Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Arbeidarpartiet, bolsjevikpartiet og sovjetstaten 1917–1991

Professor i historie, UiT / Norges arktiske universitet

The article discusses the long-term effects of the Russian revolution on the Norwegian labour movement, primarily the dominant Norwegian Labour Party. This influence will be assessed from two aspects: its relationship to the Soviet Communist Party, and to the state it created. To reveal the content of and changes in the Norwegian Labour Party in relation to these two variables, it is necessary to see how this was performed in different periods. In the first period, from the Revolution until the schism within the dominant wing of the Norwegian labour movement in 1923, there was a strong degree of identification with both the Bolshevik Party and the Bolshevik State. In the period 1923-1939, there were no formal party ties. The Norwegian Labour Party defined itself to the left in the international labour movement and had an ambivalent and increasingly critical attitude to the Soviet Communist Party, but still backed the «workers’ state» in the east. During the years 1939-1955, both the Soviet state and the Soviet Communist Party were perceived as threatening entities owing in great part to the Moscow processes and power politics following the Molotov-Ribbentrop Pact. Experiences from the Second World War laid the foundation for a bridge-building approach towards the Soviet Union, and elements from this strategy were also brought into the later NATO membership. After Stalin’s death the dominant point of view of the Labour Party was that the Soviet Union was an authoritarian state that acted rationally on its own security premises, and from this there developed a tradition of critical dialogue that became hegemonic. The article specifically argues against viewpoints tending to explain elements of these bridge-building policies and critical dialogues as the result of an ideological affinity.

:

Forsiden av juleheftet som ble utgitt av Det norske Arbeiderparti i 1917.

Oktoberrevolusjonen hadde ei lang verknadshistorie i norsk arbeidarrørsle. På kort sikt ga den ein enorm impuls av idear og inspirasjon til den radikale retninga i Arbeidarpartiet og bidrog til at den sigra både i partiet (1918) og i Arbeidernes faglige landsorganisasjon (1920). Forholdet til bolsjevikpartiet og den unge sovjetstaten var viktig i mange år og også hovudgrunnlaget for spenningar i arbeidarrørsla. Arbeidarpartiet vart som eitt av få europeiske masseparti medlem av Den kommunistiske internasjonalen (Komintern) frå starten i 1919. Forholdet til Komintern prega sterkt dei indre tilhøva i partiet i dei komande åra. Først gjekk høgrefløya ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1921 på grunn av striden om medlemskapet i den kommunistiske verdsorganisasjonen, og så sprakk partiet på ny i 1923 – då mindretalet danna Norges Kommunistiske Parti (NKP) og fleirtalet vedtok å bryta med Komintern. Men kva med dei lengre linjene som gjeld verknader av den russiske revolusjonen? For NKP sitt vedkomande er det ukontroversielt å trekka lange linjer. Her har det vore snakk om ein sterk identifikasjon gjennom heile sovjetepoken, både med bolsjevikpartiet og med den staten det bygde, Sovjetunionen, som i tiår vart oppfatta som sjølve arbeidarstaten. Men korleis er det med det store fleirtalet i norsk arbeidarrørsle som braut med Komintern? Dette skal drøftast ut frå ei dobbel problemstilling: Arbeidarpartiet sitt forhold til Sovjetunionens kommunistiske parti og til den staten som kvilte på dette partiet – frå revolusjonen i 1917 til Sovjetunionens kollaps i 1991.

Bolsjevikpartiet og staten som eitt – identifikasjon 1917–23

Den nye retninga som tok over makta i Arbeidarpartiet i 1918, var revolusjonær – men samstundes heterogen. Det var ei blanding av heil- og halvsyndikalisme, ungdomsopprør i marxistisk bunad og krefter som formulerte si revolusjonære haldning i marxistisk terminologi tett opp til det bolsjevikpartiet stod for. Eg skal ikkje her gå inn på diskusjonen om taktiske og meir grunnleggjande motsetningar innanfor den radikale fleirtalsretninga. Poenget i denne samanhengen er at Arbeidarpartiet på dette tidspunktet må reknast som eit revolusjonært masseparti, utan klar distanse til kva bolsjevikpartiet og sovjetstaten stod for. Begge partisplittingane gjaldt forholdet til Komintern, og dermed også det sovjetiske kommunistpartiet som det totalt dominerande, og ikkje synet på den nye «arbeidarstaten», som var den gjengse omgrepsbruken. Splittinga i 1921 gjaldt spørsmålet om medlemskap i Komintern, og i dette låg det også prinsipielle motsetningar som var der i utgangspunktet. To ting kan ein likevel merka seg når det gjaldt dette brotet: I prinsipprogrammet for det nye sosialdemokratiske partiet blir det framheva at partiet vil ha «en socialistisk omdannelse av det nuværende økonomiske system», ved at «den kapitalistiske stat avløses av et socialistisk samfund» og at partiet og fagrørsla sin kamp skulle fremja «en hurtig socialistisk utvikling». Dette er ei klar skjerping i høve til formuleringane i programmet frå 1915.1 Denne radikaliserte retorikken tyder på at også dette nye partiet var farga av den radikaliseringa som gjorde seg gjeldande i arbeidarklassen i kjølvatnet av fire års verdskrig og russisk revolusjon. Michal Puntervold, sentral representant for denne fløyen og valt til nestleiar på landsmøtet i 1921, stilte seg til dømes positivt til den russiske revolusjonen. Han hadde sjølv, saman med nestleiar i Arbeidarpartiet, Emil Stang, reist til Petrograd og Moskva i slutten av januar 1919, på oppdrag frå AFL for å «finde frem til ret og vrangt i de høist mostridende russiske skildringer», slik Puntervold sjølv formulerte det.2 Dei midla som vart brukt under den russiske revolusjonen, var ikkje brukeleg i eit moderne demokrati, men dei måtte forståast i lys av Russland sine særeigne føresetnader. Proletariatets diktatur kunne såleis vera føremålstenleg i ein overgangsfase i dette tilbakeliggjande bondelandet utan parlamentariske tradisjonar.3 I motsetning til sine sosialdemokratiske meiningsfeller i resten av Europa ville han altså ikkje fordømma bolsjevikane si maktovertaking.4

Kjensla av store omveltingar og store voner for at arbeidarrørsla skulle gjera avgjerande framsteg var allmenn, var ikkje avgrensa til den revolusjonære venstrefløya. Dette kom konkret til uttrykk ved den kraftfulle mobiliseringa i norsk arbeidarrørsle mot den vestlege intervensjonspolitikken overfor det revolusjonære Russland. Norge var det einaste landet i Europa der det var effektiv generalstreik mot denne politikken. Arbeidarpartiet arbeidde intenst for å få ei samla skandinavisk arbeidarrørsle bak ein aksjon for å hindra at dei skandinaviske landa stilte seg bak intervensjonskrigen, utan å få gjennomslag.5 «I forsvaret av sovjetstaten sto DNA og norsk arbeiderbevegelse overhodet, i første rekke i Europa», skriv Odd-Bjørn Fure i si doktorgradsavhandling om radikaliseringa av norsk arbeidarrørsle ved utgangen av første verdskrig.6 Denne politiske mobiliseringa mot dei vestlege stormaktene sin militære intervensjon mot den russiske revolusjonen, vart også ført ut i praktiske tiltak for å støtta boljsevikstaten. Det var omfattande legal og illegal transport av pengar og propagandalitteratur til Norge og derifrå til andre vesteuropeiske land, og det var omfattande kurerverksemd, der særleg Aust-Finnmark vart sentral for transportar over Murmansk. Derifrå gjekk det transportar til Kristiania og Bergen for vidaresending internasjonalt. Norge vart også sentral for å vidareføra informasjon frå vestleg side til Moskva.7

Det er ingen tvil om at sympatien med bolsjevikrevolusjonen var allmenn og brei i norsk arbeidarrørsle. Kjensla av at Europa og Norge var inne i ein revolusjonær omformingsfase var også allmenn. Dette kjem til dømes til uttrykk i dei to innstillingane til taktikkfråsegn på landsmøtet i Arbeidarpartiet i mars 1918. Forslaget frå fleirtalet i landsstyret, som sprang ut av den til då hegemoniske reformistiske delen av partiet, slo fast at sosialismen måtte byggja på eit folkefleirtal og ikkje vinnast gjennom revolusjonær masseaksjon. Men også i denne fråsegna høyrtest bulderet frå dei revolusjonære straumdraga: «Det norske Arbeiderparti vil selvsagt ikke fraskrive sig retten til at anvende generalstreik eller revolusjon i kampen mot undertrykkelse av folkeflertallet».8 Leiaren av LO, Ole O. Lian, som sjølv tilhøyrte dette reformistiske fleirtalet, som altså kom i mindretal på landsmøtet i 1918, uttalte etter å ha sett dei sterke revolusjonære tendensane i Tyskland, Ungarn, Finland og Italia: «Det ser … ut til at det er nu vi staar foran gjennembruddet, det sociale, i vort land».9 Den vellykka generalstreiken mot den vestlege intervensjonspolitikken 21. juli 1919 kom bare ein månad etter at Arbeidarpartiet sitt ekstraordinære landsmøte vedtok å melda seg inn i Komintern – mest to år før høgrefløya braut ut.

Dei sterke revolusjonære straumdraga og masseaksjonane i Vest-Europa må sjåast i lys av den særeigne situasjonen ved utgangen av første verdskrig. Krigen skapte ei legitimitetskrise for dei herskande krefter, keisardøme kollapsa, antimilitarisme og militant kamp for å betra dei sosiale tilhøve i eit Europa i kaos prega den europeiske tilstanden. Det var bare i land prega av disintegrasjon at store folkegrupper fekk revolusjonære trekk – bortsett frå i Norge. «Den norske samfunnsformasjon var den eneste i Vesteuropa som frambrakte en arbeiderbevegelse med sterke revolusjonære trekk uten at det fantes muligheter til at denne radikalisme kunne komme til utfoldelse på aksjonsplanet», skriv Fure i si doktoravhandling.10 I tråd med sosiologen Barrington Moore ser Fure dei revolusjonære tendensane ellers i Europa på denne tida som ein kamp for materielle interesser og mot undertrykkande trekk ved samfunnsstrukturen, som meir defensiv enn revolusjonært offensiv.11 Fure finn ein del av dei same faktorane bak radikaliseringa i Norge som elles i Europa, hurtig industrialisering og sosiale spenningar som følgje av dyrtid og varemangel – men det var ikkje den same opphoping av sosialt konfliktstoff i Norge som på kontinentet, og statens legitimitet var ikkje truga i dei styrande lag av folket.12

Fra det såkalte «splittelseslandsmøtet», Det norske Arbeiderpartis 2. ekstraordinære landsmøte, november 1923. Foto: Eyjolfsson / Arbark

Poenget i denne samanhengen er at den radikalismen som kom til uttrykk i norsk arbeidarrørsle frå 1917 og framover var allmenn og omfatta langt fleire enn dei som eksplisitt rekna seg til Den nye retning. Nå er rett nok dette omdiskutert, både spørsmålet om kor djupt radikalismen stakk, om innhaldet i den og om kor vidt den gjekk utover eit sjikt av aktivistar og leiarar, og spørsmålet om einskildindivid si rolle. Arbeidarpartiet heldt stillinga på over 30 prosent av stemmene ved stortingsvala i 1918 og 1921 (det første med nytt valsystem – noko som resulterte i ei dobling av mandattalet), og i 1924, då det var tre konkurrerande arbeidarparti, gjekk den samla oppslutninga fram til 33,3 prosents oppslutning. Endringa av valsystemet frå eittmandatskretsar, med val i to omgangar slik at dei borgarlege partia kunne hindra sosialistkandidaten å bli valt, til eit fleirpartisystem, er i seg sjølv eit uttrykk for det historikaren Rolf Danielsen har kalla det borgarlege samfunnets «åpne hånds politikk» i denne perioden. Dette, saman med ei rekke andre arbeidarvennlege tiltak, var eit uttrykk for at det på borgarleg side var frykt for at arbeidarklassen kunne gå amok – det same gjaldt alle dei tiltaka som han gir karakteristikken «den pansrede neve», slik som utstrakt overvaking og støtte til paramilitære organisasjonar for å forsvara streikebrytarar.13 Eg skal ikkje her gå nærare inn på kvifor eg ser det slik at radikaliseringa av norsk arbeidarrørsla ikkje var eit elitefenomen, bare peika på kor sterk generasjonserfaring første verdskrigen var. Det er tallause vitnesbyrd om korleis arbeidarungdom i desse åra vart riven med av dei revolusjonære straumdraga, som vist av Terje Halvorsen i boka om AUFs historie.14 Ein vil gjenkjenna dette dersom ein går inn i kva som helst slags arbeidarungdomslag på lokalt nivå rundt om i landet. Tilsvarande var det overveldande fleirtal for utmelding av den såkalla Amsterdaminternasjonalen, dominert av sosialdemokratar, både i dei leiande organa i LO og i ei uranstemning.15

Oppsummert i høve til dei innleiande problemstillingane: Sympatien for den russiske revolusjonen var allmenn i norsk arbeidarrørsla i den perioden som her er diskutert. For den nye retning var det også slik at den nye bolsjevikstaten og bolsjevikpartiet var eitt og det same, solidariteten med den nye arbeidarstaten gjekk hand i hand med ein internasjonalisme gjennom Komintern der bolsjevikpartiet var det leiande. For mindretalet i arbeidarrørsla vart det frå starten gjort eit skilje: Sympatien for den nye staten var den same, men bolsjevikpartiet sin politikk var ikkje akseptabel i ein vesteuropeisk samanheng. Det var også grunnlaget for splittinga innanfor den nye retninga i 1923. Tranmælfløya var ikkje lenger villig til å importera bolsjevikpartiet sine skiftande strategiar og braut med den kommunistiske internasjonalen. Frå då av var det eit varig skilje innanfor den dominerande retninga i arbeidarrørsla i synet på bolsjevikpartiet og bolsjevikstaten. Det mindretalet som braut ut, Norges kommunistiske parti, heldt fast på at solidariteten med den nye sovjetstaten også innebar eit nært partimessig samband, så nært at det var snakk om ei underordning.16 «Kriteriet for en kommunist er hans holdning til Sovjetunionen», lærte den seinare leiaren av NKP, Reidar Larsen, på ein av sine første studiesirklar på 1940-talet ein gong.17 Sjølv om det har vore døme på at NKP ikkje alltid har dansa etter Moskvas pipe, må det vera rett å seia at denne delen av norsk arbeidarrørsle ikkje gjorde noko skilje mellom bolsjevikpartiet og sovjetstaten. Her var det fullstendig identifikasjon.

Bolsjevikpartiet og staten som eitt – ambivalens 1923–39

I denne perioden var det ikkje eit partimessig samband mellom Arbeidarpartiet og det sovjetiske kommunistpartiet. I ein periode etter 1928 var det Kominterns politikk at sosialdemokratiet, herunder Arbeidarpartiet, vart definert som ein taktisk hovudfiende, som «sosialfascistisk». Denne håplause strategien vart lojalt følgd opp av NKP, med katastrofale følgjer i form av utmeldingar og valnederlag.18

Arbeidarpartiet var ikkje lenger medlem av Komintern, men partiet gjekk heller ikkje tilbake til den sosialistiske internasjonalen med det første. Heilt fram til 1938 valte det å markera ein posisjon mellom den kommunistiske og sosialdemokratiske internasjonalen gjennom først tilknyting til «Die Internationale Arbeitsgemeinschaft», ein organisasjon av venstreorienterte, hovudsakleg svært små, arbeidarparti, seinare andre venstresosialistiske organisasjonar.19 Slik var det altså også etter samlinga med Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1927. I prinsipprogrammet i 1933 heitte det at partiet vil «av all kraft arbeide for internasjonal arbeidersamling på klassekampens grunn».20 Ei tilsvarande mellomposisjon og brubyggjarrolle karakteriserte LOs internasjonale samarbeid. Etter brotet med Amsterdam-Internasjonalen i 1923 var det uravstemning over spørsmålet om å melda seg inn i Kominterns faglege internasjonale, Røde Faglege Internasjonale (RFI). Det vart nedstemt mot eit mindretal på ein tredjedel. I siste halvdel av 1920-talet forsøkte LO å styrka det nordiske faglege samarbeidet og å utvikla eit samarbeid med sovjetisk LO, med sikte på ei internasjonal fagleg samling. Først i 1935 gjekk LO inn i Amsterdam-Internasjonalen etter ei uravstemning.21 Då var i mellomtida heile det politiske biletet i Europa endra. Hitler hadde kome til makta i 1933 og viste straks ekspansjonistiske tendensar. Tyskland gjekk ut av Folkeforbundet, og Sovjetunionen gjekk inn.22 Både for Sovjetunionen og Norge var det trusselen frå ein ekspanderande fascisme som kom til å prega dei politiske strategiane i siste halvdel av 1930-talet. Sovjetunionens prestisje i arbeidarrørsla vart styrka av å vera den einaste stormakta som støtta den republikanske regjeringa i Spania i kampen mot Franco sine styrkar (som vart støtta av dei fascistiske stormaktene Tyskland og Italia).

Det var altså ikkje partimessige sambandsliner mellom Arbeidarpartiet og det sovjetiske kommunistpartiet i denne perioden. Det var likevel snakk om ein slags affinitet, ein grunnleggjande sympati for «arbeidarstaten». Det var liten sans for det politiske systemet, med den form for partidiktatur som herska, men det var sans for Sovjetunionen som eit systemalternativ til kapitalismen i vest. Dette vart forsterka etter at rapportane om tilsynelatande vellukka femårsplanar vart presentert. For mange i den norske arbeidarrørsla framstod den sovjetiske planøkonomien som eit lysande alternativ til ein kapitalisme som i dei første åra av 1930-talet var inne i ei djup krise med massearbeidsløyse som resultat. I 1933 heitte det i Arbeidarpartiets program at Sovjetunionen var eit sosialistisk oppbyggingsprosjekt og hadde ein sentral plass i den internasjonale klassekampen. Det var difor nødvendig å forsvara sovjetstaten mot dei krefter som ville det til livs: «Da sovjetstatens nederlag vilde være et nederlag for hele verdens arbeiderklasse, vil partiet bekjempe all kapitalistisk blokade, invasjons- og sabotasjepolitikk like overfor det nye samfund».23

Partiet ønska å styrka det kulturelle og økonomiske sambandet med Sovjetunionen. Same år oppretta då også partiet og LO Arbeiderbevegelsens Russlandskomité som skulle ha ansvar for å informera norske arbeidarar om utviklinga i Sovjetunionen.24 I 1936 vedtok landsmøtet å utvida informasjonsverksemda og å styrka kulturkontakten.25 Til dette kom at Sovjetunionen aksla rolla som bannerførar for kampen mot den europeiske fascismen. Sovjetunionen hamra i Folkeforbundet fast nødvendet av å byggja eit kollektivt forsvar mot fascismen, og innanfor arbeidarrørsla bidrog Kominterns folkefrontstrategi til å byggja ned motsetningane mellom kommunisme og sosialdemokrati.

Men det var heile tida ein ambivalens – og denne ambivalensen vart styrka av den kraftige tilstramminga i Sovjetunionen som følgde av Moskvaprosessane frå 1936. NKP stilte seg heilt bak desse prosessane mot dei gamle bolsjevikane, det var ein marxistisk venstrefløy som var sterkt fordømmande, mens det politiske sentrum med Tranmæl i spissen ei tid hadde ei vaklande haldning – men frå årsskiftet 1937/1938 stilte det seg klart fordømmande.26 Spørsmålet om haldninga til Moskvaprosessane vart i Norge stilt på spissen av ein særskilt grunn, nemleg at den kjende bolsjevikleiaren Lev Trotskij søkte og fekk politisk asyl i Norge i 1935, like etter at Arbeidarpartiet hadde danna si første varige regjering. Han kom til Norge i juni 1935, vart internert i september 1936 og så deportert til Mexico i desember same år.27 Det var samanfallet mellom opninga av den første prosessen i august 1936 og valkampen i Norge same år som gjorde at Trotskij-saka fekk så stor merksemd og betydning. Det var eit stormløp frå borgarleg side mot det politiske asylet til han som påtalemakta under Moskvaprosessane peika ut som hovudmannen bak konspirasjonane mot Stalin. Særleg det høgreradikale Nasjonal Samling var aktiv i kampanjen for å utvisa Trotskij – og gjorde også innbrot i bustaden hans for å finna prov for at han braut vilkåret for asyl.

Martin Tranmæl, Leo Trotskij, Trygve Lie og Konrad Knudsen på Ringkollen i 1935. Foto: Arbeiderbladet / Arbark

Diskusjonane om denne saka i arbeidarrørsla følgde i hovudsak skiljelinene i synet på Moskvaprosessane allment. Det er ikkje tvil om at det var utanrikspolitiske grunnar til at regjeringa bøygde av for sovjetisk press om å utvisa Trotskij. Trotskij sitt asyl i Norge vart ikkje nemnd med eitt ord under utanriksminister Koht sitt besøk i Moskva sommaren 1936.28 Det var først etter eit intervju med Trotskij i Arbeiderbladet om hans kommentarar til påstandane under rettssaka i Moskva, at Sovjetunionen kom med ein skarp protest. Han vart internert ved opptakten til valkampen, tvillaust for å hindra tap av stemmer. Dernest vart han altså deportert i desember. Det var justisminister Trygve Lie som fremja forslaget i regjeringa om utvising og som seinare organiserte sjølve deportasjonen. Utanriksminister Halvdan Koht var ikkje til stades då vedtaket om utvising vart gjort, og sjølv skal han ha sagt at han var usamd i det. Det er likevel ikkje truleg at han kan ha motsett seg dette forslaget, og han var snar til å konstatera at saka var ute av verda i samtale med den sovjetiske utanriksministeren Maksim Litvinov i samband med eit møte i Folkeforbundet i september 1936. Han uttalte også ved eit høve at alt som vart sagt i noteutvekslingane i den tida Lie var fungerande utanriksminister, var skjedd «i samråd med meg».29

Trotskij sjølv meinte at det var handelspolitiske grunnar til at Norge sette asylretten til sides i denne saka. Koht meinte derimot at trusselen om økonomisk boikott frå Sovjetunionen ikkje var av særleg betydning. Oddvar Høidal har sannsynleggjort at det var dei tryggingspolitiske grunnane som vog tyngst i beslutninga om å utvisa og deportera Trotskij.30 Det var urolege tider, det nazistiske Tyskland var på frammarsj, og i ein slik samanheng ville norske styresmakter ha minst mogleg grums i relasjonane til naboen i aust som nå rusta opp og kunne bli ein potensiell trussel. Det må også leggjast til at ein slik statsrealistisk tilnærming i dette spørsmålet, som ikkje høyrer til dei mest heroiske sidene ved norsk utanrikspolitikk før andre verdskrig, gjorde seg endå sterkare gjeldande på borgarleg side.

Dette var i tråd med den meir langsiktige politikken for å byggja gode statsrelasjonar til Sovjetunionen. Regjeringa var svært nøgd med at Sovjetunionen vart medlem av Folkeforbundet, og dei skarpe sovjetiske reaksjonane i Trotskij-saka og det juridiske og moralsk tvilsame innhaldet i dei norske reaksjonane på desse, viser kor viktig det var å hindra konfrontasjon i nord.31 Det var trugande skyer i horisonten. Utsiktene til at ein tysk-sovjetisk krig skulle bryta ut, til dømes i samband med den spanske borgarkrigen, var hovudårsaka til at det i 1937 vart oppretta ei nasjonal overvakingsteneste som primært hadde kontraspionasje, og særleg i Nord-Norge, som føremål.32 Det er i ein slik periode med gryande uro at ein nok må sjå den svake norske politikken overfor Sovjetunionen, det var heller snakk om ein småstatsrealisme enn ideologisk affinitet. Nygaardsvoldregjeringa valte faktisk å ta imot Trotskij som asylant, noko regjeringa Mowinckel hadde nekta han.33 Og kritikken frå borgarleg sida gjekk ut på at regjeringa så lenge heldt si vernande hand over denne utropte hovudfienden av Sovjetunionen, ikkje at den ikkje stod imot sovjetisk press.34 Det var nok også ein slik statsrealisme som låg til grunn for at utanriksminister Koht trekte seg frå Nobelkomiteen hausten 1936, eit par veker før den vedtok å gi fredsprisen til den tyske pasifisten Carl von Ossietzky. Dette var ikkje uttrykk for ei tyskvennleg haldning, eller for at Koht var mot denne prisutdelinga, men at det vart viktigare nå som han var blitt utanriksminister å skilja mellom Nobelkomiteen og Norge som stat i ei uroleg tid.

Oppsummert for denne perioden mellom Arbeidarpartiets brot med Komintern i 1923 og utbrotet av andre verdskrigen kan det konstaterast at det ikkje lenger var formelle partimessige relasjonar. Arbeidarpartiet plasserte seg heilt til slutten av 1930-talet i ein posisjon mellom arbeidarinternasjonalane. Det var likevel framleis stor sympati for «arbeidarstaten» i aust, både ut frå dei økonomiske resultata og den rolla Sovjetunionen aksla som spydspiss i mobiliseringa mot den framveksande fascismen. Det politiske systemet vart ikkje lenger akseptert som ein modell for sosialisme, og i stigande grad, særleg under Moskvaprosessane vart dei repressive sidene ved livet i Sovjetunionen framheva. I siste halvdel av 1930-talet, etter at regjeringa Nygaardsvold vart etablert, vart Sovjetunionen også viktig som ein stat den norske arbeidarregjeringa måtte tenka inn i ein utanrikspolitisk samanheng.

Bolsjevikpartiet og sovjetstaten som to storleikar – utrygge relasjonar 1939–1955

Perioden mellom utbrotet av andre verdskrig og dei politiske avklaringane etter Stalins død i 1953 var prega av at Sovjetunionen først og fremst vart sett som ein stat, ikkje som eit idealisert alternativ til kapitalismen. På Arbeidarpartiets landsmøte i november 1939 vart det gjort to markeringar mot Sovjetunionen som politisk system og som stat. Kritikken mot Sovjetunionen som politisk system vart indirekte gjort klart i følgjande formulering, ei formulering som sjølvsagt også retta seg mot dei fascistiske diktatura: «Det norske Arbeiderparti tar avstand fra diktaturet i enhver form». Den andre markeringa kom i «Retningslinjer i militærspørsmålet». I innstillinga frå landsstyret, vedtatt på møte våren 1939, heitte det om faren for krig at den hong saman med motsetningane i det kapitalistiske samfunnssystemet og stridande imperialistiske interesser. Og så heitte det vidare: «Etter fascismens og nazismens seir i flere av Europas største stater og med den ideologiske motsetningen mellom demokrati og diktatur som derved har oppstått, er faren for denslags sammenstøt større enn noen gang tidligere». Forsvarsminister Fredrik Monsen fremja eit forslag om at «og med den maktpolitikken som nå gjør seg gjeldende i Europa» erstatta formuleringa om ideologisk motsetning mellom demokrati og diktatur.35

Det er klart at dette endringsforslaget først og fremst hadde ein brodd mot Sovjetunionen, som i august gjekk inn i ein ikkje-åtaks-avtale med det nazistiske Tyskland og som i ly av den annekterte område av Polen som gjekk tapt for det russiske imperiet etter første verdskrigen. Sovjetunionen tiltvang seg baserettar i Baltikum og kom også med krav overfor Finland om hamnebase og om grenserevisjonar på Det karelske neset. Nå vart Sovjetunionen framover sett som ei stormakt som andre stormakter, med eit autoritært styresett internt. Punktet om solidaritet med Sovjetunionen vart fjerna.36 «Den arbeider som nå ikke bryter med Norge Kommunistiske Parti, han er tapt for arbeiderrørsla», sa partisekretær Einar Gerhardsen på landsmøtet.37 Landsmøtet var før det sovjetiske åtaket på Finland i slutten av november. Dette åtaket på eit naboland sendte nye sjokkbølger inn i norsk arbeidarrørsle og fjerna dei siste restar av sovjetsympati. Det var sjølvsagt unnatak frå dette, einslege svaler i Arbeidarpartiet og dessutan NKP, som også nå stilte seg lojalt bak Sovjetunionens og Kominterns linje,38 noko som kom til å isolera partiet fullstendig for lang tid framover. I Arbeiderbladet tordna redaktør Tranmæl om «nazikommunisme», og det er interessant ut frå temaet for denne artikkelen at han også gjorde ei kopling til sovjetisk utanrikspolitikk: «Det er ikke Lenins, men Peter den stores ånd som preger den russiske utenrikspolitikken i dag», skreiv Arbeiderbladet 1. november.39 I ein leiarartikkel 11. desember 1939, etter utbrotet av Vinterkrigen, skreiv han at Sovjetunionen i utanrikspolitikken hadde «gitt opp kommunismen og gått over til den rene nasjonalisme, over til stalinismen».40

Frå nå av var det slutt på at Arbeidarpartiet framheva sovjetsystemet som noko positivt, som noko som måtte forsvarast fordi det representerte eit alternativ. Frå nå av og i resten av Sovjetunionens eksistens var det snakk om ei stormakt som måtte vurderast på det grunnlaget. I denne første krigsvinteren var det uro over kva planar denne stormakta i aust hadde. Det er klart at Vinterkrigen i seg sjølv auka uroa, med krigshandlingar heilt inn mot den finsk-norske grensa i Finnmark. Denne uroa vart forsterka av meldingar frå den norske sendemannen Berlin i desember om sovjetiske ekspansjonsplanar mot Finnmark. Det vart etablert norsk nøytralitetsvakt i Finnmark, både fordi det var ein nødvendig del av norsk nøytralitetspolitikk, men også fordi det var usikkert kor langt vest Sovjetunionen ville gå.41 Etter kvart kom utanriksminister Koht til at Sovjetunionen sine moglege interesser i høve til norsk territorium i nord var av defensiv art, noko som vart stadfesta etter at Vinterkrigen tok slutt i mars 1940, då Sovjetunionen trekte seg tilbake frå det meste av den finske korridoren mellom Norge og Russland som vart etablert etter første verdskrigen.42 Det var også Kohts syn etter at regjeringa Nygaardsvold gjekk i eksil i juni 1940. Norge valte å halda fram krigen mot Tyskland i allianse med Storbritannia, men Koht heldt fast på at Norge også burde freista å halda eit godt forhold til Sovjetunionen, trass i ikkje-åtakspakta, med tanke på ein framtidig situasjon der Norge kunne bli ståande aleine med Sovjetunionen i nord. Det var då også hovudårsaka til at han vart skifta ut med Trygve Lie i november same år. Lie ville satsa på alliansen med Storbritannia, nedfelt i den såkalla Atlanterhavspolitikken. Det var ein strategi som også var meint å strekka seg ut i etterkrigstida, med alliansepolitikk også i fredstid med amerikanske og britiske basar i Norge og på Island, Grønland og på Færøyane.43

Etter det tyske åtaket på Sovjetunionen 22. juni 1941, Operasjon Barbarossa, vart Norge alliert også med Sovjetunionen. Atlanterhavspolitikken vart moderert alt året etter, ved at det nå også vart lagt vekt på å ha eit godt forhold til Sovjetunionen og dei nordiske landa etter at Tyskland var slått. Erfaringa våren 1944 av at dei vestallierte satsa alt på eit kontinentalt åtak og at Finland leitte etter ein utveg til å koma ut av den vanheilage alliansen med Tyskland, skapte eit definitivt brot med Lies atlanterhavspolitikk. Med den bilaterale frigjeringsavtalen Londonregjeringa gjorde med Sovjetunionen 16. mai 1944 (same dag som tilsvarande avtalar med USA og Storbritannia) vart norsk brubyggingspolitikk overfor Sovjetunionen innleia. Tenkinga bak denne, at Norge måtte balansera eit godt forhold til dei vestallierte med eit godt forhold til den mektige naboen i aust, kom til å vera grunnleggjande heilt til Sovjetunionen opphøyrte i 1991. Rett nok plar ein rekna brubyggingsfasen som avslutta med den endelege norske vestvendinga i 1947/48, men det var bygd inn ei rekke brubyggingselement i grunnlaget for norsk tryggingspolitikk etter at Norge slutta seg til Atlanterhavspakta i 1949. Det gjeld den norske basepolitikken heilt frå starten (at det ikkje skulle vera framande basar på norsk jord) og ei rekke avgrensingar på NATOs aktivitet i nord.44 Dette var heile tida knytt til ein politikk for vestleg sikring – Storbritannia dei første åra, USA etter 1949.

Sovjetunionen fekk stor sympati under og dei første åra etter krigen, som følgje av at landet praktisk talt stod aleine mot dei tyske styrkane i så lang tid, med ufattelege tap av menneskeliv. Dette gjorde seg ikkje minst gjeldande i Norge, då sovjetiske styrkar frigjorde Aust-Finnmark i oktober 1944 og trekte seg ut i september 1945, begge delar i tråd med avtalar med norske styresmakter. Denne sympatien kom blant anna til uttrykk i stor oppslutning om Sambandet Norge-Sovjetunionen like etter krigen, med heile Arbeidarpartiets leiing som medlemmer.45 NKP gjorde også eit brakval ved stortingsvalet 1945, med 11,9 prosent oppslutning, den største nokon sinne. Men denne sterke sympatien vart eit blaff, som følgje av den gradvise tilstramminga i Aust-Europa. Oppslutninga om NKP vart halvert ved neste stortingsval, og Sambandet Norge-Sovjetunionen mista også sin massebasis.46

Det er ikkje grunnlag for å hevda at Arbeidarpartiet såg på Sovjetunionen som noko anna enn ei svært viktig stormakt og ein nabostat som det var nødvendig å ha ein mest mogleg god relasjon til. I denne perioden såg leiande kretsar i partiet og i regjeringa sitt utanrikspolitiske apparat Sovjetunionen som hovudsakleg defensiv i nordområda, mest oppteken av å halda andre stormaktar unna, men samstundes var det ei underliggjande frykt for at det kanskje også kunne vera ekspansjonistiske motiv. Dette gjaldt gjennom heile krigen, sjølv om Stalin og Molotov fleire gonger presiserte at dei såg Norge som del av den vestlege innflytingssfæren. I september 1945 trekte dei sovjetiske styrkane seg som nemnd ut av Aust-Finnmark, og i 1947 vart den gamle norsk-russiske grensa frå 1826 reetablert utan problem, og gnissingar knytt til Svalbard etter Molotov sitt kjende utspel i november 1944 om endring av Svalbardtraktaten, var over.

Brubyggingspolitikken har av somme blitt sett på som uttrykk for ein slags naivitet, ein naivitet som kunne knytast til ein nostalgia i høve til ungdommens ideal Sovjetunionen. Særleg har ein slik analyse blitt knytt til partileiar og statsminister Einar Gerhardsen sjølv.47 Historikaren Finn Olstad stiller i sin Gerhardsen-biografi til dømes spørsmålet om dette «rev opp sår i et sinn som var delt mellom det vestlige demokratiets forpliktelser og den dragningen han siden ungdommen hadde kjent mot den revolusjonære arbeiderstaten».48 Og ein representant for ein yngre historikargenerasjon som også skriv om Gerhardsen sitt forhold til Sovjetunionen, Eirik Wig Sundvall, svarer på dette spørsmålet i boka «Gerhardsens valg. Arbeiderpartiets tunge avskjed med Sovjetunionen» frå 2016, ved å kalla det «et nøkkelpunkt for å forstå hvorfor inngangen til den kalde krigen ble krevende for Einar Gerhardsen». Han strekker dette endå lengre ved å hevda at Gerhardsen generelt såg den kalde krigen «med ganske andre øyne enn de fleste av sine partifeller på topplanet».49 Dette stemmer ikkje, etter mitt syn. Brubyggingspolitikken hadde oppslutning frå ei samla arbeidarrørsle, både i topp og botn. Det var heller ingen usemje om at grunnlaget for brubyggingspolitikken fall bort ved inngangen til 1948. Og tvilen som gjaldt kor vidt Norge burde satsa på ein skandinavisk eller atlantisk tryggingsløysing omfatta også dei aller fleste, også på topplanet – heilt til grunnlaget for ei slik løysing fall bort ved inngangen til 1949.

Det var altså, etter mi oppfatning, realpolitisk tenking om Norge sin utsette posisjon som låg til grunn for brubyggingspolitikken – og dei element av brubygging som låg i restriksjonane på natomedlemskapet. Men uroa over moglege sovjetiske ekspansjonsplanar i nord steig i takt med det aukande internasjonale spenningsnivået og dei kommunistiske maktovertakingane i aust. Moskvaprosessane og anneksjonane i 1939 var dessutan stadig friskt i minne og skapte eit bilete av ein uføreseieleg Stalin. Dette vart forsterka ved globaliseringa av Den kalde krigen, ved utbrotet av Koreakrigen i 1950 – som på vestleg side, også i Norge, vart oppfatta som eit sovjetisk prosjekt.50 Ved inngangen til 1950-talet vart det sovjetiske kommunistpartiet og sovjetstaten oppfatta som trugande einingar i ei praktisk talt samla arbeidarrørsle. Vilkåra for ei endring i dette biletet var ikkje til stades før Stalins død i 1953. Og då kom også forholdet til bolsjevikpartiet i eit nytt lys.

Kritisk dialog 1955–91

Omslaget var heilt tydeleg i 1955. I heile den vestlege verda var det politikarar som ønska å ta dei nye makthavarane etter Stalins død på alvor når dei tala om fredeleg sameksistens. Den som tidlegast signaliserte ei slik vestleg dialoghaldning var den britiske statsministeren Winston Churchill, alt i 1953. Utanriksminister Halvard Lange ga i 1955 uttrykk for at det kunne henda at den kalde krigen kunne avblåsast. På NATOs rådsmøte i mai slutta han seg til dei som var utålmodige over at betringa av relasjonane mellom aust og vest gjekk så sakte.51 Liknande synspunkt kom han med på møte i den utvida utanrikskomiteen våren 1955.52 Då statsminister Gerhardsen sommaren 1955 som den første vestlege statsmannen fekk invitasjon til å møta dei nye sovjetiske leiarane, var det inga usemje i sentralkomiteen eller i den utvida utanrikskomiteen om at han måtte ta imot invitasjonen.,53 Reisa vart gjennomført i oktober same år og var starten på eit samarbeid på fleire område – i fiskeripolitikken, i kultursamarbeid, i vassdragsutbygging i Aust-Finnmark – som ifølgje bind 5 av norsk utanrikspolitikks historie gjorde Norge til det natolandet som hadde mest samarbeid med Sovjetunionen.54 Gerhardsens reise var heller ikkje eit særsyn. Den aller første vestlege statsleiaren som reiste til Moskva etter at tøveret sette inn, var den vesttyske forbundskanslar Konrad Adenauer som kom til Moskva alt i september, der det vart oppretta diplomatisk samband mellom dei to landa. Etter Gerhardsen si reise i oktober kom den eine vestlege statsleiaren etter den andre.55

Dette innvarsla ei ny tid i aust–vest-relasjonane, i ei tid der Sovjetunionen i større grad vart oppfatta som ein stat som andre statar, rett nok med eit autoritært indre styresett. Det oppstod brytningar i vestleg politikk, mellom dei som ville ta det nye sovjetiske leiarskapet på orda og dei som såg dei nye orda som tom retorikk og ville halda fram konfrontasjonspolitikken. Stian Bones har nytta omgrepsparet «kritisk dialog» og «kompromisslaus oppdemming» for å gripa denne spenninga, ei spenning som også slo inn i Arbeidarpartiet – personifisert med det aukande skismaet mellom partileiar Gerhardsen og partisekretær Haakon Lie.56 Sjølvsagt var det nyansar innanfor desse grupperingane, men eg meiner dette omgrepsparet grip kjernen i kva dei viktigaste diskusjonane stod om i tryggingspolitikken.

Werna og Einar Gerhardsen på vei til Moskva i november 1955. Foto: Aage Storløkken / Arbeiderbladet / Arbark

Men i diskusjonen om Arbeidarpartiet sitt standpunkt for kritisk dialog som strategi overfor Sovjetunionen, har det vore ei utbreidd oppfatning at dette vegvalet i 1955 kan tilbakeførast til ein aktør sine nostalgiske kjensler overfor den gamle arbeidarstaten, nemleg Einar Gerhardsen sjølv. Dette kom første gongen til uttrykk i Haakon Lie sitt oppgjer med sin gamle kampfelle i den første memoarboka hans, «…slik jeg ser det» frå 1975. Han gjer reisa til Moskva i 1955 til eit vendepunkt, noko hadde skjedd med Gerhardsen sitt syn på Sovjetunionen. Dette vart følgd opp av hans følgjesvein Per Øyvind Heradstveit i boka «Einar Gerhardsen og hans menn» frå 1981, basert på anonyme kjelder. Her heiter det at møtet i Moskva «ubevisst måtte vekke til live noen av de drømmene han som ung revolusjonær hadde hatt», og med referanse til «folk i den indre krets» blir det hevda at noko «irrasjonelt steg fram», «en del av hans ungdoms romantikk var aktivisert». Og med tilvising til at mange hadde slik bakgrunn, også dei Heradstveit lente seg på, lanserer han også ei tilleggsforklaring, nemleg at Gerhardsen var «litt av en Middelhavsfarer» når det gjaldt utanrikspolitikk.57 Spenningane gjekk mellom Gerhardsen som ville spela «en brobyggerrolle» og «den kjølig vurderende» utanriksministeren Lange, som ifølgje Heradstveit «var fortvilt over at noen kunne legge en slik naivitet for dagen».58

Seinare har slike vurderingar også blitt følgd opp på historikarhald. Det er trekk av slike resonnement i bind 5 av norsk utanrikspolitikks historie, sjølv om det er her ei rekke nyanseringar, særleg når det gjeld forholdet mellom statsministeren og utanriksministeren.59 Finn Olstad er den som mest systematisk har argumentert for slike kulturelle, og ikkje politiske, forklaringar på Gerhardsen sin dialogstrategi overfor Sovjetunionen. Han finn sterke drag av «romantikk» i Gerhardsens forhold til Sovjetunionen, ein romantikk som gjekk tilbake til hans revolusjonære ungdom. Gerhardsen «var villig til å gå mye lenger enn sine medarbeidere i regjeringen og partiledelsen for å komme Sovjetunionen i møte», hevdar han.60 Nestoren innanfor utanrikspolitikkens historie, Olav Riste, stiller spørsmål ved om Gerhardsen si linje kunne førast tilbake til ein «Neutralist Nostalgia» og hintar til at han var påverka av kona Werna Gerhardsen, eit viktig poeng i Haakon Lie-tradisjonen si oppfatning av Gerhardsen si nyorientering midt på 1950-talet.61 Denne tradisjonen blir vidareført av Eirik Wig Sundvall. Om reisa til Moskva i 1955 skriv han at brubygging var blitt «Gerhardsens personlige prosjekt», eit resultat av «en øm nostalgi» etter det opprivande oppgjeret på slutten av 1940-talet. Gerhardsen hadde «få støttespillere i sitt brobyggingsprosjekt», hevdar han.62

Kva er så argumentasjonen for at Gerhardsens politikk for kritisk dialog med Moskva må førast tilbake til Sovjet-nostalgi, og ikkje slike grunnar som gjorde at så mange andre europeiske statsleiarar slo inn på same kursen? Det er særleg to ting som blir framheva. Det eine er at han gjekk med på at den norske baseerklæringa kom med i sluttkommunikeet. Lange mislikte det, men det er ikkje grunn til å tru noko anna enn at Gerhardsen meinte at baseerklæringa var ein så sentral del av norsk lågspenningspolitikk overfor Sovjetunionen, at han ikkje såg dette som problematisk. Det andre argumentet er at han gjekk med på å leggja fram eit forslag for sentralstyret om partisamarbeid, etter først å ha avvist det. Her vart det samrøystes avvist.63 Det er ikkje påvist at Gerhardsen sjølv meinte at Arbeidarpartiet skulle gå inn på eit slikt partimessig samarbeid, men det er ikkje utenkeleg. I memoarane sine viser han til det einstemmige vedtaket, som han jo sjølv var med på, men legg til: «Siden den gang har det vært atskillig kontakt mellom sosialdemokratiske partier i andre land og kommunistene i Sovjetunionen. Det kan neppe ha skadet. Kanskje kan det ha ryddet bort noen misforståelser og også på annen måte hatt en viss betydning». Kva ligg det så i dette, at det sovjetiske kommunistpartiet og Det norske Arbeiderparti hadde eit grunnleggjande politisk og ideologisk fellesskap?

Først kan det nemnast at Arbeidarpartiet hadde kontaktar på partinivå både med det jugoslaviske og polske kommunistpartiet, og at det britiske arbeidarpartiet og det sovjetiske kommunistpartiet utveksla partidelegasjonar på dette tidspunktet.64 Når Gerhardsen skriv at det kan ha vore nyttig med slike kontaktar, må det etter mi oppfatning knytast til heile tenkinga bak strategien med kritisk dialog, at tillitsbygging gjennom kontaktar på alle nivå kunne byggja ned fiendebilete som stengde for avspenning i ei verd som hadde atomkrigens damoklessverd hengande over seg. Eit uttrykk for denne dialoglinja var «Gerhardsens store tale» på NATOs statsleiarmøte i Paris i desember 1957 og etterfølgjande norske initiativ for å få til eit toppmøte mellom dei to supermaktene og for å støtta opp om Rapacki-planen, eit polsk forslag om ein atomvåpenfri sone i Sentral-Europa. Bortsett frå ei viss usemje om enkelte formuleringar i Gerhardsens tale, ei usemje som har vore kraftig overaksentuert i litteraturen, var det frå nå full semje mellom utanriksminister Lange og statsministeren om politikken overfor Sovjetunionen, strategien med kritisk dialog og lågspenning.65 Etter mitt syn vart denne linja hegemonisk for resten av den kalde krigen, inklusive perioden med høgremannen John Lyng som utanriksminister 1965–70. Bare perioden med rein Høgre-regjering under Kåre Willoch og med Svenn Stray som utanriksminister i første halvdel av 1980-talet representerte eit brot med dette.66 Det skal sjølvsagt ikkje skugga for at i botnen for strategien med «kritisk dialog» låg ein balansegang mellom «avskrekking» og «beroligelse» i norsk politikk innanfor NATO.

Dette var ikkje ei linje som var basert på affinitet til sovjetkommunismen eller det sovjetiske kommunistpartiet, men ei linje basert på at Sovjetunionen var ein stat med eigne interesser som måtte takast på alvor. Dei som heldt fast på strategien med «konsekvent oppdemming» gjorde ikkje eit slik skilje mellom stat og parti og såg såleis sovjetisk utanriks- og tryggingspolitikk som reint ideologidriven og i botn ekspansjonistisk. Strategien med kritisk dialog føresette at ein tok sjansen på å vera «urein», ha kontakt med den andre parten og å byggja tillit.67 Det kunne til dømes skje gjennom eit personleg diplomati, gjennom uformelle kontaktar med ambassadepersonell, gjerne medlemmer av KGB, slik som Finn Mo, mangeårig leiar av utanrikskomiteen på 1950- og 60-talet, og direktør for NUPI Johan Jørgen Holst (seinare forsvars- og utanriksminister i Brundtlands regjeringar) praktiserte.68

Denne strategien for å møtast på ulike nivå for å rydda vekk gjensidige fiendebilete og misforståingar, vart følgd opp av norsk arbeidarrørsle også på eit organisatorisk nivå, då avspenninga utover på 1970-talet også fekk ein tydlegare europeisk dimensjon. Det var ein sentral strategi for LO under den nye leiaren Tor Aspengren å etablera kontakt med den austeuropeiske, og særleg då den sovjetiske, fagrørsla på alle nivå. Her var norsk fagrørsle ein pådrivar på vestleg side –  ikkje fordi LO hadde illusjonar om at sovjetisk fagrørsle var autonom i høve til stat og parti, men fordi kontakten i seg sjølv var fredsfremjande.69 Og dette vart også følgd opp innanfor Arbeidarpartiet. Seinhausten 1973 vart partileiar Reiulf Steen invitert til Moskva. Han la fram denne invitasjonen for sentralstyret – som ikkje hadde innvendingar mot at han tok imot den. Det var jo som partileiar han var invitert, og denne gongen var det altså ingen problem med denne form for partikontakt.70 I slutten av mai 1979 gjesta leiinga i Arbeidarpartiet – med partileiar Steen, nestleiar Gro Harlem Brundtland og stortingspresident Guttorm Hansen i spissen – Sovjetunionens kommunistiske parti i Moskva, der dei blant anna møtte sentralkomiteen. Her innleia sjefsideolog Mikhail Suslov og uttrykte at møtet mellom sentralkomiteen og eit sosialdemokratisk parti «ligg i tidas ånd».71

