Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Jente–hest-kameratskap på tvers av artar: Hesteboka i økokritisk perspektiv

Girl and Horse as Companion Species: Horse fiction in an ecocritical perspective
Professor i kunstfagdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet, professor II ved Fakultet for kunst, musikk og design, Universitetet i Bergen.

Aslaug Nyrnes forskar innanfor litteratur og kunstfagdidaktikk, med vekt på økokritikk, retorikk og tekstarbeid i kunstnarisk utviklingsarbeid. Ho har skrive «Grøn topologi. Ei nylesing av Vergils hjul». Kultur & Klasse (2017), nr.123, s. 279-290 og er redaktør (saman med N. Goga, L. Guanio-Uluru og B. O. Hallås) for antologien Ecocritical Perspectives on Children’s Texts and Cultures: Nordic Dialogues (2018), utgitt av Palgrave Macmillan.

Hestebøker er ein populær kategori tekstar i barne- og ungdomslitteraturen. Dei tematiserer barn og unges relasjonar til hestar i eit vennskaps- og modningsperspektiv. Spørsmålet er om hesteboka også kan utfordre eit antroposentrisk perspektiv på verda. Som del av arbeidet i forskargruppa NaChiLitCul ved Høgskulen på Vestlandet undersøker eg i denne artikkelen den illustrerte hesteboka Sommeren med Sigge (2014) av svenske Lin Hallberg (tekst) og Margareta Nordqvist (illustrasjonar), med særleg fokus på relasjonen mellom jente og hest som kameratar på tvers av artar: «Companion species is a permanently undecidable category, a category-in-question that insists on the relation as the smallest unit of being and of analysis» (Haraway, 2008, s. 165). Målet er å lokalisere og nærlese delar av teksten som eksempel på samband mellom menneske og natur, og spørre korleis dette sambandet er framstilt. Korleis kan dialogen jente–hest forståast som ein antroposentrisk dialog, eller korleis kan den eventuelt problematisere eit mogleg dominant arts-hierarki, og gjennom det skape økokritisk medvet? Studien er informert av problemstillingar frå posthumanistisk teori (Haraway, 2008; Willett, 2014).

Nøkkelord: hestebok, antroposentrisk dialog, dyrevending, økokritikk, danning, kamerat-art

Pony fiction are popular texts within literature for children and young adults. They thematise children and young adult’s relations to horses in a perspective of friendship and maturing. A question is whether and how pony fiction might make us revise our anthropocentric perspectives on the world. As part of the work in the NaChiLitCul research group at Western Norway University of Applied Sciences, this article examines the illustrated pony fiction Sommeren med Sigge (2014) by Swedish Lin Hallberg (text) and Margareta Nordqvist (illustrations), focusing on the relationship of the girl to the horse as companion species: «Companion species is a permanently undecidable category, a category-in-question that insists on the relation as the smallest unit of being and of analysis» (Haraway, 2008, p. 165). The aim is to localize and to conduct close reading of parts of the text focusing on the human – horse – nature relationship, asking how this relationship is depicted. How can we understand the girl – horse dialogue as an anthropocentric dialogue, or how might the dialogue problematize a possible dominant species hierarchy, and thus create interspecies awareness? The analysis is informed by questions from posthumanist theory (Haraway, 2008; Willett, 2014).

Keywords: pony fiction, anthropocentric dialogue, animal turn, ecocritics, Bildung, companion species

Hestebøker er ein eigen kategori tekstar i barne- og ungdomslitteraturen (Hedén, Matthis & Milles, 2000; Hallberg, 2003; Birkeland, Risa & Vold, 2018). Ei hestebok skildrar relasjonar mellom menneske og hest og måtar å vere i lag med dyr på. Hesteboka kan difor nærlesast for å seie noko om korleis møte mellom artar kan framstillast, som eksempel på vår kulturs relasjon til natur.

Denne artikkelen er ei nærlesing av svenske Lin Hallbergs Sommeren med Sigge (2014). Boka er ei av fleire i ein nåtidig populær hestebokserie. Ho er illustrert med teikningar av Margareta Nordqvist. Sommeren med Sigge er tilfeldig vald i ein serie bøker om hesten Sigge. Boka kan kallast ei hestebok både utifrå illustrasjonar og tematikk. Over 157 sider er der teikningar av 81 hestar, dei til saman 12 hestevignettane i starten på kvart av kapitla. Boka har også innsidepermar med 40 av dei same hestevignettane både på for- og baksideperm. Også forsida er dominert av ei hesteteikning. Plottet signaliserer hestebok: To søstrer, Elina og Linnea, skal vere hjå mormor og morfaren på hytta gjennom ei sommarferieveke. Elina har nettopp vore på rideleir med hesten Sigge, og skjønar ikkje korleis ho kan klare seg utan hesten. Men besteforeldra har ei overrasking. I stallen ved hytta ventar Sigge og Sam. Det blir ei ferieveke med tett kontakt mellom jenter og hestar. Tematisk handlar boka om å utvikle vennskap til dyr og menneske, og gjennom det å vekse og modnast. Meir spesifikt er tekststudien her konsentrert om samspelet og dialogen mellom jente og hest i Sommeren med Sigge. Samspelet blir lese som eksempel på samband mellom menneske og natur. Viktige spørsmål vil vere om og korleis dialogen jente–hest kan forståast som ein antroposentrisk dialog, og korleis dialogen også kan problematisere eit dominant arts-hierarki, og gjennom det skape økokritisk medvet om kameratskap mellom artar (Haraway, 2008, s. 165) og om biososiale (Willett, 2014, s. 131-146).

Bakgrunn

Hestebøker er ein felleskategori av tekstar med ulike perspektiv (Hedén, Matthis & Milles, 2000; Hallberg, 2003; Asklund, 2013; Ashman, 2017; Birkeland, Risa & Vold, 2018). I klassikaren av hestebøker, Silkesvarten (Black Beauty) av Anna Sewell frå 1877 (Sewell, 1975), har hesten forteljarstemma, og teksten tematiserer hesteliv og hestevelferd i London midt på 1800-talet. Ein annan, ny klassikar, Michael Morpurgos War Horse (1982), handlar om hestens dramatiske rolle under første verdskrigen, da åtte millionar hestar døydde (Ørjasæter, 2018, s. 49-51). Lesargruppa for hestebøker har endra seg kjønnsmessig i takt med utviklinga av hestehald i samfunnet. Ifølgje Norsk barnelitteraturhistorie blei hesteboka for alvor ein populær sjanger blant jenter frå og med at det blei etablert rideskolar på tidleg 1970-tal (Birkeland, Risa & Vold, 2018, s. 408). Rideskolane viser fram hestens endra funksjon i samfunnet. Frå å vere arbeidshest i fredstid og i krig, er hesten blitt kommersiell eigedom, særleg knytt til profesjonell trening av travhestar. Parallelt får ein utvikling av hest i fritidssamanhengar, som kjæledyr, og etter kvart også i terapisituasjonar (Berget, Krøger & Thorød, 2018).

Tidlegare forsking på hestebøker har vore opptatt av sosialhistoriske perspektiv, serie- og trivialperspektiv og kjønns- og danningsperspektiv (Hedén, Matthis & Milles, 2000; Hallberg, 2003). Hesteboka er blitt sett som danningstenking i eit kjønnsperspektiv (Ashman, 2017). Boka tematiserer ein kjærleiksrelasjon, ho kan lesast som ein danningsroman om ei jentes utvikling og modning, der hesten opptrer som jenta sitt maskuline motstykke (Birkeland, Risa & Vold, 2018, s. 408). Å vere heste-gal er å vere ‘gutte-gærn’. Nærstudiar viser at hesteboka kan romme skildring av komplekse og empatiske relasjonar (Hallberg, 2003).

Plot og språk, også i form av klisjear, rommar tenkestader og forståingsmåtar i ein kultur. Ved å nærlese dialogen mellom jente og hest i Sommeren med Sigge vil eg i den vidare lesinga utforske teksten i eit økokritisk perspektiv (Glotfelty, 1996; Garrard, 2012). Men danningsperspektivet frå tidlegare hestebokforsking vil vere bakteppe, og bli henta opp i sluttavsnittet.

Teoretiske perspektiv og metode

Arne Næss utviklar i sin økofilosofi allereie på 1970-talet tanken om at den enkeltes identitet, det at eg er noko, blir skapt i vekselverknad mellom miljø og organisme (Næss, 1976, s. 264-281). Noko isolerbart eg finns ikkje. Ein må altså lære seg økofellesskapet å kjenne, innsikta i at det er samanheng og avhengigheit mellom alle livsformer. Desse perspektiva frå økofilosofien er tatt vidare i økokritikken – litteraturstudiar som «takes an earth-centered approach» (Glotfelty, 1996, s. xviii). Med økokritikk meiner eg her «the study of the relationship between literature and the physical environment» (s. xviii).

Dyr har allment fått auka merksemd i sosial- og kulturvitskapane. Jopi Nyman og Nora Schuurman (2016, s. 1-9) hevdar at møte mellom dyr og menneske ofte blir skildra i eit affektivt språk, det vil seie eit språk som appellerer til kjenslene til menneska. Uavhengig av om møta er reelle, medierte eller tekstlege vil dyr vere tiltrekkjande og berøre menneska. Dei hevdar vidare at møtet dyr–menneske i ulike kontekstar aktiverer eit forskingsperspektiv som blir kalla ’the animal turn’ – dyrevendinga. Dette affektive og denne dyrevendinga kan møtast i studiar av hesteboka. Ein kan til dømes lese hesteboka i eit kjæledyrperspektiv (Cole & Stewart, 2016; Svendsen, 2018). Og om ein særleg legg vekt på å studere møtet mellom hest og jente i eit økokritisk perspektiv, kan ein spørje etter kva type dialog dette er, og om og korleis dialogen gir rom for å forstå ‘den andre’ som art (Calarco, 2008; Svendsen, 2018).

I litteraturstudiar vil det økokritiske perspektivet kunne inkludere perspektiv frå posthumanistisk teori (Haraway, 2008; Willett, 2014). Nærare bestemt vil det seie å fokusere på det å lytte til alt levande som subjekt, inkludert dyr og planter. Ut frå slike studiar kan ein spørje om hesteboka inneheld eit etisk medvit som inkluderer dyret, eller altså i dette tilfellet hesten (Willett, 2014). Og dialogen mellom menneske og dyr kan drøftast ut frå Donna J. Haraway sitt omgrep ‘companion species’ – kamerat-artar (Haraway, 2008). Kamerat-artar er for Haraway «a permanently undecidable category, a category-in-question that insists on the relation as the smallest unit of being and of analysis» (s. 165). I sin filosofi utfordrar Haraway ei tenking som heng fast i tradisjonell kategorisering, særleg kategoriane dyr–menneske, natur–kultur, organisk–teknisk, vill–tam. Haraway vil gjere kategoriane mindre skarpe. Heller enn å snakke om klare kategoriar omtalar ho stadig pågåande prosessar, tilbliingar (‘becomings’), ikkje fastlagt på førehand, relasjonar som blir til undervegs, som «ongoing», «becoming with» (s. 16). Denne pågåande prosessen er det Haraway karakteriserer som «the entanglements of beings» (s. 281). Dette at organismar er gjensidig innfiltra i kvarandre skaper kamerat-artar. Av dette følgjer for Haraway at status i ein dialog mellom dyr og menneske ikkje er bestemt på førehand, men er gjenstand for stadig forhandling: «By species I mean […] a kind of intra-ontics/intra-antics that does not predetermine the status of the species as artefact, machine, landscape, organism, or human being» (s. 165). Status blir til i «the ongoing making of the partners through the making itself, in the making of bodied lives in the game» (s. 165). Gjennom dialogar blir ein ein del av verda, ein lærer korleis ein kan praktisere respekt: «Learning how to be worldly, how to respond, how to practice respect» (s. 281-282).

Lesemåten i denne studien er styrt av problemstillinga: Korleis kan dialogen mellom jente og hest seiast å vere antroposentrisk eller eventuelt å utfordre det antroposentriske? Med antroposentrisk meines eit perspektiv der mennesket er dominant over andre artar.1 Lesemåten er både tekstintern – korleis les jenta i fiksjonen hesten – og eit spørsmål om korleis eg som forskar les teksten i eit vidare økokritisk perspektiv? Korleis er møtet jente–hest omtala, og kva kan det seie oss om relasjonen menneske–dyr og menneske–natur? Med Haraway kan ein spørre om denne relasjonen er innvikla i ein naturkultur-symbiose. Samtidig kan ein innanfor fiksjonen spørje om jenta les hesten som likeverdig kommunikasjonspartnar. Det må bety at ho eventuelt les på ein måte som kan kallast «embodied» (Mangen & Schilhab, 2012). Å lese med kroppen, med alle sansane, vil seie å lese ikkje ‘berre’ kognitivt og tolkande. Skiljet mellom kroppsleg og kognitiv lesing er interessant i eit økosentrisk perspektiv. Eit slikt perspektiv krev at natur blir lytta til og lese som samtalepartnar og noko talande for menneska, natur blir ikkje berre observert og sett som ein stille kulisse.

Stallen som heterotopi

Stallen er den sentrale staden i forteljinga i Sommeren med Sigge. I stallen har møtet sitt eige rom, dialogen er «spatially situated» (Nyman & Schuurman, 2016, s. 2). Vi kan seie at for jentene er stallen ein heterotopi. Heterotopi er det Michel Foucault kallar andre rom, som «på én gang er repræsenterede, anfægtede og omvendte, en slags steder uden for alle steder, også selv om de faktisk kan lokaliseres» (Foucault, 1997/1998, s. 90). Tradisjonelt er det i stallen sterke hierarkiske strukturar av hesteeigar og hestepassarar, men stallen ved besteforeldra si hytte er ein annan stad, ein slags fri-stad. Heterotopiar, skriv Foucault, har anna forhold til tid, det er stader med tydeleggjorte, forsterka, særeigne reglar. Her, i stallen på landet, har Elina og Linnea og hestane sitt eige samfunn. Vi kan med eit omgrep frå Cynthia Willett kalle det eit biososialt nettverk bygd på gjensidigheit, sjenerøsitet og respekt for det som er framandt (Willett, 2014, s. 131-134).

Biososiale nettverk, hevdar Willett, tillét andre slags ordenar, dei kan formast av andre slags språklege kategoriseringar. I denne samanhengen vil det særleg handle om at det binære menneske–dyr, natur–kultur, og mennesket over andre artar blir utfordra eller sett i spel. Stallen er ei ramme om eit biososialt samfunn av likeverdige, sidan Sigge er ein likeverdig for Elina. Ho er bekymra for kva som vil skje når ho dreg vekk frå stallen: «Da kommer Sigge til å lure på hvor jeg er, tror Elina» (Hallberg, 2017, s. 11). For Elina er det tydeleg at hestar reflekterer over situasjonar over tid. Elina er framstilt som ei som forstår hesten. Det er både enkelt og filosofisk komplisert. Når Lars Fr. Svendsen i Å forstå dyr (2018) stiller spørsmålet om kattar og hundar forstår oss, bygger han opp resonnementet ved å starte med språk og intelligens, for deretter å tematisere relasjonar menneske–dyr gjennom omgrepa einsemd, sorg, moral, og til sist vennskap (Svendsen, 2018). Svendsens framstilling av menneske–dyr-relasjonar blir ved denne måten boka er organisert på, eit eksempel på eit antroposentrisk perspektiv, der ein ser og drøftar dyrs kommunikasjon og vereform med utgangspunkt i kategoriar som bestemmer mennesket som art. Mot dette er Willett sitt biososialt nettverk eit radikalt annleis startpunkt for å forstå relasjonen. For Willett er det sjølve møta eller relasjonane som er analysens utgangspunkt.

Utanfor stallen har besteforeldra sett opp ei inngjerding, ein liten hamnehage «omgitt av hvite plaststolper og hvite elbånd» (Hallberg, 2017, s. 19). Hamnehagen markerer tydeleg grense mot natur, skogen og landskapet der hestar og jenter kunne røre seg fritt. I stallen er hesten gjerda inne. Samtidig er stallen hjå besteforeldra ein utforskande stad, ein stad utanfor tradisjonelle kulturelle reglar elles i samfunnet, den er utanfor dikotomien vill–tam, den er mellom natur og kultur. Denne ferie-stallen er også utanfor direkte kontroll frå foreldre og dyrepassar og dyreeigar, ein stad der jente og hest kan nærme seg kvarandre utan innblanding. I stallen er hesten det levande jentene kommuniserer med.

Antroposentrisk dialog eller dialog mellom kamerat-artar?

Kan vi seie at sider ved framstillinga antropomorfiserer hesten, gjer den menneskeleg? Ein måte å knytte hesten til menneska på er å gje han namn. I Sommeren med Sigge heiter hestane Sigge og Sam. Namna gjer hestane til personifiserte heste-individ. Vi kan seie at namna er med på å gjere Sam og Sigge til identifiserbare samtalepartnarar for jentene. Men denne namngjevinga er på menneska sine premiss, og den er knytt til eigedom. «Eg skulle ønske Sigge var min på ordentlig, sukker Elina. / – Sigge er Simons ponni, sier Linnea» (s. 14). Ifølgje Matthew Cole og Kate Stewart (2016, s. 14) er det å namngje dyr ein nøkkel til å ta dyr i eige, altså å tingleggjere dei. Ein reduserer dyr til «non-agential manipulable resources for discourse and practice» (s. 14). Cole og Stewart hevdar at det er med å konstruere ein hegemonisk menneske–dyr-relasjon. Namngjeving fungerer altså både som antropomorfisering av hestane, og som ein måte å tingleggjere dyr på, gjere dei til sin eigedom, noko som er særleg sett på spissen i namngjeving av travhestar (Orseth, 2016). Hest er pengar. Cole og Stewart skriv da også at namna gir menneska makt over dyra, det legitimerer bruk av dyra på menneskas premissar (Cole & Stewart, 2016, s. 13).

Elina og Linnea drøymer om å bli heste-eigarar og rytterskar. Men førebels er relasjonen ‘personleg’. Det er for jentene eit steg vidare frå å erfare hest berre gjennom ulike slag representasjonar. Når Elina bur seg på å reise til bestforeldra, borte frå hestane, bøter ho på lengselen ved å pakke med seg hestebøker, bilde av Sigge og premierosettane ho og Sigge har vunne på rideleir. Linnea, veslesystera, leikar med kjepphestar. Men jentene vil helst bygge dialogen gjennom direkte møte.

Relasjonen er den minste «unit of being» (Haraway, 2008, s. 165). I Sommeren med Sigge ser vi relasjonen jente–hest uttrykt gjennom måtar å beskrive hestens handlingar på. Det er glidande overgangar mellom å beskrive hesten utanfrå som hest, til å beskrive handlingane som menneskelike. Det betyr at der er glidande overgangar mellom å snakke om kva hesten gjer, å prøve å tolke hestens handlingar, å meine å tolke hestens tankar, til å snakke med hesten som ein kamerat-art.

Å lese heste-kroppens språk utanfrå kan gjerast i eit nøytralt språk: «Da begynner Sigge å skrape med hoven i det gamle tregulvet» (Hallberg, 2017, s. 29). «Sigge går med lange steg» (s. 44). Å skrape med hoven eller å gå med lange steg er deskriptive, nøytrale observasjonar. Men fort blir teksten meir tolkande: «Sigge fnyser og stamper i bakken med hoven» (s. 29). Å fnyse er å puste brått ut gjennom nasen, men ein gjer det av sinne eller forakt. At Sigge ‘fnyser’ er altså ei tolking av at handling er knytt til bestemte emosjonar. Ei meir nøytral og utanfrå beskriving kunne vere at hesten ‘prustar’, som betyr at den pustar kraftig og støytvis. Ei liknande glidande antropomorfisert lesing av hesten finn vi i formuleringa «[h]an rister på hodet og ser utålmodig ut» (s. 22). Å riste på hovudet kan både vere eit nøytralt uttrykk for at ein bevegar på hovudet fram og attende, men det kan også bety ‘dette er eg usamd i’. Da er vi inne i ei antropomorfisert tolking, hesten reflekterer, slik mennesket gjer det.

Fleire stader i skildringa av hesten er det å tolke gjort synleg. Det kjem til uttrykk med samanlikningsleddet som om: «’Her vil jeg ikke stå’, virker det som om han vil si» (s. 22). Gjennom analogien seier ein at hesten liknar meg, den er som om den var menneskeleg. «Elina dytter til ham, og han kikker forbauset opp. ’Hva vil du nå, da’, ser det ut som om han tenker» (s. 28). At hesten er forbausa, er ei tolking. Båe hestane er skildra som tenkjande vesen – virker det som: «Sigge og Sam står fortsatt og slumrer under epletreet. Det virker som om de synes det er en god idé å gå inn i den mørke stallen» (s. 41).

I sitata over er hestane lesne som ein art med språkleg register som liknar det mennesket har. I det kan det ligge ein arts-respekt, ein respekt for det som er noko annleis, og som ein ikkje kan vere sikker på at ein forstår fullt ut. Men teksten har også passasjer der det liknande blir erstatta med er lik. Hesten blir framstilt som eit tenkjande og handlande menneskeleg vesen: «Sigge har annet å tenke på. Han senker hodet igjen, og fortsetter å beite» (s. 34).

Kommunikasjonen mellom Elina og Sigge er varm og nær, i alle fall sett frå Elina: «Elina legger armen over nakken hans og kinnet mot mankammen. / – Så koselig det er å være på landet, hvisker hun» (s. 33). Kommunikasjonen er kroppsleg, kjenslemessig, knytt til berøring og draumar: «Sigge og jeg trenger å være alene også» (s. 36). Det er ikkje vanskeleg å finne skildringar i Sommeren med Sigge der relasjonen jente – hest er erotisert. Eller, i jentealder-perspektiv er det kan hende rettare å kalle relasjonen romantisert: «Lyden av de myke hovslagene da de galopperte, da det bare var Sigge og hun i hele verden» (s. 13). Amalya Layla Ashman (2017) hevdar at hesten har ein symbolsk funksjon i den kulturelle diskursen, han er hyper-erotisert, og peikar på ein fase i jenters seksuelle utvikling: – ein fase også tematisert med froskar og prinsar i Sommeren med Sigge (Hallberg, 2017, s. 59). Kvifor denne seksualiserte relasjonen vekkjer motstand er, ifølgje Ashman, at den peikar mot kulturelt stempla uønska erotisert relasjon mellom artar, mellom hest og menneske. Dialogen er altså lesen som risikabel.

Andre sider ved dialogen gjer jenta meir dyre-lik, ho kommuniserer som likeverdig: «etter en stund slipper hun taket [i manen] og gynger med» (Hallberg, 2017, s. 67). Vi skal sjå nærare på korleis desse til dels motstridande perspektiva utfordrar og kan gjere stallen til ein stad for becoming with (Haraway, 2008, s. 16).

I Sommeren med Sigge kjem makt til synes både mellom menneske og menneske og dyr. Der er ein maktrelasjon mellom hesteeigar og hestepassar. Men maktfiguren i stallen, hesteeigaren, er i denne fiksjonen skriven ut sidan stallen her er lagt på landet, hjå besteforeldra. Dette grepet i fiksjonen gjer at relasjonen jente–hest er meir reindyrka. Haraway hevdar at «species is about the dance linking kin and kind» (Haraway, 2008, s. 17), og at «embodied communication is more like a dance than a word» (s. 26). Men også dans kan vere ein maktrelasjon. Og i dansen mellom Sigge og Elina er det Elina som skal lære seg å føre – å herske over Sigge: «Han vil gjerne gå i galopp, men adlyder Elina likevel» (Hallberg, 2017, s. 48). Dialogen mellom jente og hest inneheld altså ein risiko. Å lære seg å kommunisere med hesten vil seie å lære seg å kontrollere denne. Og Elina vil gjere det på ein leikande måte, ho vil ri ut, «hoppe og bade og stelle og ri dressur» (s. 35). I kommunikasjonen er hesten ein rekvisitt, ei kraft Elina skal lære seg å temje, natur ho skal lære seg å beherske. Elina lærer altså kontroll: «Nå gjør Sigge som Elina vil» (s. 67).

Men samtidig er det ei motsett rørsle i teksten, ei rørsle i retning kameratskap mellom artar. I det vesle biososiale nettverket lærer alle å lytte. Hestane lyttar til kvarandre: «Sigge pruster fornøyd. Da Sam hører det, må han også pruste, og så må Sigge svare, og sånn fortsetter de en lang stund» (s. 110). Elina og Linnea er knytt til natur gjennom namna sine. Linnea er eit plantenamn, Elina, av Helene, er ljos eller ljosberar. Jentene og hestane blir alle gode venner, sjølv om vennskapet er skildra i jentenes språk: «Sigge og Sam liker å stå inne til det har blitt kjøligere. De har ingenting imot at jentene fletter manene og halene deres i forskjellige frisyrer» (s. 140). Samtidig finst der ein slags romleg situert likeverd, ein «becoming with» (Haraway, 2008, s. 16): «Det har blitt Elinas og Sigges skog» (Hallberg, 2017, s. 87).

Dialogen i fellesskapet innheld risiko: «A great deal is at stake in such meetings, and outcomes are not guaranteed» (Haraway, 2008, s. 15). Men risikoen er av ulik slag. På den eine sida er det ein maktrelasjon, eit spørsmål om kven av hest og jente som har makt over kven: «Til å begynne med er Sam sta. […] Men etter at […] Elina fortsatt står på sitt, gir han opp» (s. 76). Men risiko i dialogen er også å kunne møte noko ein ikkje forstår. Risikoen er knytt til respekt for det som er annleis. Haraway peikar på at ‘species’ inneheld både dyr og menneske som kategori, omgrepet heng saman med specere og respecere (Haraway, 2008, s. 164). «The lovely part is that we know only by looking and looking back» (s. 164). Kamerat-artar er relasjonelle. Det radikale i Haraway sine dialog-perspektiv ser ein tydeleg når ho les og disputerer mot Emmanuel Levinas og Jacques Derrida. For kva vil det eigentleg seie å lytte til andre arter? Korleis kan ein vite skilnaden på ein reaksjon og ein respons i møte med eit dyr? Ifølgje Haraway er Derrida i «The Animal that I am (More to follow)» ikkje nok nysgjerrig på kva katten han skriv om faktisk gjer, føler, tenkjer, han syns berre synd på katten. «Incurious, he missed a possible invitation, a possible introduction to other-worlding» (Haraway, 2008, s. 20). «Shame trumped curiosity, and that does not bode well for an autre-mondialisation» (s. 22). Det risikable i kommunikasjonen ville vere å spørre kva katten bryr seg om: «Can animals play? Or work?» (s. 22). Elina tar hesten Sigge på alvor, og det er krevjande: «Det er nære på at Elina begynner å gråte. Det er ikke lett å sale om mens Sigge fortsetter å tulle» (Hallberg, 2017, s. 133). Er dette å lytte ordentleg til ein kamerat-art? Eller er det antropomorfisme? Dei store skillinjene mellom dyr og menneske krev respekt og tilsvar. «Sigge fnyser og stamper i bakken med hoven» (s. 29). I Haraways perspektiv har den ordentlege dialogen mellom kamerat-artar eit element av risiko i seg, «the risky project of asking what this [animal …] cared about» (Haraway, 2008, s. 22). Det skal mot til å sjå eit dyr i auga. Kvaliteten ved dialogen er knytt til at noko er både riskabelt og åpent. Elina er der. For henne er dialogen med Sigge ontologisk relevant. Spørsmålet er om ho gjer hesten for lik seg sjølv.

Danning frå natur: Avsluttande perspektiv

Analysen av dialogen er stad- og tidsspesifikk. Samtidig er her i Sommeren med Sigge spor av ein dynamisk danningsprosess: «Elina er blitt modigere for hver dag som går» (Hallberg, 2017, s. 87). Å modnast betyr å bli sikrare og tryggare, å bli mindre naiv. Men betyr det også å misse openheit i dialogen med dyra? Barn og dyr blir sett som nære. Dei liknar, men er ikkje heilt ‘ferdige menneske’. Cole og Stewart (2014) hevdar at barn instrumentaliserer forholdet sitt til dyr etter kvart som dei veks opp. Klare kategoriar av det som er ulikt blir viktigare med alderen, slik den fiktive (kjepp)hesten til Linnea og hestevennen til Elina blir til ‘dyr utan tankar’ for mora: «– Hester tenker ikke sånn, sier mamma bestemt. / – De lever i nuet» (Hallberg, 2017, s. 11). I Sommeren med Sigge modnast Elina og Linnea sidelengs, i møte med sine kamerat-artar av andre jenter og av hestar. Ida Moen Johnsen kallar dette «querness of children» (Johnsen, 2018). Stallen gjer jentene til ‘citizens’, dei blir introdusert til «other worlding» (Harway, 2008, s. 20), dei får ansvar og blir møtt med gjensidig respekt av heste-kameratane.

Spørsmålet kan vere – til eit større tekstkorpus av hestebøker – om denne danninga sidelengs får konkurranse av ei modning over tid, der jenter veks forbi tilknytinga til hesten som kamerat-art, og kanskje også frå natur som biososial stad og over til ein tilstand av menneskeleg suverenitet og diskriminering av andre artar. Danningsprosjektet for jenta er mellom anna å forstå skilnaden dyr–menneske. Det er altså å splitte natur og kultur, og deretter å kunne beherske naturen. Paradokset kan vere at medan kvaliteten ved dialogen med kamerat-artar er avhengig av å kunne lytte og lese opent innanfor eit biososialt nettverk, vil det å modnast vere å overta danningas kategoriar: jente mot hest, menneske mot dyr, kultur mot natur ‒ å fornekte naturen ved å distansere seg frå denne (Vetlesen, 2015). Ein må i eit slikt perspektiv spørje om danningsomgrepet må ny-tenkast for å kunne inkludere kamerat-artar.

Hesteboka er ein kategori tekstar som kan bli vurdert å ha forbigåande interesse og verdi: romantisert, erotisert og truskuldig ung-jente-litteratur. Samtidig kan det å lese hestebøker med den viktige dialogen jente–hest i eit økoperspektiv opne for vår tids store spørsmål: Korleis kan vi utvikle kontakt med natur? Ikkje minst difor er det verd å lytte til kva jenter les. Å lytte ordentleg.

Referensar

Ashman, A. L. (2017). «Oh God, Give Me Horses!» Pony-Mad Girls, Sexuality, and Pethood. I A. Feuerstein & C. Nolte-Odhiambo (Red.), Childhood and Pethood in Literature and Culture. New Perspectives in Childhood Studies and Animal Studies (s. 153-166). New York and London: Routledge.

Asklund, H. (2013). Hästflickan i förändring i Linn Hallbergs och Pia Hagmars hästböcker. I E. Söderberg, M. Österlund & B. Formark (Red.), Flicktion. Perspektiv på flickan i fiktionen (s. 243-257). Malmö: Universus Academic Press.

Berget, B., Krøger, E. & Thorød, A.B. (Red.) (2018). Antrozoologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Birkeland, T., Risa, G. & Vold, K. B. (2018). Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Samlaget.

Calarco, M. (2008). Zoographies: the question of the animal from Heidegger to Derrida. New York: Columbia University Press.

Cole, M. & Stewart, K. (2016). Our Children and Other Animals: The Cultural Construction of Human-Animal Relations in Childhood. Farnham, Surrey: Routledge.

Foucault, M. (1997/1998). Andre rum. Slagmark, 27, 87-96.

Garrard, G. (2012). Ecocriticism. London: Routledge.

Glotfelty, C. (1996). Introduction. I C. Glotfelty & H. Fromm (Red.), The Ecocriticism Reader (s. xv–xxxvii). Athens, Georgia: University of Georgia Press.

Goga, N., Guanio-Uluru, L., Hallås, B. O. & Nyrnes, A. (Red.) (2018). Ecocritical Perspectives on Children’s Texts and Cultures: Nordic Dialogues. Basingstoke: Palgrave Macmillan UK.

Hallberg, K. (2003). Hästböcker en litteraturart att ta på allvar. Opsis Kalopsis, 2, 34-39.

Hallberg, L. & Nordqvist, M. (2017). Sommeren med Sigge. Oslo: Gyldendal.

Haraway, D. J. (2008). When Species Meet. Minneapolis: University of Minnesota Press.

Hedén, A., Matthis, M. & Milles, U. (2000). Över alla hinder. En civilisationshistoria. Uddevalla: Albert Bonniers Förlag.

Johnsen, I. M. (2018, oktober). On Representations of Children and Animals in Scandinavian Literature and Culture: Queer Kinship in Norway’s First Story for Children – Lille Alvhilde by Mauritz Hansen. Paper, Seminar i forskningsgruppen NaChiLitCul, HVL, Bergen.

Mangen, A. & Schilhab, T. (2012). An embodied view of reading: Theoretical considerations, empirical findings, and educational implications. I S. Matre & A. Skaftun (Red.), Skriv! Les! (s. 285-300). Trondheim: Akademika forlag.

Nyman, J. & Schuurman, N. (2016). Introduction. I J. Nyman, N. Schuurman & L. Birke (Red.), Affect, Space and Animals (s. 1-9). London and New York: Routledge.

Næss, A. (1976). Økologi, samfunn og livsstil. Utkast til en økosofi. Oslo: Universitetsforlaget.

Orseth, D. (2016). Betydning av navn på skandinaviske travhester. I T. Smidt & I. Særheim (Red.), Namn som kjelder. Rapport frå Den sekstande nordiske namneforskarkongressen på Jæren folkehøgskule, Kleppe 8.-11. juni (s. 182-191). Uppsala: Norna-förlaget.

Sewell, A. (1975 [1877]). Silkesvarten. Oslo: Damm.

Svendsen, L. Fr. H. (2018). Å forstå dyr. Filosofi for hunde- og katteelskere. Oslo: Kagge Forlag.

Vetlesen, A. J. (2015). The denial of nature. Environmental philosophy in the era of global capitalism. London and New York: Routledge.

Willett, C. (2014). Interspecies Ethics. New York: Columbia University Press.

Ørjasæter, K. (2018). Barne- og ungdomslitteratur. Møtet med lesaren. Oslo: Samlaget.

1Eit slikt leseperspektiv er henta frå NatCul-matrisen, ein metodologisk matrise utvikla av forskargruppa Natur i barne- og ungdomslitteratur og kultur (NaChiLitCul) ved HVL (Goga, Guanio-Uluru, Hallås & Nyrnes, 2018, s. 12).

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon