Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

5. Staden som topos i ungdomsskuleelevars argumentasjon

Førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Høisæters forskingsinteresser er retorikk, munnleg kommunikasjon, argumentasjon, sakprosa, vitskapsspråk og skriveopplæring.

Mange samfunnsspørsmål har globale og nasjonale dimensjonar, men motivasjonen for å delta i samfunnsdebattar kan bli større om ein kan forankra debatten i lokale tilhøve. Dette kapittelet er ein topologisk analyse av korleis elevar i ungdomsskulen nyttar kunnskapar om lokalmiljøet sitt i ein debatt om oljeutvinning. Analysegrepet er å sjå på bruken av ulike stads-topoi (innhaldselement knytt til stader) i argumentasjonen. Analysen av debatten dreier seg både om korleis elevane nyttar spesielle topoi (sakkunnskap om nærmiljøet) og generelle topoi (måtar å ordna argumentasjonen knytt til stader) i debatten. Dei spesielle topoia som blir undersøkte, er kunnskap knytt til arbeidsplassar, heimstaden som turiststad, som handelstad, og argument knytte til bruken av havet. Dei generelle ordens-topoia som blir undersøkte, er bruken av analogi, årsak–verknad, dikotomiar og polarisering. Eit sentralt funn er at elevane i stor grad forstår dei sosioøkonomiske forholda knytte til spørsmålet om oljeutvinning i nærregionen ved å sjå på kva konsekvensar utbygging eller ikkje utbygging vil få for det lokale kjøpesenteret, og at dei på den måten i stor grad forankrar forståinga si av utbyggingsspørsmålet i det nære og kjente.

Nøkkelord: argumentasjon, topos, topologi, klasseromdebatt

Many societal issues have global and national dimensions, but the motivation for participating in community debates can be greater if one can root the debate in local ratio. This article gives a topological analysis of the way students in elementary school utilize the knowledge they have of their local community in a debate about oil exploration in the north. The analysis reveals the use of special topoi (expertise about the local community) and general topoi (the ways in which the argumentation is structured) in the debate. The special topoi examined are knowledge of workplaces, tourist attractions and shopping in the local community, and knowledge of the surrounding sea. The general, structuring topoi examined are the use of analogy, causality, dichotomies and polarization. A central finding is that to a large degree the students understand the socioeconomic conditions of the issue of oil extraction in close proximity to their home place by looking at the consequences that oil production could have for the local shopping centre, and that in this way they base their understanding in the near and the familiar.

Keywords: argumentation, topos, topology, classroom discussion

5.1 Innleiing

Mange av dei problema samfunnet står overfor i dag, er globale, som klimaproblematikk, flyktningkriser og terrorfare. Så store overnasjonale problemstillingar kan verka demotiverande for deltaking i demokratiske prosessar som til dømes debattar. Motivasjonen for å vera deltakar blir større når dei spørsmåla ein diskuterer blir avgjort lokalt (Iversen, 2014, s. 128). Dette kapittelet er ein retorisk og norskdidaktisk analyse av ein klasseromdebatt som dreier seg om oljeutvinning i Lofoten-området, og som blei gjennomført ved ein lokal ungdomsskule i juni 2013. Lofoten-debatten handlar om ei problemstilling med globale dimensjonar (spørsmålet om klimaendringar), regionale dimensjonar (fare for forureining og påverknad av fiske), men også med lokale dimensjonar (påverknaden på sosioøkonomiske forhold på heimplassen). Formålet med kapittelet er å undersøkja korleis elevar debatterer om dagsaktuelle tema. Temaet for Lofoten-debatten opnar for å undersøkja korleis ungdommar knyter kunnskap om det lokale til dei større perspektiva, om korleis dei oppfattar forholdet mellom lokale og nasjonale interesser, og ikkje minst korleis kjennskapen til lokale stader og lokale tilhøve skapar eit engasjement i debatten. Undersøkinga dreier seg såleis om korleis ein kan oppnå ein levande demokratisk debatt i klasserommet, eit døme på det levde demokratiet.

Det er den lokale forankringa dette kapittelet skal handla om. Eg isolerer eit innhaldselement i diskusjonen, og ser nærare på korleis dette blir nytta. I retorisk argumentasjonsteori blir eit slikt innhaldselement kalla ein topos. Analysen er ei undersøking av korleis elevane i Lofoten-debatten nyttar toposen «stad» i argumentasjonen sin.

5.1.1 Staden som topos

Omgrepet topos (flt. tópoi) kjem i seg sjølv av det greske ordet for «stad»: «I retorikken det sted hvor taleren kan finne bestemte typer argumenter eller argumentasjonsmønstre, også brukt om argumentene selv» (Eide, 2004, s. 115). Me har ord som «ståstad», «standpunkt» eller «tekststad» som viser korleis me ser for oss at ein topos er ein stad å henta argument. Arbeidet med å finna argumenta i det som skal seiast eller debatterast, er i retorisk teori kalla inventio, det første som skjer når tekstar blir skapt. Leitinga etter topoi skjer altså i inventio-fasen.

Topologi dreier seg såleis både om argumenta i ei saksframstilling og om korleis ein finn desse argumenta, med andre ord om topoi som system og metode. Det finst mange framlegg til systematisering av topoi. Etter Aristoteles skil ein mellom generelle og spesielle topoi. Spesielle topoi er knytte til akkurat det bestemte emnet som blir diskutert, og dei kunnskapane ein har om dette emnet. Dei er ikkje retoriske av natur, men gjeld stoffet talaren må beherska for å kunna drøfta eit emne. Generelle topoi er allmenne synsmåtar eller argumentasjonsmønster som kan brukast uansett kva emne eller fag ein argumenterer innan (Aristoteles, 2006, s. 33 f.). Generelle topoi er til dømes slikt som at me trur at det dei fleste meiner, er det riktige (kvantitetstopos), eller at det unike er det beste (kvalitetstopos) (Perelman, 2005, s. 64). Aslaug Nyrnes kallar generelle topoi for ordenstopoi (Nyrnes, 2002, s. 293). Generelle topoi ordnar stoff ved at dei viser ulike relasjonar omgrep kan ha til kvarandre. Det finst mange framlegg til detaljerte typologiar av generelle topoi. Døme på måtar dei ordnar stoff på, er gjennom analogiar, dikotomiar, polaritet (opposisjonar oppfatta som gjensidig utelukkande) eller klassifikasjonar (Lindhardt, 1987; Andersen, 1995; Nyrnes, 2002; Barthes, 2009; Dahl mfl., 2017). Ut frå generelle topoi er det utvikla ein tredje, breiare og mykje brukt måte å forstå omgrepet topos på, nemleg som fast etablerte tenkemåtar i eit samfunn, altså kulturelt forankra språklege uttrykk for allment aksepterte synspunkt, eller sunn fornuft (Eide, 2004, s. 115; Barthes, 2009, s. 92; Høisæter, 2012, s. 143 f.).

I framstillinga av topos-læra i boka Den gamle retorikken stiller Roland Barthes det grunnleggjande spørsmålet om kvifor innhald i argumentasjon i utgangspunktet blei kalla for topos, «stad». Han svarar: «Fordi, sier Aristoteles, for å huske ting er det nok å gjenkjenne stedet hvor de befinner seg …» (Barthes, 2009, s. 88). Slik blir det peikt på at topos-omgrepet, som altså er kopla til inventio-fasen i retorikken, også er kopla til den fasen i retorikken som er kalla memoria, som handlar om korleis ein skal hugsa momenta ein vil framføra. Aristoteles viser til den klassiske minneteknikken at ein hugsar momenta i ei sak ved å sjå føre seg fysiske stader der ein har lagt frå seg momenta ein skal argumentera ved hjelp av, medan ein førebur seg. Topoi, «stadene», spelar altså ei viktig rolle både i førebuingsfasen når ein skal laga ei språkleg framstilling av ei sak, og då sjølvsagt i framstillinga, men også i innlæringa av eit stoff, ifølgje retorisk teori.

Toposen «stad» er sentral i diskusjonen om Vestvik og oljeutvinning, og eg skal analysera kva måte stads-toposen er brukt på. Omgrepet «stads-topos» i utgjer altså ei fordobling av tilvisinga til stad, undersøkinga dreier seg både om tilvisinga til verkelege stader, og korleis desse tilvisingane utgjer topoi som strukturerer argumentasjonen til elevane som deltar i Lofoten-debatten. Ut frå desse perspektiva på topoi vil eg formulera forskingsspørsmålet i dette kapittelet: På kva måte brukar elevane i Lofoten-debatten staden som topos i debatten om oljeutvinning i nord?

5.2 Bakgrunn og metode

Klasseromdebatten frå Lofoten blei initiert av ei forskargruppe frå Høgskolen i Bergen i 2013. Det var om lag 50 elevar frå to åttandeklassar ved ein ungdomsskule ein stad i Lofoten som deltok i debatten. Debatten blei videofilma og transkribert til normert bokmål av forskargruppa. Debatten har 383 replikkar, og replikkane er nummererte i transkripsjonen. Til saman fjorten elevar som var aktive i debatten, elleve jenter og tre gutar, er identifiserte og gitt fiktive namn. Replikkane til elevar som ikkje gav løyve til forsking på debatten i etterkant, er utelatne, desse elevane er nemnde som gut og jente. Stadnamn i debatten er også endra, Vestvik som namn på heimstaden til elevane i debatten er fiktivt.

Elevane førebudde seg på debatten i grupper før debatten starta, ved å utvikla argumentasjon for tre standpunkt på spørsmålet om det skulle vera oljeboring i havet utanfor Lofoten. Standpunkta var om ein skulle gå inn for full oljeboring utanfor Lofoten, om ein skulle byggja ut for oljeutvinning litt etter litt, eller om ein ikkje skulle ha oljeutvinning i Lofoten i det heile. Lofoten-debatten er eit svært omfattande materiale, og debatten har blitt gjenstand for analysar ut frå fleire perspektiv. I artikkelen «Klasseromdebatt som danningsarena» (Breivega mfl., 2016) er debatten presentert, og der kjem det fram eit poeng som kan vera av interesse for undersøkinga av bruken av stads-topoi i debatten: Lærarane fortalde at elevane ikkje hadde hatt om debattsjangeren eller om oljeutvinning på ungdomssteget, men at dei nyleg hadde gjennomført eit prosjekt om berekraftig utvikling knytt til næringslivet på heimstaden (Breivega mfl., 2016, s. 39). I forkant av debatten fekk forskarane høve til å lesa og gi tilbakemelding til elevane sine prosjekt der elevane viste oppdatert og god kjennskap til heimstaden sin.

I dette kapittelet skal eg gjera ein topologisk analyse av debatten med vekt på korleis elevane nyttar tilhøve ved den konkrete staden dei bur på, i argumentasjonen sin. Ein topologisk analyse er ein analyse av språklege grep, dette er ein analyse av språket som blir brukt om stadene. Eg skal først undersøkja korleis elevane omtalar spesifikke stader, altså det me kan kalla spesielle topoi, kunnskapen dei har om staden, slik han kjem fram gjennom replikkane. Eg skal vidare undersøkja korleis elevane brukar generelle topoi knytte til stader i argumentasjonen sin. Eg skal særleg sjå etter dei generelle strukturerande ordenstopoia analogi, årsak–følgje, dikotomiar og polariseringar. Generelle topoi er altså måtar innhaldet i samtalen blir ordna på, og samstundes vil slike topoi etablera framdrift i samtalen og oppretta og halda ved lag sambandet mellom dei som samtalar (Dahl mfl., 2017). Skiljet mellom generelle topoi som ordnande språklege grep og topoi som faste tenkjemønster i kulturen er ikkje skarpt, eg skal til slutt peika på korleis det viser seg ein overordna topos for måten elevane opplever staden på, i argumentasjonen sin.

5.3 Topologisk analyse av Lofoten-debatten

I analysen av måten elevane brukar stads-topoi på i Lofoten-debatten siterer eg frå elevane sine replikkar. Ut frå desse sitata stig det fram eit bilete av staden som er kalla Vestvik. Av plassomsyn skal eg her berre summera opp kva som kjenneteiknar elevane sin heimplass slik han trer fram i debatten, så blir denne framstillinga dokumentert med sitat frå replikkane eg nyttar seinare i analysen. Topografien som stig fram, viser at Vestvik er ein by eller tettstad som ligg mellom sjø og fjell. Tettstaden vender mot sjøen, og staden har ei hamn med anløp av Hurtigruta. Det går fram at det er fri utsikt ut over sjøen, eventuelt mot det opne havet. Bygningar som blir nemnde, er Sentrumsgården, med mange servicefunksjonar, det er kjøpesenteret Amfi, eit hotell, eit museum, og det er ei kyrkje. Det er også parkeringsplassar og eit parkområde. I tillegg er det bustadhus, og ein veg som fører ut av bygda. Mykje av landområdet mellom sjøen og fjellet er bygd ut, det er ikkje mykje ledig byggeland igjen.

5.3.1 Spesielle stads-topoi

Spesielle topoi er altså den sakkunnskapen ein har om eit emne. I dette kapittelet er den spesielle kunnskapen elevane har om heimstaden, i fokus. I analysen av elevane sin bruk av spesielle stads-topoi skal eg sjå på korleis elevane brukar kunnskap om og kjennskap til heimplassen i debatten. Eg skal sjå nærare på fire spesielle stads-topoi som er gjennomgåande, nemleg kunnskapen om arbeidsplassar i Vestvik, om Vestvik som turiststad, om Vestvik som handelsstad og om havet utanfor Vestvik.

Arbeidsplassane på heimstaden er ein sentral, spesiell topos som det blir vendt tilbake til gjennom heile debatten. Ein arbeidsplass er både ein bestemt fysisk stad og eit synonym for sysselsetjing, men då knytt til eit fysisk område. I Lofoten-debatten blir det til dømes drøfta om oljeutvinning skapar arbeidsplassar eller ikkje. Tom forsvarar full oljeutbygging i Lofoten, han opnar debatten med følgjande replikk:

038. Tom

Vi er for full oljeboring i Lofoten. Det økonomiske, det er økonomisk, bærekraftig utvikling – flere jobbmuligheter, det vil si mer inntekter. Og det er jo sånn at desto mer oljeboring det blir her i Lofoten, jo mer folk og innbyggere kommer det. Da må vi bygge ut. Og det vil også koste penger, derfor får vi inntektene.

Her rissar han opp eit scenario der fleire og nye arbeidsplassar er drivkrafta i utvikling av heimplassen. Arbeidsplassane vil vera på oljeinstallasjonen, arbeidet er oljeboring, og Tom knyter dette til ei utvikling av økonomien. Kanskje for å gi det ein meir positiv valør, eller kanskje som eit atterhald, koplar han økonomisk utvikling til karakteristikken «bærekraftig». Mot dette innvender Eva at oljeutvinning kan bli kortvarig, og det knyter også ho til ei utforsking av omgrepet berekraftig økonomi:

052. Eva

Det blir arbeidsplasser, men til slutt blir vi jo tom for olje, så det er jo ikke veldig bærekraftig. Til slutt tar det jo slutt. Og da mister vi arbeidsplassene igjen. Så man får arbeidsplasser en stund, da. Men det tar jo slutt, og da er det ikke så veldig bærekraftig over lengre tid.

I denne replikkvekslinga snakkar dei to elevane om økonomisk utvikling, og berekraftig får tydinga permanente arbeidsplassar. I offentlege politiske debattar om den generelle samfunnsutviklinga diskuterer ein ofte om ulike endringar kan karakteriserast som berekraftige, og det gir eit positivt inntrykk at elevane nyttar omgrepet som karakteristikk av arbeidsplassar i denne replikkvekslinga.

Ein annan elev, Nina, peikar på ein mogleg konsekvens av oljeutvinning som er eit argument mot utvinning, nemleg at det kan øydeleggja den eksisterande turistnæringa ved at kvalitetar ved staden kan gå tapt:

089. Nina

Selv om det blir flere arbeidsplasser på grunn av oljeutvinning vil det kanskje miste turister som vil se natur eller fiske, og de som eier eller jobber på hotell vil miste turister som er kunder, og dermed blir det færre som trengs for å jobbe på hotell. Både gamle og unge.

I dette innlegget dukkar ei motsetning mellom Vestvik som industristad og turiststad opp. Nina bekymrar seg for at ei utbygging av oljerelaterte arbeidsplassar vil føra til ein reduksjon i turisme. Elevane har god kjennskap til turismen på heimplassen, Vestvik sine kvalitetar som turiststad er eit tilbakevendande tema gjennom heile debatten. Det er ifølgje elvane først og fremst naturen omkring Vestvik som lokkar turistar.

161. Mary

… de fleste turistene som er her nå – de liksom, går rundt, og de går i naturen, trives i naturen, er her på grunn av naturen, for det meste – og havet.

Fleire elevar drar fram at det er utsynet over havet, båtturar og fisketurar, og moglegheitene for rekreasjon i fjella som dreg turistar til staden. Ein del av debatten går med til å drøfta om det er mogleg å skapa andre attraksjonar for turistane om naturopplevinga skulle bli redusert av oljeutvinning. Naturen er det viktigaste for turistane, sjølv om Vestvik også kan by på shopping og kultur:

188. Mary

Jeg har liksom, for eksempel når jeg er på Amfi, så ser jeg veldig sjelden eldre turister som er inne på Amfi – og man ser liksom de mest ute i marka. Det er jo sånn som Kristine sier, de er veldig sjelden på Amfi og sånn, de går tur rundt i Vestvik og ser, så drar de kanskje innom museene vi har her, galleriet og sånt, og så går de bare rundt og ser, og så går de litt turer i marka og sånn – så jeg tror ikke akkurat at hvis vi hadde bygd et kjøpesenter, så hadde det nok mest vært for vår del. Det hadde liksom ikke vært for turistene sin del.

I dette innlegget er Mary inne på sentrale tema i debatten omkring Vestvik som turiststad. Turistane er i Vestvik på grunn av naturen, og dei kan ha interesse for kulturelle opplevingar. Mary trur ikkje at butikkane i Vestvik vil ha stor tiltrekkingskraft på turistar. Melissa argumenterer også for at ein ikkje skal prøva å utvikla Vestvik til ein shoppingstad. Etter hennar syn vil det krevja utbygging av shoppingsenteret:

160. Melissa

Men samtidig, så – hvor skal de her bygges? Det er veldig lite plass her, og samtidig så tror jeg nok at – vi er kjent for fiske, fjellene og naturen vår – så jeg tror ikke at vi burde satse på å plutselig skulle bli en storby med kjøpesenter og sånne muligheter.

Her kjem Melissa inn på eit anna framtidsscenario, at Vestvik kan utviklast til ein handelsstad. Svært mange replikkar i debatten handlar om dette, og særleg kjøpesenteret si framtid er eit gjennomgåande tema i debatten. Mange av dei andre elevane ser eit godt butikktilbod som ein kvalitet ved heimstaden:

199. Roy

Det er jo folket som bor her som kommer først, ikke turistene. Man må jo tenke på å gjøre dem fornøyd. For hvis turistene vil at vi skal ha full natur, og bare glemme Amfi og alle andre kjøpesenter, da blir jo de som bor her – De har ingen butikker, de har ingenting å fornøye seg med. Så man må tenke på hvem som er viktigst. Og hvem som faktisk betaler mest penger.

Synspunktet som Roy målber her, er også debattert av fleire. Vestvik som handelsstad kan vera vel så viktig for fastbuande som for tilreisande. Eva viser at ho har innsikt i dei økonomiske tilhøva omkring butikkdrift.

210. Eva

Jeg vet ikke helt om det er hundre prosent sikkert, men det var i hvert fall en som sa til meg at man måtte være så og så mange innbyggere for å få diverse butikker. At for å få de største butikkene, måtte man være så og så mange innbyggere. Jeg skal ikke si det hundre prosent sikkert, men jeg tror kanskje det var noe sånt.

Eva drar ikkje konklusjonar av dette innlegget, men ho får fram at samanhengen mellom butikkar som lokkemiddel for tilflytting og butikkar som resultat av auka tilflytting er komplisert.

Det siste temaet eg skal nemna her, er den spesielle stads-toposen «havet». Spørsmål knytte til bruken av havet er på mange måtar hovudsaka i debatten. Elevane har god kjennskap til havet og fisket. Dei veit at oljeinstallasjonane vil koma i havet, men det verkar ikkje som om elevane er heilt informerte om kor oljeinstallasjonane ville bli plassert i forhold til Vestvik. Dei snakkar svært vagt om plasseringa av oljeinstallasjonar og kva verknader plasseringa vil ha. Roy ser plasseringa med omsyn til turistane:

070. Roy

Jeg kan det. De fleste turistene kommer jo til Vestvik fordi de vil se naturen og fisken. Men når, hvis vi da går ut fra scenario A, så vil det bli fullt av oljeplattformer ute – og hvis vi da går og skal søke opp Vestvik og liksom se hvordan det er her, så kommer jo sikkert det første opp til å være oljeplattformer. Nyheter om diskusjonene, og hvordan det endte opp. Og det blir jo ikke stort mange som vil komme og se på oljeplattformene. Ja.

Roy ser for seg at «det blir fullt av oljeplattformer ute», og sjølv om det ikkje er klart ut frå det han seier kvar han trur plattformane er plasserte, tenkjer han seg at det kan koma til å prega framstillinga av Vestvik i presentasjonar for turistane. Desse framstillingane kan skygga for at det er vakker natur og fiske i Vestvik. Melissa er inne på det same seinare i debatten, ho ser for seg at møtet med oljeinstallasjonar i havet ved innseglinga til Vestvik kan skremma bort turistar:

263. Melissa

Men samtidig, når vi snakker om det med flyplass på Gimsøya, og reise og sånne ting, så har vi jo Hurtigruta. Og en del turister kommer jo opp med den. De fleste gjør vel det. Og hvis det da blir oljeutvinning og masse industri her, så kan det jo hende at de ikke lenger er interessert i å stoppe innom Vestvik. Eller – ja, at de bare går videre, eller at folk går av tidligere, sånn som i Trondheim, eller hvor det skulle være. At de går av tidligere, for de har hørt at her er det ikke så fint lengre.

Elevane drøftar også plasseringa av oljeinstallasjonane med omsyn til fiske. Eva kjem tidleg med eit radikalt forslag om at oljeinstallasjonane skal plasserast under vatn for at turistane ikkje skal sjå dei medan dei fiskar.

076. Eva

Og så går det jo an å ha sånne som er under vann, men som noen sa, at turismen ikke bare kom for å se, de kom for å fiske, også. Og uansett om vi har det under vann, så kommer jo kanskje fisken til å bli skremt bort, og da kan vi jo ikke gjør det. Og det er jo sånne turistekskursjoner, og få fisk.

Fleire bekymrar seg for installasjonane med tanke på den tradisjonelle hovudnæringsverksemda, det profesjonelle fisket. Og i samband med det bekymrar dei seg på ein kvalifisert måte for fisken:

079. Lisa

Og når det blir sånn VM i skreifiske, og hvis vi har oljeplattformer under vann, så er det ikke sikkert han trives så godt, for han er jo veldig nøye på hvor han gyter. Og hvis maskinene er i veien, så drar han et annet sted for å gyte.

Lisa viser omsorg for fisken, ein viktig aktør i Vestvik sin tradisjonelle økonomi. I replikken hennar står interessene til turistar og skrei mot kvarandre, og i livet under vatn lar ikkje skreien seg lura så lett. Utsegna «for han er jo veldig nøye på hvor han gyter» om skreien som kjem mot Lofoten, er basert på kjennskap til fisket som botnar i førstehandskunnskap om skreien. Det kan verka som om det er omsynet til fisken og naturen som må vega tyngst, slik Lisa ser det. Anne er inne på det same, men er meir usikker på løysinga:

081. Anne

Men jeg syns du sa at vi kunne gjøre det, men heller en annen tid enn gytetida, og så – Jeg tror ikke akkurat de vil bli så skremt hvis det ikke farer ut, eller sånn lekkasje og sånt – for hvis ikke det lager så masse – Det kan jo hende at det gjør det, men det kan hende at det ikke gjør det, også. Jeg vet ikke.

I denne replikkvekslinga utforskar Lisa og Anne grundig forslaget om å ha oljeinstallasjonar berre under vatn, og dei finn motførestillingar mot løysinga som skal sikra at alle næringsvegane kan finnast side ved side. Det er ein kvalitet ved samtalen at det er rom for slike atterhald, og ikkje berre tydelege standpunkt for og mot oljeinstallasjon.

Eit slåande trekk ved debatten er som nemnt den plassen utviklinga av det lokale kjøpesenteret har. Kjøpesenteret blir også drøfta i relasjon til havet. Melissa ser oljeinstallasjonane og kjøpesenteret under eitt, og tenkjer at både utbygginga av kjøpesenter og oljeinstallasjonar kan vera til skade for Vestvik:

164. Melissa

Og vi som er så heldige, da – som er på denne verdensarvlisten – Men hvis vi får alle disse oljeinstallasjonene, og at det blir mer industri og kjøpesenter her, så kan det jo hende at folk ikke er interessert i oss lenger, og at den verdien vår synker.

Ingrid snakkar også om utbygging i havet utanfor Vestvik, men slik ho tenkjer, dreier det seg ikkje om å byggja ut oljeinstallasjonen, ho er opptatt av å få plass til å utvida kjøpesenteret ved å byggja utover i havet.

167. Ingrid

Hvis vi skulle hatt de kjøpesentrene, så trenger vi jo ikke å bruke naturen. Vi kan jo legge sånne fyllinger utenfor Vestvik, i vannet, så vi får et større – Vi trenger jo ikke å bruke naturen, den kan jo være her selv om vi har et kjøpesenter.

Slik Ingrid ser det, kan det å byggja ut kjøpesenteret ved å fylla ut og byggja ut i sjøen vera ein måte å unngå å røra naturen turistane vil sjå. Eva utdjupar dette poenget.

168. Eva

For vi fylte jo når vi bygde Amfi, for da var det jo vann. Da fylte vi inn, og så bygde vi Amfi. Da kan man jo gjøre det lengre, liksom andre steder, også, for det skader ikke naturen så veldig. Det påvirker liksom ingenting, i turismen og sånn.

Denne ideen blir drøfta i fleire replikkar. Mary er skeptisk, og koplar ei slik utbygging til det turistane ønskjer å sjå i Vestvik:

188. Mary

… Men uansett, turistene vil jo uansett ikke se noe gigantisk kjøpesenter når de er her, liksom. De vil se det vakre havet vi har, utsikten utover havet og sånt. De vil ikke se et stort kjøpesenter når de skal se utover havet. Det er ikke det de vil se. De vil jo se bare masse hav, og natur.

Ingrid såg ikkje på havet som ein del av den naturen turistane kom for å oppleva. I Mary sin replikk er havet også ein del av naturen som turistane oppsøkjer, og det er eit argument mot utfylling i sjøen for å laga fleire handlesenter. Så blir dette perspektivet snudd heilt rundt i replikken til Eva.

191. Eva

Det som kanskje noen misforstod, jeg tror ikke de mente at det var enten–eller – man kan jo ha begge deler, for det er jo ikke sånn at når man ser utover naturen – Amfi står jo der det står. Når man ser ut på havet, så ser man jo ikke Amfi uansett. Det er jo bare midt i byen. Man vil jo aldri se kjøpesenteret hvis man ikke er ved det. Og det er jo ikke sånn at når man ser på utsikten, at det kommer til å stå i veien for det. Og det går jo an å ha både–og, ikke bare et kjøpesenter, eller bare natur. Man må kunne finne balanse.

Her er kjøpesenteret plassert ute av synsfeltet igjen, og det er slett ikkje i vegen for utsikta, det er tvert imot det punktet elevane i Vestvik først og fremst orienterer seg ut frå i debatten. Me ser at oljeinstallasjonen blei forsøkt plassert i havet i høve til Vestvik i debatten, men det skjer ei forskyving over til å diskutera plasseringa av kjøpesenteret. Det skjer både faktisk, som eg har vist i denne sekvensen, og i overført tyding. Eg skal sjå nærare på dette i analysen av generelle topoi, der kjøpesenteret spelar ei sentral rolle.

Oppsummerande kan me seia at elevane viser gode faktakunnskapar – dei har eit stort register av spesielle topoi om Vestvik å bruka i debatten. Dei kjenner Vestvik på ulike måtar. Det mest elementære og viktigaste er sjølvsagt at dei kjenner den fysiske staden inngåande fordi dei bur der og brukar området til dagleg. Dei kan derfor uttala seg trygt og med stor autoritet, og det er ikkje eksempel på at dei drar i tvil eller stiller grunnleggjande spørsmål ved andre sin kunnskap om staden. Enkelte elevar har meir detaljert kunnskap om enkeltfenomen, nokre elevar uttalar seg med større sikkerheit enn dei andre om til dømes fiske, lenseproduksjon og om butikkdrift. Dette kan vera spesialkunnskap som dei har skaffa seg utanom skulesamanhengar. Men dette blir ikkje avgjerande for det å delta i samtalen, det er høve til å delta med det utgangspunktet ein har, likt for dei alle er at dei kjenner tettstaden ut og inn. Det at dei snakkar om Vestvik som dei sjølve er frå, er sannsynlegvis ei svært viktig årsak til at klassesamtalen blir så engasjert, og at så mange elevar deltar aktivt. Lokalkunnskapen operasjonaliserer demokratiske prosessar. Dette viser sjølvsagt styrken i det gamle pedagogiske prinsippet å knyta lærestoff til det kjente og nære (Morgan, 2009, s. 521). Ei anna årsak til suksessen er sannsynlegvis at dei nyleg har hatt om næringsgrunnlaget på heimplassen i samfunnsfag, men med ei anna vinkling enn den dei har i klassedebatten.

Hole (2015) har i ei masteroppgåve undersøkt kva syn ungdommar frå Lofoten og Bergen har på oljeboring i Lofoten-regionen. Han har nytta kvantitative data og fokusgruppeintervju i undersøkinga si. Analysane hans syner tydeleg at stadsopplevinga har mykje å seie for korleis ein argumenterer. Ungdommane frå Lofoten opplever staden frå innsida og som ein del av identiteten sin. Diskusjonen kring oljeutvinning eller ikkje gjeld då ikkje berre staden, han gjeld dei sjølve (Hole, 2015, s. 50). Samanlikna med ungdomane frå Bergen argumenterer Lofoten-ungdommane meir samansett. Dette samsvarar godt med denne undersøkinga av korleis elevane i Lofoten-debatten nyttar kunnskap om heimstaden i argumentasjonen sin.

I tillegg til dette blir debatten om Vestvik si framtid vellykka av ein annan grunn. Debatten får nerve og dynamikk ut frå det faktumet at elevane er sette til å diskutera dei moglege sosioøkonomiske endringane som vil koma om ein bestemmer seg for å starta oljeutvinning i nærområdet til Vestvik. Og i debatten tyr elevane til mange generelle topoi som bidrar til at meiningar blir utveksla og at synspunkt blir sette opp mot kvarandre, og til framdrifta i debatten som alle elevane kan følgja med på utan vanskar. Dette er dei generelle topoia i stor grad medverkande til.

5.4 Generelle topoi

Generelle topoi er altså språklege grep ein kan nytta i ein argumentasjon som til dømes viser fram relasjonar mellom fenomen, i denne undersøkinga dreier det seg om stader. Samstundes organiserer desse topoia kontakt mellom dei som samtalar, på den måten at dei gjennom samtalen utdjupar eller utforskar desse relasjonane. Den første av desse eg skal sjå nærare på, er den generelle toposen «analogi». Analogi tyder «i overensstemmelse med», «i samsvar med» eller «likt» (Berulfsen & Gundersen, 2003). Som det går fram av analysen av spesielle stads-topoi, er det ein analogi som peikar seg ut som meir sentral enn dei andre i elevane sin debatt. Det er analogien dei drar mellom oljeinstallasjonen i havet og kjøpesenteret Amfi. Det er ikkje slik at dei forvekslar dei to, eller snakkar som om dei trur dei er like. Det er heller slik at dei testar ut dei konsekvensane utbygginga av oljeinstallasjonar ville få for lokalsamfunnet, ved å drøfta konsekvensane i forhold til ein storleik dei er kjente med, nemleg kjøpesenteret. Den forma for analogi dei nyttar, er såleis å setja noko i staden for noko anna, dei nyttar den retoriske tropen (bildet) metonymi. Ein kan laga metonymiar på mange måtar, eit døme er når ein nemner noko konkret for noko abstrakt (gullmedalje for siger) (Lothe mfl., 1998, s. 157). Både oljeinstallasjonar og kjøpesenter er eigentleg konkrete fenomen, men det ser ut til at dei to byggverka ikkje er like konkrete for elevane. Elevane har det ikkje klart for seg kor oljeinstallasjonen kjem til å vera, korleis han kjem til å sjå ut og om han synest frå land. Kjøpesenteret blir såleis ein metonymi for oljeutvinninga. Ein kan tolka debatten om kjøpesenteret slik at elevane utforskar tankane om å gå inn for oljeutvinning i deira område ved å vurdera nokre følgjer det ville kunna ha for kjøpesenteret som dei kjenner, og som dei har tankar om kva dei ønskjer skal skje med. Ein replikk frå Anne viser også denne koplinga:

115. Anne

I hvert fall, at det handler ikke bare – Nå snakker vi om olje, og ikke bare kjøpesentre. For det handler jo ikke bare om turisme, det handler jo om at folk kommer til å flytte hit, for å skulle bo her. Og det er jo ikke akkurat noe stort problem å bygge et kjøpesenter hvis det kommer flere folk – og flere folk tror jeg kommer av at vi lager olje, eller litt olje, i hvert fall. Prøver i hvert fall, først. Så kan det komme flere, og så kan det bli kjøpesenter, og så kan det komme enda flere.

Anne minner om at debatten dreier seg om utbygging av oljeutvinning, ho peikar på konsekvensane det kan få for kjøpesenteret, og peikar også på at utviklinga av kjøpesenteret kan påverka utviklinga på heimstaden i positiv retning.

Gjennom ei drøfting av framtida til kjøpesenteret lanserer elevane to variantar av ein annan generell topos, nemleg toposen årsak–verknad. Dei drøfter, som me har sett, konsekvensar oljeutvinning kan få for utviklinga av kjøpesenteret. Elevane diskuterer også eit anna perspektiv på det same, men omsnudd. I det tilfellet ser dei på utviklinga av kjøpesenteret som eit alternativ til utvinning av olje, og drøftar om ei utbygging av heimstaden som shoppingby kunne vera eit tilskot til turismen, og eit alternativt trekkplaster for å få folk til å flytta til Vestvik. Joe har to replikkar der han utviklar denne optimistiske modellen:

059. Joe

Jeg tror at hvis det tar slutt med arbeidsplasser, så vil jeg tro at vi vil satse mer på turisme, og at vi vil bruke de pengene som kommer ut av det til å få nye kjøpesenter, parker, ting som får turistene hit ut.

Vestvik som shoppingby er for Joe ikkje berre eit alternativ til å tena pengar på oljeutvinning, men også eit alternativ om naturen som turistane har kome for å sjå, er øydelagt.

074. Joe

Jeg vil tro det at hvis de slutter å komme hit på grunn av naturen, så vil de starte å komme hit på grunn av byen. Og hvis vi da øker kjøpesentre og butikker, sånne ting, så vil de heller komme hit for å være i byen, enn å se på naturen.

Eva peikar på kor viktige nye kjøpesenter ville kunna vera for dei fastbuande, ikkje berre for turistane.

105. Eva

Jeg synes i hvert fall at kjøpesenter … vi burde få Ikea, for Ikea – Det er veldig mange – Vi bruker i hvert fall å kjøre langt bare for å handle en sofa og møbler og sånt, og så kommer det kanskje turister hit, og vi får jo – Ikea er veldig stort, så da får vi jo masse arbeidsplasser der. Jeg synes det er en bedre mulighet, å få Ikea.

Elevane utforskar årsak–verknad-toposen knytt til stad gjennom heile debatten. Denne toposen er eit av dei grepa som held diskusjonen saman, sjølv om me ser at dei ikkje alltid diskuterer den same årsak–verknad-konstellasjonen. Årsak–verknad er ein enkelt forståeleg storleik, han minner om forteljinga sin struktur ved å byggja på kronologi; noko skjer som fører til noko anna. Årsak–verknad-tenkinga er også enklare å handtera enn til dømes opplisting av positive og negative konsekvensar, der elvane fort kunne mista oversikta og slik bli passiviserte i debatten.

Ein annan vanleg generell topos som ein ofte brukar i debattar, er å stilla opp motsetnader mellom fenomen, dikotomiar. Elevane i Lofoten-debatten nyttar også dette grepet når det gjeld stads-topoi. Ein gjennomgåande dikotomi i debatten er mellom naturen og menneskeskapte inngrep i naturen. Me har sett at elevane drøftar dikotomien urørt hav og oljeinstallasjonar, og urørt hav og utbygging av kjøpesenteret på fylling ut i sjøen. Dei drøftar gjennomgåande turistane sine ønske om urørt natur opp mot lokale interesser for utnytting av naturen. Det er ein god del polarisering knytt til desse dikotomiane, det vil seia at elevane ser for seg eit anten–eller, at det eine utelukkar det andre. Dei drøftar til dømes konsekvensane av oljeutbygging i havet som om det vil øydeleggja for turistane si oppleving av havet. Polariseringa er likevel ikkje heilt gjennomført i debatten, noko som kan ha si årsak i måten elevane har førebudd debatten på. Dei har på førehand laga argument for og mot oljeutvinning, men også eit tredje val som dreidde seg om gradvis utbygging. Dette siste standpunktet kjem fram gjennom heile debatten, og er eit godt grep frå dei som har planlagt debatten for å unngå at all argumentasjonen blir polarisert. Eit døme på at dei unngår full polarisering, er når dei snakkar om skreifisket, dei drøftar der ulike måtar å regulera oljeboring opp mot det sesongbaserte fisket. Anne er den som har forslaget om å laga oljeinstallasjonane under vatn, og ho ser også for seg at ein kan leggja til rette for både fiske og oljeutvinning.

091. Anne

De snakket om gyteplass og skreifiske og alt det der – det går an å fiske andre plasser enn der de for eksempel kunne lage den under vann. Det går jo an å fiske dem med rørene, og på andre sida, eller helt inn til land og sånt, så det går jo an å finne andre muligheter, og så går det jo an å dra lenger bort, så jeg tror ikke liksom at vi skal lage problemer av et lite problem, eller ingenting.

Her viser Anne at det kan finnast mange løysingar på problemet. Ein ser samstundes at slike mellomposisjonar kan gjera det vanskelegare å drøfta ei sak i ei stor gruppe, standpunkt i form av eit ytterpunkt i ein dikotomi gjer ein debatt meir oversiktleg for dei som deltar. Anne lanserer også den tradisjonelle dikotomien mellom natur og kultur, men igjen utan å polarisera.

247. Anne

Folk vil ikke bare komme hit for naturen, de kommer også hit for historien. Det kan vi godt ta vare på, og lage flere museer og sånt. Det vil også få folk dit, som synes det var så viktig med turister. Da kan det godt få folk hit ut, med museum.

Anne meiner at turistane kan vera interesserte både i natur og kultur, og viser eit nyansert syn som unngår ei forenklande polarisering.

Ein viktig generell stads-topos som elevane i Lofotdebatten nyttar, er relasjonen mellom heime og borte. Dette er ikkje ein dikotomi, dei to stadene utelukkar ikkje kvarandre, relasjonen mellom dei er basert på nærvær eller fråvær. Det er mange måtar å vera fråverande på. Elevane lagar ikkje noko stort poeng ut av forholdet mellom heimplassen Vestvik og resten av Lofoten. Me høyrer meir om andre stader i Noreg, til dømes om shoppingmoglegheiter i Vestvik målt opp mot shopping i byar som Bergen, Trondheim og Oslo, og hamna i Vestvik blir samanlikna med hamna i Bergen. Men det er særleg gjennom turistane som kjem til Lofoten, me møter det ikkje-heimlege. Turistane er framande med litt andre ønske for Vestvik enn elevane har, og elevane utforskar turistane sitt blikk på heimplassen gjennom debatten. Verda utanfor Noreg er også med. I ein del av samtalen snakkar elevane om risiko for oljeutslepp, og boteråd mot slike utslepp, og då dukkar Mexicogolfen opp:

302. Linn

Nor Lense de lager jo de der – Og samtidig lager de oljetrål – Nor Lense lager de der svampene og oljetrålene som tar opp oljen. De var jo nå i Mexico-gulfen og reddet en stor oljekatastrofe der.

Det er samband mellom Lofoten og Mexicogolfen i og med at det har blitt nytta oljelenser frå Lofoten der.

Dei spesielle topoia dreier seg om sakkunnskap om det ein diskuterer, dei generelle topoia er språklege, argumentative grep i diskusjonen. Men korleis er sambandet mellom dei to typane topoi eigentleg? Den romerske retorikaren Marcus Fabius Quintilian, som vidareførte Aristoteles sin topologi, skriv i boka Institutio Oratoria. Opplæringa av talaren om spørjemetoden ein kan nytta i topologiske analysar. Denne spørjemetoden kan gjera sambandet mellom dei spesielle og dei generelle topoia klarare. Han skriv at det kan stillast finitte og infinitte spørsmål om alle saker, dei finitte spørsmåla spør etter spesielle topoi, og dei infinitte spør etter generelle topoi. Det finst spørsmålssett for kvar dei tre hovudsjangrane i retorisk teori. Den typen argumentasjon me ser i Lofoten-debatten, dreier seg om kva ein skal gjera i framtida, det er deliberativ tale. Me kan formulera det finitte spørsmålet som blir debattert, slik «Bør Lofoten få oljeutvinning?». Det infinitte spørsmålet vil då vera «Er oljeutvinning godt eller dårleg?». I Lofoten-debatten svarar elevane nettopp på desse spørsmåla. Dei drøftar om Lofoten bør får oljeutvinning, det er det spesifikke problemet dei står overfor. Samstundes undersøkjer dei gjennom språklege konstellasjonar som dikotomien «godt og dårleg» om korleis oljeutvinning skal oppfattast generelt sett. Utan dei generelle topoia ville svaret på spørsmålet om Lofoten skulle ha oljeutvinning, blitt ja eller nei. Dei generelle topoia sikrar at ein ser det finitte spørsmålet i ein større samanheng. Og ikkje berre det. Quintilian skriv: «Men i kvart særskilt spørsmål ligg eit allment, då dette kjem før» (Quintilianus, 2004, s. 182). Etter Quintilian sitt syn er det dei allmenne omsyna som er dei viktigaste, og som ein skal vurdera ut frå, ikkje berre omsynet til enkelttilfellet. Dette er grunnleggjande prinsipp i ein rettsstat, og i all etisk tenking. Å argumentera, og slik arbeida med dei viktigaste prosessane som medborgar i eit demokrati, er å ta i bruk desse gamle språklege strukturane, det er å kjenna på korleis dei fungerer, og slik også å bli betre til å bedømma dei når andre tar dei i bruk.

5.5 Sentrum–periferi som hovud-topos

Som det har gått fram av analysen av spesielle og generelle topoi knytte til heimstaden, er heimstaden elevane sin mentale og intellektuelle ståstad når dei orienterer seg om det dagsaktuelle temaet oljeutvinning i Lofoten. Korleis er då staden organisert gjennom elevane sin bruk av topoi? Nyrnes skriv at: «Det er eit trekk ved stadens logikk at ein stad kan romme fleire stader» (Nyrnes, 2017, s. 275). Ein overordna topos som stig fram frå denne analysen, er stads-toposen sentrum–periferi. Sentrum i det universet som stig fram av diskusjonen, er kjøpesenteret Amfi. Omkring det ligg resten av byen, med serviceinstitusjonar, kulturbygg og bustader. Utanfor der er naturen med fjella og havet. Havet har både overflate og eit landskap under vatn. Fjella og havet er ein del av regionen Lofoten, og i periferien av sirkelen ligg Noreg og resten av verda.

Toposen sentrum–periferi er slett ikkje overraskande. Han er derimot så vanleg at me nesten ikkje legg merke til at det er ein ordens-topos for ein måte å tenkja på, ein kulturens topos. Me finn førestillinga om å leva i sentrum av ein større sirkel i mange gamle og moderne tenkjemåtar, til dømes i konstruksjonar som det norrøne «kringla heimsins» om den runde jordskiva som omgir oss, i det før-heliosentriske verdsbiletet geosentrisme, der ein førestilte seg at jorda var sentrum i universet, eller førestillinga om at kvart barn har ei egosentristiske utviklingsfase der ein ser seg sjølv som midtpunktet i tilværet. Sentrum–periferi-tenkinga er også i slekt med individualisme, ein sterk impuls i samfunnet vårt. Skal ein orientera seg ut frå det som er godt og nyttig for seg sjølv som individ, eller skal ein sjå på seg sjølv som ein del av ein større heilskap, og orientera synet på godt og vondt ut frå den orienteringa?

Det at sentrum i Lofoten-debatten blir kjøpesenteret, kan vera verdt å reflektera litt over. Den sentrale rolla kjøpesenteret får, skjer ved at ein av elevane nyttar utviklinga av kjøpesenteret som eksempel på ein konsekvens av oljeutvinning, og så får den toposen etablera seg i debatten som ein måte å snakka om oljeutvinning på, som me har sett. Kjøpesenteret er tydeleg eit sentrum som elevane har eit forhold til. Det inneheld sjølvsagt butikkar, det er nøytral grunn, noko den enkelte sin heim eller til dømes kyrkja ikkje ville vera i same grad, og det appellerer sannsynlegvis til ungdomsskuleelevar sine førestillingar om konsum, handlekraft, rikdom, luksus og fritid. Det har såleis også mykje med dei sosioøkonomiske forholda elevane debatterer, å gjera: Skal dei gå inn for eit større kjøpesenter med fleire butikkar og større utval, og med det auka konsum, eller skal ein avvisa desse moglegheitene ved å seia nei til oljeutvinning? Ved at dei brukar kjøpesenteret som ein metonymi for oljeutvinning, blir konsekvensane aktuelle og verkelege for elevane. Ein konsekvens er at det andre blir meir perifert, sjølv om omsynet til naturen står sterkt i medvitet til elevane, ikkje minst på grunn av at oljeinstallasjonane må plasserast i naturen, nærare bestemt i havet utanfor Vestvik.

I artikkelen «The Two Landscapes of Northern Norway» skriv filosofen Jakob Meløe om fiskaren si evne til å finna stadene der fisken står og der fiskaren vil få god fangst utan å ha haldepunkt i landskapet, «… without the practice of sailing, there is nothing to pick out any particular portion of the water as that water, and so there is nothing in particular to count as its surroundings either» (Meløe, 1990, s. 392 f.). Mot denne mangelen på orienteringsmoglegheiter står den trygge hamna som eit nødvendig punkt. Hamna er avgjerande viktig for fiskaren og sjømannen, og det er praksisane å fiska og å sigla som definerer behovet for ei hamn: «The only world that can intelligibly accommodate harbours is the world that is constituted by our practice of fishing, or seafaring, with boats too large for their crews to draw ashore» (Meløe, 1990, s. 393). Ut frå dette lagar Meløe ein parallell til måtar å forstå fenomen i verda på. Om ein vil forstå, må ein ta utgangspunkt i praksisane eit fenomen er knytt til og dei faste haldepunkta ein har for å orientera seg. Elevane som undersøkjer planane om oljeutvinning utanfor deira eiga hamn, gjer nettopp det. Dei nyttar all den kunnskapen dei har om det nærområdet deira er brukt til tradisjonelt, og kjennskapen til landskapet i og omkring hamna, til å utvikla sine eigne standpunkt i debatten.

Takk

Eg takkar Kjersti Maria Rongen Breivega for tidlege innspel til kapittelet.

Litteratur

Andersen, Ø. (1995). I retorikkens hage. Oslo: Universitetsforlaget.

Aristoteles. (2006). Retorikk. Omsett av T. Eide. Oslo: Vidarforlaget.

Barthes, R. (2009). Den gamle retorikken: En håndbok. Omsett av K. S. Johansen. Oslo: Spartacus.

Berulfsen, B. & Gundersen, D. (2003). Fremmedord blå ordbok. Oslo: Kunnskapsforlaget.

Breivega, K. M. R., Hauge, K. H., Johnsen-Høines, M. & Rangnes, T. E. (2016). Klasseromsdebatt som danningsarena. Norsklæraren, 40(4), 39–43.

Dahl, C., Eliassen, K. O. & Andersen, M. H. (2017). Forord. Toposlærens aktualitet. Kultur & Klasse, 123, 3–12.

Eide, T. (2004). Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.

Hole, O. K. (2015). De definerende ressursene: Betydningen av sted i ungdommers diskusjoner om oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja (Masteroppgave i samfunnsfagdidaktikk). Avdeling for lærerutdanning. Høgskolen i Bergen. https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/2481548

Høisæter, S. (2012). Eksempelet og kunnskapens orden: Ein analyse av eksempel i munnlege og skriftlege didaktiske tekstar (Doktoravhandling). Bergen: Universitetet i Bergen.

Iversen, L. L. (2014). Uenighetsfellesskap: Blikk på demokratisk samhandling. Oslo: Universitetsforlaget.

Lindhardt, J. (1987). Retorik. København: Munksgaard.

Lothe, J., Refsum, C. & Solberg, U. (1998). Litteraturvitenskapelig Leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget.

Meløe, J. (1990). The Two Landscapes Of Northern Norway. Acta Borealia , 7(1), 387–401.

Morgan, A. (2009). Place-based Education In The Global Age: Local Diversity. Environmental Educational Research, 5, 521–523.

Nyrnes, A. (2002). Det didaktiske rommet: Didaktisk topologi i Ludvig Holbergs Moralske Tanker (Doktoravhandling). Det historisk-filosofiske fakultet. Universitetet i Bergen.

Nyrnes, A. (2017). Grøn topologi: Ei nylesing av Vergils hjul. Kultur & Klasse, 123, 269–290.

Perelman, C. (2005). Retorikkens rige:Retorik og argumentation. På dansk ved Søren Porsborg og Hanne Roer. København: Hans Reitzels forlag.

Quintilianus, M. F. (2004). Institutio Oratoria: Opplæringa av talaren. IIII. Omsetjing og innleiing ved H. Slaattelid. Forord G. Johannesen. Oslo: Det norske samlaget.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon