I all si enkelheit handlar digitalisering om prosessen med å gjere informasjon tilgjengeleg i ei form som lar seg tilarbeide av digitale verktøy. I denne antologien er det ikkje digitaliseringsprosessen i seg sjølv som har hovudfokus, men konsekvensane av den. Fokuset ligg på korleis digitalisering artar seg på ulike samfunnsområde, og ikkje minst kva betydning digitaliseringa har for korleis vi samhandlar med andre menneske på desse samfunnsområda.

Omgrepet digitalisering vert nytta på mange ulike måtar og til å beskrive mange ulike prosessar. Nokre brukar omgrepet til å beskrive erstatningar av fysiske gjenstandar, til dømes ei bok eller eit bilete, med ein digital versjon av den same gjenstanden. I denne antologien forstår vi digitalisering som meir gjennomgripande endringar, til dømes erstatning av manuelle eller fysiske oppgåver og prosessar med digitale løysingar. Digitalisering i denne tydinga handlar altså om grunnleggjande endringar som påverkar menneskeleg samhandling og mellommenneskelege relasjonar.

Samhandling er eit omgrep som kan ha fleire tydingar. Torgersen og Steiro (2009, s. 129) beskriv samhandling som ein kommunikasjons- og utviklingsprosess der menneske utvekslar kompetanse og arbeider mot eit felles mål. Dei hevder at forholdet mellom menneske i ein samhandlingsprosess er basert på tillit, involvering, rasjonalitet og kunnskap om feltet. Omgrepet samhandling omhandlar såleis dei fleste interaksjonsprosessar som skjer i ulike sektorar og fagområde.

Antologien er ei samling artiklar frå ulike sektorar og fagområde. Bidraga har ulike perspektiv og er undersøkt ved hjelp av ulike teoretiske inngangar. Artiklane omhandlar tre hovudtema: 1) Digitalisering og generelle samfunnsendringar, 2) digitalisering og samhandling i næringslivet og 3) digital samhandling i høgare utdanning og skule. Det som knyter desse saman, er at dei på ulike vis skaper ny kunnskap om korleis digitalisering påverkar samhandling.

Digitalisering og samfunnsendringar

Artikkel 2–6 tek for seg digitalisering og samfunnsendringar. Desse bidraga føyer seg inn i ein viktig forskingstradisjon der ein undersøker korleis endringane i seinmoderniteten har ført med seg omfattande endringar i menneskeleg samhandling. I boka Modernitet og selvidentitet peikar Giddens (1991) på samfunnsendringar som førte til at det vaks fram ein ny generasjon, som han kalla det seinmoderne mennesket. Giddens peikar på «tvil» som eit gjennomgåande trekk ved den moderne kritiske fornufta. Tvil trengjer seg inn i kvardagslivet og inn i den filosofiske bevisstheita og gir ein ny, generell eksistensiell dimensjon.

Ifølgje Giddens (1991) gjennomgår menneska i det seinmoderne samfunnet ein prosess prega av lausriving frå sosiale relasjonar og institusjonar. Eit resultat av denne prosessen er identitetskriser og kontinuerlege behov for identitetskonstruksjon. Richard Sennett (1992) peikar på eit anna gjennomgripande trekk ved denne samfunnsutviklinga: at skiljet mellom det private og offentlege vert oppløyst. Dette skapar eit intimitetstyranni, eit krav frå omgjevnadane, om at kvar og ein skal dele alle sider av sitt privatliv. Gjennom framveksten av sosiale media har digitaliseringa forsterka denne utviklinga.

I artikkel 2 drøftar Stokken og Børsen korleis digitalisering påverkar informasjonen vi har tilgjengeleg. Sjølv om sosiale media kan fungere demokratiserande, kan dei også vere eit trugsmål mot demokratiet. Dette fordi det kan vere uklart om informasjon er sann eller ikkje. Dei hevdar vidare at borgarane si vitskaplege forståing er avgjerande for om samfunnet kan bli styrt av «usanne faktum», og at forskarar har eit ansvar for å motverke demokratitrugsmålet frå falske faktum. Dei hevdar at sidan digitaliseringa endrar samfunnet, må forskinga også endre karakter. Gjennom tettare involvering av borgarane i forskingsprosessen hevdar dei at både forskinga og borgarane si vitskaplege forståing vil bli betre.

I artikkel 3 tek også Hareide tek opp forholdet mellom digital manipulasjon, tvil og tillit. Her drøftar Hareide digitalfotografiet si rolle som truverdig dokument i ei tid der fotografi kan redigerast og til dels skapast elektronisk med ein slik kvalitet at han eller ho som ser biletet, ikkje kan vite om det er ekte eller falskt. Med utgangspunkt i ein næranalyse av eitt av den kjende fotografen Steve McCurry sine manipulerte bilete argumenterer Hareide for at fotografiet har mista sin dokumentariske verdi. Han konkluderer difor med at vi ikkje lenger kan stole på biletet, og at vi såleis må velje å stole på fotografen eller ei.

Artikkel 4 handlar om digital manipulasjon i konteksten sosiale media. Med utgangspunkt i at fotografimediet kan definerast som både ein refleksjon og ein konstruksjon av røyndomen, viser Sivertsen korleis bruken av fotografi har endra seg dei siste ti åra. Drøftinga set søkelyset på populærjournalistikken sitt forhold til førebilete og korleis selfie-sjangeren har vorte endra med framveksten av smarttelefonar og sosiale media. Selfien som sjanger har bidratt til at vår sjølvpresentasjon i sosiale media er meir omfattande enn nokon gong. Samstundes har ulike venleiksappar gjort det mogleg å rekonstruere sjølvbiletet vi presenterer. Dette har bidratt til ei utvikling mot visuelle ideal som fjernar seg frå det naturlege. Sivertsen hevdar at desse fenomena kan verte knytt til Kardashian-familien sin store påverknad som førebilete og frontfigurar for det han kallar «hyperfoto», eit fotografisk uttrykk som har fjerna seg frå den tradisjonelle, dokumentariske funksjonen til fotografiet som medium. Dette fenomenet illustrerer både korleis sosiale media forsterkar intimitetstyranniet (Sennett 1992) i samfunnet, og korleis digitale verktøy vert nytta til rekonstruksjon av digitale identitetar (Giddens 1991).

Sosiale media kan også gi oss betre innsikt i korleis andre oppfattar oss. I artikkel 5 gir Shang, Tveter og Edward oss innblikk i korleis kinesiske turistar i Geiranger formidlar sine opplevingar i sosiale media. Forfattarane brukar kvantitativ innhaldsanalyse til å studere blogginnlegg frå kinesiske turistar som besøkjer Geiranger, og dei konkluderer med at 92 prosent formidlar positive inntrykk. Forfattarane ser også nærare på innhaldet i blogginnlegga, og dei finn i tillegg til dei tradisjonelle naturmotiva ei spesiell interesse for norsk kvardagsliv og det turistane oppfattar som den skandinaviske livsstilen. På denne måten skaper turistane sine presentasjonar av eigne reiser ikkje berre eit bilete av dei sjølve, men også eit bilete av oss som vi ikkje har kontroll over. På den andre sida gir digitale medium oss høve til å få innsikt i dette biletet, og dermed få vite kva tenester som kan vere aktuelle å utvikle i turistnæringa.

Digitalisering transformerer massekulturen. I artikkel 6 ser Fossøy, Moe og Fretland på korleis forholdet mellom idrett og media har utvikla seg i Noreg i perioden frå 1960 til 2020. Toppidrett er eit svært attraktivt underhaldningsprodukt på ulike medieplattformer, men på kva måtar har endringar i det norske medielandskapet, spesielt med tanke på rettar og teknologi, påverka utviklinga innan dei store idrettane i Noreg? Forfattarane argumenterer for at nokre av endringane har påverka sjølve idrettsaktiviteten, medan dei fleste heller har endra idretten som medieprodukt. På same måte som Sivertsen peikar på at det vert eit gap mellom oss og biletet av oss sjølve gjennom filterbruk på eigenportrett, gir digitaliseringa rom for at det same skjer mellom idretten som aktivitet og idretten som mediefenomen.

Dei fem kapitla viser ulike døme på korleis digitalisering har bidratt til gjennomgripande samfunnsendringar. Forfattarane av artikkel 2, 3 og 4 set alle søkelys på bruk av digitale verktøy til manipulasjon av røyndomen. I artikkel 2 og 3 drøftar forfattarane kva konsekvensar dette har for tilliten til informasjonen, medan artikkel 4 fokuserer på kva konsekvensar manipulasjon av eige utsjåande i sosiale media har for folk si identitetsforståing og sjølvkjensle. I artikkel 5 set forfattarane også søkelyset på sosiale media og viser korleis analysar kan auka forståinga av korleis andre oppfattar oss. I artikkel 6 vert det diskutert korleis digitalisering av mediedekninga har endra vårt forhold til toppidretten. Desse kapitla viser såleis at digitalisering har endra vårt forhold til informasjon og reist tvil om kva som er sant og verkeleg. Som einskildpersonar må vi velje kva vi vil tru på. Som representantar for vitskapen må vi endre tilnærming for å motverke falske faktum.

Digitaliseringa har skapt effektive verktøy for sjølvutlevering og for manipulasjon av vår sjølvrepresentasjon. Dette er eit tviegga sverd. Bruk av sosiale media kan gi oss meir innsikt om kvarandre, men den same bruken kan også utfordre og endre vår digitale identitet og dermed våre fysiske kroppsideal. Idretten vert også påverka, eller vert han det? Medan idretten i seg sjølv ikkje har forandra seg så mykje, har framstillinga av toppidrett i massemedia gått gjennom omfattande endringar som også har påverka vår forståing av toppidrett.

Digital samhandling i næringslivet

Dei neste fem artiklane tek for seg korleis digitalisering påverkar samhandling og tenester i næringslivet. Desse artiklane føyer seg inn i fleire sentrale forskingstradisjonar som på ulike vis set søkelys på korleis ny teknologi vert fortolka og tatt i bruk, men også feiltolka og motarbeidd av aktørane innafor bransjar og føretak.

Når ein tek i bruk ny teknologi, er ofte målet å endre måten den einskilde utfører oppgåvene sine på. Enten målet er auka effektivitet eller betre kvalitet, så vil ei slik endring ofte medføre endringar i det sosiale systemet teknologien vert nytta i. Digitalisering handlar ofte om at eit verktøy vert bytta ut med eit anna, noko som kan føre til at organisasjonar opplever at alt ikkje «går heilt i hop» lenger. Dette kan til dømes kome til uttrykk i dilemmasituasjonar, problem, avbrot, konfliktar og liknande.

Engeström (1987) deler det sosiale systemet i individ, oppgåve, verktøy, fellesskap, reglar og arbeidsdeling. Fellesskapet er dei som samarbeider om å løyse ei oppgåve. Reglar handlar om lover, implisitte og eksplisitte normer, konvensjonar osb., og arbeidsdeling handlar om korleis fellesskapet er organisert for at aktiviteten skal skape eit resultat. Engeström peikar på fire typar motsetnader som står i vegen for at noko skal «gå heilt i hop»:

  1. Primære indre motsetnader handlar om at element som bidrar til aktiviteten, ikkje sjølv «heng i hop». Dette kan til dømes vere inkonsistente reglar eller datasystem som ikkje fungerer som dei skal.

  2. Sekundære motsetnader handlar om at dei ulike elementa i aktiviteten ikkje «spelar på lag». Dette kan vere at eit nytt datasystem ikkje er tilpassa arbeidsdelinga, eller at lover hindrar eit datasystem å bli utnytta optimalt. Innan mediebransjen kunne ein sjå dette tydeleg ved innføringa av teknologi som har endra arbeidsdelinga. No har typografen forsvunne, programleiaren i radio er også teknikar, og reportasjebussen med kameramann, lydmann, reporter og teknikar er erstatta av ein journalist og ein mobiltelefon. Noko av dette har ført til store konfliktar, medan andre endringar har gått rimeleg stille for seg.

  3. Tertiære motsetnader handlar om spenningar mellom ulike grupper sine føremål innanfor ein og same aktivitet, som til dømes systemleverandørar som ønskjer kunnskap om kundane sine, medan kundane ikkje vil gi denne kunnskapen frå seg.

  4. Kvadrære motsetnader handlar om motsetnader mellom aktivitetar som påverkar kvarandre, til dømes EU sitt krav om standardisering av mobiltelefonladarar og Apple sitt ønskje om ha sin eigen standard, eller mellom Facebook og Google sitt ønskje om å samle data om oss, og innføringa av GDPR.

Ofte er slike spenningar både viktige og nyttige, sidan dei fører til utvikling. Engeström (1995) definerer tre typar innovativ læring i organisasjonar, basert på kva type løysing som veks fram. Ein første løysingsinnovasjon (solution innovation) handlar om at ein finn ei løysing innanfor verksemda. Ein andre retningsinnovasjon (trajectory innovation) endrar organisasjonen sitt føremål i form av endra mål, målgruppe eller liknande, medan ein tredje verksemdinnovasjon (systems innovation) vil endre ikkje berre føremålet, men heile organisasjonen.

I artikkel 7 studerer Halse, Bjarnar og Berge digitalisering og kunnskapsutvikling i den maritime næringsklynga i Møre og Romsdal. Dei set søkelyset på korleis innføring av digitale verktøy etablerer nye sosioøkonomiske praksisar, der samspelet mellom teknologi og sosiale relasjonar og praksisar har avgjerande betydning for utfallet. Den omfattande forskinga på næringsklynger viser at uformelle relasjonar og taus og kontekstuell kunnskap har vore ein viktig føresetnad for innovasjon innafor klyngene. Forfattarane viser at digitale teknikkar verkar formaliserande på sosiale relasjonar og kan bidra til ein fragmentering av aktørane innafor klynga. Ein kan altså ikkje utan vidare ta for gitt at digitale samhandlingsløysingar kan erstatte den tradisjonelle uformelle samhandlinga i klynga. Om vi ser klynga som heilskap, medfører såleis løysingsinnovasjonar i bedriftene til utfordringar mellom bedriftene. Digitaliseringa fører såleis til at «ikkje alt går heilt i hop» mellom dei ulike verksemdene grunna tærtiære motsetnader som er skapt av digitalisering.

I artikkel 8 tek forfattarane for seg ei liknande utfordring på føretaksnivå. Giskeødegård og Kjersem skriv om verftsarbeidarar sine erfaringar med å ta i bruk verktøyet Augmented Reality (AR). AR er eit digitalt verktøy der informasjon om arbeidsprosessar og oppgåver vert formidla gjennom lyd, video, grafikk og posisjonsdata. Artikkelen byggjer på eit omfattande materiale beståande av intervju, observasjons- og surveydata. Forfattarane finn at kompleksitetsreduksjon er styrken, men òg den potensielle veikskapen med AR som arbeidsverktøy. For at AR skal fungere, må det i naudsynt grad synleggjere kompleksiteten i dei konkrete arbeidsprosessane. Digitale verktøy er berre så gode som bruken av dei, og bruken er svært avhengig av i kva grad brukarane sine behov vert dekt. Her ser vi altså at løysingsinnovasjonen som digitaliseringa gjer mogeleg, fører til sekundære motsetnader.

Engeskar, Helgesen og Wennersberg analyserer samanhengen mellom føretak sin bruk av «balansert målstyring» (BMS) og prestasjonar i artikkel 9. BMS vart introdusert av Kaplan og Norton i 1992 og er eit leiingsverktøy som kombinerer eit sett av prestasjonsindikatorar, både finansielle og ikkje-finansielle, for å gi eit heilskapleg bilete av organisasjonen. Medan BMS er det mest brukte strategiske styringsverktøyet, varierer bruken i ulike land og verdsdelar. I artikkelen vert bruken av BMS i føretak i Møre og Romsdal analysert, og forfattarane konkluderer mellom anna med at brukarar av BMS oppnår betre prestasjonar enn ikkje-brukarar, og at det er positiv korrelasjon mellom bruksgrad av BMS og foretaksprestasjon. Denne artikkelen viser at digitalisering som løysingsinnovasjon ikkje treng føre til dei store endringane, og dermed heller ikkje dei store spenningane.

Digitale endringar handlar ofte også om makt. Eit viktig bidrag til å forstå korleis aktørane i etablerte bransjar reagerer på større teknologiske skifte, er Neil Fligstein sitt sosiopolitiske marknadsperspektiv (Fligstein 2001). Han peikar på at ny teknologi ofte møter motstand frå marknadsaktørane som baserer si verksemd på tradisjonell teknologi og tradisjonelle metodar. Offentlege styresmakter kan også spele ei viktig rolle i slike situasjonar. Dei kan både fremje og motverke endringar gjennom forbod og påbod.

Med utgangspunkt i feltteori analyserer Halvorsen, Johansen og Jensen den nye nettlegetenesta KRY sitt møte med det tradisjonelle helsevesenet og den etablerte fastlegeordninga. Artikkelen viser korleis eit etablert felt kan motarbeide nykommarar med konkurrerande logikkar, men òg korleis nykommarar gjennom institusjonelt entreprenørskap kan bygge relasjonar til etablerte aktørar på feltet og tilstøytane felt, reforhandle røyndomsforståingar og forme verksemda si slik at ho passar betre inn i det etablerte feltet sine logikkar. Dette viser at innovasjonar som er gjort moglege av digital teknologi, ikkje berre skaper spenningar, men også kan føre til systeminnovasjonar som strekkjer seg langt ut over den aktøren som nyttar digital teknologi som løysingsinnovasjon.

Finanssektoren har vore prega av stor marknadsdominans og beskyttande offentlege reguleringar. Dette har redusert incentiva for innovative finansielle tenester. I artikkel 11 tek Frimanslund med fleire for seg korleis eit nytt EU-direktiv (PSD2) som opnar marknaden for finansielle teknologiselskap, påverkar denne situasjonen. Med Porter sine ‘five forces’ som analytisk rammeverk undersøker Fridmannslund korleis fire bankar handterer den nye situasjonen. Eit viktig funn er at konkurransen i marknaden vert skjerpa, og at dette tvingar bankane både til å tilby meir relevante tenester og til å styrke satsinga på produktkvalitetar som nykommarane ikkje kan kopiere, til dømes gode kunderelasjonar. I lys av Engeström ser vi såleis at tertiære motsetnader kan føre til løysingsinnovasjonar i verksemdene, som vert påverka av politiske vedtak og forordningar.

Dei fem kapitla omhandlar digitale endringar på ulike nivå og i ulike bransjar. Dei syner at digitaliseringa både kan vere ei drivkraft for utvikling, skape utfordringar og vere ein måte å møte utfordringar på. Teknologiske endringar kan utfordre etablerte maktstrukturar og praksisar og vere ei kjelde til ustabilitet. Bidraga syner på ulike vis at utfallet av møtet mellom det etablerte og dei nye aktørane og praksisane i stor grad vert avgjort av samhandlinga mellom det tradisjonelle og det nye.

Digital samhandling i skule og høgare utdanning

I antologien forstår vi digitalisering som grunnleggjande endringar som påverkar menneskeleg samhandling og mellommenneskelege relasjonar. Bidraga viser at digitalisering påverkar skulen på mange ulike måtar. I pedagogisk forsking er det vanleg å skilje mellom 1) behaviorisme, som har fokus på handling (t.d. Pavlov og Skinner), 2) kognitivisme, som har fokus på tankestrukturar (t.d. Piaget og Bruner), og 3) den sosiokulturelle tilnærminga, som har fokus på menneske sitt samspel (t.d. Vygotskij og Lave og Wenger). Bidraga som omhandlar skule, plasserer seg litt ulikt i landskapet mellom desse forståingane. Sidan alle bidraga handlar om korleis læring og/eller undervisning vert påverka av digital teknologi, bidrar dei mest til kunnskapsstatusen innafor den siste forskingstradisjonen.

Vygotskij vert rekna som portalfiguren for den sosiokulturelle læringsteorien. I motsetnad til behaviorismen, som fokuserer på handlingar, og kognitivismen, som fokuserer på tankar, byggjer denne retninga på erkjenninga om at vi vert oss sjølve gjennom andre. Dette gjer at omgivnadane til den lærande er ein svært viktig faktor i læringa. Den sosiokulturelle tradisjonen byggjer på ideen om at 1) kultur i form av verktøy og symbol set rammene for handlingane våre, 2) språket som er utvikla ut frå kulturen, er eit sentralt verktøy for læring, og 3) at det er ein distanse mellom kva ein kan klare aleine, og kva ein kan klare saman med andre, noko som er uttrykt i omgrepet den nære utviklingssona.

Vygotskij (1978) hevda at den sanne retninga for utvikling av læring ikkje var frå den enkelte til det sosiale fellesskapet, men frå det sosiale til det individuelle. Dette skyldast at vi ikkje er i direkte kontakt med omgivnadane våre, men at vi alltid tolkar dei (1978, s. 40). Ut frå dette perspektivet er all menneskeleg aktivitet mediert av artefaktar (Scott, Cole og Engel, 1992). Dette kan vere i form av språk, kutyme og, i desse bidraga, digital teknologi. Ved bruk av digitale verktøy har ein fleire moglegheiter til samhandling, kommunikasjon og læring både mellom elevar og læremiddel, men også mellom elevar og lærarar.

Konsekvensen er at våre tankar og bilete av verda vert skapt av, og dermed farga av, vår kultur og dei intellektuelle og fysiske artefaktane vi har til rådvelde (Säljö, 2001). Ifølgje Ludvigsen og Flo (2002, s. 1) kan artefaktar ta tre former med klart ulike funksjonar. Dei kan vere verktøy ein gjer seg nytte av, som til dømes eit nettbrett eller ein pedagogisk app. Dette vert kalla primære artefaktar. 2) Det kan vere sosiale modellar som bestemmer korleis ein skal bruke eit artefakt, til dømes korleis ein gjennomfører møte eller SMS-språk. Dette vert kalla sekundære artefaktar. Artefaktar kan også vere 3) representasjon av idear, som til dømes «fotografiet» og «fake news», noko som vert kalla tertiære artefaktar. Digitaliseringa påverkar teknologien på alle desse tre nivåa sidan ho er vevd inn i store delar av skulekvardagen på ein måte som påverkar svært mange aspekt ved læringa i skulen.

I artikkel 12, 13 og 14 vert bruken av digitale verktøy i skule og utdanning diskutert. I artikkel 15 vert analysemåtar og vurdering av ulike digitale praksisar i skulen vektlagt, og artikkel 16–20 vektlegg lærarar sin praksis, ulike teknologiske løysingar og vurderingsformer i høgare utdanning. Til saman dannar desse bidraga ei brei forståing av korleis teknologien påverkar ikkje berre skulekvardagen, men også skulen som institusjon. Innføringa av digitale verktøy i skulen får såleis følgjer for både undervisning og vurdering, heilt frå småskulen og opp til høgare utdanning.

I artikkel 12 gir Brekke innsyn i korleis arbeid med digitale læringsmiddel og digitale læringsressursar i klasserommet skaper nye moglegheiter for lærarar, elevar og lærarutdannarar. Nettbrett er vortne innført i mange skular i Noreg, og appar som Book Creator, Showbie og iThoughts har blitt ein vanleg del av lærarar og elevar sin kvardag. Brekke studerer literacy-praksisane til fire lærarar ved bruk av appen Book Creator i undervisninga. Ho identifiserer tre literacypraksisar i bruk: den velkjente literacypraksisen overført til app, den valfrie literacypraksisen og den multimodale literacypraksisen.

Digitale praksisar vert også omhandla i artikkel 13, der Sekkingstad og Fossøy diskuterer bruk av omvendt undervisning i klasserommet. Lærarane som vart intervjua, hevdar at omvendt undervisning kan bidra til å frigi tid i klasserommet, og dermed gi lærarane eit handlingsrom for å leggje til rette for meir elevaktive læringsformer enn i det tradisjonelle klasserommet. Sjølv om omvendt undervisning er meint å skape rom for meir elevsentrerte læringsaktivitetar, viser studien at ikkje alle lærarane i studien utnyttar dette potensialet.

I artikkel 14 rettar Kobberstad, Gamlem og Rogne merksemda mot ulike tilnærmingar til skriveopplæringa i første klasse. Gjennom ein kvalitativ casestudie vert tre ulike tilnærmingar til skriveopplæring der nettbrett spelar ei ulik rolle, samanlikna. Studien syner at lærarane differensierer opplæringa ulikt både når det gjeld innhald i skriveoppgåver, og i variasjon av arbeidsmåtar og læremiddel. Resultata indikerer at god tilgang til nettbrett ikkje er tilstrekkeleg for å skape ei betre tilpassa og differensiert skriveopplæring. Læraren sine erfaringar og haldningar til korleis ein kan nytte nettbrett i skriveopplæringa, er minst like viktig.

I artikkel 12, 13 og 14 ser vi at det er samspelet mellom teknologien og læraren som bestemmer korleis teknologien påverkar skulekvardagen, og dermed læringa til elevane. I artikkel 12 vert denne skilnaden ramma inn som literacypraksis, i artikkel 13 som ein skilnad i ulike oppfatningar av korleis lærarane ser seg i stand til å bruke moglegheitene teknologien gir, medan dette i artikkel 14 vert knytt til erfaringar og haldningar. I eit sosiokulturelt perspektiv viser desse bidraga at kulturen som læraren er ein del av, legg svært viktige føringar for korleis teknologien påverkar praksisen i skulen.

I artikkel 15 drøftar og vurderer Opsvik, Refvik og Tonheim digitale analyseverktøy til bruk for matematikklærarar i oppgåveløysing frå databasane til læreverk som Kikora og Multi Smart Øving. Dei hevdar at teknologien i digitale oppgåvedatabasar både kan avgrense og utvide dei pedagogiske moglegheitene og det matematiske innhaldet. Med utgangspunkt i at det teknologiske kan tilføre nye sider ved ei oppgåve, viser denne typen verktøy at eleven kan bruke dei for å finne samanhengar og utforske oppgåvene og/eller eit meir aktivt elevarbeid. På dette grunnlaget meiner dei at læraren vert ein endå viktigare person for å hjelpe elevane til å gjennomføre og forstå prosessen.

Nye teknologiske løysingar gir også nye moglegheiter, ikkje berre i skulen, men også i høgare utdanning. Ein praksis som vert undersøkt av Nordeide i artikkel 16, er den nettbaserte munnlege eksamenen. Nordeide gjennomførte ei spørjeundersøking blant nettstudentar i faget norsk, og studien viste at studentane stort sett var nøgde med denne eksamensforma. Ho viser vidare til at dei «gamle» metodane presentasjon, diskusjon, samtale og utspørjing framleis er aktuelle, men at problemløysing, refleksjon og argumentasjon også må få spele ei viktig rolle i framtida. Samstundes reflekterer ho over at det er viktig å ta omsyn til at det finst ein del avgrensingar i teknologien.

Fojcik og kollegaer vurderer i artikkel 17 ei mengd digitale praksisar i lærarutdanninga. Dette er visuelle presentasjonar, simuleringar, omvendt undervisning, strøyming av klasserommet, strøyming av dataskjermen til læraren og som tovegskommunikasjon med Videobro med og utan lærar. Resultata viser at studentane vil ha moderne undervisningsformer, med digitale verktøy og strøyming av undervisning, men samtidig krev dei at læraren er på plass for å kunne svare på spørsmål, sjekke og motivere. Det paradoksale er at der lærarane har engasjert seg i stor grad, så føler ikkje studentane behovet for å ha lærarane til stades. Dei tolkar dette slik at studentane ikkje er klar over kva lærarane førebur og utfører gjennom rettleiing og tilrettelegging.

Artikkel 16 og 17 syner at det som artikkel 15 viser for grunnskulen, også er gjeldande for høgare utdanning: Ny teknologi fører til at læraren må gjere jobben sin på ein annan måte. Det er såleis ikkje berre kulturen læraren er ein del av, som påverkar bruken av verktøyet. Verktøyet påverkar også rolla som læraren må fylle. Vi kan såleis slå fast at det er eit dialektisk tilhøve mellom kultur og teknologi, og at det ikkje berre er som artikkel 12, 13 og 14 viser, at kulturen som læraren er ein del av, påverkar korleis teknologien påverkar praksisen i skulen, men at teknologien også påverkar kulturen.

Det at teknologien påverkar kulturen i skulen, har også Halse drøfta i artikkel 18. Strøyme- og opptaksteknologi gjer at studentar kan sitte heime og få med seg det som skjer i klasserommet. Halse ser nærare på konsekvensane av dette gjennom litteratur og ein studie av opptak frå Høgskolen i Molde. Ho konkluderer med at slik strøyming har utilsikta konsekvensar. Opptaka påverkar både førelesarar og studentane. Slik sett er ikkje strøyming og opptak av førelesingar ein nøytral teknologi, men ein teknologi som påverkar læringsmiljøet. Ei rekkje utdanningsinstitusjonar har no tatt konsekvensen av dette. Ved Høgskolen i Molde har ein mellom anna endra praksisen frå at ein måtte ha grunnar til at ein ikkje skulle strøyme og lagre førelesingar, til at ein no må melde inn at ein ønskjer strøyming og lagring. Slik viser ho at digitaliseringa har konsekvensar som ein i byrjinga ikkje tok med i reknestykket.

I artikkel 19 gjer Maristuen ein litteraturstudie av omvendt undervisning i høgare utdanning. Ho finn at forskinga på temaet gjennomgåande viser fleire fordelar enn utfordringar. Mellom anna får undervisarane meir tid med studentane i form av dialog og rettleiing, studentane får lære i eige tempo, og studentane møter betre førebudd. Maristuen framhevar som eit viktig poeng at studentane får høve til å ta i bruk heile taksonomien til Bloom og såleis kan nå øvste nivå for analyse og refleksjon. Maristuen peikar samtidig på eit sett med utfordringar som går igjen i litteraturen, og definerer konkrete tiltak som kan motverke fleire av desse.

I artikkel 20 studerer Ølnes og Knutsen i kva grad høgare utdanningsinstitusjonar klarer å tilpasse utdanningstilbodet sitt til nye banebrytande digitale konsept gjennom ein analyse av i kva grad og korleis det teknologiske og økonomiske fenomenet blockchain-teknologi har blitt forstått av utdanningsinstitusjonane. Vidare ser dei på korleis dei har inkorporert det i sine studietilbod. Forfattarane finn at det er aukande interesse for temaet blant studentane, men at fenomenet blockchain i liten grad er fanga opp i eksisterande studietilbod, og at dei fleste som tilbyr undervisning om blockchain, har integrert temaet i tradisjonelle økonomiemne. På dette grunnlaget påstår forfattarane at utdanningane mister dei interdisiplinære aspekta ved fenomenet.

Artikkel 18, 19 og 20 viser til saman at det er eit dialektisk tilhøve, ikkje berre mellom teknologien, læraren og skulen, men også mellom samfunnet og utdanningane som vert påverka av teknologien. Halse viser at studentane sitt ønske om opptak av førelesingar vert gjort mogeleg å realisere ved bruk av teknologi, og dermed innført. Maristuen viser at teknologien kan gjere at utdanningsinstitusjonen flyttar forelesinga heim på «hybelen» til studenten, og Ølnes og Knutsen viser at teknologiske samfunnsendringar fører til behov for endringar i studieinnhaldet.

Når vi ser det dialektiske tilhøvet mellom teknologi, samfunn og utdanning/skule i lys av den sosiokulturelle læringsforståinga, vert det tydeleg at teknologien er ein aktør i det sosiale nettverket som skulen er ein del av. Denne rolla tek teknologien gjennom å vere ein artefakt som påverkar meir enn eitt nivå.

Oppsummering

Antologien søkjer å skape kunnskap om digitaliseringa sin innverknad på samhandlinga i samfunnet. Dei fem kapitla som omhandlar samfunnsendringar, viser ulike døme på korleis digitalisering har bidratt til gjennomgripande endringar. Ein viktig faktor er høvet til manipulasjon, noko som påverkar kva tillit vi kan ha til både kvarandre og til informasjonen vi vert presentert for. Vidare påverkar digitaliseringa identitetsdanning, identitetsforståing og sjølvkjensle sidan måten vi oppfattar verda på, kan distanserast frå røyndomen gjennom digital teknologi. Dei fem kapitla som omhandlar digitale endringar i næringslivet, syner at digitaliseringa både kan vere ei drivkraft for utvikling, men også skape utfordringar. Digitaliseringa kan såleis utfordre etablerte maktstrukturar og praksisar, og bidraga syner på ulikt vis at konsekvensane av digitaliseringa vert avgjort av samhandlinga mellom det tradisjonelle og det nye. Dette er det same som bidraga som omhandlar skule og høgare utdanning, syner. Det dialektiske tilhøvet mellom teknologi, samfunn og utdanning/skule viser at den digitale teknologien er ein aktør i det sosiale nettverket som skulen er ein del av, og at han påverkar det på mange måtar. Dei 19 bidraga syner at digitalisering fører til store og gjennomgripande endringar i samfunnet. Dei færraste av desse er enten negative eller positive. Digitalisering kan slå begge vegar. Utfallet i kvart einskild høve er i stor grad avhengig av korleis vi samhandlar med den digitale teknologien og med kvarandre.

Litteratur

Engeström, Y. (1987). Learning by Expanding – An Activity-Theoretical approach to Developmental Research. Helsinki: Orienta-Konsultit Oy.

Engeström, Y. (1995). Innovative organizational learning in medical and legal settings. I L. M. W. Martin, K. Nelson & E. Tobach (red.), Sociocultural psychology (s. 326–356). Cambridge: Cambridge University Press.

Fligstein, N. (2001). The Architecture of Markets. An Economic Sociology of Twenty-First-Century Capitalist Societies. New Jersey: Princeton University Press.

Giddens, A. (1991). Modernity and self-identity: Self and society in the late modern age. Stanford: Stanford University Press.

Kaplan, R. S. & Norton, D. P. (1992). The balanced scorecard – Measures that drive performance. Harvard Business Review, 70, 71–79.

Ludvigsen, S.R. & C. Flo (2002). Innovasjon i lærerutdanningen: Hvordan skapes endring? I: S.R. Ludvigsen & T.L. Hoel, red., Et utdanningssystem i endring. IKT og læring. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Scott, T., Cole, M. & Engel, M. (1992). Computers and Education – A Cultural Constructivist Perspective. Review on Research in Education, 18, 191–251.

Sennett, R. (1992). Intimitetstyranniet. Oslo: Cappelen.

Säljö, R. (2001). Læring i praksis: et sosiokulturelt perspektiv (oversatt av S. Moen). Oslo: Cappelen Akademisk.

Torgersen, G.E. & Steiro, T.J. (2009). Ledelse, samhandling og opplæring i fleksible organisasjoner. Oslo: Læringsforlaget.

Vygotsky, L.S. (1978). Mind in society. The development of higher psychological processes. Cambridge: Harvard University Press.