Oppsummerande om Arbeidarpartiet sitt forhold til Sovjetunionen i tida etter 1955: Norsk LO og Arbeidarpartiet sine kontaktar på mange nivå med det sovjetiske kommunistpartiet og sovjetisk fagrørsle var bygd på at det var viktig å byggja ut aust–vest-relasjonane på eit breiare samfunnsmessig nivå enn bare på topplanet, noko som også var sjølve grunnideen bak Helsinki-erklæringa i 1975. Denne strategien var ein del av ei internasjonal rørsle for å byggja ned spenningane, og dermed faren for ein altutslettande atomkrig, gjennom å gjera jernteppet meir porøst.72 Når dette av somme, også historikarar, har blitt sett som ideologisk affinitet og ikkje som det det faktisk var – ein strategi for nedbygging av internasjonale spenningar, kan det etter mitt syn knytast til ei for snever ramme, ein form for «metodologisk nasjonalisme». Det kan også knytast til ei usemje om synet på «den andre», om Sovjetunionen var driven av ein ideologisk basert ekspansjonisme, eller av tryggingsomsyn og stormaktspolitisk sjølvhevding. Dette var til dømes eit sterkt skiljande punkt i spørsmålet om kva tryggingspolitiske konklusjonar ein skulle trekka av den sovjetiske invasjonen i Afghanistan i desember 1979.73 Og likeeins var og er det ein stor diskusjon om det var strategien for «kritisk dialog» eller «kompromisslaus oppdemming» som låg til grunn for den dramatiske nyorienteringa i sovjetisk politikk under Gorbatsjov. Poenget er altså ikkje å konkludera her i høve til den diskusjonen, bare argumentera for at det er i denne samanhengen forholdet mellom Arbeidarpartiet, bolsjevikpartiet og sovjetstaten i perioden 1955–1991 etter mitt syn må plasserast.

Konklusjon

Den russiske revolusjonen hadde stor innverknad på norsk arbeidarrørsle, som i arbeidarrørsla elles i verda. I den første perioden som er analysert her, frå revolusjonen til partisplittinga i 1923, vart det ikkje gjort noko skilje i synet på bolsjevikpartiet og bolsjevikstaten. I den dominerande retninga i norsk arbeidarrørsle vart begge delar idealisert, mens mindretalet hadde eit positivt syn på den nye staten – i kontrast til den sosialdemokratiske rørsla elles i Europa, men meinte det bolsjevikpartiet stod for ikkje kunne overførast til vestlege forhold. Den fløya som gjekk ut i 1923, Norges Kommunistiske Parti, heldt fast på at sovjetpartiet og sovjetstaten var eitt og det same og noko som fortente arbeidarklassens vilkårslause støtte. For Arbeidarpartiet, som er temaet for denne artikkelen, stilte det seg annleis. Frå 1923 fram til hausten 1939 var det i aukande grad ei kritisk haldning til bolsjevikpartiet, mens synet på sovjetstaten var prega av ambivalens. Etter regjeringsovertakinga i 1935 var Sovjetunionen først og fremst ein stat Norge måtte ha ein tryggingspolitikk overfor. Frå hausten 1939 og fram til Stalins død i 1953 var Sovjetunionen oppfatta som både ein aktuell (tidleg etter utbrotet av andre verdskrig, etter Molotovs utspel om Svalbard i november 1944) og som ein potensiell trussel, først og fremst med tanke på nye stormaktskrigar. Både brubyggingspolitkkken i 1944–47 og natomedlemskapet i 1949 må sjåast i den samanhengen. Etter at maktskiftet i Moskva var avklart midt på 1950-talet var det eit nærast fullstendig gjennomslag for ei haldning i Arbeidarpartiet som gjekk på at det var viktig å etablera dialog med supermakta i aust og halda lågspenning i nord. Det som var av partikontakt, var knytt til ein slik strategi – og ikkje til ideologisk affinitet. Denne strategien heldt Arbeidarpartiet på gjennom resten av den kalde krigen.

Denne framstillinga står såleis i strid med ein tradisjon for å sjå etableringa av denne strategien overfor Sovjetunionen midt på 1950 som resultat av ideologiske forestillingar, av ein nostalgi knytt til den russiske revolusjonen – og då særleg hos eitt individ, statsminister og partileiar Einar Gerhardsen sjølv. Denne statsleiaren, som hadde vore gjennom diskusjonane om Marshallhjelp og NATO-medlemskap og som hadde sete i ei årrekke i utanrikskomiteen, skal ha vore hjelpelaust naiv. Eg freistar å visa korleis ei slik analyse må sjåast i lys av ei alt for trongt og snevert nasjonalt aktørperspektiv. Det er også lett å sjå korleis dåtidas spenningar mellom «kritisk dialog» og «kompromisslaus oppdemming», og dei historiske erfaringane desse kvilte på, kan ha overføringsverdi til dagens diskusjonar om forholdet til Russland etter Ukraina-krisa frå 2014.

Litteratur

Det norske arbeiderpartis prinsipielle program 1933. Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie, 1/1978: 169–173.

Bergh, T. & Eriksen, K.E. (1998). Den hemmelige krigen. Overvåking i Norge 1914-1997 (Bind 2). Oslo: Cappelen Akademisk.

Bjørgum, J. (1973). Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund 50 år. Drammen: NKIF.

Bjørnson, Ø. (1990). På klassekampens grunn (19001920). Bind 2 i Kokkvoll, A. & Sverdrup, J. (Red.), Arbeiderbevegelsens historie i Norge. Oslo: Tiden.

Bones, S. (2006). Med viten og vilje. Nytt Norsk Tidsskrift, 23(3): 276–284.

Bones, S. (2015). Kriseår og regional avspenning. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 19172014. Oslo: Pax.

Bones, S., Ringheim Eriksen, A., Holtsmark, S.G. & Komarov, A. (2015). Kald krig. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 19172014. Oslo: Pax.

Bones, S. & Tjelmeland, H. (2015). Tøvær. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 1917–2014. Oslo: Pax.Danielsen, E. (1964). Norge-Sovjetunionen. Norges utenrikspolitikk overfor Sovjetunionen 19171940. Oslo: Universitetsforlaget.

Danielsen, H., Holtsmark, S.G., Kasijan. A.S., Nielsen, J.P., Rotihaug, I. & Rønning, O.M. (2015). Sovjetunionen og norsk arbeiderbevegelse. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 19172014. Oslo: Pax.

Danielsen, R. (1984). Borgerlig oppdemmingspolitikk 1918-1940. Bind 2 i Sejersted, F. (Red.), Høyres historie. Oslo: Cappelen.

Det norske Arbeiderparti (1940): Landsmøtet 1939. Protokoll. Oslo: DNA.

Egge, Å. & Halvorsen, T. (2002): «kriteriet på en kommunist er hans forhold til Sovjetunionen», De norsk-sovjetiske partirelasjoner 1919–1991. Arbeiderhistorie. Oslo: LO Media.

Eriksen K.E. & Pharo, H.Ø. (1997). Kald krig og internasjonalisering 19451965. Bind 5 i Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo: Universitetsforlaget.

Fure, O-B. (1983). Mellom reformisme og bolsjevisme – Norsk arbeiderbevegelse 1918–1920. Teori. Praksis. (Doktorgradsavhandling), Universitetet i Bergen, Bergen.

Fure, O.-B. (1996). Mellomkrigstid 19201940. Bind 3 i Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo: Universitetsforlaget. 1996.

Halvorsen, T. (2003). Partiets salt. AUFs historie. Oslo: Pax.

Holtsmark, S.G, Narinskij, M.M., Soleim, M.N. & Sørlie, S. (2015). Krig og allianse. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 19172014. Oslo: Pax.

Høidal, O. (2009). Trotsky i Norge. Et sår som aldri gror. Oslo: Spartacus.

Larsen, R.T. (1984). I gode og onde dager. Oslo: Cappelen.

Lie, H. (1975). … slik jeg ser det. Oslo: Tiden.

Lorenz, E. (1983). Det er ingen sak å få partiet lite. Oslo: Pax.

Maurseth, P. (1987). Gjennom kriser til makt (19201935). Bind 3 i Kokkvoll, A. & Sverdrup, J. (Red.), Arbeiderbevegelsens historie i Norge. Oslo: Tiden.

Olstad, F. (1999). Einar Gerhardsen – en politisk biografi. Oslo: Universitetsforlaget.

Pryser, T. (1988). Klassen og nasjonen (19351946). Bind 4 i Kokkvoll, A. & Sverdrup, J. (Red.), Arbeiderbevegelsens historie i Norge. Oslo: Tiden.

Riste, O. (2005). Norway’s Foreign Relations – A History. Oslo: Universitetsforlaget.

Rønning Balsvik, R. (1989). Vardø. Grensepost og fiskevær 1850-1950. Bind 1 og 2. Vardø: Vardø kommune/Dreyer Bok.

Sundvall, E.W. (2014). Nazikommunisme? Arbeiderpartiet og en forestilling om det totalitære, 1939–40. Arbeiderhistorie. Oslo: LO Media.

Sundvall, E.W. (2016). Gerhardsens valg. Arbeiderpartiets tunge avskjed med Sovjetunionen. Oslo: Gyldendal.

Tamnes, R. (1991). The United States and the Cold War in the High North. Oslo: Ad Notam.

Tjelmeland, H. (2006). Den kalde krigen. Oslo: Samlaget.

Tjelmeland, H. (2009). «en utenrikspolitisk amatør?» Einar Gerhardsen som statsmann 1955–1958. Arbeiderhistorie. Oslo: LO-Media.

Tjelmeland, H. (2012). The belief in personal diplomacy towards the Soviet Union during The Cold War: The cases of Andreas Andersen, Finn Moe and Johan Jørgen Holst. I Myklebost, K.A. & Bones, S. (Red.), Caution & Compliance. Norwegian-Russian Diplomatic Relations 18142014. Stamsund: Orkana.

Tjelmeland, H. (2014). Norsk-sovjetisk fagleg diplomati og den europeiske détente. Historisk Tidsskrift, 93(4): 597–623.

Tjelmeland, H. (2015a). Andre verdskrigen og oppkomsten av norsk brubyggingspolitikk. I Fagertun, F. (Red.), Krig og frigjøring i nord. Stamsund: Orkana.

Tjelmeland, H. (2015b). Tyngdekraften fra Helsingfors. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 1917–2014. Oslo: Pax.

Tjelmeland, H. (2015c). Ny kald krig, nye fiendebilder. I Holtsmark, S.G. (Red.), Frykt og forventning. Norge og Russland 1917–2014. Oslo: Pax.

Tubaas, E.I. (2000). Holdninger i norsk arbeiderbevegelse til den russiske revolusjon og det nye sovjetstyret. (Hovedoppgave i historie), E.I. Tubaas: Oslo.

Villaume, P. & Westad, O.A. (Red.) (2010). Perforating the Iron Curtain. European Détente, Transatlantic Relations and the Cold War, 19651985. København: Museum Tusculanum Press.

1Desse programma kan jamførast ved å gå inn på NSD partidokumentarkiv, http://arbeiderpartiet.no/file/download/5364/61010/file/Prinsipprogram%201915.pdf
2Tubaas 2000: 27, 43f.
3Ibid.: 8f.
4Ibid.: 53.
5Fure 1983: 466.
6Ibid.: 468.
7Ibid.: 470 ff.; Danielsen, Holtsmark, Kasijan, Nielsen, Rotihaug & Rønning 2015: 136–139; Rønning Balsvik: 1989: 120–123, 142–145.
8Bjørnson 1990: 533.
9Ibid.: 481.
10Fure 1983: 581.
11Ibid.: 582.
12Ibid.: 583 ff.
13Danielsen 1984: 15–33.
14Halvorsen 2003.
15Maurseth 1987: 377–385.
16Jf. Egge & Halvorsen 2002.
17Larsen 1984: 144. Eg vart opplyst av forfattarane av artikkelen med same tittel som dette sitatet om denne referansen.
18Jfr. Lorenz 1983.
19Pryser 1988: 191ff.
20Det norske arbeiderpartis prinsipielle program 1933: 173.
21Maurseth 1987: 382–389. Om dei norsk-sovjetiske faglege relasjonane elles i mellomkrigstida: Sjå Bjørgum 1973: 133–148 og Holtsmark, Kasijan, Nielsen, Rotihaug og Rønning 2015: 152–154.
22Maurseth 1987: 389; Pryser 1988: 194,
23Det norske arbeiderpartis prinsipielle program 1933: 173.
24Danielsen, Holtsmark, Kasijan, Nielsen, Rotihaug og Rønning 2015: 147f.
25Ibid.: 148.
26Pryser 1988:201–204.
27Framstillinga her er bygd på Høidal 2009: 8, 15.
28Fure 1996: 270.
29Høidal 2009: 177.
30Ibid. Det ser ut som om det også er slik Fure ser det (Fure 1996: 272 f).
31Danielsen 1964: 190.
32Bergh & Eriksen 1998: 39f, 42.
33Høidal 2009: 181.
34Ibid.; 181, 217, 308; Sundvall 2016 hevdar eit anna syn, nemleg at det handla om å forsvara Sovjetunionen mot indre og ytre kritikk: 94.
35Det norske Arbeiderparti 1939: 57. Eg vart gjort merksam på dette av Vidar Eng som arbeider med ein biografi over Fredrik Monsen.
36Sundvall 2016: 124.
37Ibid.: 111.
38Egge og Halvorsen 2002: 22.
39Pryser 1988: 225.
40Sundvall 2014: 135.
41Fure 1996: 326 f.
42Holtsmark, Narinskij, Soleim & Sørlie 2015: 230, 235, 238.
43Dette drøftar eg nærare i Tjelmeland 2015a: 53.
44Dette drøftar eg i Tjelmeland 2015a.
45Bones, Ringheim Eriksen, Holtsmark & Komarov 2015: 334.
46Ibid.
47Eg vil presisera at den tendensen eg drøftar her, i liten grad er til stades i standardverka som dekkar brubyggingspolitikken.
48Olstad 1999: 217.
49Sundvall 2016: 209.
50I dag veit ein at det først etter langvarig press frå Kim il Sung, og truleg også for å ikkje svekka sin posisjon etter den kinesiske revolusjonen året før, at Stalin ga klarsignal, jf. drøfting av dette i Tjelmeland 2006: 52.
51Tamnes 1991: 169.
52Tjelmeland 2009: 12.
53Ibid.: 13.
54Eriksen & Pharo 1997: 198.
55Tjelmeland 2009: 13.
56Bones 2006: 283.
57Her referert til frå Tjelmeland 2009: 9.
58Henta frå Tjelmeland 2009: 10.
59Eriksen og Pharo 1997: 194–201.
60Olstad 1999: 331.
61Riste 2005: 228. Den manglande substansen i denne ryktespreiinga blir drøfta i Bones 2015: 379 f.
62Sundvall 2016: 253–256.
63Tjelmeland 2009: 9, 13. Det blir også vist til eit tredje moment, at Gerhardsen skulle vera tilhengjar av det som har blitt kalla hans «konvergensteori» (uttrykket er truleg første gong brukt i Lie 1975). Plassomsyn gjer at eg ikkje drøftar dette her, men nøyer meg med å visa til drøftinga av dette i Tjelmeland 2009: 17–19.
64Tjelmeland 2009: 14.
65Bones & Tjelmeland 2015: 352–363.
66Dette argumenter eg for i Tjelmeland 2015c.
67Bones 2006: 283.
68Tjelmeland 2012. Slike kontaktar skil seg frå dei som til dømes Arne Treholt hadde, som var individelle kontaktar som ikkje vart rapport til andre.
69Dette drøftar eg i Tjelmeland 2014.
70Tjelmeland 2015b: 463.
71Tjelmeland 2015c: 505.
72Jf. til dømes artikkelsamlinga Villaume & Westad 2010.
73Jf. drøftinga av dette i Tjelmeland 2015c: 509 f.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon