Fjordantologien 2020 er eit resultat av Fjordkonferansen 2019, som vart arrangert i Loen 19.– 20. juni. Fjordkonferansen har vorte arrangert i slutten av juni kvart år sidan 2013, og dette er den åttande Fjordantologien. Mottoet for Fjordkonferansen er «av fagfolk, for fagfolk». Konferansen og antologien var opphaveleg eit grasrotinitiativ frå tilsette ved dei akademiske institusjonane frå Sognefjorden til Molde.

Det faglege ansvaret for Fjordkonferansen har sidan 2013 gått på omgang mellom fagfolk ved studiestadane Sogndal og Førde, Høgskulen i Molde, studiestaden Ålesund og Høgskulen i Volda og dei regionale forskingsinstitutta i regionen. Over tid har krinsen av fagfolk som deltek på konferansen, vorte utvida til å omfatte kollegaer frå Haugesund, Stord, Bergen, Trondheim og Innlandet. Tilsette ved dei regionale helseføretaka, Fylkesmannen og fylkeskommunane deltek også på konferansen.

Tilsette ved høgskulen i Volda har vore ansvarlege for konferansen i 2019 og for det redaksjonelle arbeidet med Fjordantologien 2020. Redaksjonen for årets Fjordantologi er Lars Julius Halvorsen, Ivar John Erdal, Wenke Mork Rogne og Roar Stokken.

Temaet for Fjordkonferansen 2019 var «Digitalisering». Om lag 75 fagfolk deltok på konferansen, og det vart presentert om lag 50 innlegg. På bakgrunn av presentasjonane oppfordra vi fagfolka som sto bak 35 av bidraga, til å sende inn eit omarbeidd manus til vurdering. Vi fekk inn 28 manus. Av desse har vi valt ut 19 bidrag som inngår i årets Fjordantologi. Utveljinga av artiklar til antologien er gjort av redaksjonen dels basert på vurdering av tematisk relevans og dels basert på fagfellane sine vurderingar. Alle bidraga har vore sendt til minst to fagfellar og gjennom minst to rundar med fagfellevurdering.

Utan finansiell stønad kunne Fjordkonferansen og Fjordantologien ikkje ha vorte realisert. Følgjande bidragsytarar har gjort arbeidet mogeleg: Sparebanken Møre, Høgskolen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, NTNU, Møre og Romsdal fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi vil takke forfattarane for bidraga og 34 kollegaer og fagfellar som har lagt ned eit grundig og heilt naudsynt arbeid med å sikre kvaliteten på årets Fjordantologi.