Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
<Digital samhandlingKapittel 7 av 21

6. Idrett og media i Noreg – frå analoge til digitale medieplattformer

Vegard Fusche Moe er førsteamanuensis i idrett ved Institutt for idrett, fysisk aktivitet og kosthald ved Høgskulen på Vestlandet. Forskingsområde: fotballforsking, fysisk aktivitet i skulen og læring, kroppsøving, praktisk kunnskap og idrettsfilosofi.

Joar Fossøy er førstelektor i idrett og studieprogramansvarleg, Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet. Forskingsområde: idrettshistorie, fotball og media, idrett (fotball) og profesjonalisering, idrett og samfunn, fair play i kroppsøvingsfaget.

Frode Fretland er førstelektor i idrett og instituttleiar på Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved Høgskulen på Vestlandet. Forskingsområde: idrettshistorie, ballspel, evaluering og friluftslivsomgrepet.

Artikkelen viser utviklingstrekk og endringar i forholdet mellom idrett og media i Noreg i perioden 1960–2020. Media har vore med og skapt endringar i idretten, men idretten sin framvekst og utvikling har idrettsrørsla sjølv påverka gjennom eit kontinuerleg forbetringsprosjekt, forstått som sportifisering. Toppidretten sin logikk er ikkje endra, og det er etter vårt syn ein av hovudgrunnane til at toppidrett er eit svært attraktivt underhaldningsprodukt på ulike medieplattformer.

NØKKELORD: Idrett og media, sportifisering, rasjonalitet, digitalisering

This article shows tendencies and changes in the relation between sports and the media in Norway between 1960 and 2020. Media has been a changemaker in sports, but the sports movement itself has influenced sports’ growth and development through continuous projects of improvement known as “sportification”. The elite sports’ logic has not changed and it is one of the main reasons why elite sports are attractive entertainment on different media platforms.

Innleiing

Den moderne idretten sin framvekst har gått parallelt med den moderne medieutviklinga (Goksøyr, 2008, s. 86). I tidlege periodar var det sportsmagasin og aviser som dekte idrett og skreiv om hendingane etter at dei hadde skjedd, utan at stoffet vart lese av så mange. Med nye tekniske trykkemogelegheiter sank prisane på aviser, og fleire enn tidlegare fekk råd til å kjøpe dei, til og med fleire gonger i veka (Bastiansen & Dahl, 2008). Idrettane som fyrst vart populære å dekka i Noreg, var ski og skøyter, og noko seinare den engelske sporten. Det skulle likevel gå fleire tiår før pressedekninga av sport blei systematisk (Helland, 2003). Radioen sitt inntog på 1920-talet og etableringa av Norsk Rikskringkasting (NRK) i 1933 gav nye mogelegheiter med rapportering frå idrettsarrangement. Radioen sin formidlingsstyrke var direktesendinga. Sport på radio vart raskt populært. Fyrste gong frå Holmenkollrennet i 1925, fotballandskampen mellom Noreg og Polen året etter og finalen i NM i 1927 (Fossøy, Moe & Fretland, 2017). Goksøyr (2008) hevdar at radioen var med på å byggje eit nasjonalt fellesskap også blant dei som ikkje hadde vore til stades på idrettsarrangementet, men som heller hadde høyrt på NRK sine kjente journalistar formidla frå kampane. Radioen si stordomstid var i 1950-åra. Særleg skøyteløp viste seg å vera godt eigna for dramatisert radio (Goksøyr, 2010; Goksøyr, 2008). Opninga av fjernsynet i 1960 er likevel den hendinga som har hatt mest å seie for idretten sin del. Fjernsynet vart eit unikt medium for direkte bildeoverføring av idrettsarrangement (Bastiansen & Dahl, 2008; Fossøy et al., 2017). Også i dag er fjernsynet ein heilt sentral aktør når det gjeld formidling av idrett generelt og idrettskonkurransar spesielt, men det digitale mediebildet dei siste tiåra har vorte endå meir komplekst med fleire nye medieplattformer og medietypar. Særleg har Internett og sosiale medium opna opp for ein ny type interaksjon mellom sjåarar, sendarar og deltakarar, også på idrettsfeltet.

Ulike fasar i medieformidlinga viser reisa frå analog til digital kvardag. Idrettsformidling har gått frå avisreferat, via direkte lyd og bildeoverføring til direkte interaksjon. Frisleppet i eteren, kommersialiseringa av fjernsynsmediet og ei utvikling mot profesjonalisering av idretten har vore avgjerande for idrettsutviklinga. NRK, saman med andre fjernsynskanalar, vart etter kvart ein sentral aktør ved utviklinga av idrettsarrangement. Den teknologiske utviklinga har òg vist til ei samfunnsutvikling der omgrepet digitalisering er blitt eit kjerneomgrep (Dugalic, 2018). Digitaliseringsomgrepet har ulike tydingar, og ifølgje Pettersen (2018) blir omgrepet brukt ulikt i litteraturen, i ulike fagmiljø og i offentlegheita. I dette kapittelet viser digitalisering til endring frå analogt til digitalt format og digital transformasjon noko som vidare omfattar samfunnsutvikling og samfunnsendringar med teknologi og innovasjon som positivt forteikn (Colbjørnsen, 2014, Osmundsen et al., 2018 i Pettersen, 2018).

Med dette som utgangspunkt har me følgjande problemstilling:

  • Korleis har endringar i det norske medielandskapet, medierettar og teknologi påverka utviklinga innan dei store idrettane i Noreg?

Idrett kan femna om mykje. I det vidare arbeidet konsentrerer me oss fyrst om å sjå på medieutvikling og toppidrett generelt, før me skildrar korleis fotball og skisport har utvikla og tilpassa seg i eit medielandskap i endring. Fotball og skisport er dei største og mest populære idrettane i Noreg i tal medlemmar og utbreiing. Norges Fotballforbund (NFF) er det største særforbundet med 381 460 medlemmar, medan Norges Skiforbund (NSF) har 149 323 medlemmar (Norges Idrettsforbund, 2018). NSF organiserer idrettsgreinene/aktivitetane langrenn, alpint, hopp, kombinert, telemark, freestyle, freeski og randonee. Våre døme vil i hovudsak kome frå langrenn.

Sportifisering som analytisk perspektiv

Framveksten av den moderne idretten i Noreg reknar ein ca. frå 1850 og framover. Då vart det etablert idrettsorganisasjonar, ny teknologi gav meir rasjonelle måtar å måle prestasjonar på, og det vart bestemt konkurranseregelverk som gav meir rettferdige konkurranseforhold. Desse utviklingstrekka kalla Goksøyr (1988; 1989; 1991) for sportifisering, og han definerer det slik: «… en del tradisjonelle og enkelte andre fysiske aktiviteter som mer og mer blir preget og karakterisert av følgende dominerende prinsipper: prestasjon målt i konkurranser i en rasjonell ramme» (Goksøyr, 1989, s. 11).

Det kan vera fruktbart å skilja mellom indre og ytre former for rasjonalitet. Ytre rasjonalitet er knytt opp mot målet med idrett i ein større samanheng. Målet kan vera på to plan, eit individuelt og eit samfunnsnyttig. På det individuelle planet kan den einskilde utøvar sikta mot å få ein sunn og sterk kropp, medan det samfunnsnyttige planet peikar generelt på folkehelsa og forsvarsevna. Ytre rasjonalitet ligg altså utanfor idretten i seg sjølv. Det handlar om idretten sin nytteverdi. Idretten vert dermed ein reiskap for å oppnå noko som av samfunnet vert sett på som viktig. Å ha god helse og eit godt forsvar er to sentrale aspekt ved velferdssamfunnet. Det var òg eit overordna mål ved all idrettsleg aktivitet for sentrale idrettsleiarar i Noreg på slutten av 1800-talet (Goksøyr 1991).

For å oppnå god helse og godt forsvar måtte idrettane drivast rasjonelt og planmessig. Dette peikar mot idretten sin indre rasjonalitet. Det har å gjera med korleis idretten vart praktisert, kjernen i sjølve idrettsutøvinga: gleda ved å konkurrere, ynsket om å vinne eller jakta på den optimale prestasjonen (Hjelseth 2014). Eit sentralt kjenneteikn for dei mest «rasjonelle idrettane» på slutten av 1800-talet, slik som til dømes langrenn, var at idretten sin indre rasjonalitet fall saman med den ytre. Aktivitetsforma var nær knytt opp til målet.

Men denne tolkinga av rasjonalitet i idretten gjaldt mest for dei norske tradisjonelle idrettane. For mange av dei nye aktivitetane og idrettane som kom med den engelske sporten, slik som til dømes fotball, var det ikkje så lett å sjå aktiviteten direkte opp mot eit ytre mål. Aktiviteten viste ikkje til noko utover seg sjølv. Det var som om ei ibuande kraft i kvar einskild idrett var med og påverka utviklinga av idretten. Etter kvart vart dette også gjeldande for dei tradisjonelle, norske, rasjonelle idrettane. Ei slik utvikling kan tolkast i retning av reindyrka indre rasjonalitet, og det er i den tydinga sportifisering blir eit eigna analytisk omgrep. I denne artikkelen kjem me spesielt til å sjå på korleis kjerneelementa i sportifiseringsprosessen; prestasjonsutvikling og rasjonalitet i ei konkurranseramme, framleis er synlege i ein stadig meir medieskapt digital idrettskvardag.

Kjelder og periodisering

Eit mål med arbeidet vårt har vore å leite etter meining, det vil seie mønsteret og hensikta i eit bestemt og avgrensa historisk forløp (Dahl, 2004). Konkret vil me vise korleis idrett og media historisk har vore igjennom ulike fasar, og korleis desse fasane har påverka forholdet mellom idrett og media i dag. Stortingsmeldingar om NRK si verksemd frå 1961 til 1990 er primærkjeldene i fyrste del av kapittelet, som omhandlar NRK som formidlar av idrett på fjernsyn. Årsrapportar frå Norges Fotballforbund i perioden 2005–2018, årsmeldingar frå Norges Skiforbund frå 2003 til 2018 og skipolitiske dokument er dei viktigaste kjeldene i delen om det nye medielandskapet og profesjonell idrett frå 1990 til 2020. I tillegg har idrettshistorisk og mediehistorisk litteratur vore med og belyst historiske utviklingstrekk i heile perioden frå 1960 til 2020.

Tidsperioden 1960–2020 er valt for å vise ei utvikling over tid. Me har delt opp tidsperioden frå 1960–1990 og 1990–2020 for å vise dei tydelege utviklingstrekka og endringane innan idrett og media. Tida fram til 1990 var ei analog tid med NRK sitt kringkastingsmonopol der amatøridretten var i fokus. Tida etter er prega av profesjonell og kommersialisert idrett kombinert med eit digitalt skifte og eit medielandskap i rask endring.

I historikaren sitt handverk er det utvikla eit sett av reglar. Dette kallast kjeldegransking, og desse handverksreglane seier noko om korleis ein skal behandle kjelder for ikkje å forvri informasjonen ein får ut av dei. «Om historiefagets mål er å reise et bygg av forklaringer, trenger vi en grunnmur av trygge utsagn om hvorvidt noe var eller ikke var, om hvem som gjorde hva, hvor og når» (Kjeldstadli, 1999, s. 169). Grunnmuren viser fire sider av kjeldegranskinga som logisk kan skiljast, men rekkjefølgja treng ikkje vere den same. Fyrste fase er å finne ut kva kjelder me har for å belyse problemstillinga, medan neste fase er opphavsbestemminga, der ein finn føremålet med kjelda. Dette kan også kallast «ytre kjeldekritikk». Innhaldsbestemming, der ein tolkar kjelda, er fase tre, medan den siste fasen er knytt til kjelda sin relevans, også sett på som «indre kjeldekritikk». I arbeidet vårt jobba me systematisk med dei fire sidene av kjeldegranskinga og vurderte kjeldene etter kjeldekritiske reglar.

NRK som formidlar av idrett på fjernsyn i åra 1960–1990

Amatøridrett i monopoltider

NRK Fjernsynet vart offisielt opna i Noreg 20. august 1960. Dette la grunnlaget for dei endringane som skjedde med mediestrukturen på 1960-talet. Eit etablert firkløver med aviser, vekeblad, film og radio vart etter kvart utfordra av fjernsynet, og me fekk ein femdelt struktur (Bastiansen & Dahl, 2008). I starten var fjernsynet eit forsiktig massemedium om ein samanlikna det med dei etablerte media, men alt i 1970 var det landet sitt dominerande massemedium. Det hadde då eit riksdekkande publikum. Fjernsynet hadde to sentrale eigenskapar. Det trakk til seg publikum si merksemd, og det hadde stor gjennomslagskraft. Desse eigenskapane hang tett saman (Bastiansen & Dahl, 2003; Fossøy et al., 2017).

Allereie før NRK offisielt opna, sende kanalen frå vinter-OL i Squaw Valley. Same år vart også den engelske cupfinalen frå Wembley kringkasta. Det vart tidleg viktig å utforme rammeavtalar med Norges Idrettsforbund (NIF). I 1963 til dømes vart det oppretta sesongavtalar med forbunda for fotball, friidrett, turn, handball, ishockey og ski (St.meld. nr. 78. (1963–64)). Året etter lukkast NRK for fyrste gong å signere ein sesongavtale med Norges Skøyteforbund, medan Holmenkollrennet sitt hopprenn framleis var stengt for fjernsynsoverføring (St.meld. nr. 72 (1964–65)). Frå 29. november 1969 byrja NRK å senda engelsk ligafotball. Dette var i samarbeid med svensk, dansk og engelsk fjernsyn. Avtalen gjekk ut på at ein laurdagar overførte direkte ein av dei engelske kampane på tippekupongen og samtidig gav fortløpande informasjon om forløpet av dei andre kampane på kupongen (Fossøy, 2008; Fossøy et al., 2017; St.meld. nr. 87. (1968–69)). Stortingsmeldingane om NRK påpeikar også at det ikkje berre var toppidretten som skulle visast på fjernsyn: «Når det gjelder programvirksomhet om idrett har en alltid sett det som vesentlig å behandle den i et videst mulig perspektiv …» (St.meld. nr. 87 (1968–69), s. 150–151). NRK hadde mellom anna program om skuleidrett, om den fysiske fostringas plass i samfunnsbiletet og om skuggesider ved moderne konkurranseidrett. Idretten sin indre og ytre rasjonalitet var viktig å formidle for NRK.

Fram til starten av 1980-åra hadde NRK einerett på riksdekkande kringkasting. Dei hadde då ei relativt allsidig idrettsdekning (Goksøyr, 2008; 2010). Utviklinga førte til at den generelle sendetida for fjernsyn gjekk opp, og ein fekk sjå meir idrett på fjernsyn. I det olympiske året 1972 vart det sendt over 400 timar idrettsprogram, noko som tilsvara 17,1 % av det totale programtilbodet til fjernsynet. Dei olympiske sommarleikane i 1972 vart arrangert i München, og leikane var i høg grad lagde opp for fjernsyn (St.meld. nr. 114 (1972–73)). Dette viser at idretten vart meir tilpassa media tidleg på 1970-talet.

I 1973 lukkast det NRK å få i stand ein avtale med Norges Skiforbund som gjorde det mogeleg å gje Holmenkollrenna ei breiare dekning. Sendingane vekte stor internasjonal interesse. Hopprennet vart sendt som redigert opptak om kvelden, medan langrennsøvingane vart sende direkte eller delvis direkte. Skiavtalen omfatta også for fyrste gong sendingar frå noregsmeisterskapet i alpine øvingar (St.meld. nr. 85 (1973–74)). I 1979 vart hopprennet i Holmenkollen sendt direkte for fyrste gong (St.meld. nr. 8 (1980–81)). Sjølv om NRK fekk i stand nye avtalar med idretten utover 1970-åra, var likevel retningslinjene for idrettsoverføringar på fjernsyn stort sett dei same.

Heimleg idrett, sommar- og vinter-OL, VM i ei rekkje idrettsgreiner og cupfinalen frå England vart viktige idrettsarrangement for NRK. Dei såkalla OL- og VM-åra var jamvel meir utfordrande for kanalen å handtere enn andre år med tanke på teknikk, produksjon og eigen kapasitet. Toppidretten tok meir og meir sendetid for NRK, men kanalen var likevel oppteken av å ha ei brei dekning av idretten:

Sportsredaksjonen har vært opptatt av å utjevne forskjeller i behandlingen av elite- og masseidrett, kvinne- og mannsidrett, hovedstads- og landsidrett, samtidig som det har vært en hovedoppgave å gjøre den nyhetsmessige sportsdekningen fra dag til dag mer homogen. Dette siste gjøres etter hvert mulig ved at flere små mobile elektroniske reportasjeenheter blir tilgjengelige. (St.meld. nr. 8, s. 105 (1980–81))

Prioritering av breiddeidretten skulle vise seg å bli endå meir utfordrande for NRK utover 1980-åra. Store endringar i kringkastinga prega derfor perioden. Dette fall saman med ei auka profesjonalisering, finansiering og kommersialisering av idrett (Goksøyr, 2014; Helland, 2003; Fossøy et al., 2017; Fossøy, Moe & Fretland, 2018).

Frå monopol til frislepp

I 1980-åra skjedde ei deregulering og kommersialisering av fjernsynet i heile Europa. Kringkastinga vart derfor på kort tid underlagt ein kommersiell logikk der publikumsoppslutnad vart den kommersielle vara. Talet på kommersielle fjernsynsselskap i Europa vaks i ekstrem fart frå berre tre selskap i 1983 til 58 i 1992, og mot slutten av 1996 var det mellom 260 og 300 kommersielle kanalar (Helland, 2003, s. 73–74). I Noreg vart kringkastingsmonopolet til NRK oppheva i 1981. Etter dette vedtaket fekk til saman 30 foreiningar, firma og private selskap frå årsskiftet 1981–1982 konsesjon til å drive nærradio, lokal-TV eller vidareformidling av internasjonale satellittsendingar for fjernsyn (Bastiansen & Dahl, 2003). TV 3 og TV Norge vart høvesvis etablert i 1987 og 1988. Dei vart dei fyrste reklamefinansierte fjernsynskanalane som gav NRK konkurranse, ein konkurranse som for alvor hardna til då TV 2 starta opp nokre år seinare.

Det skjedde også store endringar i toppidretten i løpet av 1970- og 1980-åra. Historisk sett skulle norske idrettsutøvarar vera amatørar. Utviklinga i idretten både i Noreg og internasjonalt gjorde likevel forholdet til amatørreglane meir pragmatisk. Etter kvart vart det umogeleg å halde ved lag eit strengt skilje mellom internasjonal betalingsidrett og norsk amatøridrett. I 1978 opna Idrettstinget opp for non-amatørvilkår der det var mogeleg med tanke på det internasjonale regelverket, medan non-amatørprinsippa for norsk fotball fyrst vart offisiell politikk i 1984 (Goksøyr, 2008; 2010; Fossøy, et al., 2017). Denne utviklinga i profesjonell retning var eit tydeleg sportifiseringstrekk.

Etter at amatørhegemoniet vart utfordra, kom også sponsorar og næringslivet bokstaveleg tala på idrettsarenaen. Desse aktørane var fyrst og fremst interessert i fjernsynet si eksponering av reklame. For NRK som allmennkringkastar og reklamefri kanal var reklameproblematikken ein kime til konflikt i ei årrekkje. Mot slutten av 1980 vart reklamestriden tilspissa, og det toppa seg under cupfinalen i fotball. Like etter cupfinalen samla idrettsrørsla seg om eit krav om at NRK måtte bøye seg for dei reklamereglane som forbunda hadde, og at NRK ikkje skulle ha tilgang til å sende levande bilete frå idrettsarrangement (St.meld. nr. 37 (1981–82)). For å løyse floka vart det sett ned eit utval med to personar frå NRK og to personar frå NIF. NRK og NIF vart einige om ein ny rammeavtale året etter: «Avtaleforhandlinger, prispress og usikkerhet kan stå som stikkord for 1981» (St.meld. nr. 25, s. 107 (1982–83)). Tidleg på 1980-talet hadde ikkje den nye mediesituasjonen hatt store verknadar på NRK si sportsdekning, men ein kunne skimte enkelte nye trekk som vart aktuelle problemstillingar i lang tid framover:

  • Spørsmål om eigendomsrett og nyheitsrett

  • Kamp om rettar og auka prisar

  • Auka internasjonal innflytelse på program, tidspunkt, deltaking m.m., dels frå hold utanom idrettsorganisasjonane

  • Forenkla teknikk med fleire opptaksmogelegheiter

  • Populæridrettane blir sendt på alle kanalar

  • Dei høge prisane tvingar fram større utnytting av det stoff som ein har kjøpt senderetten til

  • Nasjonale og internasjonale arrangement blir prioritert framføre dei lokale og regionale

(St.meld. nr. 94, s. 125 (1982–83))

Det vart viktig for NRK utover i 1980-åra å sikre internasjonale kontraktar gjennom den europeiske kringkastingsunionen (EBU). I 1984 innebar dette avtalar med dei internasjonale forbunda for fotball, friidrett, ishockey, skøyter, ski og tennis. Dette var avtalar frå to til fire år. I stortingsmeldinga blir det streka under at dette var avtalar som sikra NRK retten til sending frå dei største og viktigaste konkurransane (St.meld. nr. 8 (1985–1986)). NRK og EBU opplevde likevel eit varsku i 1989 då dei for fyrste gong mista eit større idrettsarrangement. Eit sveitsisk selskap kjøpte då rettane til ishockey-VM og selde dei vidare til TV 3. Samtidig som NRK jobba med internasjonale kontraktar, hadde dei òg kvart år avtalar med ei rekkje norske særforbund. Sjølv om NRK hadde hatt avtalar med fotballforbundet frå 1961, er det verdt å merke seg at den fyrste heile direktesende kampen frå 1. divisjon for menn fyrst vart sendt 3. mai 1986. Den fyrste heile direktesende landskampen for Noreg var oppgjeret mellom Noreg og Nederland 23. september 1992. Dette seier noko om tilgjengelegheit i dåtidas idretts- og medielandskap.

Monopoltida var prega av stabilitet og kontinuitet, og idrett på fjernsyn endra seg ikkje stort. NRK ynskte å vise både toppidrett og breiddeidrett, men fokuset og merksemda rundt toppidretten vart stadig større, der idretten sin indre rasjonalitet vart meir og meir synleg. Det var likevel ikkje nokon automatikk i at alle dei største idrettsarrangementa skulle gå direkte på fjernsyn.

Nytt medielandskap og profesjonell idrett i åra 1990–2020

I 1990 vedtok Stortinget å opprette eit privat TV 2 som skulle finansierast med reklame. Fyrste sending gjekk 5. september 1992. Ifølgje Bastiansen (2012) var opprettinga av TV 2 motivert ut frå behovet for eit alternativ til NRK. TV 2 utfordra NRK relativt raskt, også på idrettsfeltet. Det svenske mediekonsernet Modern Times Group (MTG) kom også inn i den norske kringkastingsmarknaden med fjernsynskanalen TV 3. MTG hadde sitt utspring i industrikonsernet Investment AB Kinnevik. I 1995 vart MTG innlemma som eit dotterselskap i Kinnevik-gruppa, der fjernsyns- og radioverksemda vart skilt ut til MTG. To år seinare reiv dei seg lause frå moderselskapet og vart børsnotert (Modern Times Group, 2019). Med etableringa av Canal Digital i 1997 vart konkurransen i mediemarknaden endå meir forsterka. I dag er det eit enormt mangfald i medielandskapet, og nettsida til medienorge.no viser til 13 store mediekonsern som er aktive i Noreg: Aller, Amedia, Bonnier, Discovery, Egmont, Get, Gyldendal, MTG/NENT, NRK, Polaris Media, Schibsted, Telenor og TV 2 Gruppen (Medienorge, 2019). Alle konserna distribuerer og formidlar idrett anten gjennom fjernsyn, radio, Internett, podcastar, aviser, nettaviser, vekeblad, bøker eller filmar.

I 1991 lanserte Tim Berners-Lee frå forskingsinstituttet CERN sitt «World Wide Web». Dette var starten på det globale nettverket, Internett. Det verdsomspennande datanettverket danna grunnlaget for ei rekkje tenester innan til dømes kommunikasjon, informasjon, handel og forvaltning (Conradi, 2008). Få år seinare byrja sosiale medium å etablere seg. Dette var tenester på Internett utan eit klart skilje mellom avsendar og publikum, og det vart lagt til rette for «mange-til-mange-kommunikasjon». Fyrst var det ulike chatteprogram. Dei store sosiale nettsamfunna kom nokre år seinare. YouTube, Facebook, Twitter, Instagram, LinkedIn er døme på sosiale nettverkstenester som er svært populære i dag (Aalen, 2015). For idretten og publikum sin del har denne typen teknologi hatt noko å seie med tanke på tilgjengelegheit, deltaking og interaksjon.

Utviklinga av toppidretten på 1980-talet kallar Goksøyr (2008; 2010) for ei omdanning. Omdanninga skaut særleg fart i 1990-åra. I 1990 vedtok NIF å tillate profesjonell idrett i Noreg. Nærast på same tid vart toppidretten meir systematisert. Svake internasjonale resultat i 1980-åra gjorde at Prosjekt 88 vart danna i 1985/1986. Olympiatoppen avløyste Prosjekt 88 frå 1988 og vart ei permanent ordning for toppidrettssatsinga. Målet var å gje spesielle talent som ville bli toppidrettsutøvarar, mogelegheiter gjennom ei stipendordning til å konsentrere seg fullt ut om oppgåva. Dette skulle gjerast i tett samspel med særforbunda.

For å kunne utvikle toppidrettsutøvarar måtte ein ha fokus på fleire sider av idretten enn berre utøvaren. Fokus vart blant anna flytta over på trenarar og konsulentar, og etter kvart vart det bygd eit nettverk av fagkonsulentar som skulle hjelpe særforbund og toppidrettsmiljø (Lesjø, 2008; Goksøyr, 2008). 1990-talet vart eit godt tiår for norsk toppidrett, og Noreg fekk både olympiske meistrar og verdsmeistrar i ei rekkje idrettar. Det spesielle på denne tida var at norske utøvarar hevda seg i idrettar som ein tradisjonelt ikkje hadde vore særskilt sterke i, som til dømes alpin skisport, friidrett og fotball for både menn og kvinner. I 1994 vart vinter-OL arrangert på Lillehammer. Det vart også ein drivar for å utvikla norsk toppidrett.

Stikkord som kan seie noko om toppidretten og konkurranseidretten etter år 2000, er omgrepa sportifisering, rasjonalisering, kommersialisering, mediefisering, profesjonalisering og innovasjon. Idretten sin symbiose med mediefeltet er også forsterka, særleg for dei mest populære idrettane. Ifølgje Goksøyr (2008) har det dei siste 20 åra føregått ei ny rasjonalisering og sportifisering av idretten. «Det nye i denne fasen av historien er at den foregår mer og mer etter kommersielt påtrykk» (Goksøyr, 2008, s. 169). Ein har fått større hoppbakkar og nye konkurranseformer innan ski og skøyter, det vil seie generelt meir fjernsynsvenlege idrettsarrangement. Det at idretten har vorte strukturert på nye måtar og tilpassa seg fjernsynsmediet, viser ei mediefisering av idretten. Medieavtalar gjer at starttidspunkt i ulike konkurransar blir tilpassa fjernsynet sine sendeskjema, og særskilt innan fotballen har medieavtalane gjort at kvar fotballrunde blir fordelt over endå fleire dagar enn tidlegare (Helland, 2003; Ytre-Arne & Helland, 2007a; 2007b). Idrett er i dag underhaldningsindustri, og toppidretten er heiltidsyrke for svært mange menneske. Idretten har fått sitt eige innovasjonssystem der forsking og utvikling ligg til grunn for at ein overfører kunnskap mellom utøvarar, miljø og disiplinar (Lesjø, 2008). Utøvaren eller laget står ikkje aleine. Det velfungerande støtteapparatet med menneskelege, vitskaplege, teknologiske, administrative og økonomiske ressursar spelar ei heilt avgjerande rolle.

Langrenn og fotball i det nye medielandskapet

Korleis har utviklingstrekka som er skildra ovanfor, påverka idrettane langrenn og fotball? Det er spørsmål me no skal sjå nærmare på. Fyrst diskuterer me langrenn, deretter fotball og til slutt ser me idrettane og det nye medielandskapet i samanheng.

Langrenn – «på glid» mot store endringar

Langrenn er truleg den idretten som har gjennomgått størst endringar på relativt kort tid. På 1990-talet starta ei omforming som har endra heile sporten, hevdar Goksøyr (2010). Jaktstart vart introdusert som OL-øving i 1992. I ein jaktstart er det vinnaren frå fyrste konkurransedag som går fyrst ut i siste øving. Dei andre «jaktar» på vedkommande, og vinnaren blir han som bryt mållinja fyrst. Øvinga fann raskt si form, og publikum opplevde ho som spennande (Gotaas, 2010). Sprintrenn på ca. halvanna kilometer kom på terminlista til World Cup i 1996, og Norges Skiforbund oppretta sprintlandslag og satsa skikkeleg på dette frå starten av. Sprint var fyrste gong med i VM-samanheng i Lahti i 2001. I VM i Oberstdorf i 2005 var også lagsprint på programmet for fyrste gong. Ei ny øving som skapte strid i 2003, var øvinga skiatlon. I VM i Val di Fiemme gjekk løparane fellesstart i klassisk stil. Midtvegs skifta dei utstyr og skøyta resten. Frå 2005 byrja ein med fellesstart på fem mil for menn og tre mil for damer, og i OL i 2010 kunne løparane bytte ski etter behov (Gotaas, 2010).

Tour de Ski vart arrangert fyrste gong frå 31. desember 2006 til 7. januar 2007 i Tyskland og Italia. Konseptet vart utvikla av personar som sat i langrennskomiteen til FIS (Det internasjonale skiforbundet). Inspirasjonen var sykkelrittet Tour de France, der sprintarar og distansespesialistar fekk mogelegheit til å vinne etappar eller kjempe om totalsigeren. Truleg vart Tour de Ski plassert sentralt i Europa for å stimulere interessa for langrenn (Gotaas, 2010). I sesongar utan OL eller VM har Tour de Ski vore eit av hovudmåla for langrennsløparane. Konseptet med mindre Tourar er dei seinare åra også gjennomført i verdscupen. Dei mest kritiske røystene hevdar derfor at langrenn som idrett har latt seg endre på andre sine premissar, der utgangspunktet har vore å auke publikums- og fjernsynsinteressa (Goksøyr, 2008, s. 170).

Media sin rolle for Skiforbundet blir understreka i årsmeldingar og skipolitiske dokument, men også her ser ein klare endringar frå starten av 2000-talet til i dag. I strategiplanen for 2003–2007 var eitt av måla å sikre at fjernsynsdekninga, radio og avisene sin dekning vart oppretthaldt på dåtidas nivå. Norges Skiforbund skulle òg innan 2005 ha utarbeid ein strategi for å auke skiidretten si betyding i media, og den viktigaste informasjons- og formidlingskanalen skulle vere Skiforbundet si nettside (NSF, Årsberetning 2003–2005). Medieavtalane er sentrale for Skiforbundet. Det var viktig å få brei fjernsyns- og mediedekning i alle konkurransegreinene. Sportifiserings- og innovasjonstanken var òg synleg: «Fremover ønsker Skiforbundet å utvikle egne medieprodukter som fremmer øvelser og grener som pr i dag ikke har vært mye i media» (NSF, Årsberetning 2009–2010, s. 16). NSF signerte i 2011 ein ny nasjonal fjernsynsavtale med NRK og ein ny internasjonal fjernsynsavtale med medieselskapet Infront. Avtalane sikra brei dekning av skisport på NRK, og aldri før hadde så mange skirenn i Noreg vore omfatta av ein fjernsynsavtale. Det blir i tillegg påpeika at Skiforbundet skal utnytte si eiga nettside meir kommersielt med eigne prosjekt knytt til sosiale medium, strøyming, live-timing og kommersielle plattformer (NSF, Årsberetning 2011–2012).

I Skipolitisk dokument for åra 2016–2020 blir forholdet til media og kommunikasjon understreka. Nettsida til NSF er framleis ein viktig informasjonskanal, men no blir det lagt vekt på at ein skal vere synleg på fleire digitale flater. Skiforbundet sin innhaldsproduksjon i digitale kanalar skal vere ein hovudprioritet i kommunikasjonsarbeidet, og Skiforbundet skal bidra til utvikling av internasjonale standardar og rettar for resultatservice, fjernsynsproduksjon og bruk av sosiale medium. NSF skal ha størst merksemd i mediebildet i vinterhalvåret og også vere godt synlege i sommarhalvåret (Skipolitisk dokument, 2016–2020, s. 37–38 og 47).

Fotball – «var» for nye endringar

Toppfotballen i dag er den mest globale og kommersialiserte idretten av alle, som flest menneske på tvers av geografiske grenser har eit forhold til (Lesjø, 2008; Goksøyr, 2014; Fossøy et al., 2018; Giulianotti, 1999). Trass kommersialiseringskreftene har fotballspelet vore «var» for nye endringar som rører ved sjølve spelet. Me skriv «var» i hermeteikn fordi det har dobbel tyding. At ein har vore «var» for nye endringar i fotball, handlar om at ein har vore atterhalden og akta seg vel for å gjera større endringar ved spelet. Men som me snart kjem til, kan «VAR» også bety «video assistent referee», som på norsk viser til videoassistert eller videostøtta dømming. Det er ei større endring i fotball som i hovudsak har festa seg etter bruken under VM i Russland i 2018. Er ein ikkje like «var» lenger for endringar ved fotballspelet? Me lèt spørsmålet henga litt og vender tilbake til dei kommersialiserte konkurransekreftene.

Konkurransen er stor, ja, kanskje på sitt største, når rettar og medieavtalar skal signerast i internasjonal toppfotball. Millionavtalar er ikkje lenger dekkande verken nasjonalt eller internasjonalt. No er det milliardavtalane som gjeld. Fotball er ei vare som skal seljast til høgstbydande. Walsh og Giulianotti (2001) kallar denne utviklinga «hyperkommodifisering».

Ein ny milepåle vart nådd i 2005 med tanke på forholdet idrett og media for den norske toppfotballen. Då vann TV 2 og Telenor rettane til å senda norsk fotball framfor ei rekkje andre mediekonsern. Det kosta 1 milliard kroner. Dåverande sportsredaktør i TV 2 omtalte kampen om rettane slik: «… I potten lå muligheten til å få dominere det framtidige digitale TV-markedet …» (Helland & Ytre-Arne, 2007b, s. 21). Digitaliseringa var med på å bryte ny grunn om fjernsynsrettane. To år seinare vart Fotball Media AS etablert. Selskapet er eigd av NFF og Norsk Toppfotball (NTF), som har like stor eigardel, og det skal forhandle fram og drifta sentrale medieavtalar og ligasponsorat. Selskapet skal i tillegg analysere og vurdere grunnlaget for og innhaldet i nye medieavtalar. I 2008 vart ein ny fireårig avtale forhandla fram mellom Fotball Media AS og Lyse Tele AS, NRK, TV 2 Gruppen, TV 2 / Telenor, VG og Media Norge (gjeldande i perioden 2009–2012). Avtaleramma var på 1,2 milliardar kroner, og avtalen skulle sikre endå breiare dekning dei komande åra: «Avtalen innebærer at tre kamper fra hver runde i Tippeligaen går på åpne TV-kanaler, supplert med et meget bredt tilbud på Internett» (NFF, Årsrapport 2008, s. 112). Den nye avtalen skulle bidra til at norsk fotball skulle forsterke sin posisjon som eit attraktivt innhaldsprodukt i dei nye media som vart utvikla i perioden. Å tilpasse norsk fotball til nye brukarvanar og til nye brukargrupper vart derfor viktig (NFF, Årsrapport, 2009). I 2012 var det på ny kamp om rettane for perioden 2013–2016. Denne gongen var det C More og TV 2 som vann kampen om rettane. Dei totale medieinntektene for fireårsperioden hadde ei ramme på ca. 1,8 milliardar kroner (NFF, Årsrapport 2012). I 2013 gjennomførte UEFA forhandlingar der dei sentraliserte sal av fjernsynsrettar for alle sine medlemsnasjonar, som igjen medførte for Noregs del at rettane for landskampar vart skilt ut i eigne avtalar frå 2014.

Ullevaal Media Center (UMC) vart oppretta i 2014 som eit dotterselskap, eigd av NFF og NTF. Selskapet fekk ansvaret for innhaldsproduksjonen til norsk fotball, noko som omfatta dei forpliktingane som låg i dei sentrale medie- og marknadsavtalane. UMC fekk òg ansvaret for vidareutvikling av Tippeligaen og dei andre ligaene på alle plattformer (NFF, Årsrapport, 2014). Medierettane som gjeld i dag, selde Fotball Media til Discovery Networks Norway i 2015, der VG òg vart ein samarbeidspart. Dette er ein seksårsavtale for sesongane 2017–2022 og har ei total økonomisk ramme på 2,4 milliardar kroner. Ifølgje årsrapporten til NFF er dette ein god avtale, som er med på å gje norsk fotball gode rammevilkår i åra som kjem: «Profileringsmessig gjennom Discoverys spennende konsepter i kombinasjon med VGs digitale muskler» (NFF, Årsrapport 2015, s. 14). I 2018 viste Discovery alle kampar i Eliteserien og OBOS-ligaen på sine kanalar og plattformer.

Bruk av teknologiske hjelpemiddel har dei seinare åra fått ein meir sentral plass i toppidretten. VAR, videoassistert dømming, er eit døme på dette innan toppfotballen. Videodommarar står i direkte kontakt med dommaren ved bruk av headset og gir råd på bakgrunn av dei bileta dommaren får frå kamera i ulike situasjonar. VAR vart fyrste gong testa ut i sesongen 2012/2013 i nederlandsk æresdivisjon, medan systemet vart implementert i Bundesliga (tysk toppserie) og i Serie A (italiensk toppserie) frå 2017/2018-sesongen (Lago-Penas, Ezequiel & Kalèn, 2019). Premier League tok i bruk VAR frå 2019/2020-sesongen, medan det endå ikkje er bestemt om eller kva tid VAR kjem inn som ein del av norsk toppfotball. I ei tid der tempoet i spelet er høgare enn nokon gong, skal systemet hjelpe dommarar til å ta endå fleire riktige avgjerder i kamp. VAR har også sine kritikarar. Kritikken handlar i hovudsak om korleis systemet skal brukast, og kva type situasjonar som skal sjekkast. I den samanheng blir tempo og flyt i spelet brukt som argument for at VAR kan vere forstyrrande.

Sjølv om VAR har blitt opplevd som ei endring i sjølve fotballspelet som har fått merksemd dei siste åra, er det likevel karakteristisk for fotballen at dei fleste store endringane har skjedd utanfor fotballbana (Fossøy et al., 2017). Sjølve spelet har endra seg lite, trass nokre regelendringar. Dei fleste av desse skjedde likevel før 1990. Då offsideregelen vart endra i 1925, var det sett på som svært dramatisk. Det var lenge heller ikkje lov med innbytarar, men frå sesongen 1965/1966 vart det tillate å ha éin innbytar. Frå 1995/1996-sesongen vart tre innbytarar standard, slik det er i dag. Den siste regelendringa som fekk konsekvensar for sjølve spelet, var tilbakespelsregelen i 1992. Regelen gjorde det ulovleg for keeperen å ta ballen med hendene om han vart spelt tilbake med vilje av ein medspelar. Tilbakespelsregelen fjerna dermed eit forsvarsvåpen (Goksøyr, 2014). Fotballen kan sjåast på som eit konservativt spel. Talet på spelarar og storleik på bana er den same som tidlegare, lengda på kampane er den same, og hovudmålet for eit kvart lag som entrar ei fotballbane, er det same: å score fleire mål enn motstandaren.

Idrett som medieprodukt

Toppidretten lever i ein symbiose med media (Dahlén, Goksøyr & Ronglan, 2004), og idrettane fotball og langrenn er i dag fyrst og fremst medieprodukt. Mange fleire menneske ser desse idrettane gjennom fjernsynsruta enn å vera tilskodar på stadion. Tilgangen til idrett i dag er noko heilt anna enn kva han var tidlegare, i til dømes NRK sin monopolperiode. Fjernsynsproduksjon av engelsk fotball før og no viser utviklinga ytterlegare. NRK sende tippekampar i perioden frå 1969 til 1995. Til saman vart 370 kampar sende i ein periode på 26 år. Til samanlikning sende TV 2 Premier League-kanalen 205 kampar live i sesongen 2018/2019. Idretten sin attraktivitet kombinert med mangfaldet av digitale medieplattformer dei siste tiåra har bidrege til auka tilgang. I tabell 6.1 ser ein kva mogelegheiter norske fjernsynssjåarar har med tanke på norsk og europeisk fotball og vintersport (rettar til landskampar er ikkje med i oversikta).

Tabell 6.1.

Oversikt over fotball- og vintersportsrettar (Medienorge, 2020)

ArrangementSportsgreinPeriodePlattformRettigheitshavar
EliteserienFotball2018–2021Fjernsyn og nettDiscovery (Noreg) og VG
OBOS-ligaenFotball2017–2022Fjernsyn og nettDiscovery (Noreg) og VG
Fotball-NM herrarFotball2017–2021Fjernsyn, nett og radioNRK
Premier LeagueFotball2019–2022Fjernsyn og nettTV 2
ChampionshipFotball2018–2022Fjernsyn og nettMTG
FA-cupenFotball2018–2024Fjernsyn og nettMTG
Engelsk ligacupFotball2018–2022Fjernsyn og nettMTG
Bundesliga, Ligue 1, Eredivisie, Jupiter Pro League og Skotsk Premier LeagueFotball2018–2021Fjernsyn og nettNordic Entertainment Group
Spansk og italiensk toppligaFotball2018–2021Fjernsyn og nettIMG
Champions LeagueFotball2013–2021Fjernsyn, nett og radioViasat og PG (MTG), TV 2
EuropaligaenFotball2018–2021Fjernsyn og nettTV 2
ToppserienFotball2017–2021Nett og fjernsyn Amedia og NRK
Fotball-NM kvinnerFotball2017–2021Fjernsyn, nett og radioNRK
Engelsk, tysk og fransk toppliga – kvinnerFotball2019–2022Fjernsyn og nettNordic Entertainment Group
Verdscup vintersportVintersport2016–2021Fjernsyn, nett og radioNRK og Eurosport (Discovery)
Ski ClassicsVintersport2016–2021Fjernsyn, radio, nett og mobilNRK
NM i vintersportVintersport2016–2021Fjernsyn, nett og radioNRK og P4
VM i alpint og nordiske greinerVintersport2016–2021Fjernsyn, nett og radioNRK og Eurosport (Discovery)

Tabell 6.1 viser at 12 ulike aktørar er med og gir det norske folk eit breitt mangfald av fotball og vintersport på fjernsyn, radio eller nett. I ei tid med Netflix, Viaplay, HBO, TV 2 SUMO osv. der ein kan sjå filmar og seriar kva tid som helst på døgnet, står idrett sterkare enn nokon gong som medieprodukt. Idrett i denne konteksten er ferskvare og direktesendt drama. Desse ingrediensane gjer idrett til ei attraktiv vare som blir selt til høgstbydande (Helland & Ytre-Arne, 2007b; Walsh & Giulianotti, 2001; Fossøy et al., 2017; Giulianotti, 1999).

Då det same publikummet i tillegg kan kommunisere ved hjelp av sosiale medium før, under og etter idrettsarrangementa, gir det ein tilleggsdimensjon. «Nye elektroniske medier har også gjort noe med selve formidlingen» (Goksøyr, 2008, s. 152). No kan både deltakarar, leiarar, dommarar og publikum legge ut sine eigne oppfatningar om kva som har skjedd i ulike kanalar. Dette betyr at massekommunikasjonen si vifteforma spreiingsmønster «frå-ein-til-mange» gradvis er i ferd med å bli historie. Med Internett og sosiale medium får ein stadig nye nettsamfunn og digitale møteplassar der det attraktive ligg i deltaking og interaksjon (Bastiansen, 2012, s. 50). Å meine noko om det som har skjedd, og å dela dette med andre, har skapt nye dialogar og kontroversar om idrett i media. I Skiforbundet si årsmelding for 2016–2018 blir kommunikasjonsarbeid og den digitale utviklinga påpeika: «Skiforbundet har kontinuerlig utviklet seg i forhold til den revolusjonerende digitale utviklingen som har fremstått. De ulike kanalene i sosiale medier blir møtt med stort engasjement blant det norske folk» (NSF, Årsberetning 2016–2018, s. 21). Ein kan dermed hevde at måten ein ser på, snakkar om og diskuterer idrett, er endra. Slik sett er idrett som kulturelt fenomen kome opp på eit anna nivå. Det kan vera både positive og negative sider ved akkurat dette. Eit døme kan vera langrenn som merkevare og omdømme, som blir omtala i årsmeldinga. Fjernsynstal og marknadsundersøkingar viser at skisporten har ein svært sterk posisjon i Noreg, men omdømet til Skiforbundet blei svekka som eit resultat av dopingsakene ein hadde i langrenn, med Therese Johaug og Martin Johnsrud Sundby (NSF, Årsberetning 2016–2018). Skiforbundet var i denne perioden blant dei mest omtalte verksemdene i Noreg, men ikkje berre på grunn av sportsleg suksess. Det er tydeleg at medieproduktet langrenn engasjerer.

Idretten som pådrivar for eiga utvikling

Medieutviklinga har saman med kommersielle aktørar vore med og prega idrettane langrenn og fotball dei siste tiåra. Medan langrenn har gjennomgått ei omforming med nye konkurranseformer, har fotballen vist lite vilje til endringar. Det viser også våre analyser, men det blir likevel for enkelt å berre gje media og kommersielle aktørar «skulda» for utviklinga. Me meiner at idretten sjølv har vore ein viktig pådrivar for dei endringane som har skjedd, og me har brukt sportifiseringsomgrepet for å analysera og forklara dette. I 1970-åra vart treskia erstatta med glasfiber, skøyting med ei ski og etter kvart fristil kom inn som standard, i tillegg til nye treningsmetodar og ny kunnskap. Også fotballen og fotballkunnskapen sine komponentar har vore i rivande utvikling. Dei taktiske, tekniske, fysiske og mentale krava blir stadig utfordra. Med Olympiatoppen og ein stadig meir profesjonalisert idrett har ein jobba med ein felles struktur i arbeidet med ein toppidrettskultur og «24-timars-utøvaren». Det olympiske mottoet citius, altius, fortius (raskare, høgare, sterkare) forklarar derfor godt idretten si eiga utvikling, noko som igjen er synonymt med idretten sin indre rasjonalitet (Goksøyr, 1991).

Toppidretten sin logikk er den same

Kva kvalitetar ligg i toppidrett som underhaldningsprodukt? Ein viktig kvalitet etter vårt syn er at toppidretten sin logikk ikkje er endra. Det er hovudgrunnen til at idrett i media er svært populært, og at toppidrett står fram som eit særs attraktivt produkt. Toppidretten fascinerer fordi han gir oss mange, varierte og sterke opplevingar. Idrett er dramatikk, spenning, glede og skuffelsar, beundring og forakt, latter og gråt og samhald og konflikt (Loland, 1998, s. 153). Idretten blir derimot meiningslaus om han ikkje følgjer spelet sin idé. Ronglan (2009) spør kva poenget er om me ser ein fotballkamp på fjernsyn der det eine laget er retusjert vekk. Då blir bevegelsane meiningslause og spelet borte. Fotball er dermed både enkelt og komplekst. Det dreier seg om laget si evne til å invadere og forsvare seg, score mål og hindre mål. Same logikken gjeld også for langrenn. Utan konkurrentar blir idretten meiningslaus. Målet er å vere betre enn motstandaren, både fysisk, psykisk og taktisk, og dette gjeld i både nye og gamle konkurranseformer. Det at toppidretten sin logikk ikkje er endra, meiner me er ein av suksessformlane for symbiosen mellom idrett og media. Idrettsdramaet er og blir ei ferskvare som svært mange får ein unik tilgang til via mylderet av ulike medieplattformer.

Avrunding og frampeik?

Denne artikkelen har vist at det har skjedd store endringar i forholdet mellom idrett og media frå 1960 til 2020. I lang tid var det berre NRK som var idrettsformidlaren på fjernsyn. I dag er mediemangfaldet noko heilt anna, og idrett har ein sentral plass i ei rekkje digitale medieplattformer. Nokre av endringane har påverka sjølve idrettsaktiviteten, medan dei fleste har endra idretten som medieprodukt. Toppidrettsomgrepet i dag er komplekst, og toppidrett er i fyrste rekke idrettsleg konkurranse som skal utførast ut frå bestemte normer og reglar. Dette er idretten sin logikk og indre rasjonalitet. Samtidig er toppidrett også mediekonkurranse, kommersiell konkurranse, økonomisk konkurranse og teknologisk konkurranse. Det er desse sidene ved toppidretten som har endra seg mest. Toppidretten er heilt avhengig av alle desse dimensjonane for vidare vekst, konkurranse og prestasjon.

Det som likevel kan vere eit interessant spørsmål å stille, er om teknologien og digitaliseringa i framtida vil røre ved idretten sin logikk? Me har alt sett at informasjonsteknologi, datamaskiner og digitalisering har skapt nye idrettar, som ulike e-sportar er døme på. Om e-sport også er med på å endra idretten sin grunnleggjande karakter, det som gjer fotball til fotball og langrenn til langrenn, står igjen å sjå. Me har alt sett at utøvinga av e-sportar har eit anna uttrykk enn utøvinga av ein tradisjonell idrett. Ein spring ikkje like mykje når ein spelar FIFA på ei datamaskin som ein gjer når ein spelar fotball ute på bana, men ideane og reglane til spelet er likevel dei same.

Merknader

Forfattarane har ingen interessekonfliktar.

Litteraturliste

Bastiansen, H. G. (2012): Massekommunikasjon på norsk I: Orgeret, K.S. (red.) (2012): Norske medier – journalistikk, politikk og kultur (s. 17–54). Cappelen Damm, Høyforlaget, Kristiansand.

Bastiansen, H. G., & Dahl, H. F. (2008): Norsk mediehistorie. Oslo: Universitetsforlaget.

Conradi, C. (2008): Hva er egentlig Internett og hvordan fungerer det? Henta 9. september 2019 frå https://www.klikk.no/teknologi/data/hva-er-egentlig-internett-og-hvordan-fungerer-det-3085781

Dahl, H. F. (2004): Mediehistorie – historisk metode i mediefaget. Oslo: N.W. Damm & Søn.

Dahlén, P., Goksøyr, M., Ronglan, L. T. (red.) (2004): Moving bodies, no 2 – 2004 – vol (s 7). Tidsskrift utgitt av Norges Idrettshøgskole, Oslo.

Dugalic, S (2018): Sport, media and digitalization. Sport – Science & practice, Vol 8, No 1, 2018, pp 56–99.

Fossøy, J. (2008): Tippekampen: meir enn ein fotballkamp, Masteroppgåve. Oslo: Norges Idrettshøgskole.

Fossøy, J., Moe, V.F., Fretland, F. (2018): Sogndal fotball 1988–2016 – frå regional til internasjonal aktør I: Hogset, H., Berge, D. M., Dale, K.Y., (red.) (2018). Det regionale i det internasjonale – Fjordantologien 2018 (s. 341–361). Oslo: Universitetsforlaget.

Fossøy, J., Moe, V.F., Fretland, F. (2017): Fotball og media i Noreg i eit historisk perspektiv i perioden 1970–2005 – spelet utan ball. I: Andersen, J.R., Bjørhusdal, E., Nesse, J.G., Årethun, T. (red.) (2017). Immateriell kapital – Fjordantologien 2017 (s. 341–361). Oslo: Universitetsforlaget.

Giulianotti, R. (1999): Football: a sociology of the global game. Oxford: Polity Press, Blackwell Publishers.

Goksøyr, M. (2014): Hva er fotball. Oslo: Universitetsforlaget.

Goksøyr, M. (2010): Idrett for alle: Norges idrettsforbund 150 år: 18612011. Oslo: Aschehoug

Goksøyr, M. (2008): Historien om norsk idrett. Oslo: Abstrakt forlag.

Goksøyr, M. (1991): Idrettsliv i borgerskapets by: en historisk undersøkelse av idrettens utvikling og organisering i Bergen på 1800-tallet, Oslo: Norges idrettshøgskole.

Goksøyr, M. (1989): Prestasjonsmåling eller posering? Den engelske sporten i norske omgivelser. To eksempler fra Bergen mot slutten av 1800-tallet, s. 9–32. I Goksøyr, M & Mo, K. (red) (1989). Norsk idrettshistorisk årbok 1989. Oslo: NIF.

Goksøyr, M. (1988): Sivilisering, modernisering, sportifisering: fruktbare begreper i idrettshistorisk forskning?, Oslo: Norges idrettshøgskole.

Goksøyr, M., & Olstad, F (2002) FOTBALL! Norges Fotballforbund 100 år. Oslo: Norges Fotballforbund.

Gotaas, T. (2010): Først i løypa. Historien om langrenn i Norge, Oslo: Dreyers Forlag.

Hjelseth, A. (2014): Mot en de-sportifisert idrett? Henta 5. januar 2020 frå https://idrottsforum.org/forumbloggen/mot-en-de-sportifisert-idrett/

Helland, K. (2003): Sport, medier og journalistikk. Bergen: Fagbokforlaget.

Kjeldstadli, K (1999): Fortida er ikke hva den en gang var. Oslo: Universitetsforlaget.

Lago-Penas, C., Ezequiel, R., Kalèn, A. (2019): How does Video Assistent Referee (VAR) modify the game in elite soccer?, International Journal of Performance Analysis in Sport, 19:4, 646–653, DOI: 10.1080/24748668.2019.1646521

Lesjø, J. H. (2008): Idrettssosiologi – sportens ekspansjon i det moderne samfunn. Oslo: Abstrakt forlag.

Loland, S. (1998): Toppidrett som underholdning – om lek, alvor og moral. I Loland, S. (red.) (1998): Toppidrettens pris – en debattbok, Oslo: Universitetsforlaget.

Medienorge (2019): Fakta: Store mediekonsern. Henta 13. september 2019 frå http://www.medienorge.uib.no/fakta/mediekonsern

Medienorge (2020): Sportsrettigheter. Henta 5. januar 2020 frå http://www.medienorge.uib.no/fakta/sportsrettigheter

Modern Times Group (2019): Vår resa. En utmanare sedan 1987. Henta 10. september 2019 frå https://www.mtg.com/sv/var-resa/

Norges Fotballforbund (NFF), årsrapportar i perioden 2005–2018.

Norges Idrettsforbund (2018): Norges Idrettsforbund og Olympiske og Paralympiske Komite, Årsrapport 2018. Henta 15. januar 2020 frå https://www.idrettsforbundet.no/contentassets/a65b470317c44489b9a91e0255808ba9/nif-arsrapport-2018.pdf

Norges Skiforbund (NSF), Årsberetningar i perioden 2003–2018.

Pettersen, L. (2018): S. (1998): Digitalisering: modernitetens flyttebyrå, Norsk medietidsskrift, Universitetsforlaget årg. 25, nr. 4, s. 1–17 Universitetsforlaget.

Ronglan, L. T (2009): Vi mot dem. Om meningen med fotball, s. 47–67. I Neumann, I. B., Steen-Johnsen, K. (red.) (2009): Meningen med idretten, Oslo: Unipub.

Skipolitisk dokument, Norges Skiforbund, 20082012, 2016–2020.

Stortingmeldingar om verksemda i Norsk Rikskringkasting, 1961–1990. Følgjande stortingsmeldingar er referert til i kapittelet:

– Stortingsmelding nr. 78 (1963–64): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1963

– Stortingsmelding nr. 72 (1964–65): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1964

– Stortingsmelding nr. 87 (1968–69): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1969

– Stortingsmelding nr. 114 (1972–73): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1972

– Stortingsmelding nr. 85 (1973–74): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1973

– Stortingsmelding nr. 8 (1980–81): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1979

– Stortingsmelding nr. 37 (1981–82): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1980

– Stortingsmelding nr. 25. (1982–83): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1981

– Stortingsmelding nr. 94. (1982–83): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1982

– Stortingsmelding nr. 8. (1985–86): Om verksemda i Norsk Rikskringkasting i budsjettåret 1984

Walsh, A., J. & Giulianotti, R. (2001): This sporting Mammon: a normative critique of the commodification of sport, Journal of the Philosophy of Sport, 28 (1), s. 53–77.

Ytre-Arne, B., & Helland, K. (2007a): Fotballavtalen, journalistikk og presseetikk. En analyse av TV 2 og «fotballproduktet», Norsk medietidsskrift, Universitetsforlaget, årg. 14, nr. 2, s. 106–125.

Ytre-Arne, B., & Helland, K. (2007b): Sport, attraksjon og journalistikk. Om sportsrettigheter og publistiske idealer, Utredning for Norsk Journalistlag. Henta 15. mars 2015 frå http://www.nj.no/filestore/Sportattraksjonogjournalistikk.pdf

Aalen, I. (2015): Sosiale medier. Bergen: Fagbokforlaget.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon