Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

«Moltemyrene våre skal få stå gule»

Økologi og kultur i Birger Jåstads barnebøker
Ph.d., førsteamanuensis, Nord universitet, Nesna.

Denne artikkelen gjev ei økokritisk lesing av Birger Jåstads forfattarskap for barn. Dei seks romanane som eg tek føre meg i denne artikkelen (utgjevne mellom 1974 og 1983), tematiserer alle forholdet mellom kultur og natur. I romanane kan vi identifisere ulike økologiske posisjonar, og i fleire passasjar finn vi tydeleg djupøkologisk tankegods. Det er likevel ein meir antroposentrisk posisjon som dominerer i romanane, og den eigentlege helten i romanane er det tradisjonelle samfunnet, heilt konkret den nordnorske fiskarbondekulturen og den samiske reindriftskulturen. Desse tradisjonelle levemåtane er under press frå ein andletslaus modernisering, til dømes i form av kraftutbyggingar og urbanisering. Det er likevel karakteristisk for romanane at desse kreftene aldri kjem i forgrunnen.

Nøkkelord: økokritikk, Birger Jåstad, djupøkologi, modernitet, tradisjonell kultur

This article provides an ecocritical reading of Birger Jåstad’s authorship for children. The six novels that I examine in this article (published between 1974 and 1983) thematize the relationship between culture and nature. Various ecological positions can be identified in the novels. Several passages express positions coinciding with the philosophy of deep ecology. In the novels we can identify different ecological positions, and in several passages, we find deep ecological thinking. Nevertheless, a more anthropocentric position dominates in the novels, and the actual hero in the novels is traditional society, more specifically the North Norwegian fish farmer’s culture and the Sami reindeer husbandry culture. These traditional ways of life are under pressure from a faceless modernization, for example in the form of power development and urbanization. It is nevertheless characteristic of the novels that these forces never come to the fore.

Keywords: ecocriticism, Birger Jåstad, deep ecology, modernity, traditional culture

Birger Jåstad (1904–1984) var frå Leirfjord i Nordland. Han var lærar og forfattar av lyrikk, dramatikk og barnebøker. Mest kjend er han for barnebøkene han gav ut etter at han vart pensjonist. Forfattaren Øyvind Jenssen hadde Birger Jåstad som lærar. Han skriv følgjande om læraren sin:

En god lærer står for noe, har holdninger og verdier som han formidler i tillegg til faktakunnskapene. Birger Jåstads grunnholdninger kan et stykke på veg oppsummeres med stikkord som: menneskelighet, en dypfølt frilynt humanisme, en samfølelse med og respekt for alt levende, natur og mennesker, en samfølelse med og respekt for den lokale og nasjonale kulturarven (Jenssen, 2005, s. 142).

Denne samkjensla og respekten for natur og lokal og nasjonal kulturarv som Jenssen ser i læraren Jåstad, er òg særs tydeleg til stades i dei barnebøkene Jåstad skreiv på 1970- og -80-talet. Denne artikkelen undersøker korleis Jåstads barneromanar handsamar samspelet mellom kultur og natur, og korleis romanane diskuterer økologi i lys av dei samfunnsmessige endringane som skaut fart i Nord-Noreg etter andre verdskrigen, til dømes vasskraftutbygging og industrialisering.

Jåstads forfattarskap ligg i utkanten av den barnelitterære kanon. Forfattarskapen er til dømes ikkje nemnd i Norsk barnelitteraturhistorie (Birkeland, Risa & Vold, 2018), han er heller ikkje nemnd i Nynorsk litteraturhistorie (Sørbø, 2018), men han får ein relativt lang og positiv omtale i band 7 av Norges litteraturhistorie (Ørjasæter, 1997). Når eg vel å ta tak i Jåstads forfattarskap, kan dette grunngjevast på tre måtar: 1) Forfattarskapen har historisk interesse, og er representativ for nokre straumdrag i 70-talslitteraturen, 2) romanane har klare litterære kvalitetar, ikkje minst gjeld dette naturskildringane, og 3) dei økologiske problemstillingane som er gjennomgåande tematiserte i forfattarskapen, er framleis relevante, til dels enno meir relevante no enn då romanane vart skrivne. I nordnorsk samanheng var Jåstad ein viktig forfattar og kulturpersonlegdom i samtida, og han var til dømes eit sentralt medlem i Nordnorsk forfattarlag. Han var den første forfattaren som vart tildelt Blix-prisen (i 1977). Valet av Jåstads forfattarskap kan altså òg grunngjevast ut frå eit regionalt perspektiv. Ettersom dette er den første akademiske artikkelen om Birger Jåstads barneromanar, kjem eg først til å presentere forfattarskapen i fugleperspektiv og gje eit oversyn over gjennomgåande tematikkar. Deretter vil eg gje ein kort presentasjon av seks av dei sju romanane Jåstad skreiv.1 Vidare går eg nærare inn i einskildpassasjar i romanane for å undersøke dei ulike økologiske posisjonane som blir tematiserte i romanane.

Teoretisk bakgrunn

For å kunne undersøke dei økologiske posisjonane i Jåstads romanar er artikkelen teoretisk forankra i økokritisk litteraturvitskap (Garrard, 2012; Glotfelty, 2015; Goga, 2017a). Økokritikken har dei seinare åra vorte ei viktig retning innanfor litteraturvitskapen, og i litteraturen blir økologi og miljø i stadig større grad tematisert. Det siste gjeld i så stor grad at Hadle Oftedal Andersen i ein artikkel spør om det i det heile er mogleg å forstå ny norsk lyrikk «om ein ikkje har ein viss kjennskap til dei mest opplagt aktualiserte økokritiske omgrepa» (Andersen, 2018). Økokritikken er eit romsleg og ikkje særleg einskapeleg felt. Timothy Morton er ein av dei som går lengst i å presentere økokritikk som ein grunnleggjande tilnærmingsmåte for litteraturforskaren:

Nowadays we’re used to wondering what a poem says about race or gender, even if the poem makes no explicit mention of race og gender. We will soon be accustomed to wondering what any text says about the environment even if no animals or trees or mountains appear in it (Morton, 2010, s. 11).

Samlande for dei ulike bidraga til økokritikken er ei kritisk haldning til den konstruktivistiske innstillinga i tradisjonell litteraturteori. Naturen kan ikkje reduserast til «en del av vår kulturelle praksis eller ses som en projeksjon» (Wærp, 2018, s. 29). I Noreg er økokritisk lesing av barnelitteratur eit relativt lite og nytt felt (Goga, 2017a), men deltakarane i forskargruppa Nature in Children’s Literature and Culture, leidd av Nina Goga, har gjeve nokre viktige bidrag (Goga, Guanio-Uluru, Hallås & Nyrnes, 2018b; Goga, 2017b).

Det finst ein elegisk undertone i Jåstads forfattarskap, og romanane formidlar ulike tapsrøynsler: tap av stad, tap av kultur og tap av menneskelege levemåtar som står i ein annan relasjon til naturen enn det dei «nye» levemåtane gjer. Langt på veg kan ein såleis tolke barneromanane inn i ei teknologi- og framstegskritisk ramme der det tilbakeskodande og nostalgiske blikket er tydeleg. På denne måten kan romanane forståast i lys av omgrepet pastoral, og då ein elegisk variant (Garrard, 2012, s. 42). I nokre passasjar i romandiskursen kan det sjå ut som om grensene mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege blir overskridne; natur og menneske går der opp i ein høgare mystisk eller religiøs einskap. I slike passasjar inntek romanane eit djupøkologisk eller økosentrisk standpunkt. Djupøkologisk filosofi skil seg frå den økologiske vitskapen ved å ikkje vere antroposentrisk. Alt liv har verdi i seg sjølv, uavhengig av om menneska har nytte av det eller ikkje, og djupøkologien føreset ei samkjensle med alt levande: «We increasingly see ourselves in others and others in ourselves» (Næss, 2015, s. 59). Eit djupøkologisk standpunkt betyr at ein har gjort eit etisk val, medan økologi som vitskap er empirisk og deskriptiv. Jåstads romanar er heilt klart etiske, og det er vanlegvis ikkje vanskeleg å komme fram til normene i dei, men dei er likevel ikkje reint djupøkologiske programskrift. Endringsprosessar både i kulturen og i naturen er mange stader skildra i ein nokså nøktern, nærmast stoisk stil. Interessekonfliktar, til dømes mellom beitenæring og rovdyr, er tematisert i eit par av romanane, og her er ikkje antroposentrismen gjeve slepp på. Menneska sitt eksistensgrunnlag er viktigare enn til dømes levedyktige rovdyrbestandar. På eit nivå er heltane i romanforteljingane ikkje einskildmenneske, men tradisjonelle menneskelege levemåtar – fiskarbondekulturen og reindriftskulturen – levemåtar der menneske og omgjevnader inngår i eit komplekst og djuptgripande samspel over lang tid. I tråd med Greg Garrards kulturelle storskalatropar, kan vi seie at det her handlar om «dwelling»: «‘Dwelling’ is not a transient state; rather, it implies the long-term imbrication of humans in a landscape of memory, ancestry and death, of ritual, life and work» (Garrard, 2012, s. 117). I Jåstads forfattarskap er fleire konkurrerande tropar eller posisjonar til stades i romantekstane. I artikkelen freistar eg slik å vise korleis desse ulike posisjonane kjem til uttrykk.

Jåstads barnebøker

Åse Marie Ommundsen konkluderer i ein artikkel om barnelitteraturteori og -forsking med at det er behov for «en større nyansering og fokus på det særegne, og en oppmerksomhet overfor grunnleggende forskjeller i barnelitteraturens ulike kontekster» (Ommundsen, 2012) og at litteraturteorien gjerne tilslører nasjonale forskjellar. Dei fleste av barnebøkene til Jåstad kom ut på 1970-talet. Dei inneheld nokre tidstypiske problemstillingar, men òg nokre problemstillingar som var relativt nye for Nord-Noreg som region på 1970-talet, til dømes konfliktar mellom storsamfunn og tradisjonelle samiske næringsvegar. Biletet av barnet som blir teikna i Jåstads romanar, er noko atypisk. Det barnet vi møter hos Jåstad, er alltid del av eit større kollektiv, og storfamilien er norma. Her kan vi kanskje snakke om ein slik kontekstuell forskjell.

Jåstad debuterte som barnebokforfattar i 1974 med boka Stabbursungane og gav utover 1970-talet ut fem bøker til. I 1983 kom Jåstads siste roman ut, Borna og dyra ved Reinkalvvatnet. Jåstad skriv helst om bygda, om ungar i eit ruralt oppvekstmiljø. Vi møter tradisjonelle familiestrukturar, og barnet er del av ein storfamilie. Besteforeldre har ei særleg viktig rolle i fleire av romanane. Dei blir representantar for tradisjonen og blir presenterte som ressurspersonar med kunnskapar som elles er i ferd med å gå tapt. Besteforeldra fungerer såleis som lærarar og historieforteljarar (Ånderå, 2017, s. 93). I eitt tilfelle er barneprotagonisten på eventyr aleine (Guten med kråkene og endene (1975)), men dette er unntaket. Born og vaksne inngår i tradisjonsbundne fellesskapar der overlevering av kunnskap skjer i noko tilnærma meisterlæringssituasjonar. Det er likevel ikkje snakk om ei kolonisering av barndommen, snarare er det slik at barneverda og vaksenverda ikkje er skarpt skilde hos Jåstad. Born og vaksne har kanskje ulike roller innanfor storfamilien, men både born og vaksne strever mot dei same måla og deler dei same grunnleggjande verdiane. Verken Stabbursungane, Moselandet (1976), Kongeørnungen (1978) og Borna og dyra ved Reinkalvvatnet har klare protagonistar. Dei er meir å forstå som kollektivromanar kor det ikkje er den einskilde som er viktigast, men dei samanhengane som dei einskilde inngår i. I Per går Sjølvtrøddvegen (1977) er Per alltid saman med bestefaren sin, og overleveringa av tradisjonskunnskap frå bestefar til barnebarn er eit hovudmotiv.

På denne måten presenterer Jåstads romanar eit førmoderne livssyn, der individualisme i alle fall ikkje står fram som noko eintydig positivt. Protagonistane følgjer ikkje sine eigne prosjekt, dei går aldri sine eigne vegar på tvers av kollektivet. Prosjekta er kollektive, dei er forankra i familie og lokalsamfunn. Vidare blir samanhengen mellom nettopp borna og naturen framheva i to av titlane: Guten med kråkene og endene og Borna og dyra ved Reinkalvvatnet. Titlane kan såleis stå som døme på den nærleiken mellom dyr og born som ein nærmast kan forstå som eit fast topos i mykje barnelitteratur. Tone Birkeland skriv at dyr har ein sentral plass i barnelitteraturens framstilling av naturen, og at dette heng saman med «at det i vår vestlige kultur eksisterer en forestilling om en naturlig relasjon mellom barn og dyr, som igjen er beslektet med forestillingen om det nære forholdet mellom barn og natur» (Birkeland, 2016, upag.). I romanane blir rett nok relasjonane mellom born og dyr, menneske og natur sette inn i ei større ramme, og sjølve omgrepet naturleg blir til ein viss grad problematisert.

Jåstad skriv helst om dei positive sidene ved det tradisjonelle samfunnet, ikkje minst når det kjem til bornas oppvekstvilkår. Borna i Jåstads romanar lærer og utviklar seg som menneske, ikkje berre i skulen, men særleg i ein større samanheng: I samspelet mellom generasjonane i storfamilien, i samspelet med den lokale kulturen og med naturmiljøet. Jåstad løfter gjerne fram tradisjonskunnskapen som særleg verdifull. Det handlar om å lære med hand og hovud på ein bestemt stad. Dei tette samanhengane mellom praktisk handverk og munnleg tradisjonsformidling mellom generasjonane blir viste fram fleire stader, til dømes: «Heime var det morfar som fortalde mest. Han hadde god tid. Ofte satt han og batt eller bøtte garn og nøsta garntråd, –- og då fortalde han gjerne» (Jåstad, 1978, s. 9).

I bakgrunnen er eit framveksande moderne samfunn skildra som trugande – det moderne riv seg laus frå samanhengane, det syner seg som stadlaust, heimlaust og tradisjonslaust og derfor potensielt øydeleggjande. Det samfunnet Jåstad skriv om, er på retrett, men det er (på 1970-talet og det tidlege 80-talet) ikkje heilt tapt enno, det finst i enklavar, og i romanane blir det i nokon grad revitalisert ved hjelp av kommunikasjon mellom generasjonane.

Det moderne er vidare kjenneteikna ved det at det ikkje har noko tydeleg andlet. I Moselandet møter vi rett nok nokre vassdragsingeniørar som representerer framsteget, men det er maskinar som står for utrekningane som ligg bak. Motstandarane er følgjeleg utydelege og lite konkrete. Vidare får vi stort sett berre ganske vage hint om kva negative konsekvensar «utviklinga» kan føre med seg – dei potensielt vonde planane til motstandarane ligg delvis i tåka, delvis inne i ei enno uavklara framtid. Vasskraftutbyggingane i Moselandet og i Borna og dyra i Reinkalvvatnet føreligg såleis berre som planar, ikkje som ferdig realiserte prosjekt. Katastrofen ligg i ei uavklara framtid. Jåstads framstilling av konflikten mellom det moderne og det tradisjonelle kan lett kritiserast som romantiserande. Ikkje minst gjeld dette den noko lettvinte handsaminga av «det nye». Medan det tradisjonelle samfunnet blir skildra i full breidd, med inngåande detaljar, blir det moderne framstilt nokså eintydig negativt og unyansert.

Forteljingar om heimkunnskap

Jåstads romanar er didaktiske. Den kunnskapen som først og fremst blir formidla i romanane (til dømes mellom generasjonane) og av romanane, kallar Jåstad ein stad heimkunnskap. Eit meir presist omgrep ville vere heimstadlære. Det følgjande avsnittet tek føre seg den didaktiske sida til romanane.

Romanen Stabbursungane handlar om ein lærar og elevane hans på ein liten skule i den fiktive grenda Silvika. I innleiinga til boka blir det bygd opp ei viss spenning rundt det som skal skje, nemleg at postmannen og den nye læraren, Tipling, kjem til bygds. Her får vi innblikk i spenninga og forventningane som ungane i denne vesle bygda har. Det viser seg raskt at den nye læraren er ein overlag god lærar som kjem fort overeins med ungane og lokalmiljøet. Den moglege konflikten som ligg i at ein ny karakter kjem til bygda, blir ikkje teken vidare. Hendingane som blir fortalde vidare i romanen, er i liten grad konfliktfylte. Her er nokre hint om noko mørkare (til dømes Napoleonskrigen, uår, skrømt osb.), men dette kjem aldri i forgrunnen. Alle desse mørkare sidene av røyndommen finst berre som teori eller fjern fortid. Dei er berre skulske fakta om verda, men har heller lite med «her og no-situasjonen» å gjere.

Boka viser eit idealisert bilete av korleis samspelet mellom lærar og elevar kan vere. Stabbursungane står dermed ekstra tydeleg i ein didaktisk barneboktradisjon. Ein skal lære noko av å lese dette, og boka handlar om læring og undervisning. I Stabbursungane blir verdien av det eigne og nære, verdien av å leve i eit på fleire måtar førmoderne samfunn framheva. I romanforteljinga lever enno ein del gamle tradisjonar, til dømes blir songtradisjonar knytt til kverning av korn framheva. Samfunnet er tradisjonelt nordnorsk, og næringsvegen er fiskarbondens. Samanhengane mellom det nære og det fjerne blir òg tematiserte, likeins samanhengar i naturen. Eit økologisk krinslaup, lemenår, blir tematisert over fleire sider i boka, og blir samanhalde med dramatiske historiske hendingar:

Eit stort lemenfolk hadde teke ut frå heimlandet sitt av naud eller vandrarinstinkt. Såg ut som lemmus-lemmus-folket kom frå aust og var på veg mot vest eller mot hav- og øygarden. Slik vandra tartarar, germanar, arabarar ein gong. Og slik strøymde utvandrarane frå Europa mot Amerika […] (Jåstad, 1974, s. 38).

Og vidare:

Det låg daude lemen både her og der. Slik var det vel det såg ut mellom Moskva og elva Beresina i 1812, då Napoleon måtte dra seg attende for vinteren på steppene i Russland. Men der var det vel soldatar som låg att for kråkene (s. 38).

Samanlikningane er nærmast groteske, men dei er ikkje utypiske for Jåstads bøker. Samanhengen som blir oppretta mellom lemen og soldatar, er først og fremst didaktisk, han skal tene som konkretisering av historiebokas forteljing. Vidare blir reelle økologiske samanhengar tematiserte:

– Gjer ikkje lemenfolket godt for noko då? spurde Per.

– Jau visst gjer det det, sa læraren. Det mettar mange. Det grev opp jorda så frø kjem betre ned. Ugler og rev let rypeungane vere slike lemenår, så rypeflokkane aukar gjerne. Andre fuglar også. – Rart, sa Berte, kor dei lever av kvarandre. – Alt som er skapt har nok ei meining, sa Tipling (s. 41).

I Tiplings replikk kjem det fram eit grunnsyn som er basert på ei førestilling om økologisk balanse og er forankra i eit religiøst verdssyn (jf. «Alt som er skapt»). Andre stader i forfattarskapen er utvikling og endring av naturmiljøet og økosystema tematisert, tankar som er meir i tråd med vitskapelege forståingar av økosystem: «[S]uccession is a continous process over time, from which no static norm or ideal end-point […] can be derived. Ecosystems do maintain a kind of equilibrium, but it is characterised as much by change as by stasis» (Garrard, 2012, s. 64).

Den pedagogiske tankegangen som gjennomsyrar Stabbursungane er tungt prega av reformpedagogikken. Læringsprosessane som skulelæraren legg opp til, er gjennomgåande induktive, problembaserte og utforskande. Læringa skjer i møte med det nære og heimlege, og det som er fjernt i tid og stad blir knytt til det nære; til dømes illustrerer elva i bygda både Nilen og Volga (Jåstad, 1974, s. 14). Læreprosessane startar med det konkrete, og skjer gjennom hender og handlingar og i samspel med heile nærmiljøet. Ofte er det eit konkret opplevd problem som bestemmer kva elevane og læraren skal arbeide med (pennemangel, eit kvernhus som forfell, snøen som kjem). Det er ikkje skarpe grenser mellom faga i denne grendeskulen. Arbeidet med å lage ski fører til dømes til at ungane blir merksame på språket ettersom det er knytt ein særleg terminologi til handverket: org, tåge, binding (s. 46). Språk, tanke, hand og handling må forståast som ein einskap.

Jåstads andre bok for born, Guten med kråkene og endene, skil seg litt ut i forfattarskapen. For her møter vi, meir i tråd med typiske barnelitterære konvensjonar, barnet på eiga hand. Her legg guten Olle ut på ferd på ei flåte nedover ei elv. Han har tett kontakt med naturen rundt seg, og kan liksom kommunisere med dyra og fuglane som han møter. På reisa si finn han gamle kulturspor, mellom anna ei tuft av ein samisk buplass.

Samisk kultur er enno sterkare tematisert i Moselandet, og hendingane er meir dramatiske enn i den føregåande romanen. Romanen følgjer ein familie reindriftssamar. I bakgrunnen truer storsamfunnet og moderniseringa – kva konsekvensar vil ei kraftutbygging få for denne måten å leve på? Det moderne står etter kvart fram utan tydelege menneskelege trekk. For det er maskinar som reknar, og desse maskinane kan ein ikkje stole på:

Gamma mi vert vel ståande under vatn ho? la han til. Kanskje vart det berre teikningar og ikkje meir, trøysta dei framande. Det var så mykje ein måtte rekne på for tida. No var det maskinane som rekna. Ingen han veit kva slike maskinar kan rekne ut, sa Jakob Anti. (Jåstad, 1976, s. 54)

Det er ein potensiell katastrofe som står for døra, og denne har ikkje først og fremst utspring i politiske avgjerder eller menneskeleg tenking. Det er den moderne teknologien i seg sjølv som er aktøren her. Maskinane reknar, men dei er ubereknelege: «Ingen han veit kva slike maskiner kan rekne ut.» Katastrofen blir, i alle fall for ei stund, hindra ved hjelp av ei større mobilisering av motkrefter.

I Per går Sjølvtrøddvegen set Jåstad lys på ei anna side ved framvoksteren av det moderne samfunnet, nemleg sentralisering og fråflytting. Per (frå byen) bur ein sommar saman med bestefaren i Sjølvtrøddgrenda, alternativt Fråflyttgrenda. For Per er reisa til bestefaren ei reise i stad, men òg i tid. Gjennom samværet med bestefaren blir gamle tradisjonar, namn og levemåtar revitaliserte, og «gamle dagar» blir levandegjort i bestefarens forteljingar. Første kapittel i boka skildrar Sjølvtrøddgrenda i fugleperspektiv, det blir teikna eit kart over eit kulturlandskap med ei tåkelagd fortid og ei uviss framtid. Den gamle vegen til Sjølvtrøddgrenda er komplisert: «Som du ser må du no gå ei mils veg over myrar og moar til du kjem til tre små elvar ved ein fjordbotn» (Jåstad, 1977, s. 10). Den gamle vegen plasserer Sjølvtrøddgrenda nesten i eit mytisk landskap, men her er òg mogleg å komme, slik Per gjer, med rutebuss etter storvegen (s. 12). Landskapet og kulturen som blir avteikna i romanen, er stort sett tapt for dei som er flytta ut, men lever vidare som «draum og tanke» i det urbane og i den store verda:

Elles er det rart med vegen og grenda. Langt borte, i byar og på fabrikkar, på skip og båtar, på prærien og ved Stillehavskysten, kjem Sjølvtrøddgrenda fram i draum og tanke. Det er som grenda syng i kornet på prærien og kviskrar frå bårer på havet. Når maskinen på fabrikken stansar ei stund, kjem bilete av elv og ås og myr og blått fjell fram i dagdraumar. Og bilete av grenda teiknar seg ofte i isrosene på vindauga (s. 8).

At Per går Sjølvtrøddvegen tematiserer skilnaden, eller snarare motsetnadene, mellom by og bygd, gjer at nokre aspekt ved denne romanen kan karakteriserast som pastorale (Garrard, 2012, s. 37). Bestefar er tidlegare gardbrukar, og første kvelden Per er i Sjølvtrøddgrenda, syng bestefaren ei vise om kyr og geiter for Per. Dei einaste andre beboarane i grenda, Anders og Maren, er sauebønder. På denne måten knyter romanen nærmast eksplisitt an til ein pastoral litterær tradisjon (pastor er latin for «gjetar»). I sitatet over blir bilete av grenda teikna i isrosene på vindauga (på fabrikken?). Grenda blir altså heilt konkret skildra som idyll (av gr. eidyllion, «lite, skildrande dikt», ofte med pastoralt tema). I det urbane finst grenda berre som idylliske førestillingar. Pers opphald i Sjølvtrøddgrenda er vidare prega av naturens lydar, god svevn og nærleik til natur og dyr, og romanen gjev i all hovudsak eit idyllisert, nesten klisjeaktig bilete av det gode og harmoniske livet på landet sjølv om òg andre og meir problematiske sider ved det landlege blir tematiserte.

Kongeørnungen tematiserer veldig tydeleg korleis alle, både menneske og dyr, inngår i ein større samanheng. Ein kan, som kongeørnungen som er i sentrum i denne boka, bli fjerna frå den samanhengen ein inngår i, og det kan få alvorlege konsekvensar. Kongeørnungen blir stolen frå reiret sitt og halden i fangenskap ei tid. Når han så skal ut i naturen igjen, treng han heilt konkret ei omskolering for å finne igjen plassen sin i den store samanhengen: «Du vil halde eit ørne-kurs kanskje? Sa mor. Vi får ta ei veke. Og vi får kalle det heimkunnskap, sa Knut» (Jåstad, 1978, s. 32). Danning handlar her om å forstå og tilpasse seg miljøet ein lever i, og gjeld både menneske og dyr. «Heimkunnskap» i noko utvida tyding blir såleis eit sentralt «danningsfag».

Tapet av det tradisjonelle lurer i bakgrunnen i Borna og dyra ved Reinkalvvatnet òg. Hendingane i denne boka er knytte til at eit beverpar etablerer seg i nærleiken av garden der dei tre ungane Rune, Odd og Liv bur. Familien legg etter kvart ut på ekspedisjon for å finne ut av kvar desse beverane har komme frå, og dei får etter kvart nøsta opp i ei sørgjeleg forteljing om slektningane til dei beverane som har slege seg ned ved Reinkalvvatnet. Desse beverane har nemleg ikkje overlevd i det første koloniforsøket ved Hundåla-vassdraget. Som framande hadde dei ikkje den naudsynte og livgjevande «heimkunnskapen», og kunne dermed ikkje klare seg. I løpet av ein ekspedisjon til den vesle bygda Hundåla i Vefsn får familien kjennskap til den tradisjonelle kulturen rundt Hundålavatnet. Denne kulturen eksisterer delvis som reminisens, delvis reelt, men er i ferd med å døy heilt som følgje av utbyggingsplanar. Desse større hendingane ligg (igjen) rett nok berre i bakgrunnen i romanen.

Naturens og kulturens røyster

Barnebøkene til Jåstad har jamt over ein episodisk dramaturgi, der fleire små «toppar» er lenka saman, men gjerne med eit overordna prosjekt i bakgrunnen. To forteljartekniske trekk2 i romanane byggjer opp under det tematiske:

  1. Fokaliseringa ligg gjerne lågt – hos born eller dyr.

  2. Diskursen er (i alle fall tilsynelatande) prega av fleirstemtheit, og gjev stor plass til naturens røyster (antropomorfisering), lokalhistoria og lokale tradisjonar, forteljingar frå Bibelen, herming av samisk joik, språk og sosiolekt, namnestoff og sjangerblanding (innslag av vers og songar).

Vidare her vil eg først gå inn på korleis naturrøystene blir handsama i forteljingane. Forteljaren gjev att dyrelåt direkte, men han lèt òg fokaliseringa liggje hos dyr og fuglar i lange passasjar. Deretter viser eg korleis biletet av natur og økologi blir nyansert i forfattarskapen – stabil harmoni og idyll er ikkje einerådande, og fleire moglege posisjonar blir viste fram. Det er mogleg å spore fleire konkurrerande (økologiske) posisjonar i romanane. Ein kan finne tendensar til idyllisering av naturen og av tradisjonell kultur, og samspelet mellom menneske og natur og mellom ulike naturelement blir gjerne framstilt som harmonisk. Men her er òg skildringar av ein meir brutal og nådelaus natur, og tydelege interessekonfliktar mellom menneskelege behov og behova til ville dyr blir òg tematiserte. Trass dette kan det synast som om normsystema til romanane fleire stader ligg nært opp til ein djupøkologisk posisjon (Næss, 2015). Eg vil likevel argumentere for at den dominerande tekstnorma ikkje er gjennomført djupøkologisk. Fiskarbondekulturen eller reindriftskulturen, som kanskje kan tolkast som «heltane» i Jåstads romanar, har gjerne eit noko meir pragmatisk natursyn, og er trass alt antroposentriske.

Naturens røyster

I alle seks bøkene er dyr og fuglar særs nærverande, òg heilt konkret auditivt til stades i lydmalande ord. I Stabbursungane blir perleuglas hukring nemnd i samtalar, men i boka frå 1975, Guten med kråkene og endene, syng fuglane med, både kråker, ender, ramn og andre, frå starten av, og menneskespråk og dyre- og særleg fuglespråk blandar seg saumlaust med kvarandre. Fleire av illustrasjonane (teikningar av Aashild Havåg) viser menneske, dyr og fuglar som opptrer saman i harmoni. Talande er illustrasjonen i innsidepermen, der ville dyr som gaupe, jerv, kråker og ei ugle står fredeleg saman med både menneske og tamdyr som geit og ku.

Forteljaren set om fuglelåtane til menneskeleg språk. Det går fram at det er liksomomsetjingar, om lag som når born leikar med dokker, men på denne måten gjev forteljaren heilt konkret naturen eigne røyster. Hovudpersonen Olle kjem over ei gammetuft, og endene og kråkene som han har med seg, «prøvde å lage en joik»:

Kra – vakk vakk!

Kra – vakk vakk!

Vakk – kra – vakk!

Kra – vakk – kra!

 

Det tydde vel noko slikt:

 

Sara Steikte

Orgi åt.

Myggen leikte

Rein sprang kåt […] (Jåstad, 1975, s. 35–36).

Vidare får vi høyre eit heilt kor av røyster, og røystene går over i kvarandre. Olle møter ein mann i ein grøn hatt, truleg er mannen samisk, og i denne mannens joik går grensene mellom naturen, altså dyr og fuglar, men òg sjølve landskapet (Elvelandet), og menneska, i oppløysing:

Olle slepte endene ifrå, og mannen staka båten fram som om han hadde staka heile sitt liv. Og han tok snart ein liten joik til stakinga. Tonen likna både heilo og storspove […]. Endene kvakka til og kråkene kra-a til. Lavskrikene slo med vengene, og reinklauv og snork og elvesus blanda seg med den merkeleg (sic) joiken frå mannen i den grøne hatten ‒ og Elvelandet levde og gledde seg […] (s. 41).

Landskapet i seg sjølv, Elvelandet, får her liv og er i stand til å glede seg, tilsynelatande som eit resultat av mannens joiking. I denne samanhengen kan ein nemne at ein joik tradisjonelt sett nettopp kan representere eit landskap på ein direkte måte – mannen joikar Elvelandet, ikkje om Elvelandet (Fagerheim, 2015). Olle vender etter denne hendinga tilbake til garden, opplevingane frå reisa blir ei «kveldsforteljing», og fuglelåten stilnar: «Kråkene sleppte ikkje eit einaste kra frå reiret i den store bjørka i Elvesvingen» (Jåstad, 1975, s. 46).

I Moselandet møter vi tilsvarande skildringar av harmoni, og igjen er det nettopp joiken som er katalysator for denne harmoniske tilstanden:

Reinjoiken til Sara Marja rulla som vidda sjølv, sølvlett som vårbekken, kvikt som lavskrikene, trolsk som elvesongen under skaresnø […]. Og det vart dans over viddene på veg mot Moselandet. Simlene dansa, hundane Gerr og Garm flekte tenner, og Sara Pelle og Ellen Astrid, borna åt Aslak Åta, hauka og lo, og grønnspettene lo borte i myrgranene (Jåstad, 1976, s. 8).

Menneske og dyr dansar og syng saman i ein harmonisk heilskap, grensene mellom det menneskelege og ikkje-menneskelege blir uklare, slik at dikotomien natur–menneske langt på veg blir oppheva. Det er på ein måte noko dionysisk over heile scenen. Den økologiske posisjonen som blir utforska her, er ganske klart den djupøkologiske (Næss, 2015) eller økosentriske. Særleg tydeleg blir dette ved at òg landskapselement blir tillagde ei røyst og gjennom det eigenverdi (jf. metaforen «elvesongen»).

Tilstanden som blir skildra i sitata over – prega av at grensene mellom natur og menneske ser ut til å vere moglege å overskride, i alle fall retorisk –, blir i Moselandet utfordra av ei ny form for grensesetjing. Det dukkar etter kvart opp «ei framand stong midt i beitelandet, ei raud og kvit stong med ein kvit plakat på toppen utan bokstav eller merke» (Jåstad, 1976, s. 47). Dette er siktestavar som ber bod om ei planlagd kraftutbygging.

I fleire av bøkene får skildringane av naturrøystene god plass. I Borna og dyra ved Reinkalvvatnet dominerer antropomorfe skildringar av dyra rundt vatnet store deler av det første kapittelet:

Korpen var berar av lokalnytt langs elva og over vatnet. Mysene spissa øyro når korpen ropa om åtsel, det same gjorde røyskatten og reven. Skrump, skrump, tenkte oteren. Det luktar blautrote av korpeskriket, tenkte oteren som berre åt feit, fersk fisk. Men kråkene svara med kra, kra, nytt om mat, nytt om mat, takk for innbydinga […]. Korpeskriket var vondt i rypeøyro […]. Rypa kjende den grannen sin (Jåstad, 1983, s. 11).

I korte parti flyttar altså fokaliseringa seg mellom ulike dyr som held til langs vatnet, og forteljinga gjev såleis inntrykk av at det er dyras eigne tankar og kjensler som blir refererte. Andre stader gjer forteljaren det tydelegare at dette er ei form for fri fantasering, og at forteljaren ikkje «eigentleg» har tilgang til dyras tankar og røyster:

Elgen togg roleg på ting som smaka han. Ja, han riste kanskje på det tunge hovudet sitt til bråket frå kråke, skjor og korp. Kanskje tykte elgen at fuglane bruka mange ord og sterke ord om små ting (s. 12, mine kursiveringar).

Forteljaren tek gjennomgåande ei positiv haldning til dyra – vi kan i alle fall sjå føre oss at dyra har tankar, kjensler, sansingar, behov, antipatiar osb. Det er klart at dyra alltid er framande, og at ei attgjeving av tankar og kjensler ikkje kan bli meir enn ei gjetting eller ei projisering, men slike passasjar avslører forteljarinstansens grunnleggjande positive innstilling til det ikkje-menneskelege.

Naturen: ytre trugsmål eller innleira i kulturen?

Medan harmoni og førestillinga om økologisk balanse, der òg tradisjonell kultur ser ut til å kunne inngå meir eller mindre saumlaust, er eit hovudtema i Jåstads forfattarskap, har naturen òg ei anna side. Naturen kan vere brutal og skremmande, han kan representere eit trugsmål mot menneskelege interesser, og han kan vere i endring og utvikling. Jåstads romanar er ikkje først og fremst forteljingar om upåverka villmark, altså natur «in a state uncontaminated by civilisation» (Garrard, 2012, s. 66), men forteljingar om eit landskap der òg menneska bur og påverkar omgjevnadene sine. Ideen om villmarka har vore ein potent faktor i miljørørsla, og denne konstruksjonen blir «mobilised to protect particular habitats and species, and is seen as a place for the reinvigoration of those tired of the moral and material pollution of the city» (s. 66). I nyare økokritisk litteratur er oppfatningane av det tradisjonelle skiljet mellom kultur og rein natur grundig problematisert av mellom andre Timothy Morton. For Morton er førestillinga om den reine naturen eit falskt ideal, og sjølve omgrepet natur blir problematisk for Morton: «Nature was an ideal image, a self-contained form suspended afar, shimmering and naked behind the glass like an expensive painting» (Morton, 2010, s. 5). I ein slik optikk vil tanken om den reine, upåverka villmarka vere uhaldbar. Røyndommen består ikkje av rein natur på den eine sida og rein kultur på den andre, men er alltid og overalt hybrid:

Hele vår sivilisasjon er tross alt preget av vekselvirkningen, gjennom at menneskehetens evolusjon (den industrielle revolusjon og bruken av fossilressurser) har innvirket på naturens evolusjon (klimaendringene), med den følge at vår livssituasjon og bevissthet er blitt endret. Slik vil det fortsette, som en hybrid utveksling inn i fremtidens verden, der det å mobilisere til endring til syvende og sist vil handle om våre livsmuligheter (Hammer, 2018, s. 73).

I Jåstads romanar er slike vekselverknadar mellom dyr, menneske og landskap tematiserte, men då først og fremst på mikroplan, i kulturlandskapets økosystem.

I Guten med kråkene og endene er Olle på ekspedisjon i eit villmarksprega landskap, men han møter snart på kulturspor og på folk som lever i landskapet. I Per går Sjølvtrøddvegen legg Per og bestefaren ut på tur i øydemarka, men det landskapet dei går i, er ikkje eigentleg villmark, her er spor etter menneske overalt – i det minste i form av stadnamn. Dette kulturlandskapet kan likevel ha husa skremmande element. Til dømes finn bestefar og Per eit hi der bjørnen har halde til: «-Å, var det bjørnen som budde her! Han kan bu her enno! Eg vil snu, Bestefar!» (Jåstad, 1976, s. 35). Bestefaren trøyster, og seier «-Roleg no, Per-mann. Roleg. Eg sa då at han budde her for 50 – 60 år sidan, sa eg ikkje det?» (s. 35). Medan det trugande moderne lurar i utkanten av forteljingane som noko som enno ikkje heilt har festa grepet, noko som ligg i ei ennå ikkje ferdig framtid, så har den verkeleg trugande villmarka blitt forvist til ei meir eller mindre fjern fortid. Bjørnen er ikkje lenger i bygda, og eit møte med bjørnen kan berre skje i fantasien gjennom bestefarens forteljing. På denne måten er naturen aldri heilt «vill», han er under ein viss kontroll, og menneska er naturforvaltarar. Følgjeleg kan ein seie at det ikkje (lenger) er bjørnen eller villmarka som representerer det farlege og skremmande, men menneska.

Men sjølv om naturen i Jåstads romanar er ein natur innleira i den menneskelege kulturen, kan han likevel vere skremmande nok. I Kongeørnungen og i Borna og dyra ved Reinkalvvatnet er den nådelause naturen tematisert. Den bortkomne kongeørnungen kan ikkje utan vidare finne attende til dei naturlege omgjevnadene sine, og det er ikkje gjeve at den nyinnvandra beveren kan finne seg til rette ved Reinkalvvatnet. Beveren som kjem, gjer eit forsøk på reetablering. Arten har vore der før, det ber mellom anna stadnamna vitnemål om: «-Eg veit av Bjortjønna, sa Rune» (Jåstad, 1983, s. 35). Kolonien ved Reinkalvvatnet er siste rest av ein større koloni, der dei andre individa har bukka under – ein av dei gjekk seg fast i eit garn, ein annan vart slegen i hel av nokre ungdommar (Jåstad, 1983, s. 82–91).

Beverens reetablering ved Reinkalvvatnet blir problematisert i dialogen, og karakterane i romanen representerer ulike posisjonar eller haldningar: «-Det vert koseleg å få ein ny granne, sa mor. – Koseleg og koseleg. Han skal ha skog, karen. Noko til mat og noko til dam og noko til hytte, grunda far» (s. 36). Men det blir likevel bestemt at innvandraren skal få prøve seg, med referanse til kristen etikk: «-Vi får leve etter skrifta og dele med andre skapningar så godt vi kan, tenkte mor høgt» (s. 36).

Medan faren her representerer skogbrukarinteressane til bonden, han er ein slags rural kapitalist, representerer mora ein posisjon som ligg nærmare djupøkologien. Her er denne djupøkologiske posisjonen altså forankra i ein kristen etikk, det handlar om å «leve etter skrifta». Ei djupøkologisk posisjonering kan elles godt vere forankra i ulike religionar og livssyn (Næss, 2015), og det er mogleg å tolke skrifta slik mora her gjer, sjølv om kristendommen òg har vorte skulda for å gje ideologisk grunnlag for menneskeleg (over)utnytting av naturen (Garrard, 2012). Konklusjonen i boka er at interessene som familien har i skogbruket, må vike noko for å gje plass til den nyinnvandra arten. «Humans only inhabit the lands, using resources to satisfy vital needs. If their nonvital needs conflict with the vital needs of nonhumans, humans might yield» (Næss, 2015, s. 54). Ressursane ved Reinkalvvatnet er ikkje knappe at det er tale om eit vere eller ikkje vere for familien. Her står med andre ord «nonvital needs» mot «vital needs», og menneska må vike.

I Moselandet blir rovdyr framstilte som eit mogleg trugsmål mot eksistensen, og reindrifta, som heile den tradisjonelle samiske kulturen kviler på, får førsteprioritet. Eit gaupespor dukkar opp i snøen, og det går fram at gaupa må skytast dersom ho er ein fare for reinen. Deretter følgjer eit nullfokalisert (Aaslestad, 1999, s. 86) avsnitt:

Hos samane er det slik, og slik har det alltid vore. Reinen først og reinen sist. Alt må vike for reinen. Dei gamle forlet eldre som ikkje greidde fylgje under flytting. Folk måtte greie seg sjølv. Ingen måtte hefte når reinen flytte eller kunne vere i fare (Jåstad, 1976, s. 19).

Reinflokken er livsgrunnlaget for reindriftsfamilien, og her må altså gaupas «vital needs» vike for menneskas «vital needs». Utdraget over skil seg frå dei tekstuelle omgjevnadene i og med at det her tilsynelatande blir gjeve att meir allmenn eller objektiv kunnskap om samane generelt, og forteljarstemmen er her meir distansert i høve til emnet enn elles i teksten.

I Borna og dyra ved Reinkalvvatnet fortel far til borna ei forteljing om ein annan innvandrar, nemleg ein elg som vandra inn til bygda. Elgkua glir på isen og døyr, men før ho døyr, føder ho ein kalv som snart etter omkjem. Elg etablerer seg likevel etter kvart ved Reinkalvvatnet i nyare tid: «- Det var under siste krigen. Kanskje var det i 1943» (Jåstad, 1983, s. 41). Økosystema er såleis ikkje framstilt som heilt statiske, nye artar kjem til, nokre forsvinn. Slike endringar er altså ikkje handsama som tapsrøynsler, men blir i staden berre tekne til etterretning av karakterane i romanen.

Kulturlandskapet som kollektivt prosjekt

Det tradisjonelle fiskarbonde-samfunnet og den tradisjonelle reindriftskulturen blir oppvurderte i Jåstads romanar, men desse kulturane blir samstundes presenterte som allereie tapte, døyande eller i alle fall under press. Desse tendensane gjev forfattarskapen ein elegisk undertone. Det er forteljingar om den tapande parten. Samfunna blir skildra som samfunn som i utgangspunktet er i balanse, og skildringane kan såleis nærme seg idyllen eller pastoralen. Fiskarbonden og reindriftssamen kan i prinsippet halde fram med sitt i det uendelege – samfunna har «berekraft». Samstundes er natur og kultur ikkje framstilte som motsetnader i romanane. I nokre parti i Moselandet og i Guten med kråkene og endene ser, som vist over, menneske og natur ut til å inngå i ein slags mystisk (dionysisk) einskap. Her nærmar diskursen seg ein «mørkegrøn» eller djupøkologisk eller økosentrisk posisjon (Hammer, 2018; Næss, 2015).

Dette er likevel ikkje gjennomgangstonen i forfattarskapen under eitt. Naturen som blir skildra i romanane, er først og fremst kulturlandskapets natur, og den norma som lettast kan lesast ut av tekstane, er nærmast i slekt med fiskarbondens haldningar. Naturen i romanane inngår i kulturen. Menneska skapar kulturlandskapa og speler saman med naturen, forholdet er tilsynelatande harmonisk. Men desse samfunna, som gjer ekstensiv bruk av utmarksressursar, har særs avgrensa plass til eigentleg villmark, i den grad det er eit brukande omgrep (jf. Garrard, 2012, s. 66–92). Såleis må til dømes både gaupa og bjørnen vike for menneska dersom desse representerer trugsmål for menneskas livsvilkår. Så lenge det er plass til både menneske og dyr, slik som tilfellet er med beveren i Borna og dyra ved Reinkalvvatnet, kan menneske og dyr leve i harmonisk sameksistens. Den dominerande norma i romanane er med andre ord antroposentrisk, men eit fungerande samspel mellom natur og kultur er framheva som noko positivt, ja det er i og for seg umogleg å tenkje natur og kultur som skilde storleikar. I tråd med Mortons (2010) forståing av økologi, er kulturlandskapet alltid allereie både natur og kultur. Framsteget, representert ved til dømes kraftinteresser i Moselandet og Borna og dyra i Reinkalvvatnet eller sentraliseringa i Per går Sjølvtrøddvegen, representerer på den andre sida eit nytt og mykje alvorlegare trugsmål mot tradisjonelle levevegar. Framsteget kan føre til inngrep i kulturlandskapet som har påverknad ikkje først og fremst på ein villmarksprega natur, men på levemåtane til menneska. Dette trugsmålet er meir uhandgripeleg enn bjørn og gaupe, og lèt seg i beste fall berre bremse.

Jåstads barneromanar kan neppe få eit stort publikum i dag, men problemstillingane dei omhandlar, er framleis særs aktuelle. Til dømes er arealbruken i utmarka mykje debattert. Vindkraftindustriens innverknad på reinnæring, turisme og vern av artsmangfald, industrialisering av landbruket, sentralisering og rovdyrproblematikk er tema som i høg grad gjev opphav til debatt og konflikt i dag, og som i stor grad er samanfallande med dei konfliktane som Jåstads romanar tematiserer. Ein forfattarskap som Jåstads kunne såleis bli reaktualisert, i alle fall i skulesamanheng, som døme på litteratur som gjev nokre djupe perspektiv på samspelet mellom kultur og natur. Den pragmatiske («jordnære»?) posisjonen til fiskarbonden eller reindriftssamen er moglegvis noko underrepresentert i barnelitteraturen, der det gjerne er slik at «boys are depicted as acting and developing in the wilderness, and girls are shown as reaching a state of harmony and belonging in the green worlds of gardens» (Goga, Guanio-Uluru, Hallås og Nyrnes, 2018a, s. 3). Dei individuelle danningsprosjekta er det få av hos Jåstad, og tematiseringa av dei kollektive prosjekta i romanane hans representerer såleis ein mot- eller understraum i barnelitteraturen. Romanane peiker i liten grad på løysingar på dei store trugsmåla (sentralisering, kraftutbygging), men i den grad løysingane kan finnast, er det nettopp i det kollektive, i samarbeidet, at konfliktane kan løysast. I Stabbursungane løyser bygda som heilskap utfordringane knytte til restaureringa og revitaliseringa av den tradisjonelle kulturen, og i Moselandet mobiliserer bestefar Jakob Anti (rett nok «back stage») så mange menneske til å gjere motstand mot vasskraftplanane at reinbeita blir berga: «[V]i veit du har fare vidt og at du har berga Moselandet vårt. Gammene våre skal aldri kome under vatn. Moltemyrene våre skal få stå gule» (Jåstad, 1976, s. 58). Moltemyrene våre, altså.

Litteratur

Andersen, H.O. (2018). Den økokritiske utfordringa: Lyrikkåret 2017. I N. Simonhjell & B. Jager (red.), Norsk litterær årbok 2018 (s. 22–45). Oslo: Det Norske Samlaget.

Birkeland, T. (2016). Forhandling om natur–kultur: En økokritisk lesning av Jörg Müller og Jörg Steiners bildebok Kaninliv (1978). Barnelitterært forskningstidsskrift, 7(1). DOI: https://doi.org/10.3402/blft.v7.33705

Birkeland, T., Risa, G., & Vold, K.B. (2018). Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Det Norske Samlaget.

Fagerheim, P. (2015). Samiske emosjonelle lydlandskaper i bevegelse: Musikalsk praksis i produksjonen av etnisitet. I P. Fagerheim & O. Larsen (red.), Musikk, folk og landskap (s. 65–88). Stamsund: Orkana Akademisk forlag.

Garrard, G. (2012). Ecocriticism. London: Routledge.

Glotfelty, C. (2015). Literary studies in an age of environmental crisis. I K. Hiltner (red.), Ecocriticism: The essential reader (s. 120–130). New York: Routledge.

Goga, N. (2017a). Økokritiske blikk på barnelitteraturen. Bøygen 3/17, 74–87.

Goga, N. (2017b). I begynnelsen var treet: Økokritisk lesning av omformingen fra et stykke tre til gutt i Carlo Collodis Le avventure di Pinocchio. Storia di un burattino (1883). Barnelitterært Forskningstidsskrift, 8(1). DOI: https://doi.org/10.1080/20007493.2017.1308750

Goga, N., Guanio-Uluru, L., Hallås, B.O., & Nyrnes, A. (2018a). Introduction. I N. Goga, L. Guanio-Uluru, B.O. Hallås & A. Nyrnes (red.), Ecocritical perspectives on children’s texts and cultures (s. 1–23). Basingstoke: Palgrave macmillan.

Goga, N., Guanio-Uluru, L., Hallås, B.O., & Nyrnes, A. (red.). (2018b). Ecocritical perspectives on children’s texts and cultures. Basingstoke: Palgrave macmillan.

Hammer, S. (2018). Framtidens Norge: På sporet av et grønnere samfunn. Oslo: Vidarforlaget.

Jenssen, Ø. (2005). Forfatteren, læreren og helgelendingen Birger Jåstad. I H. Monssen, Årbok for Helgeland (s. 139–149). Mosjøen: Helgeland historielag.

Jåstad, B. (1974). Stabbursungane. Oslo: Noregs boklag.

Jåstad, B. (1975). Guten med kråkene og endene. Oslo: Noregs boklag.

Jåstad, B. (1976). Moselandet. Oslo: Noregs boklag.

Jåstad, B. (1977). Per går Sjølvtrøddvegen. Oslo: Noregs boklag.

Jåstad, B. (1978). Kongeørnungen. Oslo: Noregs boklag.

Jåstad, B. (1979). Nordlyskatten. Oslo: Noregs boklag.

Jåstad, B. (1983). Borna og dyra ved Reinkalvvatnet. Oslo: Norsk barneblads forlag.

Morton, T. (2010). The ecological thought. Cambridge: Harvard University Press.

Næss, A. (2015). The deep ecological movement: Some philosophical aspects. I K. Hiltner (red.), Ecocriticism: The essential reader (s. 47–61). New York: Routledge.

Ommundsen, Å.M. (2012). Avkolonisert barndom, koloniserende teori? – Internasjonal barnelitterær teori i konflikt med kunstnerisk praksis i samtidens norske barnelitteratur. Edda, 99(2), 104–115.

Sørbø, J.I. (2018). Nynorsk litteraturhistorie. Oslo: Det Norske Samlaget.

Wærp, H.H. (2018). «Hele livet en vandrer i naturen»: Økokritiske lesninger i Knut Hamsuns forfatterskap. Stamsund: Orkana Akademisk forlag.

Ørjasæter, T. (1997). Den norske barnelitteraturen fram til 1980. I E. Beyer (Red.), Norges litteraturhistorie, band 7: Inn i medietidsalderen 1965-80. Barne- og ungdomslitteraturen. (s. 571-736). Oslo: Cappelen AS

Ånderå, I. (2017). ’Ein farfar i livet’: En karakteranalyse av besteforeldrekarakteren i tre bøker for barn og unge (masteroppgåve, Høgskulen på Vestlandet). Henta frå https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/bitstream/handle/11250/2481360/Masterthesis_Ånderå.pdf?sequence=2&isAllowed=y

Aaslestad, P. (1999). Narratologi: En innføring i anvendt fortellerteori. Oslo: Cappelen Akademisk.

1Nordlyskatten (1979) skil seg frå dei andre romanane, og er derfor utelate her. Sjølv om protagonisten er katten Lunkentus, er dette kanskje den av Jåstads bøker som lettast kan kategoriserast som danningsroman eller oppvekstroman ettersom vi følgjer denne katten gjennom ulike kriser og dramatiske hendingar. Han er tidvis på loffen, tidvis har han trygge hamner. I motgangen veks Lunktentus og ender opp som ein røynd, danna, men likevel rotlaus katt. Romanen tematiserer det å høyre til (i sosiologisk forstand), og må karakteriserast som ein dyrebiografi. Romanen kunne såleis òg vore eigna til ei økokritisk lesing, men då med ei litt anna vinkling enn den eg legg opp til her.
2Her brukar eg dei narratologiske omgrepa i tråd med Aaslestad, 1999.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon