Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Digital deltakarkultur i norskfaget?

Stipendiat i lesevitskap, Universitetet i Stavanger, Institutt for kultur- og språkvitskap.

This article presents a study of five websites that are written and designed for use in the Norwegian subject in Upper Secondary schools. The main research question in the study is how and to what extent the websites reflect the Curriculum guidelines in Norwegian for digital texts. Analysis is also connected to cultural changes surrounding texts that have occurred in Norwegian society in recent years (with reference to Web 2.0). An important result of this study is that Wikipedia now seems accepted as a knowledge base in these settings. Text production and reflection about digital texts, on the other hand, have less priority and this is not in accordance with the requirements of the Norwegian Curriculum.

Keywords: Digital text, participatory culture, Norwegian curriculum, websites.

Stadig meir av lesinga og skrivinga i samfunnet skjer digitalt, og hovudansvaret for opplæring i lesing og skriving er lagt til norskfaget, som er det største skulefaget. Ein studie av dagens lærebøker for norskfaget på vidaregåande skule som eg gjennomførte i 2009, viste likevel at dei var særleg mangelfulle på feltet digitale tekstar (Rogne, 2009). Kompetansemåla knytt til digitale tekstar i norskplanen må seiast å vere noko svakt formulerte (Rogne, 2008), men ingen så svakt at dei kan ignorerast, slik som det langt på veg er gjort i lærebøkene. Dei overordna krava i planen om bruk av digitale verktøy, samfunnsretting og deltaking (Utdanningsdirektoratet, 2008), gjer det endå vanskelegare å forsvare denne praksisen. Ein hypotese som var utgangspunkt for denne studien, er at nettstadane som forlaga laga til lærebøkene skulle kompensere for dette, fordi både dei materielle og dei sosiale affordansane til PC og Internett ligg betre til rette for slikt læringsarbeid (jf. Rogne, 2009). Dermed ville læreboka og nettstaden kunne utgjere eit samla læreverk som dekkjer alle sider ved læreplanen. Føremålet med denne studien er altså å finne ut om nettstadane som er knytte til norskbøkene, kan seiast å kompensere for svakheitene til sine respektive bøker på feltet digitale tekstar.1

Etter kvart har òg forlaga byrja å merke konkurranse om læremidla frå andre hald. Særleg har nettstaden Nasjonal digital læringsarena (NDLA) vore mykje omtalt etter at dei lanserte gratis digitale læremiddel for vidaregåande skule (jf. Rambøll, 2009). Norskfaget er eit av faga dei har utvikla læremiddel for, så i denne samanhengen kan det vere interessant å sjå på om dette læremiddelet har ei anna tilnærming til dei digitale tekstane enn dei tradisjonelle forlaga. Ei mogleg forklaring på svakheitene ved lærebøkene er at forlaga kan ha økonomisk interesse av å dempe fokuset på det digitale feltet (Rogne, 2009). Ei delproblemstilling i denne studien vil difor vere å finne ut om ei rein digital satsing som NDLA fører til større vekt på det digitale feltet enn nettsidene som er knytte til forlagshusa.

Tekstkulturelle endringar

PC, Internett og annan informasjons- og kommunikasjonsteknologi har ført til radikale endringar i måten dei fleste av oss brukar, produserer og distribuerer tekstar på. Viktige element her er bruk av tekststruktureringsprinsipp som hypertekst, multimodale tekstar som inkluderer grafikk, bilete, lyd og video, og ein delingskultur som er gjort mogleg gjennom nettverksorganiseringa. Noko av grunnlaget for denne utviklinga finn ein i digitaliseringa av analoge signal og forbetringa av kommunikasjonslinjene som breibanda representerer (jf. Østerud og Skogseth, 2008).

Eit sentralt drag ved internettutviklinga dei siste åra er det som ofte blir kalla Web 2.0 eller sosial Web. Her blir skiljet mellom lesar (konsument) og forfattar (produsent) i stor grad viska ut, fordi handlingsrommet til brukarane blir utvida gjennom forenkla publiseringsprosessar (jf. Lund, 2006). Ei rekkje forskarar har analysert dette fenomenet, og sidan det er relativt nytt, har ein enno ikkje kome fram til ein felles terminologi. Rebecca Blood skildra allereie i år 2000 overgangen frå det ho kalla audience til public og consumer til creator i samband med blogging (her frå Mortensen, 2008). Generelt har omgrepet prosumers (frå producer og consumer) vore ein del nytta (til dømes Tapscott og Williams, 2008), medan Axel Bruns (2008) brukar produser (frå producer og user).

På norsk kan omgrepet deltakarkultur vere eigna for å skildre fenomenet (Svoen, 2008, s. 99), og det er blant anna inspirert av Henry Jenkins (2006). Sentrale kjenneteikn for denne kulturen er open deltaking og felles evaluering (Bruns, 2008), kollektiv problemløysing og sirkulering av innhald (Svoen, 2008), brikolasje – bearbeiding og omforming av kulturytringar (Hoem og Schwebs, 2008, s. 106ff; Wilber, 2008, s. 565) – og ei målsetjing om å gi tilskot framfor å setje sluttstrek (contribution, not completion) (Richardson, 2009, s. 135). Det har etter kvart etablert seg ei rekkje mykje brukte nettstader og sjangrar der denne kulturen lever. Det gjeld til dømes nettsamfunn som Facebook og Nettby, publiseringskanalar som YouTube og Flickr, sjangrar som blogg og wiki, og til dels chatprogram og debattsider knytt til nettavisene.

Denne deltakarkulturen har eit stort demokratisk potensial (jf. Erstad og Silseth, 2008, s. 217f), og særleg mange unge er involverte. Likevel er talet på aktive deltakarar enno ikkje spesielt høgt. Til dømes var det i 2007 i underkant av 5 % av brukarane på Wikipedia som redigerte artiklar (Svoen, 2008, s. 104). Samstundes syner fleire undersøkingar at det i Noreg er dårleg samanheng mellom kunnskapsregime i og utanfor skulen, mellom formell og uformell læring (Erstad og Silseth, 2008, s. 215). Dersom det då skulle vise seg at digitale skilje i dag kan bli økonomiske, sosiale og politiske skilje i morgon (Drotner, 2008, s. 68), så har skulen ei stor utfordring når det gjeld å lære alle elevar opp til å bli aktive og kompetente deltakarar i den digitale tekstkulturen.

I dette arbeidet har norskfaget eit særleg ansvar. Under «Formål for faget» i læreplanen står det at norskfaget skal opne «[...] en arena der de får anledning til å finne sine egne stemmer, ytre seg, bli hørt og få svar», og faget skal vidare representere «[...] en demokratisk offentlighet som ruster til deltakelse i samfunnsliv og arbeidsliv.» (Utdanningsdirektoratet, 2008, s. 1) Kvalitetane knytt til deltakarkulturen i Web 2.0 gjer det særleg aktuelt å utnytte denne arenaen til å nå dei overordna måla i faget. No kan elevane endeleg få høve til å prøve ut tekstane sine mot reelle mottakarar under rettleiing frå læraren.

Her er det dei norskfaglege nettstadane kjem inn. Med læreboka kan elevane berre lære om fenomena, medan dei med PCen kan ta direkte del i denne kulturen. Ei slik deltaking kan verke særleg uviklande og engasjerande, fordi ein dreg aktuelle samfunnsfenomen inn i læringsprosessen. Det vil med andre ord vere i tråd med teoriar om situert læring – elevane opplever å vere del av ein praksis, og lærer både gjennom tilrettelagde og ikkje-tilrettelagde sosiale samanhengar (jf. New London Group, 2003, s. 31ff; Østerud og Schwebs, 2009 s. 24ff). Vilkåret er at nettstadane utnytter potensialet som ligg i spenninga mellom tilrettelagt stoff og fridom for elevutfalding.

Materiale og metodiske vurderingar

Til saman er fem nettstader valt ut til analysane. Det er dei fire nettstadane som er knytt til dei fire største forlaga i lærebokmarknaden for norskbøker på vidaregåande skule: Grip teksten (http://www.lokus.no) frå Aschehoug, Panorama (http://www.gyldendal.no/panorama) frå Gyldendal, Spenn (http://spenn1.cappelendamm.no) frå Cappelen Damm og Tema (http://tema.samlaget.no) frå Samlaget, og dessutan norsksidene til NDLA (http://ndla.no/nn/fag/27). Fokuset vil vere på dei delane av nettstadane som er retta inn mot Vg1. Grip teksten skil seg ut frå dei andre ved å vere ein passordbeskytta betalingsnettstad gjennom plattforma Lokus. NDLA, på si side, skil seg ut ved å ikkje vere knytt til noko lærebok, og denne nettstaden er dessutan eigd av skuleeigarane, det vil seie alle fylkeskommunane utanom Oslo.

Dei teknologiske affordansane knytt til fortløpande endring av nettstader – det vil seie den dynamiske karakteren til nettstadane (jf. Schwebs og Otnes, 2006, s. 25) – gir visse metodiske utfordringar. På den eine sida kan nettstadane bli endra fundamentalt i løpet av analysearbeidet, slik at det blir vanskeleg å setje ein tilfredsstillande sluttstrek. På den andre sida kan nettopp korleis nettstadane utnyttar potensialet som ligg i den dynamiske strukturen, vere interessant for sjølve analysane. Løysinga i dette arbeidet har vorte å gå inn å analysere nettstadane slik dei ligg føre på ein bestemt dato, for å så gå igjennom nettstadane på nytt på eit seinare tidspunkt (sjå vedlegg 1 for nøyaktige datoar). Dermed får me ein viss stabilitet inn i analysearbeidet, samstundes som me kan registrere eventuelle utviklingstrekk.

Analysepunkt

Dei konkrete føringane for kva elevane skal lære, finn ein i kompetansemåla i læreplanen LK06 (Utdanningsdirektoratet, 2008). Særleg interessante mål som krev kompetanse i digitale tekstar i norskplanen, Vg1, er fordelte på tre hovudområde:

  • Skriftlege tekstar: – «tolke og reflektere over innhold, form og formål i et representativt utvalg samtidstekster [...]» (s. 10) – «mestre ulike skriverroller som finnes i skolens offentlighet og i samfunns- og arbeidsliv» (s. 10) – «bruke datateknologien til å arkivere og systematisere tekster» (s. 10)

  • Samansette tekstar: – «bruke digitale verktøy til presentasjon og publisering av egne tekster» (s. 10)

  • Språk og kultur: – «hente, vurdere og anvende fagstoff fra digitale kilder i muntlig og skriftlig arbeid» (s. 11)

I dei to første læreplanmåla er ikkje digitale tekstar nemnt spesifikt, men utviklinga av tekstbruken i samfunnet gjer det nødvendig å ta med slike tekstar i tillegg til dei tradisjonelle skriftlege tekstane. Det har til dømes Landslaget for norskundervisning gjort gjennom sin presentasjon av ein moderne kanon for faget, med til dømes ein blogg og ein Wikipedia-artikkel (LNU, 2009). I dei tre siste måla er det digitale gjort eksplisitt.

Det er gjerne tre sider ved tekstkompetansen til elevane ein prøver å utvikle i norskfaget: tekstproduksjon, tekstresepsjon og tekstrefleksjon (jf. Smidt, 2004, s. 245ff; Rogne, 2008, 2009), og desse tre sidene finn ein igjen i dei nemnte måla. Dei ulike sidene ved tekstkompetansen grip sjølvsagt inn i kvarandre i læringsprosessane til elevane, og samspelet mellom dei har vorte særleg aktuelt med Web 2.0, til dømes ved brikolasjeaspektet.

Tidlegare ville ein kanskje ha lagt vekt på at produksjonsperspektivet låg i det andre av desse kompetansemåla, medan det innanfor deltakarkulturen òg vil vere fruktbart å sjå det tredje, fjerde og femte målet i eit produksjonsperspektiv. Kunnskap og ferdigheiter i korleis eleven skal finne, hente og bruke fagstoff vil vere viktig, og dette vil samstundes kunne sjåast i samanheng med korleis eleven sjølv skal publisere og – som med til dømes bloggar og wikiar – arkivere og systematisere tekstane. Resepsjonsperspektivet er særleg viktig i det første målet, og her vil det vere interessant å sjå kva slags tekstar nettstadane legg opp til at elevane skal lese. I eit representativt utval samtidstekstar må ein kunne vente å finne døme på nokre typiske digitale sjangrar. Refleksjonsperspektivet kjem særleg inn i det første og det siste målet (vurdering), og her må ein kunne forvente at nettstadane kjem inn på til dømes typiske sjangeraspekt som form, innhald og funksjon ved dei digitale sjangrane, og at dei blir sett i eit utviklingsperspektiv (jf. Engebretsen, 2007, s. 13ff).

Alle tekstar på ein nettstad er nødvendigvis digitale, så poenget her må vere om nettstadane får fram særdrag ved digitale tekstar til hjelp for elevane i deira utvikling av tekstkompetanse. Den dynamiske karakteren til nettstadane gjer det teknisk mogleg å presentere stoff om den til ei kvar tid siste trenden innan det digitale feltet, og det kan sjølvsagt i augneblinken verke pirrande for elevane, men som langsiktig utviklingsstrategi for tekstkompetanse er det neppe tilfredsstillande. I ein kompleks institusjon som skulen kan me nok ikkje forvente at lærarar og læremiddel held nærmast dagleg tritt med utviklinga, men me kan absolutt forvente at vel etablerte og tunge sjangrar som har vist seg haldbare over lengre tid, i alle fall blir behandla på linje med sjangrar frå den tradisjonelle skriftkulturen som etter kvart blir mindre brukte (til dømes brev).

Av slike tunge sjangrar med lang fartstid vil eg særleg trekkje fram bloggen og wikien som aktuelle for norskfaget. Bloggen (webloggen) har eksistert sidan midten av 1990-åra, og har etterkvart fått svært stor utbreiing, med om lag 110 millionar bloggar på verdsbasis i byrjinga av 2008. Etter kvart har det òg kome til ei rekkje undersjangrar som legg hovudvekta på andre modalitetar – til dømes videobloggar (vlogs), mobiltelefonbloggar (moblogs), fotobloggar og audiobloggar (Mortensen, 2008; Richardson, 2009). Bloggane har ein hovudsakleg tidsbasert logikk med den nyaste posten først, medan wikiane har ein meir rombasert logikk med hyperlenkjesystem som liknar på weben sjølv (Bruns, 2008, s. 102f). Den første wikien vart laga i 1995, og hovudpoenget har heile vegen vore at det skal vere raskt og enkelt å skrive/redigere artiklar (ordet er kortfrom for hawaiisk wiki-wiki, som betyr «rask»). Nettleksikonet Wikipedia (etablert i 2001) er den mest kjente wikien og blir av mange rekna for den viktigaste nettstaden av alle. Det finst versjonar på over 200 språk, inkludert bokmål, nynorsk og nordsamisk. Alle som vil, kan bidra, òg på andre wikiar som Wikirecipes, Wikitravel, Wiktionary, Wikinews og Wikiquotes (Richardson, 2009, s. 55ff).

På bakgrunn av dette vil følgjande analysepunkt kunne få fram om dei norskfaglege nettstadane er i tråd med læreplanen på det digitale feltet:

  • Tekstproduksjon – Instruksjon: har nettstaden instruktive bolkar som kan hjelpe elevane til å nytte tekstproduksjonsprogram som Word og PowerPoint, og råd om korleis dei skal utnytte moglegheitene for publisering i sjangrar som blogg og wiki? – Publisering: Har nettstaden eigne moglegheiter for elevpublisering, eventuelt lenkjer til slike? Blir elevane bedne om å publisere oppgåver

  • Tekstresepsjon – Er typiske digitale sjangrar som blogg og wiki representerte i eventuelle tekstsamlingar på nettstaden? – Har nettstaden lenkjer til slike sjangrar? – Utnytter nettstaden moglegheitene for jamleg oppdatering/fornying av stoff?

  • Tekstrefleksjon – Har nettstaden framstillingar som går i djupna på digitale sjangrar som blogg og wiki og andre særdrag ved den digitale tekstkulturen?

Grip teksten

Grip teksten er ein ganske omfattande nettstad med ei rekkje særeigne ressursar. I venstremenyen finn ein dei ulike hovudtemaa frå læreboka, med lærestoff og oppgåver delt inn i vanskegradane «Basis» og «Lær mer», og i tillegg ein kategori som heiter «Skap tekst». Nedanfor på venstre side finn ein ordforklaringar under «Begreper» og ein peikar som heiter «Oversikt». I den øvre menyen er det lyd- og videoressursar, nyskapingane «Leselaben» og «Skriveverksted», ein multimodal «Kulturhistorie» med mellom anna biletkunst og musikk, og ei tidslinje. Til høgre ligg ni eksterne lenkjer, der dei fleste er til oppslagsverk. Nedst på sida finn ein søkjefunksjonane «Tekstbanken» og «Forfatterportretter». I midten er det eit smalt videofelt øvst, og så kjem ein kort instruks om bruk av nettstaden. Midt på sida finn ein «Månedens poet», med bilete og diktet som er kåra. Til høgre for dette ligg «Anbefalte bøker», med framsida av ei utvalt bok under.

Når det gjeld tekstproduksjonsaspektet, finn ein lite av instruksjonar som kan hjelpe elevane til å nytte ulike program. Den einaste gjennomarbeidde instruksjonen er knytt til teikneserieprogrammet «Cartoonist», der ein finn ein kort teknisk framstilling av korleis ein kan lage teikneseriar. Elles finst det òg interne lenkjer til videoar av korleis ein ikkje bør / bør leggje fram PowerPoint-presentasjonar, men desse lenkjene verkar ikkje. Skrivemoglegheitene for elevane er særleg knytt til to enkle editorar – den første dukkar opp med instruksjonen «Her kan du skrive inn svaret ditt» på dei fleste stader med oppgåver, og den andre ligg i skriveverkstaden. Ein kan lagre svaret i begge, men dei manglar elles dei fleste funksjonar ein forventar av ein moderne tekstbehandlar – stavekontroll, integrering av lyd, bilete og video, hyperlenkjer og så vidare.

Reelle opningar for elevpublisering er det lite av. I «Cartoonist» kan ein sende inn stripene ein lagar, og dei beste kan bli kåra til månadens stripe og lagt ut, men dette skjer berre internt på «Lokus» – ein kjem ikkje ope ut på nettet. Her er òg ei lenkje til http://www.avisiskolen.no, der ein kan lage nettaviser dersom læraren godkjenner tekstane. Nokre andre lenkjer går til nettstaden http://www.creaza.com. Dette er eit ganske avansert, skuleretta tekstproduksjonsverktøy med moglegheiter for publisering til Internett, for å kommentere andre sine tekstar og liknande funksjonar som er i samsvar med deltakarkulturen. Grip teksten er likevel svært tilbakehaldne med å be elevane om å ta programmet i bruk. Her er berre eit par oppfordringar om å lage digitale tankekart, og ei oppfordring om å lage ei digital fotoforteljing, med beskjed om at Creaza kan nyttast som eitt av fleire alternativ. I eit par andre oppgåver på nettstaden blir blogg og nettside sett opp som alternative sjangrar som oppgåva kan løyast med, men dette blir ikkje følgt opp av tips om korleis det kan gjerast. I staden dukkar den enkle editoren opp, med oppfordring om å skrive inn svaret der.

Hovudtynga av tekstresepsjonen er sentrert rundt «Leselabben» og «Tekstbanken». I «Leselabben» finn ein to tekstar frå Wikipedia, og dei er klassifiserte som hypertekstar. Sjangeren er dermed representert, men i form av ei eigenredigering som manglar det dynamiske og kjenneteikna frå deltakarkulturen. I «Tekstbanken» har dei tatt med ein nettsidetekst frå http://www.aasentunet.no, og han er presentert som tradisjonell artikkeltekst, ribba for dei digitale sjangertrekka som ein finn på nettsida. Til saman finst det over 400 tekstar i desse to basane, så i volum er desse tre innslaga minimale, men dette blir til ein viss grad kompensert for av ei rekkje lenkjer andre stader på nettstaden. Her er godt over 20 lenkjer til Wikipedia-artiklar, òg på svensk, dansk og engelsk. I høgremenyen ligg ei lenkje til nettsida http://www.lokus.no/stov, om Henrik Wergeland, og her finn ein lenkjer til mellom anna Wikimedia og FlickrCC. Bloggen er òg bra representert gjennom lenkjer, mellom anna til Ibsen-bloggen http://blogg.slippmeg.no i høgremenyen. Her er òg lenkjer til ein fire til fem forfattarbloggar i forfattarportretta, men oppdateringsgraden er ganske ujamn. Når det gjeld oppdatering av nettsida elles, gir ordningane med «Månadens poet» og «Anbefalte bøker» nettsida eit dynamisk preg. Her er likevel litt å hente på vedlikehald, sidan ein fleire stader treffer på irriterande manglar som «[Bilde inn]» og «Her kommer det ...», slik det til dømes er under «Oversikter».

Tekstrefleksjonsvinklinga er ganske svak når det gjeld digitale tekstar. Under «Muntlig» er det lagt inn ein bolk med spørsmål til studiar av nettsamtalar (chat), og under «Å skrive tekster» og «Nettvett» er det ein del tips og råd knytt til bruk av Internett, opphavsrett og liknande. Elles finn ein litt om wikiar i Leselabben og bitte litt om den teknologiske utviklinga under «Tidslinje». Samla sett kan dette knapt seiast å vere forsvarleg i høve til krava i læreplanen, og ganske symptomatisk er det at ein i omgrepssamlinga korkje finn wiki, blogg eller andre omgrep knytt til digitale tekstar.

Panorama

Nettstaden er delt i to hovuddelar, ein lærardel og ein elevdel. Det er elevdelen som skal analyserast her, og denne delen er bygd opp av mykje fellesstoff for dei tre åra på vidaregåande, men med eigne repetisjonsoppgåver og «arbeidsark» til lærebøkene for kvart årssteg. Denne nettstaden er òg ganske omfattande, og ein finn mange tunge ressursar som videoar, lydklipp, animerte dikt, teikneseriar og nokre interaktive funksjonar. Framsida er enkelt bygd opp, med eit bilete av eit småbruk som blikkfang. Under biletet er det ein ryddig meny med vala «Basis», «Sjangrer», «Språk og litteratur», «Sammensatte tekster», «Tekstsamling», «Oppgaver til bøkene» og «Test deg selv».

Panorama har ikkje lagt mykje vekt på tekstproduksjonsaspektet. Rett nok har dei under «Basis» eit nedlastingsark med eit lynkurs i Word på ti punkt, men fokuset er berre på layout, og vinklinga er mot kva som ser fint ut og er lesbart på papir. Slik sett representerer kurset eit noko gamaldags tekstsyn, der ein ikkje tek digital tekstpresentasjon heilt på alvor. Under «Basis – Kommunikasjon» er det òg ein video med nokre råd knytt til korleis ein skal lage PowerPoint-presentasjonar, og eit nedlastingsark med nokre refleksjonsoppgåver knytt til videoen. Råda er likevel så få at det verkar meir som ein slags oppstart enn ei innføring.

Vidare finn ein under «Sammensatte tekster» funksjonen «Komponer ditt eget bilde», der elevane kan setje saman ulike førehandslagra biletelement, og justere lys, farge og så vidare. Resultatet kan lagrast. Dette er greitt nok som øving, men her er ikkje reelle publiseringsmoglegheiter. Ut over dette finn ein ikkje editorar eller andre digitale moglegheiter for tekstproduksjon. I staden er hovudgrepet for elevskriving knytt til nedlastingsark som skal fyllast ut for hand. Dette er ikkje akkurat eigna til å utvikle den digitale kompetansen til elevane, og når elevane under «Sjangrar – Episk diktning – Lars Mytting» blir bedne om først å skrive kladd, gjere forbetringar og til slutt føre inn, så blir det direkte tungvint. I oppgåvene finn ein heller ingen oppfordringar til elevane om å publisere andre stader.

I tekstsamlinga finn ein korkje bloggar eller wiki-tekstar, men videoar, lydklipp og nyvinninga animerte dikt er likevel med på å gi samlinga eit moderne digitalt preg. Under «Språk og litteratur – Tendenser og faser» ligg ei svært omfattande lenkjesamling, og mange av lenkjene fører til Wikipedia-artiklar, mest på bokmål, men òg på nynorsk, dansk og engelsk. Store norske leksikon (http://www.snl.no) er òg representert med mange artiklar, og denne nettstaden har wiki-inspirerte opningar for at alle kan skrive og redigere artiklar, om enn innanfor eit noko sterkare kontrollregime enn Wikipedia. Bloggar er det ikkje lenkjer til på nettstaden. Når det gjeld oppdatering, så finn ein ikkje aktualitetsstoff, og mangelen på bloggar forsterkar det lite dynamiske preget. Ein del nytt stoff, blant anna til emnet kommunikasjon, har kome til hausten 2009, men ein del rotne lenkjer i lenkjesamlinga (26/400) gjer nettstaden mindre funksjonell i undervisninga.

Når det gjeld tekstrefleksjonen, har nettstaden ei viss breidde. Under «Sjanger – Sakprosa» ligg det ein video der Johan Tønnesson seier litt om Internett og blogg, og under «Sjanger – Episk diktning» er det ein video der Kjetil Johnsen er innom chat, dataspel og Internett. Dei same stadane finn ein òg sjangertre der blogg, chat, hypertekstforteljing og heimeside er representerte. Blant arbeidsarka knytt til «Sammensatte tekster» kan ein hente fram eitt om hypertekst og eitt om nettsidestruktur. Slik sett er breidda altså akseptabel i høve til kompetansemåla, men det er lite stoff på kvart punkt, og dermed manglar ein djupna som skal til for at elevane får skikkeleg innsikt i fenomena.

Spenn

Denne nettstaden har ei ryddig framside, med eit bilete og litt informasjon om strukturen i midten, ein venstremeny og ein spalte med siste nytt til høgre. Nedst finn ein lenkjer til programvare, kontaktinformasjon og opplysningar om opphavsrett. Venstremenyen er bygd opp etter kapittelinndelinga i boka – «Kommunikasjon», «Tekstlære», «Skjønnlitteratur», «Sakprosa», «Medier og sammensatte tekster», «Skriftlige tekster», «Muntlige tekster», «Språk og kultur» og «Tekster». Tekstsamlinga er inndelt tematisk på den same måten som boka. I tillegg har ein valet «Illustrasjoner i Spenn», der det er ein artikkel som omtaler biletbruken i boka.

I omfang er nettstaden mindre omfattande enn Grip teksten og Panorama, og det er lite fokus på digitale tekstar. Når det gjeld tekstproduksjon, finn ein ingen instruksjon, korkje om korleis programvare skal brukast, eller korleis ein skal utnytte sjangrar som blogg eller wiki. Her er heller ikkje editorar eller moglegheiter for elevpublisering. Éin stad blir elevane bedne om å publisere på Internett, og det er under «Medier og sammensatte tekster – Presentasjon av skolen din». Der skal elevane lage ein presentasjon av skulen sin, og nytte tekst, bilete, musikk og film. Dei beste framlegga skal leggjast ut på heimesidene til skulen. Det er ei oppgåve i tråd med intensjonane i læreplanen, men nettstaden gir ikkje elevane hjelp i korleis dette kan gjerast.

Typiske digitale sjangrar som blogg og wiki er ikkje representerte i tekstsamlinga. På nettstaden finn ein eit par lenkjer til Wikipedia, men ikkje til bloggar. Oppdateringa av stoffet er svært dårleg. I spalten «Siste nytt» er den nyaste teksten frå 2.9.2008, medan den førre er frå 21.11.2006. Elles er svært mange av dei eksterne lenkjene rotne (10 av 24). Fleire interne lenkjer fungerer heller ikkje – det gjeld eit så sentralt emne som «Språk og kultur», og det gjeld to av dei tematiske områda i tekstsamlinga – «Hvem er jeg?» og «Folkediktning». Det same problemet rammer òg lenkjer til ein del mindre oppgåver. Dette vil nødvendigvis føre til store frustrasjonar i ein undervisningssituasjon.

Framstillingar av den digitale tekstkulturen er ikkje mykje vektlagt. Ein finn nokre avkryssingsoppgåver om Internett under «Medier og sammensatte tekster – faktatrening», og ein finn dessutan ei skriveoppgåve om SMS-språk basert på stoff frå læreboka under «Tekster – For bokstavenes skyld». Artikkelen under «Illustrasjoner» inneheld litt om digital manipulasjon av bilete, og under «Siste nytt» er det ein artikkel om nettdebattar: «Nick eller navn?». Under «Medier og sammensatte tekster – Nettaviser og papiraviser» står det litt om nettaviser, men hovudtyngda av informasjonen er samla i tre lenkjer, og to av dei er karakteristisk nok rotne.

Tema

Framsida her er svært enkel, med titlane og små illustrasjonar frå dei første 17 kapitla i læreboka som det dominerande innhaldet. Øvst finn ein ei talrekkje frå 1 til 17, der ein òg kan klikke seg inn til det same innhaldet. Til venstre ligg lærarressursar, med lenkjene «Innlogging», «Årsplan Vg1» og «Lesing og skriving nynorsk». Nedanfor det ligg eit søkjefelt. Hovudgrepet innanfor dei ulike kapitla er ulike oppgåver, og nettstaden har lite innhald utover desse. Den vanlege oppgåveinndelinga er ei tredeling i «Faktakoblinger», «Flervalgsoppgaver» og «Nettjakt». Dei to første av desse er svært enkle «utfyllingsoppgåver» som i beste fall kan fungere som repetisjon. «Nettjakt»-oppgåvene er meir avanserte. Dei krev ofte aktivt kjeldearbeid, refleksjon og tekstproduksjon. Vidare finn ein lærarressursar og ein enkel ressursbank med nokre få lyd- og biletfiler som elevane kan bruke. Elles er læreplanmåla for kapittelet lista opp midt på sida.

Når det gjeld tekstproduksjon, er det ein del tips knytt til korleis ein kan byggje opp PowerPoint-presentasjonar under kapittel 1 – «Nettjakt». Elles finst det ingen instruksjonar, heller ikkje knytt til bloggar og wikiar. Nettstaden har ikkje eigne moglegheiter for elevpublisering, men elevane blir bedne om å publisere via bruk av nokre eksterne lenkjer. Det gjeld dikt til http://www.dagbladet.no/skolekammeret under kapittel 3, og både dikt og kommentarar til http://fortellinger.net/ under kapittel 1. Vidare blir dei bedne om å publisere taler/respons på taler via læringsplattform under kapittel 5, og teikneseriar til http://www.nettserier.no og nettaviser til http://skolenettet.no under kapittel 7.

Nettstaden har ikkje tekstsamling. Her er berre eit par lenkjer til Wikipedia, og ingen til bloggar. Aktualitetsstoff manglar heilt, men av dei om lag 160 eksterne lenkjene er berre sju rotne, så vedlikehaldet er nokon lunde bra.

Av meir refleksjonsprega stoff finn ein litt om både bloggar og wikiar. Under kapittel 1 er det ei lenkje til «Gullbloggen 2005» på Dagbladet sine nettsider. Her er omtale av ulike bloggar, og ei kåring av den beste. Det byrjar å bli nokre år sidan 2005, men ei samanlikning av ulike typar bloggar som det er lagt opp til her, kan likevel få fram interessante sider ved sjangeren. I kapittel 10 under «Norrønt og Norsk» skal elevane samanlikne oppslaga til ordet «etymologi» i Caplex, Wikipedia og nettsida til språkforskaren Tor Erik Jenstad. Ideen er god, men lenkja til Jenstad si side er dessverre roten. Ein finn òg spørsmål til studiar av nettdebattar under kapittel 6 og nettaviser i kapittel 7. Likeins er det i kapittel 13 oppgåver der elevane skal vurdere kjeldebruken til kvarandre, blant anna når ein nyttar informasjon frå søkjemotorar. Faktakoplingsoppgåvene har digitale innslag knytt til omgrep som blogg, hypertekst og interaktivitet. Det digitale er altså med, men djupare, meir forklarande element er ein mangel ved nettstaden.

NDLA

NDLA sine sider er meint å dekkje alle læreplanmåla for norskfaget, Vg1, og konseptet er basert på open kjeldekode og frikjøpt materiale, som kan nyttast av alle. Ein del av materialet er kjøpt inn frå ulike leverandørar – òg frå dei konkurrerande forlaga. Nettstaden har gått gjennom ganske store endringar frå august til oktober 2009, men den gamle versjonen er tilgjengeleg i arkivversjon, for dei som framleis vil bruke han. Framsida av den nye versjonen har ein menyfunksjon der ein kan velje mellom årsstega, òg omtala vidare her går på vala ein får opp for Vg1. Hovuddelen av sida er vigd lenkjer til kapittel og underkapittel, med overskriftene «Språk og kultur», «Tekst og kommunikasjon», «Lyriske tekstar», «Episke tekstar», «Litterær sakprosa», «Funksjonell sakprosa», «Samansette tekstar», «Rett på språket», «Munnleg kommunikasjon» og «Språk- og litteraturhistorie». Denne inndelinga verkar lite logisk og ganske forvirrande, all den tid til dømes samansette tekstar sjølvsagt kan vere funksjonell sakprosa, lyriske tekstar og så vidare. Nedst på sida finn ein omtale av og lenkjer til det nyaste fagstoffet som har kome til. I midten oppe har ein, i tillegg til «Meny», vala «Tema» og «Læreplan». Under «Tema» finn ein mellom anna tekstsamlinga «Mediatek». Øvst oppe ligg ei menylinje med kontaktinformasjon, hjelpefunksjon, søkjefelt og liknande.

Instruksjonar for å drive digital tekstproduksjon er vektlagt på nettstaden. Under «Språk og kultur – Språk og digitale ferdigheiter» finn ein instruktive bolkar om digital produksjon, redigering og publisering generelt, og spesielt retta mot bilete, lyd, og levande bilete. På ein tilsvarande måte går ein inn på ein sjanger som digital forteljing. Instruksane er òg knytte til konkrete plattformer som Youtube, Flickr, Moviemaker og PowerPoint. Dessutan finn ein lenkjer og oppgåver til teikneseriekurset «Cartoonist» på Creaza-plattforma, og nettstaden gir elevane nokre stader høve til å nytte den nokså avanserte editoren FCKeditor. Denne editoren er gratis og basert på open kjeldekode, og han gjer det mellom anna enkelt å klippe ut / lime inn materiale frå nettet. I augustversjonen var det under «Språk og kultur – Sjangrar og media i dag – Kollektive nettstader» instruksjonar om redigering og publisering av Wikipedia-artiklar, og under «Personlege nettstader» fanst informasjon om ulike moglegheiter for å opprette eigne bloggar. Dette innhaldet er av ein eller annan grunn fjerna frå både den nye versjonen og arkivversjonen av den gamle. Det er uheldig for elevane som skal prøve å nå kompetansemåla.

Oppfordringar til publisering finst det elles mange av, til dømes denne:

«I NDLA/MiniXperten blir du utfordret til å produsere innhold som andre elever kan ha glede og nytte av. De beste bidragene blir tatt inn i læringsressursen og honorert.»2

Dessutan er det moglegheit for å dele stoffet gjennom knappen «Del/Tips» dei fleste stader på nettstaden. Her kan ein dele innhald via ei rekkje program som Facebook, Yahoo og Delicious. Den såkalla «Delingsarenaen» til NDLA er no tilgjengeleg i betaversjon, men her er enno ikkje lagt inn noko på norsksidene. Målet er at innhaldet skal bli søkbart og knytt opp til kompetansemåla i læreplanen for å lette bruken for elevar og lærarar, som òg skal bli dei viktigaste bidragsytarane.

Den største tekstsamlinga på nettstaden heiter «Mediatek» og ligg under «Tema». Her finn ein videoklipp, lydressursar og e-førelesingar. Eit eige underkapittel er vigd elevproduksjonar – mest videoar, men òg døme på animasjon og teikneserie. Elles finn ein døme på e-postbrev under «Funksjonell sakprosa». Nettstaden har lenkjer til nokre bloggar (til dømes http://metaforbanken.blogg.no/) og ein god del Wikipedia-artiklar (på bokmål, nynorsk, engelsk og islandsk). Når det gjeld oppdatering, har nettstaden gått igjennom store endringar frå august til oktober 2009. Til dømes er spalta «Aktuelt» fjerna frå framsida. Sidan nettstaden er svært omfattande, har eg berre undersøkt lenkjebruken systematisk i kapittel 1 «Språk og kultur». Her er 37 av 175 lenkjer rotne, og det talet er høgt. Ein kjem òg til ein del sider som ikkje er ferdiglaga, og det svekkjer funksjonaliteten ytterlegare.

Meir refleksjonsprega stoff om den digitale tekstkulturen finn ein under «Språk og kultur – Språk og identitet – Språk og ny teknologi». Her handlar det mellom anna om SMS-, chat- og e-postspråk. I underkapitlet «Språk og digitale ferdigheiter» står det om juss og etikk på nettet. Under «Tekst og kommunikasjon – Sjanger» er fagteksten «Frå postkort til MMS» plassert, og her kjem ein òg litt inn på blogg og Wikipedia. I framhaldet av dette kapittelet er det ei interessant drøfting av om SMS er ein sjanger eller eit medium. Kapittelet om samansette tekstar inneheld refleksjonar kring grafisk design og skrifttypar på PC, og under «Tema – Forskarspiren» ligg elevforskingsrapporten «Wikifiseringen av skolen» frå ei gruppe elevar ved Langhaugen vgs. som har vunne Holbergprisen i skolen. Men den grundige gjennomgangen av nettstader og nettsjangrar som fanst i august-versjonen, manglar i denne nye utgåva, og det gjer at ein del av refleksjonsstoffet blir litt for overflatisk og lite systematisk i høve til kva ein kunne forvente ut frå kompetansemåla.

Konklusjon

Analysane har vist at vektlegginga av det digitale feltet varierer ein del frå nettstad til nettstad, og at ingen av nettstadane enno er på eit nivå som gir elevane god nok støtte i arbeidet med å nå kompetansemåla i norskplanen. Med tanke på at dette feltet òg var dårleg dekt i lærebøkene, er resultatet svakt, særleg ettersom det har gått over fire år sidan planen låg føre.

Tekstproduksjonsaspektet er det som varierer mest mellom nettstadane. NDLA tek behovet for opplæring gjennom instruksar i tekstproduksjon mest på alvor, dei tilbyr ein avansert editor og har både oppfordringar til elevpublisering, samstundes som dei legg til rette for det. Dei andre nettstadane har minimalt med instruksar, men ein finn noko i eksterne lenkjer, der spesielt Creaza skil seg ut i positiv retning. Det same problemet gjeld for publiseringsmoglegheiter. Her skil likevel Tema og Grip teksten seg litt ut med fleire oppfordringar til publisering gjennom eksterne lenkjer som Skolekammeret og nettbaserte skuleaviser. Elles signaliserer Panorama eit gammaldags syn på tekstproduksjon gjennom sin utstrakte bruk av nedlastingsark, der elevane til og med blir bedne om å kladde, gjere forbetringar og så føre inn.

Når det gjeld tekstresepsjonen, verkar det som om Wikipedia no er gangbar mynt i norskfagleg samanheng, sidan alle nettstadane har lenkjer dit. Gjennom sitt val med eigenredigering av wiki-artiklar og nettstader syner Grip teksten lite forståing for særtrekk ved den digitale tekstkulturen. Denne nettstaden er likevel den einaste av dei læreboktilknytte som har lenkjer til bloggar, og det i lag med dei jamlege oppdateringane av framsida veg noko opp for denne svakheita. NDLA, på si side, har både lenkjer til bloggar og, som Panorama, ei moderne tekstsamling. Vedlikehald av eksterne lenkjer er eit gjennomgripande problem som må løysast dersom nettstadane skal kunne nyttast effektivt i undervisninga. På dette punktet skil Tema seg litt ut i positiv retning, medan Spenn er så dårleg på både intern og ekstern lenking at nettstaden neppe kan brukast etter intensjonen.

Kunnskapssida er samla sett den svakaste ved nettstadane, og dei gir elevane lite støtte når dei skal reflektere over den digitale tekstkulturen. NDLA og Panorama har ei viss breidde i tilnærminga, men manglar dei meir djuptgåande framstillingane. Tema har ein del oppgåver som legg opp til refleksjon kring ulike digitale fenomen, men har ikkje fagstoff til å byggje opp under oppgåvene. Både Grip teksten og Spenn er direkte svake på dette punktet.

Deltakarkulturen har fått klart mest rom på NDLAs nettstad. Her er det lagt vekt på open deltaking i dei vanlegaste nettstadane der denne kulturen lever, sirkulering av innhald gjennom ulike delingsmetodar og moglegheit for elevane til å gi tilskot gjennom elevarbeid som ikkje nødvendigvis er perfekte. Slik sett legg denne nettstaden bra til rette for situert læring. Læreboknettstadane er langt meir tilbakehaldne, sjølv om Tema og Grip teksten prøver seg litt famlande utpå.

Dersom ein skal rangere nettstadane ut i frå analysane, så kjem NDLA best ut. Deretter kjem Grip teksten, med Panorama hakk i hæl. Tema er ein del svakare enn desse to, og Spenn er den svakaste. Ein del av forklaringa på dette kan liggje i ressurstilgangen. NDLA og Panorama har hatt støtte frå Utdanningsdirektoratet, og Grip teksten er ein betalingsnettstad. Tema tek dessutan betaling for lærarsidene sine, og har slik sett litt inntekt på nettsidene, i motsetnad til Spenn, som berre kan lite på inntekta frå boksalet. Kvalitet kostar, med andre ord.

Men forklaringa på at NDLA kjem best ut, ligg nok ikkje berre direkte i økonomien. Særleg forspranget knytt til tekstproduksjonsaspektet og deltakarkulturen, kan ha andre grunnar. Dei største kostnadene ligg i produksjon/innkjøp av innhaldselement som videoar, lydfiler og animasjonar, og ikkje i tilrettelegging for deltaking og situert læring. Forlaga er nok enno sterkt forankra i ein kultur bygd på ein førdigital økonomi og eit eldre tekstsyn, der haldningar knytt til opphavsrettstenking og redaksjonelle prosessar kan verke som ein dempar på viljen til å opne opp for deltakarkulturen på nettstadane. Dette ser ein til dømes på måten Spenn omtalar opphavsrett: «Elektronisk (digital) kopiering som ikke er hjemlet i lov eller avtale, er forbudt».3 For mange elevar vil nok dette verke noko firkanta og avvisande. NDLA, derimot, viser ei heilt anna forståing og tilrettelegging for deltakarkulturen gjennom si Creative Commons-lisensiering, der alle fritt kan bruke, omarbeide og dele tekstane mot å opplyse om opphavspersonen (jf. Hannemyr, 2007). Avstanden til forlagsbransjen og den tradisjonelle lærebokmarknaden kan dermed ha vore ein styrke for NDLA i denne samanhengen.

Ein OECD-rapport om digitale læremidlar og innovasjon i Norden peikar i den same retninga. Dei har observert at i små land «[…] there is little point in publishers innovating (and taking a risk) with new DLR [Digital Learning Resources] business models if all they are doing is cannibalizing a profitable textbook market.» (OECD, 2009a, s. 89f). I case-studien frå Noreg har dei mellom anna undersøkt Aschehougs Lokus-plattform generelt og kome fram til at «The content is – due to business model reasons and other priorities by the publisher – based on a strong national tradition of textbooks, and the platform maintain the editorial concepts from the textbooks regarding the content structure and the roles of the users.» (OECD, 2009b, s. 11). Dette er heilt i tråd med mine funn for dei norskfaglege nettstadane til forlaga.

For feltet digitale tekstar samla sett innan norskfaget er løysingane til korkje forlaga eller NDLA gode nok. Faren med det, er at ein sentral del av norskundervisninga blir eldsjelavhengig – lærarane med interesse, tid og kompetanse nok til å hente det beste frå Internett vil alltid kunne greie å leggje til rette for at elevane skal nå både overordna mål og kompetansemål i læreplanen, medan dei andre vil kunne få vanskar med å få til ei slik tilrettelegging.

Referansar

Bruns, A. (2008). Blogs, Wikipedia, Second life, and Beyond. From Production to Produsage. New York: Peter Lang.

Drotner, K. (2008). Boundaries and bridges: Digital storytelling in education studies and media studies. I Lundby, K. (red.) Digital storytelling, mediated stories: self-representations in New Media. New York: Peter Lang.

Engebretsen, M. (2007). Digitale diskurser. Nettavisen som kommunikativ flerbruksarena. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Erstad, O. og Silseth, K. (2008). Agency in digital storytelling: Challenging the educational context. I Lundby, K. (red.) Digital storytelling, mediated stories: self-representations in New Media. New York: Peter Lang.

Grip teksten (http://www.lokus.no). Aschehoug.

Hannemyr, G. (2007). Med lov til å dele. Digital kompetanse 2/2007.

Hoem, J. og Schwebs, T. (2008). Se, her er jeg! Selvframstilling på en læringsarena. I Østerud, S. og Skogseth, E.G (red.) Å være på nett. Kommunikasjon, identitets- og kompetanseutvikling med digitale medier. Cappelen Damm.

Jenkins, H. (2006). Confronting the Challenges of Participatory Culture: Media Education for the 21st Century. (http://digitallearning.macfound.org/atf/cf/%7B7E45C7E0-A3E0-4B89-AC9C-E807E1B0AE4E%7D/JENKINS_WHITE_PAPER.PDF).

LNU (2009). Sakprosakanon for skolen. (http://www.norskundervisning.no/images/stories/Sakprosakaring/sakprosakanon%20presse-web.pdf).

Lund, A. (2006). Wiki i klasserommet: Individuelle og kollektive praksiser. Norsk Pedagogisk tidsskrift 4/2006.

Mortensen, T.E. (2008). Of a divided mind: weblog literacy. I Handbook of research on new literacies. New York: Lawrence Erlbaum Associates.

NDLA (http://ndla.no/nn/fag/27).

New London Group (2003). A pedagogy of Multiliteracies designing social futures. I Cope, B. og Kalantzis, M. (red.) Multiliteracies. Literacy learning and the design of social futures, s. 9–37. Routledge. London og New York.

OECD (2009a). Beyond textbooks. Digital learning resources as systemic innovation in the Nordic countries. CERI.

OECD (2009b). OECD study on Digital learning resources as systemic innovation. Country case study report on Norway. CERI. (http://www.oecd.org/dataoecd/46/20/42214660.pdf).

Panorama (http://www.gyldendal.no/panorama). Gyldendal.

Rambøll (2009). Evaluering av Nasjonal Digital Læringsarena. Sluttrapport. (http://www.regjeringen.no/upload/KD/Vedlegg/Rapporter/NDLA_endeligsluttrapport.pdf).

Richardson, W. (2009). Blogs, Wikis, Podcasts, and Other Powerful Web Tools for Classrooms. 2. utg. California: Corwin Press.

Rogne, M. (2008). Mot eit moderne norskfag. Tekstomgrepet i norskplanane. Acta Didactica 1/2008 (http://www.adno.no).

Rogne, M. (2009). Læreboka – ein garantist for læreplannær undervisning? Norskbøkene i møte med eit nytt hovudområde. Acta Didactica 1/2009 (http://www.adno.no).

Schwebs, T. og Otnes, H. (2006). Tekst.no. Strukturer og sjangrer i digitale medier. 2. utg. Cappelen Akademisk.

Smidt, J. (2004). Sjangrer og stemmer i norskrommet. Oslo: Universitetsforlaget.

Spenn (http://spenn1.cappelendamm.no). Cappelen Damm.

Svoen, B. (2008). Den nye mediekompetansen: De unge og deltakerkulturen. I Nygren, P. og Thuen, H. (red.) Barn og unges kompetanseutvikling. Oslo: Universitetsforlaget.

Tapscott, D. og Williams, A.D. (2008). Wikinomics. How mass collaboration changes everything. London: Atlantic Books.

Tema (http://tema.samlaget.no). Samlaget.

Utdanningsdirektoratet (2008). Læreplan i norsk. (http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1001576), lasta 12.11.09.

Wilber, D.J. (2008). College students and new literacy practices. I Handbook of research on new literacies. New York: Lawrence Erlbaum Associates.

Østerud, S. og Schwebs, T. (2009). Mot en IKT-didaktikk. I Østerud, S. (red.) Enter. Veien mot en IKT-didaktikk. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Østerud, S. og Skogseth, E.G. (2008). Å være på nett. I Østerud, S. og Skogseth, E.G. (red.) Å være på nett. Kommunikasjon, identitets- og kompetanseutvikling med digitale medier. Oslo: Cappelen Damm.

Vedlegg 1

Oversyn over analysetidspunkt:

 Grip tekstenPanoramaSpennTemaNDLA
1. nedlasting26.06.200923.06.200924.06.200910.08.200905.08.2009
2. nedlasting08.09.200924.09.200929.09.200912.10.200919.10.2009

1Takk til Bjørn Kvalsvik Nicolaysen (UiS), Martin Engebretsen (UiA) og Pål Hamre (HVO) for gjennomlesingar og kommentarar på ulike tidspunkt i arbeidet.
2http://ndla.no/nn/node/15653, lasta 20.10.09.
3http://spenn1.cappelendamm.no/c39190/artikkel/vis.html?tid=370335&strukt_tid=39190, lasta 11.1.09.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon