelferd, og Innovasjon Norge har ansvar for utvikling av næring basert på viltressursar.
I samband med regionreforma vart i 2010 ein del viltoppgåver flytta frå Statsforvaltaren til fylkeskommunen. Fylkeskommunen er styrt av valde fylkespolitikarar. Fylkeskommunen har fått ansvar for 1) forvalting for å sikra dei haustbare artene som ikkje er trua, 2) innsamling og kvalitetssikring av ein del viltdata til nasjonale databasar, 3) rettleiing av kommunar og rettshavarar, 4) fordeling av regionale viltfondmidlar og 5) sikring av ålmenta sin tilgang til jakt og fiske.
Viltfondet, som er heimla i § 39 i Viltlova, gjev norsk viltforvalting midlar og styrke ut over løyvingane over statsbudsjettet. «Alle jegere må betale jegeravgift, som går til et statlig viltfond. Alle som feller elg og hjort må i tillegg betale fellingsavgift, som går til kommunale viltfond. Inntektene fra jegeravgiften går til Jegerregisteret og Hjorteviltregisteret, Statistisk sentralbyrå, Det nasjonale overvåkingsprogrammet for hjortevilt, tilskudd til forskning og utvikling og villreinnemdene. Noen fondsmidler fordeles lokalt via fylkeskommunen og fylkesmannen.»
Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort (Viltfondforskriften 2011) slår fast at kommunar med jakt på elg og hjort skal etablera eit viltfond. Viltfondet skal fremja viltforvaltinga, brukast berre til viltføremål og ikkje til kommunale stillingar.
Det har vore noko diskusjon om bruken av viltfondet. Jegerane betalar inn midlane, ein del av midlane har vorte nytta til føremål som jegerar ikkje har vore spesielt opptekne av. Forfattarane hugsar godt då dåverande generalsekretær i NJFF, Stein Lier-Hansen, på møte føreslo «kikkertavgift» for ornitologane, som kunne bruka «kikkertavgiftspengar» i staden for pengar betalte av jegerane for å studera freda fuglearter. Forfattar Brainerd hugsar tilsvarande diskusjonar frå USA. Der ville ikkje jegerane at ornitologane skulle betala, jegerane ville aleine ha æra for finansiering av tiltak for viltet.
Viltfondet har vore og er ei svært viktig kjelde for finansiering av vilttiltak i Noreg. Ei utfordring er likevel at utgiftene til fallviltarbeid9 skal betalast av kommunen. Pedersen et al. (2021c) fann at halvparten av kommunane brukte meir enn 80 %, og heile 20 % av kommunane brukte heile viltfondet til fallviltarbeid. Dei føreslår at arbeidet med å ta seg av påkøyrt vilt burde verta ansvaret til eigar av samferdsleåra. Det ville økonomisk ha støtta viltarbeidet i kommunane.
Då lov om naturmangfald kom i 2009, fekk viltlova ny føremålsparagraf:
Viltet og viltets leveområder skal forvaltes i samsvar med naturmangfoldloven og slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevares. Innenfor denne ramme kan viltproduksjonen høstes til gode for landbruksnæring og friluftsliv.
Lov om naturmangfald frå 2009
Naturmangfaldslova avløyste lov om naturvern og fangar opp intensjonane i ratifiserte konvensjonar. Lova om naturmangfald er overordna viltlova og anna lovverk. Føremålet er:
Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden, også som grunnlag for samisk kultur.
Føremålet med naturmangfaldslova er langt vidare og overmåte meir komplekst enn for dei tidlegare lovene. Etter lova skal alle slag naturtypar vernast der dei naturleg høyrer heime, og der skal artsmangfald og økologiske prosessar takast vare på. Artene og deira genetiske mangfald skal overleva på lang sikt, og artene skal finnast i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområde. Økosystema med struktur, funksjon og produktivitet skal takast vare på i den grad det er rimeleg. Folk skal ta alle rimeleg omsyn for å unngå å skada biologisk og geologisk mangfald og landskapsmangfald. Det kan setjast inn tiltak for å ta vare på prioriterte arter, og tiltak mot framandarter. Utviklinga frå skade- og nyttedyr til heilskapleg vern har vore ei internasjonal utvikling. Mykra et al. (2005) syner same utviklinga frå mellomalder til notid i Finland.
Styresmaktene kan likevel gje løyve til tiltak og inngrep, då seier lova at krava er oppfylte. Dermed kan vass- og vindkraftutbyggingar godtakast om politikarane vil det. I 2022 ynskte regjeringa å atter sjå på kraftpotensialet i varig verna vassdrag.
Brundtlandkommisjonen definerte i 1987 berekraftig utvikling som «ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydeleggja mogelegheitene for framtidige generasjonar å tilfredsstilla deira behov» (NOU 2009:16, s. 9). Naturmangfaldslova definerer ikkje direkte «berekraftig bruk», men viser i ulike paragrafar kva som er meint. Paragraf 5 tek for seg forvaltingsmål for arter som kom til Noreg på eiga hand.
Målet er at artene og deres genetiske mangfold ivaretas på lang sikt og at artene forekommer i levedyktige bestander i sine naturlige utbredelsesområder. Så langt det er nødvendig for å nå dette målet ivaretas også artenes økologiske funksjonsområder og de øvrige økologiske betingelsene som de er avhengige av.
Økologiske funksjonsområde er definert som område som oppfyller ein økologisk funksjon for arter. Dette kan omfatta sentrale funksjonar i livssyklusen til arta lokalisert til spesifikke område. Økologiske funksjonsområde er brukte i skildringa av villreinfjell. Me kan undrast på om nokon del av villreinfjellet ikkje er økologiske funksjonsområde. Villreinen er nomadisk og kan kalva i eitt område ei tid og i eitt anna ei anna tid. Framstad et al. (2018) drøftar omgrepet økologiske funksjonsområde og kom fram til at omgrepet i ein del tilfelle kan vera tenleg.
Paragraf 16 tek for seg hausting.
Høsting kan bare tillates når best tilgjengelig dokumentasjon tilsier at arten produserer et høstingsverdig overskudd.
Dette kan vera ei problematisk formulering. Me har lite kunnskap om produksjonen til mange av dei jaktbare artene. Pedersen et al. (2021d) vurderte bestandsstatus og utviklingstrender for dei no jaktbare småviltartene og skriv: «For en del andre fuglearter og de fleste pattedyrartene er bestandsinformasjonen mangelfull.» Me veit til dømes lite om jerpe, fjellrype, nøtteskrike og røyskatt produserer noko haustingsverdig overskot. Me lyt basera oss på at dei ut frå biologien bør tola jakt, at det har vore jakt på dei lenge, og at dei ser ut til å klara seg bra.
Haustingsverdig overskot er eit interessant omgrep. Om det vart opna ei regulert jakt på kongeørn, ville truleg talet på unge ørnar, som ventar på at eit revir vert ledig, gå ned, utan at talet på brukte revir ville minska, kanskje produksjonen ville auka grunna mindre konkurranse om plass og næring? Vidare, når ein svak vårbestand av ryper får produksjonen øydelagt, er det då eit haustingsverdig overskot? Uansett er kongeørna freda, og rypejakta er opp til grunneigar å styra.
Vidare seier § 16: «Ved avgjørelsen om å tillate høsting og om fremgangsmåten ved høsting skal det videre legges vekt på artens funksjon i økosystemet og den virkning høstingen kan ha på det biologiske mangfold for øvrig. Det skal også legges vekt på artens betydning for næring eller rekreasjon, høstingstradisjon i vedkommende område og på skade som arten gjør.» Det er dermed ikkje lett å vita kva arter som bør kunna haustast. I høyringsutkastet til nye jakttider i 2017 føreslo Miljødirektoratet å opna for jakt på svarttrast fordi dei meinte at all tilgjengeleg informasjon tilsa at svarttrast produserte eit haustingsverdig overskot. Forslaget førte til sterke protestar, som Miljødirektoratet tok til fylgje. Me trur at Miljødirektoratet har tenkt som slik: Svarttrast klarar seg bra og toler jakt. Svarttrastjakt har rekreasjonsmessig betyding for svært få. Mange har rekreasjonsmessig glede av å høyra svarttrasta syngja, og mange av dei skjønar ikkje at jakt på eit haustingsverdig overskot ikkje vil spela noko rolle for kor mange traster som vil syngja året etterpå. Dermed var det lettare å freda enn å tillata jakt på eit haustingsverdig overskot. Meiningane til folk og interessegrupper har ofte større betyding enn biologi.
Medlemer av stortingskomiteen som handsama naturmangfaldslova, var merksame på utfordringa med å visa haustingsverdig overskot og skreiv at ein laut unngå: «… at jakt og fiske på arter ikke utilsiktet blir forbudt på grunn av forvaltingsmessige utfordringer med å fremstille dokumentasjon på at en art produserer et høstingsverdig overskudd» (Innst. O. 100 (2008–2009)). Komiteen skreiv og at: «… best tilgjengeleg dokumentasjon tilseier at arten produserer eit haustingsverdig overskot … skal baserast på den kunnskap som faktisk eksisterer.» Me tolkar dette som at arter etter lova kan jaktast trass manglande detaljdokumentasjon om bestandsutviklinga.
I Danmark kan det verka som at kravet om dokumentasjon er sterkare. Talet på felte husmårar eller steinmårar har på 18 jaktsesongar gått ned frå nær 4000 til nær 2500. Nedgangen kan skuldast mindre fangstinteresse, men sidan det ikkje er dokumentasjon på at jakt er berekraftig, har Viltforvaltningsrådet innstilt til den danske ministeren å stogga jakta til slik dokumentasjon er skaffa (Sunde et al. 2022).
Høyringsnotat om ny viltressurslov10
Sumaren 2024 kom høyringsnotat til ny viltlov som skal heita viltressurslova. Det understrekar at viltet er ein ressurs. Føremålsparagrafen seier:
Loven har til formål å sikre en bærekraftig forvaltning av viltet, slik at naturens produktivitet og artsrikdom bevares og at dyrevelferden ivaretas. Viltet skal forvaltes i samsvar med naturmangfoldloven og dyrevelferdsloven.
Innenfor denne ramme kan viltressursene høstes gjennom utøvelse av jakt og fangst, og reguleres gjennom felling og annen håndtering av vilt.
Lova byggjer på tidlegare norske lover. Grunneigarretten vert understreka, viltressursen vert sikra som før, og viktigaste endringane er auka respekt for individuelle dyr og rydding i paragrafane. Lovforslaget skil ogso tydeleg mellom jakt på dyr etter jaktlova og felling av skadedyr etter naturmangfaldslova.
Høyringsnotatet utdjupar forsvarleg jakt- og fangstutøving. Viltet skal ikkje utsetjast for unaudsynte påkjenningar eller belastningar. Men høyringsnotatet framhevar likevel at: Hva som er en unødig påkjenning eller belastning, vil avhenge av graden av påkjenning eller belastning veid opp mot nytteverdien av handlingen. Vidare står: hva som er dyrevelferdsmessig forsvarlig avhenger blant annet av hvilken art det jaktes eller fangstes på. Det er dermed rom for eit visst skjøn.
Høyringa spør om det er godt nok med skytevåpen og ammunisjon som er eigna til å avliva viltet på ein sikker og dyrevelferdsmessig forsvarleg måte, eller om prosjektilet i tillegg må drivast av krut. Det vert opna for samisk andejakt om våren, og forslaget er at julefredinga skal halda fram. Lovforslaget vil forby bruk av dronar og alle former for lysforsterking på jakt anna enn i unntakssituasjonar. Men me tolkar forslaget til å tillata lokalisering av vilt frå motorfarkostar langs brøyta og ubrøyta vegar, gå av motorfarkosten, skyta og halda fram søket frå motorfarkosten. Dette kan forenkla fellingar etter naturmangfaldslova, men det er vanskeleg å forstå å vera tillate under jakt. Det vert interessant å sjå korleis lovteksten vert. Lovforslaget opnar for bruk av skotpremiar og bestandsregulerande tiltak under særeigne forhold. Ordet naturleg vert nytta i lovforslaget sjølv om det kan vera vanskeleg å vita kva naturleg betyr. Lovframlegget er omfattande og gjennomarbeidd.
Anna lovverk
Viltforvaltaren lyt ogso ha oversikt over ei rekkje andre lover som kan betyding i samband med vilt og jakt.
Lov om dyrevelferd (2009) har som føremål:
Formålet med loven er å fremme god dyrevelferd og respekt for dyr.
Lova gjeld vilt, men ogso husdyr, fisk og sjøpattedyr. Lova slår fast:
Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger.
Lova har eigen paragraf, § 20, om fangst, jakt og fiske. Det viktigaste er at: Jakt, fangst og fiske skal utøves på en dyrevelferdsmessig forsvarlig måte. Vidare kan kongen gje forskrifter med detaljar.
Lov om hundehold (2003) har reglar om bandtvang (1. april–20. august) og mot at hundar skal jaga vilt, unnateke ved jakttrening og jakt. Paragraf 8 er om hundedressur, jakt og fangst. Viktige punkt her er at trening, jaktprøvar og dressur krev samtykke frå grunneigar. Ettersøkshundar kan brukast i bandtvangstida. Under bestemde tilhøve kan jakthundar avlivast eller krevjast avliva av andre enn eigaren.
Våpenlova (1961, sist endra i 2015) gjev reglar om korleis ein skaffar seg jaktvåpen, om utlån av våpen og korleis jegerar skal få med seg våpen inn og ut or landet. I fleire nye rettssaker har jegerar vorte dømde for oppbevaring av våpen i bil, under senga eller med nøkkel i våpenskåpdøra. Det er verdt å merkja seg at når ein person av retten vert dømd til å missa jaktretten i to år, kan politiet seia at vedkomande ikkje er skikka til å ha våpen på ubestemt tid. Ein dom på to år utan jaktrett kan i praksis, etter politiet sitt skjøn, føra til mange år utan våpen. Ut frå avisoppslag er det lett å få inntrykk av at politiet sitt skjøn varierer, frå gamaldags lensmannsskjøn til nitid vilje til å luka ut flest mogeleg våpeneigarar, mellom politidistrikt.
Desse er også viktige: fjellova, lov om skogbruk, Finnmarksloven, plan- og bygningsloven, naturoppsynsloven, motorferdselslova og Svalbardloven.
Viktige forskrifter i Noreg
Lovene gjev prinsipp og overordna reglar. Korleis prinsipp og overordna reglar til ei kvar tid skal forståast i detalj, vert vist i forskrifter. Forskriftene treng ikkje godkjennast av Stortinget, og utskrivande styresmakt kan endra dei når det trengst. Miljødirektoratet skriv ut hjorteviltforskrift som fastset reglane for forvaltinga av hjortevilt innan prinsippa sett i viltlova. Kommunen skriv forskrift om minsteareal for elg når dei skal bestemma kvoten. Ei forskrift er skriven av ei styresmakt og gjeld for alle folk i gjeve område. Forskrifter kan endrast so ofte at det som står i bøker, ofte er utdatert – forskriftene bør sjekkast på nettet når dei skal brukast.
Hjorteviltforskrifta
Hjorteviltforskrifta (2016) utdjupar korleis hjortevilt skal forvaltast. Kommunen har ansvar for forvaltinga av elg, hjort og rådyr, medan Noreg har eit særskilt internasjonalt ansvar for villreinen, som vert forvalta av villreinnemnder oppnemnde av Miljødirektoratet. Forskrifta understrekar fylkeskommunen si rettleiingsrolle, kommunen sitt ansvar, jaktrettshavar sine rettar og Statsforvaltaren si rolle som rettstryggleiksinstans. Grunneigarane må organisera seg i vald med nok areal for å få fellingsløyve.
Kommunen skal utarbeida mål for utviklinga av, og dermed storleik og samansetjing av, stammene til ansvarsartene. Kommunen bør velja indikatorar som viser om bestandstorleikane samsvarar med måla for beitepress, påkøyrsler eller andre samfunnsinteresser. Indikator for samansetjinga av bestanden kan vera observasjonane jegerane gjer under jakt, sett elg. Måla skal verta utarbeidde og vedtakast som rullerande kommunale og regionale planar. Planane bør utviklast i tett dialog med interessentar som grunneigarar og jegerorganisasjonar. Forskrifta legg til rette for interkommunalt samarbeid for å forvalta etter hjorteviltbestandgrenser, ikkje kommunegrenser som dyra ikkje ser.
Eit viktig mål med forskrifta er å forvalta hjorteviltet i store landskapseiningar. Forskrifta legg til rette for at vald som ynskjer det, aleine eller saman med andre vald skal forvalta hjorteviltet etter fleirårige avskytingsplanar i bestandsplanområde, som bør innehalda bestanden sine heilårsleveområde, i tråd med dei kommunale måla. Kommunane legg inn data i hjorteviltregisterert, som er ein nasjonal database og sakshandsamingsverktøy.
Forskrift om forvalting av rovvilt (2005, endra sist 2021)
Forskrifta skal sikra berekraftig forvalting av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn, men «… også ivareta hensyn til næringsutøvelse og andre samfunnsinteresser. Forvaltningen skal være differensiert slik at hensynet til ulike interesser vektlegges forskjellig i ulike områder og for de ulike rovviltarter. Forskriften skal sikre en forvaltning som vektlegger forutsigbarhet og lokal medvirkning.»
Forskrifta definerer aktuelle omgrep. Me gjengjev:
Kvotejakt: Ordinær jakt på et bestemt antall individer av en viltart med hjemmel i viltloven § 9, jf. naturmangfoldloven § 16, der kvoten er fastsatt av offentlig myndighet.
Lisensfelling: Felling av et bestemt antall individer av en viltart med hjemmel i naturmangfoldloven § 18 første ledd b) og c), der kvoten er fastsatt av offentlig myndighet og det kreves at jegeren er registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å kunne delta.
Rovviltnemnd: Offentlig viltorgan opprettet i medhold av viltloven § 4 med ansvar for forvaltning av gaupe, jerv, bjørn og ulv i en region.
Forskrifta viser korleis landet er delt i åtte forvaltingsregionar for rovvilt med eigne bestandsmål og med kvar si rovviltnemnd føreslegen av fylkestinget og oppnemnd av Miljødirektoratet. Forskrifta viser bestandsmåla for dei ulike artene, kva rovviltnemndene kan bestemma, og seier at det skal utarbeidast regionale forvaltingsplanar. Statsforvaltaren held sekretariat for rovviltnemnda og har ogso mynde til å setja i gang skadefelling av einskildindivid. Rovviltforskrifta (2005) gjev detaljerte reglar om korleis rovviltet skal forvaltast, om fellingar, jakt, krav til jegerar og klagemogelegheiter.
Forskrift om forvaltning av bever (beverforskrifta 2017)
Før låg beverforvalting i Forskrift om hjortevilt og beverforvalting. No er det utarbeidd ei eiga forskrift for bever.
Formålet med denne forskriften er å bidra til at forvaltningen av bever skjer i samsvar med forvaltningsmålet for arter i lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldsloven) § 5. Forskriften skal legge til rette for en lokal og bærekraftig forvaltning med nærings- og rekreasjonsmessig nyttiggjøring av viltressursen. Forskriften skal samtidig bidra til å hindre unødvendige skader og ulemper på andre samfunnsinteresser.
Forvaltinga er overlaten til kommunen. Kommunen skal vedta mål for utviklinga av bestandane i samsvar med naturmangfaldslova. Det vert sett få krav. Kommunen kan setja kvotar og krevja rapportering frå jeger og jaktrettshavar, men dei treng ikkje gjera det. Tanken er at bever no ikkje er trua – og at han kan forvaltast lokalt. Lokalt kan ein velja å forvalta bever som rype og tiur med fri kvote innan fastsett jakttid. Bakgrunnen for dette er den omfattande forskinga ved Universitetet i Sørøst-Norge i Bø (sjå Parker & Rosell 2012). Generelt sett er uttaket so lågt at kostnaden med forvaltingsplanar gjerne er større enn nytten.
Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst (jaktutøvingsforskrifta 2002)
Forskrifta skal syta for at jakt og fangst kan skje utan at vilt vert påført unaudsynte lidingar, eller at folk, husdyr eller eigedom vert utsett for fare. Forskrifta gjev jegerar og fangstfolk det meste (men ikkje alt) av offentlege reglar om jakt, felling og fangst.
Ogso denne forskrifta definerer kvotejakt og lisensfelling som to ulike omgrep. Kvotejakt er ordinær jakt på ein kvote (gaupe), lisensfelling er skademotivert felling av eit bestemt tal individ (ulv, bjørn, jerv, kongeørn). Sjølv om felling ikkje er definert som ordinær jakt, lyt ogso lisensjegeren ha løyve av grunneigar. Forskrifta viser korleis ein kan verta jeger med aldersgrenser, opplæring, jegerprøve, jegeravgift og papir ein lyt ha med på jakt.
Forskrifta gjev reglar for våpen, tal skot, type ammunisjon og skyteprøve, og ho inneheld reglar for bruk av hund under jakt, felling og ettersøk. Det er spesielle krav ved jakt på storvilt og til jaktleiaren. Eit eige kapittel i forskrifta tek for seg fangst. Det er lovleg å fanga 11 pattedyr- og 7 fuglearter, og det er spesielle krav til feller som fangar viltet i live, og til dei som drep viltet. Forskrifta har vedlagt instruksar, avtale og informasjon.
Forskrift om skadefelling, dødt vilt og bruk av vilt i oppdrett, forskning og dyrepark (viltforskrifta 2020)
Viltforskrifta erstattar skadefellingsforskrifta, haldforskrifta, innfangingsforskrifta og fallviltforskrifta. Forskrifta regulerer innfanging av vilt, skadefelling og anna uttak av vilt, å halda vilt i fangenskap, kva ein skal gjera med vilt som har rømt, utsetjing av vilt i naturen og korleis ein skal handsama daudt vilt. Registreringspliktig fallvilt tilhøyrer viltfondet, medan finnaren kan tileigna seg anna fallvilt.
Forskrift om utlegging av åte og fôring av vilt (Fôringsforskrifta 2019)
Det er ikkje er lovleg å fôra villsvin, gaupe, ulv, brunbjørn eller kongeørn. Det er lovleg å leggja ut åte i samband med fangst og jakt på nokre arter.
Forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun
Forskrifta fortel kva arter som kan jaktast og sankast egg og dun frå, kvar og når. Forskrifta vert fornya om lag kvart 5. år etter grundige analysar av bestandsstatus og utviklingstrendar for jaktbart småvilt (Pedersen et al. 2021d) og høyringar av synspunkta til interessentar.
Kort om rettspraksis ved viltspørsmål i Noreg
Me har lese gjennom ei rekkje nyare norske domar i viltsaker. Domane understrekar endringa frå eit skade–nyttesyn til at all natur har ein eigenverdi. I saker om ulovleg rovdyrjakt i Hedmark på 2010-talet er det tydeleg for oss at krypskyttarane får stønad frå mange som ikkje flytta til byen, og som er forankra i det gamle synet at nyttedyr skal hegnast om og skadedyr fjernast med alle midlar. Tingrettsdomaren i ei ulvejaktsak i 2015 fortalde oss at far hans, den då over 90 år gamle hallingdølen, sa: Interessant dom å lesa: Før skulle me verna husdyra, no skal ein verna rovdyra. Det er ogso interessant å sjå at folk har vorte dømde for lange skot på villrein. Lange skot ville tidlegare gjeve jegeren heider – om han berre klarte å få kule i dyret, slik at det vart lettare å få has på. No legg domstolen vekt på at dyret kunne ha flytta seg i tida frå skotet vart løyst, til kula nådde målet, med skadeskyting som fylgje – sjølv om dyret fell daudskote.
Forfattar Storaas observerte ei rettssak mot ein bjørneskyttar på Finnskogen. Påtalemakta representerte dei nye haldningane som førte til forskrifta om at bjørn skulle vera freda. Tilhøyrarane og regionalavisene representerte dei gamle haldningane i nærområdet om at bjørn var farlege skadedyr som skulle fellast. Dei støtta bjørneskyttaren sjølv om både tingrett og lagrett fann det bevist utover all tvil at skyttaren hadde brote norsk lov. I rettssaker om vårjakt på ender i Karasjokka kan me observera tilsvarande motsette oppfatningar om rett og gale mellom universitetsutdanna påtalemakt som held seg til norsk forskrift, og tradisjonsbundne samar som har jakta ender om våren so lenge dei kan hugsa. Til dømes vart to andejegerar frikjende i Indre Finnmark tingrett (2020), der dei to lekdomarane meinte at jakta var i tråd med samisk sedvane. Fagdomaren var imot, påtalemakta anka saka, og Hålogaland lagmannsrett (2020) slo fast at samisk tradisjon var teke vare på gjennom den sterkt avgrensa vårjaktordninga, og dømde jegerane skuldige.
Sett med viltfaglege augo kan einskilde domar verka merkelege. 12. juli 1995 avsa Midt-Trøndelag herredsrett (1995) dom. Eit beitelag i Selbu kravde erstatning for 20 storfe som dei meinte hadde omkome på grunn av bjørn. Dei fann ingen spor, skit eller hår etter bjørn, bjørn hadde ikkje bite eller ete på feet, men det var ein hypotese om at bjørnen kunne ha freista voldta kyrne, og at det førte til død. Beitelaget vart tilkjent erstatning for 16 storfe. «Retten tok utgangspunkt i at forskriftene av 8.3.1993 krever en overveiende sannsynlighet for at skaden er voldt av rovvilt fremfor alle andre mulige årsaker til sammen. Selv om det i denne saken manglet klare og sikre sportegn etter bjørn, utelukker ikke det at erstatning kan ytes. Det var ikke nevneverdig sannsynlighet for alternative skadeårsaker.» Det er vanskeleg å skjøna at retten skulle falla ned på at det nett var bjørn som årsaka til dødsfalla, utan fnugg av bevis. Ut frå denne domen kunne ein argumentera at alle husdyrdødsfall utan bevis for dødsårsak bør erstattast som rovdyrdrepne. Miljødirektoratet valde truleg å ikkje anka saka for å verta ferdig med henne. Me registrerer at både ein biolog og ein veterinær var heilt sikre på at det var bjørn, utan fnugg av bevis. Det er difor kanskje ikkje so rart at retten fall ned på å la nåde gå for rett og tilkjenna gardbrukarane erstatning frå staten. Likevel tenkjer me, utdanna viltbiologar, når me i etterkant les domen, at desse 16 dødsfalla, som det vart utbetalt erstatning for, heilt usannsynleg kan vera forårsaka av bjørn. Me ser på det som ein stor prestasjon at biologen og veterinæren klarte, utan nokon form for bevis, å trekkja bjørnen opp av hatten og overtyda retten til fordel for gardbrukarane.
I 1995 vart ein jeger dømd for å ha skote på villrein på for langt hald (Eidsivating lagmannsrett 1995), og i 1996 vart tre dømde for lange skot på dyr som ikkje stod i ro (Gulating lagmannsrett 1996). Sjansen for skadeskyting var for stor til at skot skulle løysast. Likevel vart jegeren frifunnen for skot rett framanfrå i hovudet på reinsbukk på 140 m hald. Jegeren hadde tofot11 på geværet, var ein dugande skyttar, og bukken fall steindaud (Nord-Gudbrandsdal tingrett 2020). Om bukken vart skadeskoten etter skot mot hovudet, ville han truleg vorten dømd. Bjerkvik (2009) drøftar krav til omsynsfull jakt etter viltlova, gjev døme på rettsavgjersler og fleire detaljar om kva som ligg i kravet om at jakta ikkje må føra til at viltet lir unødig.
Fleire videoar, som er lagt på nettet av jegerar som finn aktiviteten dei har filma, etisk høgverdig, har ført til domfellingar. Lovene har endra seg, normene fylgjer lovene. Det moderne natursynet trumfar den gamle nyttekulturen i Bygde-Noreg. Særleg når det gjeld verdien av å ta vare på ulv, er det stor usemje mellom gamalt og nytt syn. Senterpartiet ville utrydda ulven frå Noreg, dei andre partia vil ta vare på nokre få dyr. Å arbeida politisk for det ein trur på, er rett og godt. Likevel lyt ein hugsa at ein liten del av folket i Noreg jaktar, få bur i ulveområde, og få driv med beitedyr. At resten av folket oppfattar at jegerane held seg til lover og normer, er eit vilkår for framtidig respekt for jakt og jegerar og framtidig jakt.
Forfattarrefleksjonar om viltlovgjeving og vegen vidare i Noreg
Lovverket tek for seg kven som skal ha jaktrettar, vern av viltressursen og at viltindivid ikkje skal lida i utrengsmål. Det er ingen universell regel for kven som skal ha retten til jakt. I Noreg tok hovdingar eigedomsrett til grunn, jakt med hund og jakt på elg, hjort og bever og fekk det inn i lovtekstane. Nordmenn si frie jakt utan hund gav eit storting av overklasse vederlagsfritt til grunneigarane i 1899. Tilgangen til jakt er likevel generelt sett god i Noreg. Framtidige jaktmogelegheiter for folk flest kan sikrast ved offentleg eige av skog og fjell fordelt over heile landet.
Synet på vern av viltressursen er spegelvendt frå deling i nytte- og skadedyr til at alt heimehøyrande vilt og leveområda deira skal takast vare på. I 1845 var det viktig, for alle som uttala seg, å utrydda alle store rovdyr og rovfuglar, mellom anna for å kunna sleppa husdyr i rundt 100 000 besetningar på beite utan at småungar laut stad og gjeta dei (Richardsen 2014). Føremåla med jaktlovene var so opplagde at det ikkje var trong for føremålsparagrafar: Skadedyr skulle bort, nyttevilt skulle vernast for å kunna haustast. So seint som i jaktlova av 1951, som galdt til 1981, delte ein dyra i nytte- og skadedyr. Lovene fram til og med 1951 var jaktlover, i 1981 kom ei viltlov, og no er viltlova ei underlov av naturmangfaldslova. Endringane avspeglar at folk har flytta frå landbruk og landsbygd til kontor og fabrikk i tettstad og by. Sett på spissen avspeglar lovendringane at vilt og høner gjekk frå å vera viktig mat som måtte vernast mot hauken, til at me kjøper kjøtet i butikken og ser hauken på TV.
Årstal | Hending |
---|---|
1274–1276 | Magnus Lagabøtes landslov vedteken på dei ulike landsdelstinga |
1600–1700-talet | Diverse reguleringar frå regjeringa i København |
1814 | Ny norsk grunnlov |
1818 | Totalfreding av elg (eitt år) |
1845 | Lov om Utrydding af Rovdyr og om Freding af Andet Vildt |
1871 | NJFF stifta |
1899 | Jaktlova, grunneigars einerett til jakt på matnyttig vilt |
1900 | Ålmenn røysterett for menn |
1913 | Ålmenn røysterett for kvinner |
1932 | Grunneigar einerett ogso til rovfugl og rovdyr, slutt på speljakt på orrfugl og storfugl |
1951 | Ny jaktlov, viltnemnder, etikk, vilttrygdeavgift |
1965 | Direktoratet for jakt, viltstell og ferskvassfiske |
1968 | Freding av kongeørn og havørn |
1971 | Freding av ulv |
1972 | Miljødepartementet |
1974 | Direktoratet for vilt og ferskvassfisk |
1975 | Ramsarkonvensjonen (våtmarkskonvensjonen) ratifisert i Noreg |
1976 | CITES, Washingtonkonvensjonen ratifisert av Noreg |
1981 | Viltlov, det som ikkje er definert jaktbart, er freda |
1985 | Direktoratet for naturforvalting |
1985 | Bonnkonvensjonen (Convention on migratory species, CMS) (1979) ratifisert |
1986 | Bernkonvensjonen (1979) ratifisert av Noreg |
1987 | Forskinga delt frå forvaltinga i direktoratet til NINA |
1993 | Riokonvensjonen (1992) ratifisert av Noreg |
2009 | Naturmangfaldslova |
2016 | Ny hjorteviltforskrift |
2022 | FNs naturavtale. Kunming-Montreal Global Biodiversity Framework |
Overordna viltstyresmakter verkar ikkje lenger vera spesielt opptekne av detaljforvaltinga av dei jaktbare artene. Berre rettshavarane har forvalta viltet innanfor vide grenser, slik at det ikkje har vorte so fåtalig at det kjem i fare for å forsvinna, eller so talrikt at det gjer skade, har det vore greitt. I 2018 fekk Mat- og landbruksdepartementet ansvaret for jaktbart vilt. Det vert spanande om dette fører til endringar i statleg forvaltingsinteresse.
Spanande utfordringar for lovverket kan vera når dyr som tidlegare vart sett på som skadedyr, vert freda og kjem attende i metta bestandar og får sterk negativ verknad på andre dyrearter. SNO drep sterkt trua jerv og jervungar for å hindra skade på sau. Kva skal ein gjera når freda oter i sterke bestandar tek storlaksar frå ei kritisk trua laksestamme? Kva om freda myrhauk drep rugande raudlisteregistrerte liryper? Og kva skal ein gjera om rev og mår tek so mange skogsfuglreir at ogso skogsfuglen vert sjeldan, til ulempe for folk, hubro og hønsehauk? Eller kva om hønsehauk skulle trua raudlista hare? Og kva når freda isbjørn år etter år plyndrar ærfuglkoloniar på Svalbard, eller grupper av livskraftige spekkhoggarar drep kritisk trua grønlandskval?
Me kan ogso filosofera over villsvinet som er på veg attende til Noreg, etter at dei sannsynlegvis vart utrydda av folk. Når av svenskane definert som viltlevande naturleg tilhøyrande villsvin, på eigne bein vandrar inn i Noreg, skal dei utryddast av økonomiske årsaker eller av naturvernomsyn? Og kva med fjellreven? Naturmangfaldslova seier at me skal ta vare på økologiske prosesser. Er det å motarbeida dei økologiske prosessane som utryddar fjellreven ved aukande temperaturar, ulovleg etter lova?
Omsyn til dyrevelferd kom fyrst inn i jaktlova i 1951. Frå gamalt tømde jegerane børsene sine inn i villreinflokkane. Det var mykje lettare å få livet av skadeskotne enn av friske dyr. Forfattarane har vener som fekk kjeft av gamlekarane fordi dei ikkje ville skru opp dei opne sikta og skyta inn i flokkane på lange hald. «So lenge det er bly i lufta, er det håp om kjøt», heitte det. Dette matauksynet har endra seg. Før løyste jegeren skot i von om å råka, no let han vera å løysa skot av otte for å skadeskyta. Kven som skal ha jaktretten, er eit resultat av tidlegare tiders makttilhøve. Utvidinga av viltomgrepet, vern av viltet og krav om omsynsfull jakt har vakse fram som ein konsekvens av samfunnsutviklinga.
Fotnoter
8
Lever berre i eitt avgrensa område som kan ha vore større.
9
Fallvilt er daude viltindivid som vert funne i naturen og ikkje er felt under ordinær jakt eller fangst. https://snl.no/fallvilt.
11
Støtte som rifleløpet kviler på.
Information & Authors
Information
Published In
Copyright
This work is licensed under the Creative Commons Attribution 4.0 International (CC BY 4.0). To view a copy of this license, visit https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/.
History
Publication date: 24 October 2024
Published online: 25 October 2024
Authors
Metrics & Citations
Metrics
Citations
Export citation
Select the format you want to export the citations of this publication.