Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Kapittel 6: På jakt etter suksessformelen for samarbeidsnettverket IT-forum Sogn og Fjordane



Hilde G. Corneliussen (1969) er forskar ved Vestlandsforsking. Ho har doktorgrad (2003) i Humanistisk informatikk frå Universitetet i Bergen og forskar på samspel teknologi-samfunn, og på forhold mellom identitet, kultur og teknologi.



Øyvind Heimset Larsen (1974) er forskar ved Vestlandsforsking. Larsen er utdanna sivilingeniør frå NTNU (1998) og forskar på IKT og regional utvikling, samt bruk av forsking og utvikling (FoU) for innovasjon i næringslivet.

IT-forum Sogn og Fjordane er eit 20 år gamalt regionalt samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø. Informantane i denne studien fortel om kva nettverket er, frå å vere eit styringsorgan med nøkkelpersonar, eit samarbeidsnettverk som løftar fylket, og til ein møteplass for IT-folk. Dei fortel at internasjonale og nasjonale impulsar og aktivitetar la grunnlaget. Nettverket er framheva som døme på Sogn og Fjordane-modellen: å løfte i lag for å løyse regionale utfordringar.

Nøkkelord: Offentleg og privat samarbeid, nettverksteoriar, regional utvikling, Sogn og Fjordane-modellen

IT Forum Sogn & Fjordane is a 20-year-old regional collaborative network involving private and public sectors, as well as R&D institutions. The informants in this study describe the network as a governing body, a cooperative network that promotes the county, and a meeting place for IT people. International and national impulses and activities laid the foundation for this network, which is referred to as an example of the Sogn and Fjordane model: solving regional challenges together.

Merknader

Artikkelen er basert på eit forskingsprosjekt finansiert av IT-forum Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Ettersom Vestlandsforsking er ein av partnarane i IT-forum har begge forfattarane hatt ei relasjon til IT-forum, men på ulike vis. Arbeidet i dette forskingsprosjektet er delt mellom forskarane på ein slik måte at vi i størst mogleg grad har unngått å komme for nære på dei personane og prosessane vi var kjende med frå før.

Innleiing

Sogn og Fjordane er eit ruralt fylke med spreidd busetnad og næringsstruktur. Fylket med knappe 110.000 innbyggarar, er likevel best i landet på viktige indikatorar knytt til helse, skule, sysselsetjing og eksportretta næringsliv1. Det er også eit fylke der det vert lagt vekt på å utnytte moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Fylket var blant dei første som kom i mål med elektroniske meldingar som samhandlingskanal i helsesektoren (Corneliussen, 2014). Meir enn 100 millionar kronar frå nasjonale utlysingar til breibandutbygging har blitt henta til fylket – meir enn noko andre fylke har klart å hente inn (Nesse & Skogseid, 2017). Internasjonale prosjekt med forankring i regionen har bidratt til å etablere både offentlege og private IT-verksemder (Skogseid et al., 2014). Det er fleire enn ei årsak eller drivkraft bak dei gode resultata i trivselsfylket, men ei av drivkreftene for å fremje teknologiperspektivet i fylket, er IT-forum Sogn og Fjordane (Ekström, Skogseid & Nesse, 2014).

Det finst fleire IT-forum rundt i landet, men ingen av dei har ei like langvarig historie, mangfaldig samansetning eller variert samfunnsengasjement som IT-forum Sogn og Fjordane. Her er IT-forum eit samarbeidsnettverk som famnar næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø (Ekström et al., 2014). Nettverket vart etablert i 1995, med utgangspunkt i ei forståing av IKT som sentralt for den framtidige samfunnsutviklinga, og med hovudmål å sikre at IT vart nytta på ein god måte i regionen, både for offentleg sektor og næringsliv. Det er eit frivillig nettverk, men likevel har det vist seg handlekraftig. På lista over høgdepunkt finn ein regionale prosjekt som har løfta heile regionen (Corneliussen & Hove, 2017), satsingar som har påverka nasjonale strukturar (Nesse & Skogseid, 2017), og det motsette; prosjekt som har sikra at regionen følgjer opp nasjonale målsettingar, særleg knytt til teknologibruk i offentleg sektor (Corneliussen, 2014). Ein finn også internasjonale prosjekt, som EU-prosjekt som knyter regionen til rurale område i andre land (Ekström et al., 2014). IT-forum Sogn og Fjordane har vorte kalla eit «mot-nettverk» som dels ville fremje fylket sine særlege behov, og dels møte politiske sentraliseringstendensar ut frå periferien sine behov (Larsen, Skogseid & Nesse, 2017).

Fleire har uttrykt ønskje om å etterlikna IT-forum Sogn og Fjordane. Ei av utfordringane som sette i gang dette prosjektet var difor spørsmålet om kva det er som gjer IT-forum til eit kraftfullt nettverk. Frå tidlegare forsking veit vi at eit av særtrekka i suksesshistoria frå IT-forum er samarbeid mellom aktørar frå ulike sektorar. Tidlegare studiar av IT-forum (t.d. Skogseid, Larsen, Skarbø & Ekström, 2014) har gjerne nytta eit nettverksperspektiv som vektlegg samarbeidet mellom ei heterogen gruppe aktørar, blant anna med vekt på ein «trippel heliks»-modell (jf. Etzkowitz, 2008), som inkluderer næringsliv, offentlege styresmakter og FoU-institusjonar, og med utgangspunkt i teoriar som vektlegg nettverket sin funksjonalitet (jf. Bergek et al., 2008). Dette gir ei innsikt i kva som gjer IT-forum til eit suksessfullt nettverk. Ei avgrensing er at dette perspektivet inviterer til å sjå på aktørane som private verksemder, offentlege etatar og FoU-institusjonar. Det er desse som er medlemmane i nettverket. Medan nettverksfunksjonaliteten er ei side av «suksessoppskrifta» som er relativt enkel å skissere, gir det ikkje eit fullgodt svar på korleis dei ulike aktørane vert knytt saman i nettverket i fyrste omgang. I dette kapitelet vil vi sjå nærare på enkeltindivida som er involvert i nettverket, gjennom forskingsspørsmåla: kva representerer IT-forum for dei involverte individa, og kva er drivkraft og motivasjon for engasjementet deira i IT-forum? Utgangspunkt for det første forskingsspørsmålet er at individa, ikkje berre institusjonar eller verksemder dei representerer, er viktige for å skapa aktivitet og resultat, og vi ønskjer å forstå meir av korleis desse erfarer IT-forum. Gjennom intervjua har vi også utforska korleis deltakarane erfarer forholdet mellom den regionale forankringa og aktivitet som rettar seg mot nasjonale og internasjonale arenaer. Som eit svar på den tematiske utfordringa for denne utgåva av Fjordantologien skal vi også stille spørsmål om korleis deltakarane har oppfatta IT-forum i høve nasjonale og internasjonale arenaer og aktivitetar.

For å finne svar på desse spørsmåla har vi intervjua ti personar som har vore involvert på ulike vis i IT-forum Sogn og Fjordane, for å lære meir om korleis dei oppfattar og forklarer kva det er som skapar aktivitet i ein slik tverrfagleg frivillig organisasjon som jobbar på tvers av kommunegrenser, geografiske område og sektorar.

Teoretiske rammer

Trippel heliks-nettverksteori og nettverksfunksjonalitet

Ifølgje tidlegare studiar finns noko av suksessoppskrifta for IT-forum i det heterogene samarbeidet – ei «trippel heliks»-samling av aktørar, som omfattar både privat, offentleg og FoU-sektor (Skogseid et al., 2014). I forskingslitteraturen vert det peika på samarbeid mellom næringsliv, FoU-verksemder og offentleg sektor som ein måte å auke verdiskapinga på. Trippel heliks-modellen (Etzkowitz, 2008) viser til tre spiralar som tvinnar seg rundt kvarandre: næringslivet, det offentlege og forskinga – eller handling, finansiering og kunnskap – tre faktorar som må til for å skape innovasjon. I eit nettverk er deltakarane gjensidig avhengige av kvarandre. Når dei samhandlar og det går bra med den eine, går det også bra med den andre, iallfall når ein ser det over tid. Nesse et al. (2016) meiner IT-forum har vist seg som eit døme på ein trippel heliks som har lukkast fordi næringslivet, det offentlege og forskinga har klart å samverke for å skape innovasjon og auka verdi saman, med og for kvarandre, i eit dynamisk økosystem for innovasjon (Larsen et al., 2017). Trippel heliks-biletet, med tre jamstore sektorar, passar likevel ikkje heilt på regionar som Sogn og Fjordane, som ikkje berre er tynt folkesett, men og «organisatorisk tynt» (Nesse, Skogseid & Larsen, 2016), med mange små bedrifter, få FoU-miljø og store avstandar. Ein effekt av dette i Sogn og Fjordane er at offentlege miljø alltid vert store samanlikna med dei fleste bedriftene i regionen.

Eit perspektiv som analyserer funksjonaliteten i nettverket, har vore sentralt i tidlegare studiar av IT-forum. Bergek et al. (2008) foreslår at dei sentrale funksjonane i eit nettverk er: 1) kunnskapsutvikling og spreiing i nettverket, 2) marknadsoppbygging for nye produkt, 3) det må byggast legitimitet for det nye for å sikre sosial aksept, 4) ressursar av ulike slag må mobiliserast, 5) det må skapast insentiv for at aktuelle aktørar skal ønske å delta, 6) det må vere entreprenøriell eksperimentering på gang, og 7) eit vellykka nettverk skapar verdi også for dei som ikkje er medlemmer. I tråd med denne modellen har Skogseid et al. analysert dei nemnde funksjonalitetane som «motoren i nettverket» (2014, s. 233). Dei konkluderer med at IT-forum er eit godt etablert nettverk med ei høg grad av funksjonalitet, særleg med tanke på insentiv, ressursar og positive verknader for eksterne aktørar, men også med tanke på legitimitet (ibid.).

Fokuset på samarbeidsaktørar og funksjonalitet kan vise oss nokre sentrale sider ved korleis IT-forum fungerer. Men vi er på jakt etter ei utvida forståing og vil derfor sjå på andre teoriar som handlar om nettverk og samarbeid i moderne samfunn, som også kan bidra til ei vidare forståing av kva som er limet og drivkrafta i IT-forum.

Noder i nettverkssamfunnet

Det moderne samfunn er eit nettverkssamfunn, ifølgje Castells, gjort mogleg av IKT: «a society whose social structure is made of networks powered by microelectronics-based information and communication technologies» (2004, s. 3). I dei endringane som skjer i nettverkssamfunnet, er informasjonsteknologi ei sentral drivkraft som skaper andre føresetnader for samhandling og kunnskapsdeling. Tilgang på teknologi aleine er ikkje tilstrekkeleg: den sosiale strukturen må også bli endra. Informasjonalisme, som Castells kallar desse endringane, har erstatta industrialismen:

Informationalism is a technological paradigm based on the augmentation of the human capacity of information processing and communication made possible by the revolutions in microelectronics, software, and genetic engineering. Computers and digital communications are the most direct expressions of this revolution (Castells, 2004, s. 9).

Medan informasjon og kunnskap har vore viktig i alle samfunn, er det noko nytt med nettverkssamfunnet, som ifølge Castells både sosialt og teknologisk er basert på informasjonsteknologi (2004). Informasjonalisme utgjer det materielle grunnlaget for det 21. århundres samfunn. Det skapar ein ny type økonomi, beståande av eit nettverk av sjølvprogrammerte og sjølvstyrte einingar, basert på desentralisering, deltaking og koordinering. Vi lever ikkje i McLuhans «Global village», seier Castells, men i lokale og i høgste grad eit samanknytt samfunn. Det er eit «Small-world»-nettverk – altså relativt små nettverk med tette forbindelsar mellom medlemmene (nodene), medan eit fåtal nøkkelnoder knyt nettverket til andre nettverk. Ein node får verdi gjennom nettverket, og ein node er viktig berre når den kan bidra til nettverket. Når den ikkje lenger kan bidra vert den irrelevant og forsvinn, og nettverket vert rekonfigurert. Som organisasjonsform er nettverket fleksibelt, det kan endre storleik, og det har stor grad av overlevingsevne, fordi det, lik som internett, er bygd utan eit sentrum og kan såleis ofre noda fordi andre kan ta over plassen (Castells, 2004). Medan tradisjonelle samfunn er organisert i hierarki med eit maktsentrum, er det moderne nettverkssamfunnet eit breiare og på mange måtar meir egalitært samfunn. På dette punktet har Castells vorte kritisert, mellom anna for at den egalitære samfunnsstrukturen han skisserer ikkje tek høgde for at det framleis er elitistiske og hierarkiske strukturar som dominerer på mange område eller for visse sosiale grupper – det egalitære gjeld ikkje alle (Wajcman, 2004). I Norge har vi framleis politiske, organisatoriske og næringsretta strukturer som i høg grad kan karakteriserast som hierarkiske. Avstand som vert skapt i slike elitistiske strukturar kan også bli forsterka av geografiske ulikskapar, t.d. det å vere eit ruralt fylke med avstand til det fysiske maktsenteret i Norge (Larsen et al., 2017). For vårt føremål er Castells si forståing av nettverkssamfunnet ei nyttig linse for å sjå noder og samarbeid som skjer utover trippel heliks-perspektivet sitt fokus på institusjonar.

Organisering utan organisasjonar

Samarbeid og verdiskaping som skjer utan hierarkiske organisasjonar vert også understreka av Shirky, som hevdar at ny teknologi gjer nye former for sosial- og gruppeaktivitet mogleg (2008). Nye kommunikasjonsverktøy endrar ikkje noko før dei vert så vanlege at mange nok tek dei i bruk. Då kan dei til gjengjeld vere med å endre samfunnet. Shirky illustrerer endring som skjer parallelt og på mange område i samfunnet etter kvart som fleire får tilgang til IKT. Til dømes har «alle vorte journalist» gjennom bloggar, og seinare også Facebook og andre sosiale medie-plattformer. Desse «Do it yourself»-fenomena, har fram til i dag i hovudsak fungert som tillegg til eksisterande mediehus. På nokre felt har derimot ny bruk av ny teknologi endra ikkje berre tenester som er tilgjengeleg, men også måten tenester vert produsert på. Til dømes vart eit av dei mest brukte oppslagsverka i dag – Wikipedia – bygd opp av frivillige som bidrog med det dei kunne mest om (Shirky, 2008). Operativsystemet Linux har på tilsvarande vis blitt bygd opp av frivillige programmerarar som bidrog med akkurat den programmeringsbiten dei var best på. Store resultat og komplekse system blir med andre ord skapt ved at frivillige bidreg med akkurat det dei er gode på – fordi dei vil. Raymon har forklart dette som skilnaden på ein katedral – ei topp-ned-organisering – og ein basar – ein vrimlande marknadsplass, der likeverdige kjøpmenn tilbyr sine nisje-produkt (1999). I basaren og når enkeltindivid bidreg med akkurat det dei er best på, oppstår ei heilt anna form for effektiv verdiskaping enn i tradisjonelle organisasjonar.

Desse ulike forståingane av samarbeid, nettverk og verdiskaping har vore sentrale for vår analyse av IT-forum og drivkreftene i dette frivillige nettverket som vev saman både institusjonar og personar.

Metode

Intervju med enkeltpersonar involvert i IT-forum

Vi har intervjua ti personar, sju menn og tre kvinner, som har vore engasjert i eller gjennom IT-forum mellom 1995 og 2017. Dei utvalde har, eller har hatt, ulike typar av verv i styret, i tematiske arbeidsgrupper eller på anna vis vore involvert i IT-forum, og vart valt ut for å sikre at ulike erfaringar blir synleggjort. Målet med intervjua var å oppnå ei djupare forståing for nettverket ved å bli kjent med enkeltindivida og deira oppfatning av nettverket og si eiga rolle i det. Vi har nytta kvalitative forskingsintervju, som med Kvale og Brinkman sine ord, «søker å forstå verden sett fra intervjupersonens side», og der det er et mål å «få frem betydning av folks erfaringer og å avdekke deres opplevelse av verden, forut for vitenskapelige forklaringer» (2009).

Vi brukte ein semistrukturert intervjuguide under intervjua, der vi spurte informantane om deira engasjement og rolle i IT-forum, erfaringar, synspunkt og opplevingar knytt til IT-forum. Intervjua tok mellom 30 og 60 minuttar, blant anna avhengig av kor omfattande engasjement den enkelte hadde hatt. Alle sitata i neste del er henta frå intervjua. Informantane blir anonymisert ved at vi ikkje koplar saman ulike uttalar, og heller ikkje nemner rollar dei enkelte har hatt verken i eller utanfor IT-forum.

Diskursteori og grounded theory som analytisk og metodisk tilnærming

Intervjua vart transkribert og analysert i lys av ei diskursteoretisk forståing av meiningskonstruksjon, og med metodisk tilnærming henta frå ein grounded theory-strategi, basert på koding av intervjuet som tekst. Diskursteori ala Laclau og Mouffe gir eit rammeverk for å stille inn forskar-linsa til å bli merksam på korleis kulturell meining vert konstruert, utfordra og forhandla om, gjennom språklege praksisar og måtar vi vel å italesetje erfaringar og synspunkt. Ei kvar utsegn har potensial til å skape ny meining og utfordre eksisterande hegemoniske diskursar (Laclau & Mouffe, 1985). I dette biletet er individa handlande aktørar som bidreg til å forma dei kulturelle forståingsrammene som dei er i kontakt med.

Medan diskursteori ga den epistemologiske ramma for å fortolke intervjua, var grounded theory ein analysestrategi som guida sjølve analyseprosessen. Vi koda intervjua manuelt i små einingar, før vi peikte ut dei mest sentrale kodane, organiserte dei i grupper og utvikla analysen gjennom notat som utdjupa kodane (Charmaz, 2006).

Sekundærkjelder

Eit sentralt trekk ved grounded theory er å anerkjenne at «alt du veit» (jf. Glaser, 2002) er ein del av analysen, fordi det har innverknad på korleis noko vert tolka. Dette gjeld også tidlegare forsking, og Charmaz understrekar at ein må vere bevisst på at andre teoriar eller forskingsresultat også kan vere ein del av forskaren sin bakgrunnsinformasjon – som «points of departure» og «sensitizing concepts» (2006, s. 16). I vårt tilfelle har vi nytta dette bevisst, ved at tidlegare forsking på IT-forum har blitt handsama som ein del av det empiriske materialet vi nyttar for å auke forståinga vår. Vi nyttar soleis sekundærkjelder frå ein litteraturstudie og frå offentlege databasar og kjelder som forklarar og dokumenterer aktivitet i og omtale av IT-forum, og som soleis også bidreg i forståinga av utsegner frå dei ti intervjua.

Tre forteljingar om IT-forum: organisasjon, samarbeidsnettverk og møteplass

I denne delen presenterer vi funna frå analysen, med vekt på tre perspektiv på kva IT-forum representerer i informantane sine forteljingar, knytt til kodane som vaks fram av analysen: «organisasjon», «samarbeidsnettverk» og «møteplassen». Det vi er på jakt etter her er dei involverte aktørane si forståing av engasjement, drivkraft og utbytte av aktivitetar i nettverket. Dei ulike fortellingane involverer ulike aktørar, mål og arbeidsmåtar, og det er desse tre fortellingane som er utgangspunkt for presentasjonen av analysen nedanfor.

Organisasjon og den daglege drivkrafta

Organisasjonen IT-forum har fleire nivå: representantskapen, styret, sekretariat og arbeidsgrupper (Ekström et al., 2014). Representantskapen – altså verksemder og institusjonar som formelt er medlem i nettverket, vart i liten grad nemnt i intervjua, men både styret og styreleiar, som vert valt av representantskapen, vart vektlagt som sentrale, saman med sekretariat. Særleg styret og styreleiar var viktig for å halde saman den lause og frivillige strukturen, som ein seier: «Det er stort sett ei indre kjerne som driv ting», og det har vore «avgjerande at den som var leiar var aktiv». Styret vart i starten handplukka frå sentrale offentlege etatar i fylket, og det var ikkje kven som helst: «det handlar om personar meir enn organisasjonar … vi plukka folk som vi sa skulle vera i leiarposisjon» for å sikre handlekraft. Dei utpeika kunne sjå det som «naturleg» at dei vart valt, t.d. fordi dei var arvtakar til ei bestemt yrkesrolle, eller fordi dei hadde ei bestemt posisjon med status i regionen, slik t.d. Fylkesmannen og KS fungerer som knutepunkt for mindre einingar i heile fylket.

Den indre kjerna i IT-forum har altså i stor grad vore utvalde personar med sentrale posisjonar i ulike organisasjonar. Desse posisjonane var også viktige å utnytte: «Det å sitte med kontaktpersonar inne i det politiske og administrative systemet er ganske viktig». Samstundes er styremedlemmane ikkje primært representantar for sine verksemder, men for fylket: «aktørane har ikkje ei eigeninteresse når dei trør inn i IT-forum-sfæren, då trør dei ut av rolla si og tenkjer ‘kva er det viktige for samfunnet, det offentlege og næringslivet?’»

Det å engasjere næringslivet har vore ei utfordring frå starten, og ein seier «Vi var kanskje ikkje så næringsretta som vi meinte vi var». Ein annan seier: «Vi har ikkje klart å selje det inn» til næringslivet, og forklarar: «både fordi små gründermiljø ikkje er ei homogen masse, dei har gjerne andre nettverk dei deltek i, og så har vi ikkje klart å overtyde om kvifor dei skal engasjere seg i eit nettverk gjennom IT-forum». Dei store verksemdene er gjerne del av nasjonale eller internasjonale konsern, som gjer dei mindre aktive i regionale spørsmål, medan dei små verksemdene har avgrensa ressursar for å delta i nettverkssamarbeidet: «Det handlar om at det må drivast av dei private bedriftene, og det er vanskelegare for dei å setje av tid og ressursar til å dra dette». Det har også «vore enklare å engasjere kommunar, som 26 nokolunde like organisasjonar», enn private verksemder, fordi desse er så «forskjellige og vil være ekspertar på sine små nisjar».

Sekretariatet er ei rolle i hovudsak fylt av Vestlandsforsking, men i periodar godt støtta av sekretariatsmedlemmar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (1995–1999), Høgskulen i Sogn og Fjordane (2000–2001) og Lotteri- og stiftingstilsynet (2006–2010). Fleire peikar på sekretariatet som ei avgjerande støtte til leiarar, men og for å gjere styret sitt arbeid enklare og å sikre kontinuitet: «det gjer at me slepp å vera eit arbeidande styre». Frå leiar sitt perspektiv har det derimot også bydd på frustrasjon at styret er lite aktivt. Den viktigaste rolla til styret har likevel vore at dei ulike aktørane møter kvarandre, blir kjent med relevante aktivitetar og tek strategiske val om kva IT-forum skal engasjere seg i: «om du har ei kjerne som er særleg aktiv, så må du halde dei andre informert».

Eit punkt som vart vektlagt av fleire i omtalen av dei meste aktive bidragsytarane, var at det ikkje berre skulle vere arbeid, men og samhald og felles moro, slik at folk skulle orke å delta i dette dugnadslaget. Eit viktig verkemiddel, både for å halde motivasjon oppe, men òg for å lære frå andre, har vore studieturar til utlandet. Dei har blitt arrangert med to til fire års mellomrom, t.d. til Brussel, Lyon, San Francisco, Bangalore og sist, i 2017, til Tallin. Ein liknande funksjon ser det ut til at tidlegare EU-prosjekta ha hatt, ved å gi koplingar til internasjonale IT-miljø og liknande rurale regionar i andre land. Dei første internasjonale prosjekta synest på mange måtar å ha pusta liv i IT-forum, ved å sikre ikkje berre økonomi, men også interesse og fellesskap sterkt nok til å bere nettverket vidare.

I tillegg til styret var det i dei tematiske arbeidsgruppene at prosjekt og konkrete aktivitetar vart følgd opp. Dei måtte levere og fekk ikkje lov å sove – då vart dei lagd ned. Eit sentralt prinsipp i arbeidsgruppene var at alle skal med. Eit døme er skulenettverket, som både nytta regionsnettverk for å nå alle, og var involvert i prosjekt som knytte saman alle kommunane: «det var ein vanvitig prosess å få alle kommunane til å vere einige om at dei skulle bidra med finansiering … Det var ein stor jobb og ein god del mekling». Til gjengjeld vart det skapt ei felles fagleg plattform på tvers av kommunar og skuleslag.

Erfaring frå ei anna arbeidsgruppe viser korleis engasjementet frå dei involverte fungerte som eit lim i gruppa:

[IT-forum] er ein overordna struktur, men motivasjon og engasjement skjer i arbeidsgruppa som er under, i måten den arbeidsgruppa er satt samen på. Her er det folk som vil noko og ein bidreg med den kompetansen og det engasjement ein har, og hentar ut så mykje som mogleg for å bruke det i eigen organisasjon.

Sjølv om arbeidsgruppene sine prosjekt omfattar fleire einingar og har målsettingar som gjeld delar eller heile fylket, er samband mellom representantane sine eigeninteresser og arbeidsgruppene sine mål meir tydeleg enn i forteljingane om styret. Samstundes er arbeidsgruppene lausare – dei er i liten grad bindande for deltakarane: «Det er ein uvant måte å jobbe på for meg, for det er ein ganske laus struktur, men når den fungerer, så fungerer den veldig godt, fordi dei som er der vil faktisk noko». Her vert det peika på ein karakteristikk som går igjen i dei fleste intervjua: dei som «vil noko» er dei som driv fram arbeidet i nettverket: «Det er ein ‘gerilja-organisasjon’ i sin ideologi, den er ikkje representativ og det er ikkje slik at alle skal representerast, men vi tar med dei som vil noko, og dei som ikkje ville noko fekk ikkje vere med». Dei som vil noko er i liten grad verksemder eller institusjonar, men folk: «Alt er personavhengig. Ein kan ha intensjonar og mål så mykje ein vil, men dersom det ikkje sit folk som brenn for ting, så får vi det ikkje til». Også det motsette kan vere tilfelle, og ein fortel om eit prosjekt som «stogga på grunn av enkeltpersonar som ikkje vurderte det til å vere viktig nok til å støtte vidare». Som vi ser gjennom eksempla vert enkeltpersonar, ikkje organisasjonar, oppfatta som det viktigaste for å drive aktivitet i arbeidsgruppene.

Samarbeidsnettverk

Den neste forteljinga handlar om samarbeidet som eit mot-nettverk i ein region som ligg langt unna det nasjonale maktsenteret i Oslo: «Det sit ingen på Austlandet og tenkjer på Sogn og Fjordane». Denne forteljinga har, i likskap med den første, ei sterk regional forankring, og samarbeidet er motivert av at «ein har eit felles mål om å gjere Sogn og Fjordane god» og til å auke fokus på IT som ein «avgjerande ting for å kunne fungere i eit moderne samfunn».

Eit sentralt trekk ved dette mot-nettverket er trippel heliks-samarbeidet mellom privat, offentleg og FoU-sektor, som tidlegare er analysert av fleire (Nesse, Larsen & Skogseid, 2017; Nesse, Skogseid, Skarbø & Larsen, 2014; Skogseid et al., 2014). Denne trippel heliks-samansettinga blir synleg i intervjua når det regionale samarbeidet vert omtala: «IT-forum representerer eit viktig samarbeid på tvers av offentleg sektor og privat næringsliv, og høgskule og andre». Det er dette overliggande nettverket for samarbeid som skapar meirverdi for dei små einingane i fylket. IT-forum fungerer som «småkommunane sine forsvarsadvokatar», seier ein, og fleire meiner at samarbeidet samlar fylket på måtar som ingen andre enkeltaktørar klarer.

Ein av grunnane til at dei mange og ulikarta einingane kan delta i samarbeidet, er at IT-forum vert oppfatta som «ein ufarleg og nøytral aktør». IT-forum sin karakter – det frivillige, ein samarbeidsarena, ei mot-makt til sentralisering, men ikkje i seg sjølv ein makt-arena – trugar ikkje deltakarane sine interne maktstrukturar. Det er også eit samarbeid som «løftar seg over fogderi-stridene» og andre stridsliner:

Eg trur ikkje vi hadde komme så langt i forhold til breibandutbygginga, dersom ein ikkje hadde hatt IT-forum og dei nettverka ein kan spele på der. Då vart ting løfta opp på eit leiarnivå, og ein kom bort ifrå desse regionsstridene som fort blir i slike saker. Naboar er ikkje alltid like einige, og det gjeld i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, trur eg. Ein fekk eit forum som gjekk på tvers av det.

Prosjekt knytt til offentleg sektor, særleg omkring auka bruk av teknologi i helsesektoren, har vore viktig for IT-forum i ei årrekkje (Corneliussen, 2014; Corneliussen & Hove, 2017; Larsen & Corneliussen, 2016; Larsen & Skogseid, 2012). IT-forum vert oppfatta som ein utløysande faktor i dette arbeidet, og ein informant foreslår at prosjekta innan e-helse som har famna om alle kommunane i fylket «ikkje hadde blitt så store om ikkje dei vart kanaliserte gjennom IT-forum». Fleire viser til nettopp det heterogene samarbeidet som ein «viktig arena for å belyse alle dei ulike sidene», noko som er sentralt for å meistre komplekse prosjekt som t.d. nye måtar å bruke IT på i offentlege helsetenester.

Breiband til krikar og krokar av fjordfylket er ei anna stor og vellukka satsing koordinert gjennom IT-forum. Dette samarbeidet har mellom 2014 og 2017 henta inn svimlande 114 millionar kronar frå den nasjonale potten med midlar til utbygging av breiband – meir enn noko anna fylke i landet. Også på dette feltet har offentleg sektor vore sentral, med fylkeskommunen i spiss og invitasjon ut til alle kommunar. I dette prosjektet har privat sektor vore meir synleg, og saman har privat og offentleg sektor bidratt med like store summar som det som vart henta frå nasjonalt hald (Nesse & Skogseid, 2017). Det er regionen som er målområdet for denne satsinga, men arenaen ein jobbar på er nasjonal, og nøkkelpersonar i breibandsatsinga var sentrale i å etablere «det nasjonale breibandrådet, som er ein lobbyorganisasjon for å få pengar til breiband». Satsinga på breiband til utkantbygder og grender er også truleg det som har gjort IT-forum mest synleg i og utanfor Sogn og Fjordane, trur fleire, fordi det angår folk flest i små bygder og utkantstrok som utan ei slik satsing ville ha måtte vente lenger på å få breiband.

Tidlegare studiar av nettverket viser at det er ein særleg sterk dominans av offentleg sektor i fylket (Nesse et al., 2017). Dette vart også nemnt i intervjua, og fleire meiner at det i dei seinare åra har blitt meir vekt på det offentlege i IT-forum sitt arbeid. Kanskje «det heng saman med det beinet som heiter velferdsteknologi», foreslår ein, medan ein annan meiner at sjølve samarbeidsstrukturen er i endring: «nettverksbygginga på tvers av det offentlege og private, den ser eg ikkje meir». Likevel er det det heterogene samarbeidet som vert framheva som drivkrafta i nettverket. Samarbeidet styrkar einingane slik at «det umogelege» eller ting vi «ikkje hadde trudd vi skulle få til», vert gjort moglege. Mønsteret i samarbeidet vert også utanfor IT-forum referert til som «Sogn og Fjordane-modellen»2: «det at alle dei relevante aktørane samlar seg, definerer felles mål og problemstillingar og trekker i lag for å løyse problemstillingane». Det er denne modellen som skil det regionale samarbeidet i Sogn og Fjordane frå liknande i andre deler av landet: «Det er fleire som snakkar om Sogn og Fjordane-modellen – det er vel andre som får til det også, men det har vært viktig. Slik som til dømes med breiband og velferdsteknologi, at det er ingen andre som har fått fylkesdekkande [aktivitet]». Det kraftfulle i dette samarbeidet skapar til og med superheltar: «Iblant går eg rundt i gatene som ein heilt vanleg borgar. Men så tek eg på meg IT-forum-hatten, og då føler eg meg som ein superhelt, for då får vi til så utruleg mykje», seier ein av dei involverte.

Møteplass for IT-folk

Ein av dei mest verdsette sidene ved IT-forum, er møteplassen for IT-folk i fylket. Små einingar i fylket betydde at det var få IT-folk i den enkelte verksemd eller kommune. Dei møteplassane som vart skapt gjennom IT-forum, særleg med den årlege IT-forum-konferansen mellom 1996 og 2014, gav eit kollegialt fellesskap på tvers av dei mange små einingane:

Vi var ikkje så mange IT-folk i Sogn og Fjordane, så det handla om å prøve skaffe seg møteplassar og arenaer … for å møte andre IT-folk i fylket. … Vi trefte våre IT-faglege kollegar i dei fora der [IT-forum]. Og så kom vi i kontakt med IT-folk frå andre delar av bransjen og hadde ein del spennande føredrag. Det var stort sett konferansen det gjekk i den gongen.

Når møteplassen vert omtala er det for IT-folk og det er i stor grad enkeltpersonar som har delteke på møteplassen, der dei delte fagkunnskap og støtta kvarandre: «Dette er ein møteplass der ein både kan hente inspirasjon og forsøke å bidra litt sjølv også». Dei fleste var truleg engasjert ut frå den verksemda dei representerte, men det var det faglege fellesskapet som handla om IT og som gjekk på tvers av einingane som vert hugsa. Ein som hadde vorte peika ut til å representere si verksemd på IT-forum-konferansen understreka at han også var interessert: «Eg hadde reist uansett om eg ikkje hadde blitt peikt på. … IT-forum er vel det næraste eg kjem ein bransjeorganisasjon. Dette er den einaste der eg blir skikkeleg glad for å sjå programmet for konferansar og slikt, fordi det interesserer meg».

Det var IT-forum-familien som møttest på konferansane. Kjennskap og vennskap var viktig: «Det har ein verdi å kjenna kvarandre, det er ein berikelse å kjenne mykje folk og ha brei kontaktflate». Og det same er viktig for strategisk samarbeid, og bidreg til å gjere forankringsarbeid lettare når nye tverrgåande prosjekt skal etablerast, fordi ein «slipp bli-kjent-biten».

I eit fylke med mange små einingar har altså IT-forum som møteplass hatt stor verdi for både enkeltpersonar og verksemder som jobbar med IT. Men møteplassen finst ikkje lenger, meiner fleire, og det er eit stort sakn: «ein saknar møteplassen. Det er ikkje innlegga og dei frå det store utlandet og toppane. Det er ikkje dei du saknar. Du saknar møteplassen!» I staden for ein eigen konferanse vart IT-forum-konferansen frå 2015 fusjonert inn i Næringsdagane, som vert arrangert i samarbeid med ei rekkje andre aktørar, men det er ikkje det same: «Det synest eg var ein nedtur at den vart erstatta av denne konferansen som er heilt noko anna og med heilt andre folk»; «Eg har ikkje vore på dei konferansane som har vore laga no i seinare tid, for eg ser ikkje heilt min plass i det».

Diskusjon

Haltande trippel heliks- og blomstrande «small world»-nettverk

I førre del såg vi at dei tre bileta av IT-forum, som ein organisasjon, eit samarbeidsnettverk og ein møteplass, involverer aktørar på ulike måtar. Alle ser ikkje alt og derfor vert også IT-forum oppfatta ulikt.

Når vi ser på korleis nettverket er organisert, finn vi i styret ei klar trippel heliks-utforming, basert på medlemmene i representantskapen. Likevel skil styret seg frå fylket sine eigne karakteristikkar: det er nemleg ikkje dei små private verksemdene som det finst så mange av i fylket som er representert i styret, men dei store, som sparebankar, energiselskap og næringsnettverk. Det er samfunnsansvar og regionale interesser som motiverer til deltaking, og samarbeidet er heva over fogderistrid. Styret har også ein anna karakteristikk: det representerer eit «small world»-nettverk av nøkkelpersonar frå nøkkelverksemder. Nøkkelpersonane er ikkje tilfeldig valte, men nettopp fordi dei kan fungere som nodar som skapar samband til andre nettverk. Medan dei fleste representerer sterke hierarkiske organisasjonar (t.d. Fylkesmannen), er IT-forum i seg sjølv eit meir egalitært nettverk a la Castells sin teori. Den enkelte noden må ha ein konkret verdi for nettverket, og ho kan bytast ut dersom ho ikkje har det. På same vis kan deler av IT-forum-nettverket bytast ut når det ikkje lenger har verdi for nettverket, slik arbeidsgrupper vart avvikla dersom dei vart inaktive.

Samarbeidsnettverket er i hovudsak arbeidsgruppene som står for dei konkrete prosjekta. Dette engasjerer einingar frå ulike sektorar, meir enn enkeltpersonar. Dei har regionale mål, og mange deltek og løfter heile fylket, samstundes som dei ofte spelar på ein nasjonal arena, med læring utveksla både til og frå fylket. Ei av drivkreftene er den motivasjonen som sjølve samarbeidet gir – den meirverdien som vert skapt for dei elles små einingane. I samarbeidsnettverket er offentleg sektor, saman med FoU-institusjonar, dominerande. Med unntak av breibandsarbeidet er næringslivet lite aktiv i dei aktive prosjekta og samansetninga her har mindre preg av trippel heliks-modellen.

På møteplassen er det private næringslivet meir synleg, dels gjennom verksemder, men kanskje mest ved å fungere som ein møteplass for IT-folk frå fylket. Ein kan seie at trippel heliks-modellen vart oppfylt her, men dei som deltok var meir fagfolk på jakt etter kollegar, og møteplassen var prega av enkeltpersonar, av vennskap, kjennskap og familie-metaforen, meir enn verksemder og institusjonar. Det er regionen som står i fokus for møteplassen, som ei erstatning for mindre tilgang til fagfora i dei nasjonale sentra. Møteplassen vart dermed også ein arena for å hente inn kunnskap frå utsida.

Skal vi oppsummere kva som gir drivkraft og motivasjon i IT-forum er det eit fint samspel mellom på den eine sida det ueigennyttige, felles mål og samfunnsansvar, og på den andre sida den verdien og styrken som samarbeidet gir til deltakarane og til dei mange små einingane i fylket. Ikkje minst skapar IT-forum ei samarbeidsplattform som gjer at nye satsingar lettare kan forankrast og etablerast på tvers av verksemder, sektorar og kommunar.

Regionalt forankra med nasjonalt og internasjonalt engasjement

Når det gjeld informantane sine erfaringar av dei ulike geografiske nivå heng dette tett saman med kva aktivitetar dei sjølve har vore involvert i. «Vi er gode på det regionale og det internasjonale, men ikkje så gode på det nasjonale», sa ein av dei involverte, medan andre la vekt på nettopp nasjonale resultat. Sjølv om IT-forum heile tida har vore regionalt forankra, har nasjonale mål og internasjonalt samarbeid vore sentralt for ulike delar av organisasjonen, og har derfor i ulik grad vore synleg for dei involverte. Mykje av aktiviteten i IT-forum går under radaren for dei fleste som ikkje er direkte involvert, og det er truleg også illustrerande for korleis IT-forum generelt vert oppfatta i fylket. Nokre av dei mest synlege aktivitetane, særleg breibandsatsinga, har i stor grad fått definere det offentlege biletet av nettverket, medan få andre enn dei som har delteke i den internasjonale aktiviteten kjenner til denne. Som nemnt var det likevel nettopp store EU-prosjekt som var med å lage ein solid grunnmur for IT-forum.

Konklusjon: eit nettverk etter Sogn og Fjordane-modellen sin logikk

Kva er limet i IT-forum Sogn og Fjordane? Kan vi gi ei oppskrift for korleis eit vellukka tverrsektor-nettverk fungerer? Først vil vi understreke at det finst ei rekkje ulike forteljingar om IT-forum. Nokre mønstre peikar seg ut i intervjua, men samstundes viser variasjonar i forteljingane til dei ti informantane at det også finst ulike forståingar av kva IT-forum er, kva det har vore og kva det er ønskjeleg at det skal vere i framtida. Ved å analysere intervjua gjennom ei linse av ulike forståingar av nettverkssamarbeid og det moderne informasjonssamfunnet, ser vi fleire sider ved IT-forum enn dei tidlegare funksjonsanalysane set søkjelys på (Skogseid et al., 2014). I informantane sine forteljingar er IT-forum soleis ikkje éin, men (minst) tre ting, med ulike mønstre av motivasjon og deltaking. Det er eit styringsorgan, som for å lykkast, må ha ei god samansetning av nøkkelpersonar frå sentrale einingar – nøkkelnodar som kan knyte nettverket til andre nettverk. Dernest er det eit samarbeidsnettverk som skapar ei plattform for samarbeid mellom einingar, verksemder, institusjonar som i utgangspunktet kan vere ulike og ha ulike interesser, så lenge den eine fellesinteressa – å gjere Sogn og Fjordane til eit fylke som er god på IT – står i førarsetet. Til sist er det ein møteplass, der IT-folk som enkeltpersonar eller som representantar for ei lita IT-avdeling i ein kommune eller ei lita IT-verksemd, skapar kjennskap, vennskap og alliansar. Sosiale grupper som vert utvida til sosiale nettverk (Wellman, 2004) er eit av særprega ved det moderne samfunnet. Nettverkssamarbeidet har likskap både med Shirky sin tanke om «organisering utan organisasjon» (2008) og Raymond sin marknadsplass (1999). Det lause frivillige nettverket er basert på at folk vil delta (jf. Shirky), og eigne og felles mål veks saman. Styrken i at mange ueinsarta aktørar deltek med sin nisjekunnskap gir meirverdi: det er marknadsplassen sin logikk som skapar verdi (jf. Raymond), saman med lærdommen om at det er dei som er mest ulik deg sjølv som utgjer dei mest verdifulle knutepunkta i nettverk når komplekse oppgåver skal løysast (Shirky, 2008). I IT-forum vert dette synleg som eit samarbeid mellom eit stort mangfald av aktørar frå ulike sektorar og fagområde.

Medan tidlegare studiar har hatt hovudfokus på trippel heliks-samarbeidet mellom private, offentlege og FoU-einingar, og funksjonsanalysar av samarbeidsnettverket, er det altså sentralt å sjå mangfaldet i aktivitetsnivå og alliansar som vert skapt gjennom IT-forum, ikkje berre mellom organisasjonar, men og mellom individ. Dei ulike forteljingane er alle forankra i regionen, men spelar på ulike vis mot det nasjonale og det internasjonale. Færre internasjonale prosjekt i seinare tid har gjort koplinga til det internasjonale nivået mindre synleg. Samstundes har koplinga til det nasjonale nivået vorte meir synleg, gjennom prosjekt med mål der offentleg sektor dominerer. Når møteplassen har blitt borte og offentleg sektor har vorte meir dominerande, er kanskje ikkje trippel heliks den mest presise karakteristikken av dette nettverket lenger. Men at IT-forum har ei framtid i regionen er informantane einige i, til tross for ei føreståande regionreform som skal resultere i eit større Vestlandsfylke: «Sogn og Fjordane blir nedlagd i 2020, og kva som skjer då? Jo, eg trur det, så lenge ein har små kommunar og problem som må løysast er det er mange bitte små einingar som treng eit nettverk og samarbeid».

Tilbake til oppskrifta på eit vellykka IT-forum: kva må andre gjere for å etablere eit slikt samarbeidsnettverk? Dei må sjå på funksjonalitetsanalysar av nettverket og dei sju punkta vi presenterte tidlegare (Skogseid et al., 2014). Men dei må også lage grobotn for det usjølviske samarbeidet rundt samfunnsansvar, dei må dyrke marknadsplassen sin logikk og det må skapast møteplassar. Det må etablerast prosjekt som løyser regionale utfordringar og der den frivillige og fleksible geriljaorganisasjonen kan samle aktørar som løftar i lag. Og dei er i mål når dei gir deltakarane ein følelse av å vere superheltar!

Referansar

Bergek, A., Jacobsson, S., Carlsson, B., Lindmark, S., & Rickne, A. (2008). Analyzing the functional dynamics of technological innovation systems: A scheme of analysis. Research Policy, 37(3), 407–429.

Castells, M. (2004). Informationalism, networks, and the network society: a theoretical blueprint. In M. Castells (Ed.), The network society: A cross-cultural perspective (3–45). Northampton, MA: Edward Elgar.

Charmaz, K. (2006). Constructing grounded theory: A practical guide through qualitative research. London: Sage Publications Ltd.

Corneliussen, H. G. (2014). Meldingsløftet Sogn og Fjordane – Små og tett på! (Vestlandsforsking-rapport nr. 8/2014) https://www.vestforsk.no/nn/publication/meldingsloftet-sogn-og-fjordane-sma-og-tett-pa.

Corneliussen, H. G., & Hove, M. H. (2017). New Technology in Norwegian Municipalities' Health Care Services: Experiences in Small Rural Municipalities. In S. Martinez, A. Budrionis, A. Bygholm, M. Fossum, G. Hartvigsen, M. Hägglund, C. E. Moe, E. Thygesen, V. Vimarlund, & K. Y. Yigzaw (Eds.), Proceedings from The 15th Scandinavian Conference on Health Informatics 2017 Kristiansand, Norway, August 29–30, 2017 (1–7): Linköping University Electronic Press.

Ekström, F., Skogseid, I., & Nesse, J. G. (2014). Innovasjon i Sogn og Fjordane – vilkår og barrierar. Funksjonell analyse av IT-Forum Sogn og Fjordane: Vestlandsforsking notat nr. 9/2014.

Etzkowitz, H. (2008). The triple helix: university-industry-government innovation in action. New York and London: Routledge.

Glaser, B. G. (2002). Constructivist grounded theory? Forum qualitative sozialforschung / Forum: Qualitative social research, 3(3), Art. 12.

Laclau, E., & Mouffe, C. (1985). Hegemony & socialist strategy. Towards a radical democratic politics. London: Verso.

Larsen, Ø. H., & Corneliussen, H. G. (2016). An Informal Multi-Stakeholder Network as a Collaborative Strategy Tool in e-Health. Proceedings from IADIS, eHealth conference 2016.

Larsen, Ø. H., & Skogseid, I. (2012). Electronic Interaction in Health Services and Organizational Change – Lessons from the Norwegian County of Sogn & Fjordane. IADIS International Journal on WWW/Internet, 10(1), 65–78.

Larsen, Ø. H., Skogseid, I., & Nesse, J. G. (2017). Mot-nettverk som ei kraft i perifere innovasjonsøkosystem. In J. G. Nesse (Ed.), Innovasjonsøkosystem (69–88). Bergen: Fagbokforlaget.

Nesse, J. G., Larsen, Ø. H., & Skogseid, I. (2017). Konklusjonar og tilrådingar. In J. G. Nesse (Ed.), Innovasjonsøkosystem (285–297). Bergen: Fagbokforlaget.

Nesse, J. G., & Skogseid, I. (2017). Datagrunnlaget for boka. In J. G. Nesse (Ed.), Innovasjonsøkosystem (49–60). Bergen: Fagbokforlaget.

Nesse, J. G., Skogseid, I., & Larsen, Ø. H. (2016). Verktøykasse for strategisk arbeid med innovative nettverk (VF-Rapport 9-2016)

Nesse, J. G., Skogseid, I., Skarbø, K., & Larsen, Ø. H. (2014). Innovasjon i Sogn og Fjordane – vilkår og barrierar (Vestlandsforsking VF rapport 3/2014)

Raymond, E. (1999). The Cathedral and the Bazaar. Philosophy & Technology, 12(3), 23.

Shirky, C. (2008). Here Comes Everybody. The Power of Organizing without Organizations. New York: Penguin Press.

Skogseid, I., Larsen, Ø. H., Skarbø, K., & Ekström, F. (2014). Tango for tre – korleis kan innovative nettverk vekse fram i rurale strøk? In Ø. Strand, E. Nesset, & H. Yndestad (Eds.), Fragmentering eller mobilisering? Regional utvikling i Nordvest – Fjordantologien 2014 (195–237).

Wajcman, J. (2004). TechnoFeminism. Cambridge: Polity Press.

Wellman, B. (2004). The glocal village: Internet and community. Idea&s: The Arts & Science Review, 1, 26–29.

1 https://statistikk.fylkesatlas.no/ Sjå Fylkesspegelen for tilrettelagt data for Sogn og Fjordane der tema mellom anna er folketalsutvikling, kommuneøkonomi, opplæring, klima, helse og sysselsetjing, med data frå SSB, NAV, Norsk forskningsråd m.fl.
2 https://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Nyhende/2018/01/Sogn-og-Fjordane-modellen-skapar-gode-samfunn/

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon