Espen Søbye, Harald Berntsen, Kjartan Fløgstad og Jon Langdal,

Dovre faller. Norge 1814–2014.

Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS 2014.

Skitkasting i eit jubileum

Denne bokmeldinga er eit møte mellom ei historiebok og ein ikkje-historikar, men politisk interessert lesar med den normalt utdaterte oppfatninga av at klassekampar framleis finn stad, også i Norge om enn på nye premiss, med samfunnsformande verknadar. Dette lesarmøtet kjem delvis i stand gjennom ei formidling av kva faghistorikarar seier om boka og kva ein profesjonshistorikar i det store verket om De nasjonale strateger gløymer å fortelje om ein av dei viktigaste, men i si tid mislukka strategar i konstitueringa av den moderne nasjonen som nyss er feira.1 Historieskriving – som akademisk disiplin – er eit fag i nasjonens normale interesse. Den kritikken eg sjølv kjem med, er i hovudsak innforstått med det grepet som ligg til grunn for Dovre faller. Kritikken kan lesast som ein korrektur «utanfrå» til ei faghistorisk tilnærming, som viser seg å vere prega av skiftande ideologiske konjunkturar. Det dreiar seg om samtidas evige jerngrep på fortida. Historikaren må derfor først kjenne si eiga samtid – før han kan skrive etterretteleg om fortida – særleg når denne gir seg ut for å vere «nasjonens» og konstitusjonens historie.

Nasjonen ex auditorio

Dovre faller er ei historie om perioden 1814–2014 «i ex auditorio opposisjon mot konvensjonelle og offisielle framstillinger av Norge i de siste 200 åra» – eit produkt av kollektivt intellektuelt arbeid. Det signaliserer ein annan arbeidsmåte og perspektiv i formidlinga av «vår» – nasjonens – sams fortid «i den ekstreme individualismens tidsalder».2

I det kollektive ligg det òg eit moralsk moment. Kollektivitet gir mot når det med eigne ord seier det er eit vågestykke å «hevde at det tyske angrepet på Norge 9. april var mislykket, at det ikke var to, men én verdenskrig i det 20. århundre».3 Men det kan også bli eit moment av sjølvforsterkande og identitetsskapande avvik som forskansar seg sekterisk mot kritikk frå utsida. Den gjennomgåande ironiske sarkasmen i boka viser at kollektivet er klar over dette.

Utan 200-årsjubileet for grunnlova ville desse fire, høgst ulike forfattarane ikkje ha konstituert seg som eit arbeidskollektiv. Jubileets liberale hegemoni i forståinga av grunnlova som ein demokratisk grunnstein heva over klassemotsetningar og klassekampar har rådd grunnen gjennom heile 2014 og lite tyder på at denne «nasjonale» sjølvforståinga i nær framtid vil bryte saman.

Same kor problematisk begrepet om nasjonen og det nasjonale «vi» måtte vere for dette arbeidskollektivet, er det heilt avhengig av å kommunisere polemisk med/mot det så lenge det gjer seg gjeldande som identitetsmoment. Sidan bokas misjon er eksplisitt polemisk, er det sjølvsagt vanskeleg å integrere polemikken med ein kritisk sjølvrefleksjon over nasjonen som konstituerande føresetnad for nettopp denne polemikken. Om dette blir boka derfor taus. Ikkje berre er identitetsmomentet eit nasjonalt «vi» som slik gjer eit grunnlovsjubileum muleg. Det er også fylt av indre motsetningar, tilslørt i det liberale hegemoniet, kring det politiske strevet om makt i den statskonstitusjonen som grunnlova definerer – på papiret. Bokas styrke er at dette momentet blir vist fram. Sjølvrefleksjonen viser seg utan å erklære seg. Det er altså nasjonalstaten – og dermed den dominerande politiske og ideologiske makt i denne – som blir markert av sitt tilhørande, jublande «vi». I denne jubelen er det inga klar motsetning mellom høgre- og venstresida i dagens Storting eller i offentlegheita. Det liberale hegemoniet ter seg som «evig og troe til Dovre faller».

Kontroversielt?

Det kontroversielle i påstanden om at Hitlers åtak 9. april var mislukka, ligg i at det avviser den lenge hegemoniske oppfatninga at Nygaardsvold si regjering hadde svikta si oppgåve med å ruste opp mot den tyske faren. Dermed hadde ho også svike nasjonen. Men kor kontroversielt er dette?

Politisk og dermed strategisk (i Clausewitz’ tyding: krigen som ei forlenging av politikken med andre middel) var det openbert mislukka ettersom Nygaardsvold-regjeringa ikkje kapitulerte og det ikkje oppstod panikk, redsle og oppløysing, slik kollektivet peikar på. Også Quisling sitt politiske kupp var ein politisk katastrofe, sett frå hovudkvarteret i Berlin. Men kollektivet kunne også nemnt at okkupasjonen til ei kvar tid batt opp ca. 300 000 troppar i Norge som Hitler med større strategisk verknad kunne ha brukt mot Sovjetunionen hausten 1941, ved Stalingrad 1942–43 eller i vest sommaren 1944, då nærmare 80 prosent av Nazi-Tysklands krigsmakt stod på austfronten i sjølvoppofrande kamp mot den framrykkande «bolsjevismen» – sjølve Fellesfienden viste det seg etter den lange krigen i det korte hundreåret.

Heller ikkje påstanden om at det dreidde seg om éin krig, er vel særleg utfordrande etter Eric Hobsbawns The Age of Extremes. The Short Twentieth Century (1994) som definerer «det korte tjuande hundreåret» med den Den russiske revolusjonen i 1917 som dreiepunkt. Dels var revolusjonen eit produkt av den «første» krigen, medan det historiske utfallet av den «andre» var gjort muleg av sovjetstaten, som vart resultatet av denne revolusjonen og den stalinistiske, «forrådde» (Trotsky) utviklinga av ho. Sovjetunionen sitt offer av 27 millionar menneske berga dei liberale utsiktene i vest. Kollektivet minner om at Sovjetunionen frigjorde Finnmark i 1944 og sidan oppførte seg som velkomen okkupant med eit «fläkkfritt eftermäle» ifølgje svenske militærhistorikarar (s. 200). Etter at Hobsbawn si bok var utgitt og den realpolitiske verknaden av revolusjonen var forsvunnen med oppløysinga av Sovjetunionen, vart også den kalde maktbalansen som hadde hindra krig i Europa i 50 år, fjerna. Kald krig er alltid betre enn varm – i alle fall for folk flest. Då denne historisk fredsskapande, indirekte verknaden av Den russiske revolusjonen var eliminert, braut ein europeisk krig laus i Jugoslavia, trass i, eller meir korrekt: på grunn av fredsprisvinnande EU (Tyskland) og Nato (USA) sine roller før og under krisa på Balkan. Deretter kom den korte krigen i Georgia og no den i Ukraina, som ingen i skrivande stund ser slutten på – alle i nærleiken av den gamle fellesfienden. Kollektivet utnyttar ikkje godt nok det kritiske potensialet i det internasjonale perspektivet.4

Ufortalde historier

I det store jubileumsåret gjer forfattarkollektivet heilt rett i å minne om at Thrane-rørsla har vore viktigare for utviklinga av demokratiet enn grunnlova. Ei demokratisk utvikling av politikken kan ikkje utleiast av grunnlova som isolert «kraft», men av dei demokratiske impulsane som oppstår gjennom konkurransen om makt «i» konstitusjonen, etter kvart driven fram gjennom dei sosiale rørslene og korleis dei artikulerer seg organisatorisk og ideologisk. Særleg viktig er det å peike på at den sosiale og politiske logikken i dei landsomfattande tariffavtalene mellom arbeid og kapital fortener større plass i konstitusjonsprosessen av demokratiet og nasjonen enn ei drøfting av den estetiske logikken og humanismen i verka til store nasjonsbyggande diktarar. Mjølkerampen som kulturinstitusjon på landsbygda fortener å bli omtala og samstundes «ikke skrive ett ord om Nasjonalteateret».5 Forteljinga om mjølkerampen, om spelemennene Ljomans-Per eller Ola Porkala, underslår likevel ikkje den posisjonen som det unemnde Nasjonalteateret har hatt i denne prosessen. Men ved ikkje å nemne det med eitt kløyva ord, opnar dei for ei innvending som går att hos alle liberale kritikarar av boka: at ho er for selektiv i kjeldebruken, har for få kryssreferansar til anna forsking og andre historiske fenomen. Det skapar tomrom i forteljinga som igjen skapar usikkerheit i den lesaren som ikkje er fortruleg med sjangeren.

Men ei kvar fortald historie flyt på eit ubestemmeleg hav av ikkje-fortalde historier. Boka minner oss om at dette havet fins, om historier som ikkje blir offisielt fortalde, men som er tilstades og gjer seg gjeldande i liva våre inntil dei blir gløymde, men utan at etterverknadane av dei dermed forsvinn. Dei ca. 60 historiene som her blir fortalde, er mest alle avvik i innhald, i perspektiv. Med ein ibsensk logikk blir slik historieskriving folkefiendtleg når nasjonen er samla til liberal jubel over seg sjølv. Dessutan har historieforteljingsprosessane sjølv sine ufortalde historier som styrer dei. (Sjå empiriske belegg for dette nedanfor).

Kollektivet

Som fellesansvarleg produkt er Dovre faller sjølvsagt heilt ueigna i strevet for akademisk karriere i humaniora. Alle dei fire forfattarane har utdanning frå norske universitet, men ingen av dei er forankra med hovudstilling i akademia. Berre ein er faghistorikar – Harald Berntsen med hovudbase i oppdrag frå særleg fagrørsla. Espen Søbye har bakgrunn som statistikar i Statistisk sentralbyrå, særleg innafor demografien. Han har demonstrert arkivmetoden som fruktbart innslag i historieskrivinga og evna som historie- og fascismekritisk biograf.6 Jon Langdal, norsklektor i vidaregåande skole, har aldri slept taket i hypotesen om ein fascistisk klangbotn i Knut Hamsuns diktargjerning.7 Kjartan Fløgstad er den norske forfattaren med det største ordforrådet og det på nynorsk, større enn dei språkleg dansk-norske Henrik Wergeland, Henrik Ibsen eller Knut Hamsun.8

I omtalen av forfattarkollektivet har Andreas Hompland i Dagbladet 18. mai 2014, dagen etter Dagen, minna oss om kollektivet sin bakgrunn i Kommunistisk Universitetslag, KUL, «eit vardøger med meir standhaftige fangliner til 70-talet enn dei opportunistiske reformistane i Rødt». Det er berre 75 prosent korrekt ettersom Fløgstad korkje var med i KUL eller i noka anna politisk smågruppe, heller ikkje då han studerte ved Universitetet i Bergen ei kort tid. Men der observerte Sylfest Bruhøl dei ideologisk skilsetjande diskusjonane i studentrørsla når studentane over nokre halvliterar pils frå det lokale bryggeriet om kvelden møttest til kapitallogisk, fenomenologisk og politisk dyst på Holbergstuen etter at dei akademiske seminara ved UiB på Nygårdshøyden var avslutta.9 Det var så mykje som skulle på plass i den nye tid. «Universiteta var heimen til sekstiåttarane. I studietida nøgde dei seg ikkje med å lesa pensum, dei studerte også flittig litteratur som ikkje stod på pensumlistene, og arrangerte seminar og kollokverte om tema, teoriar og tenkarar som universitetslærarane frå i førgårs ikkje hadde høyrt om.» (s. 306) Harald Berntsen har tidlegare minna oss om studentars engasjement i «diskusjoner på restaurant Krølle i Uranienborgveien, der Hans Skjervheim var tilsynelatende fast inventar midt i en flokk av interesserte debattanter av filosofiske spørsmål».10 Same korleis ein snur og vender på det i det flakkande lyset frå den ideologiske og politiske utviklinga seinare, akkumulerte desse stridande diskusjonane like fullt eit nødvendig minimum av intellektuell og moralsk kapital som har gjort historieskriving av det slaget vi finn i Dovre faller, muleg. Med sin bakgrunn frå livet utafor og innafor fabrikkportane i Sauda og med sjømannslivets oversjøiske erfaringar var ikkje omvegen om Holbergstuen eller dei filosofiske diskusjonane i Restaurant Krølle i Uranienborgveien, Oslo, på same vis nødvendig for Fløgstad som for Berntsen, Langdal eller Søbye. Det har gitt kollektivet eit løft.

Skitkasting

Som frittståande avvik ex auditorio måtte boka sjølvsagt skrivast på nynorsk. Dessutan er forfattarane i ein alder der akademisk karriere er blitt fullstendig uinteressant (om det nokon gong har vore interessant for dei). Føresetnadane for objektivitet og distanse er derfor betre for desse enn for den akademiske gjennomsnittshistorikaren med eige kontor og karriere på Blindern. Det kan derfor vere interessant å sjå korleis boka er blitt omtala av ulike slags autoritetar i historiefaget. Her skal vi samanlikne ein historikar som enno har ei uoppgjort sak med dei tidlege 1970-åra (KUL etc.) med ein historikar av generasjonen seinare som ikkje er tynga av same slags historisk ballast. Vi ser først på professor John Peter Collett, Universitetet i Oslo, si melding i Dag og Tid 29. august 2014.

Meldinga byrjar med å slå fast at boka er skriven i «lengten etter revolusjonen» og at forfattarkollektivet berre «formidlar det same som vart dosert ved Historisk institutt på Blindern tidleg i 1970-åra». Professoren opplyser likevel ikkje kven det var som doserte denne historia ved instituttet hans – om det var dei etablerte professorane eller studentar som i det omtala akademiske «friminuttet» (jf. Harald Berntsen, fotnote 10) kunne nyte ein uformell jus docendi – ein rett til å undervise seg sjølv og ikkje berre til å bli undervist, eksaminert og sensurert av andre.

Collett: «Om målet var å målbinda ein bokmeldar, er det ikkje langt frå at det har lukkast. For kva kan ein eigenleg seia at boka Dovre faller er for noko? Ei ny noregshistorie frå 1814 til 2014 er det ikkje.» Tvert om – det dreiar seg om «skitkasting»:

SKITKASTING

I hovudsak fylgjer boka ei tidsline, men forfattaren driv ap med kronologien. For dei har ikkje eigenleg tenkt å skriva historie, men å bruka historisk materiale for å få fram ein bodskap om kva dei meiner er gale med det norske samfunnet i dag [...] Skitkasting med materiale henta frå historia ville vera ein mogleg karakteristikk av prosjektet. […] Skitkasting kan vere underhaldande lesnad. Men når skitkastinga vert gjeven ei slags historiefagleg underbygging, gjev det eit inntrykk av objektivitet som eigenleg er ei tilsniking. […] Det skjemaet som forfattarane set historia inn i…er det same som vart dosert ved Historisk institutt på Blindern tidleg i 1970-åra: Noregssoga galdt eigenleg berre arbeidarklassa. Leidde av heltar som Marcus Thrane og fyrstikkarbeiderskene og Martin Tranmæl vann arbeidarane fram til klassekjensle og stod på terskelen til å ta makta i samfunnet som retteleg tilkom dei. – Men så kom sviket. Leiarane deira gjorde knefall for kapitalismen. Det vart ikkje revolusjon, men klassekompromiss i 1930åra. Etter 1945 gjekk det endå verre. Gerhardsen og Haakon Lie osb. […] Eg fekk aldri dette til å stemma då eg var student. Kvifor var det ein katastrofe at det ikkje hadde skjett nokon kommunistisk revolusjon i Noreg? […] Folkeopprøret mot elitane i 1972 gav eit blaff av optimisme på Blindern. Så gjekk det brått verre med jappetid, høgrebylgje og Framstegspartiet. [...] Og det er dette forfallet som er hovudsaka for dei fire forfattarane av Dovre faller. […] Forfattarane leitar etter skurkane som står bak – borgarskapet fyrst og fremst. Og dei som har gått i teneste hjå borgarane – Ibsen, til dømes. (Han fekk det til å sjå ut som at berre borgarskapet har eksistensielle problem som det er verdt å skriva om. Forfattarane gløymer at Ibsen fekk teaterpublikumet til å forstå at dei eksistensielle problema ikkje var reserverte for kongelege.) Hamsun legg dei beint fram for hat og alle dei som gjekk i tenesta til fascismen.

Boka Dovre faller er både objekt og hovudkjelde for denne historiefaglege bokmeldinga. Meldinga er derfor eit symptom på ein fagleg lesemåte. Historikaren ser det slik at forfattarane leitar etter skurkane og ikkje minst etter «dei som har gått i teneste hjå borgarane – Ibsen til dømes». Kvaliteten i historikaren sitt blikk kan gjerast synleg for lesaren ved å konfrontere tolkinga med teksten slik han ligg føre og er tilgjengeleg for einkvar. Kollektivet konkluderer analysen av Ibsen og andre gjennomsbrotsforfattarar i samtida hans slik (s. 89):

Gjennombrotsforfattarane fungerte som venstrefløya til borgarskapet i kampen mot embetsstanden og annan borgarleg konservatisme. Dei var partiske diktarar […] I dei mange portretta av den tidstypiske alliansen mellom kapitalist og embetsmann er det kapitalisten som er den førande. Det er alltid embetsmannen som er i middag hos kapitalisten, og aldri omvendt. Prestar og andre embetsmannstypar blir med få unntak framstilte som fantasilause bakstrevarar. – Spesielt hos Ibsen fell embetsmennene gjennom moralsk […] Verdsryet til Ibsen kviler på den dramatiske, skikkelsesdannande og psykologiske meisterskapen han viser i avsløringa av krisa i den borgarlege familien. Med sin individualistiske fridomspatos var han stamfar til kulturradikalismen, som med alle sine villfaringar reagerte resolutt mot fascismen i 1930-åra.

Historieprofessoren derimot utlegg kjelda slik at forfattarkollektivet meiner at Ibsen, etter først å ha «gått i teneste hjå borgarane», «fekk teaterpublikumet til å forstå at dei eksistensielle problema ikkje var reserverte for kongelege».11

Marcus Thrane og verknader av han

Mona Ringvej er historikar ved same institutt som John Peter Collett og slapp av naturlege grunnar (f. 1970) unna dei fæle, tidlege 1970-åra på Blindern. Hennar blikk på boka blir derfor annleis. I Klassekampen 23. august 2014 – avisa med namnet frå nettopp denne utrivelege perioden – omtalar ho boka slik:

200 års klassekamp

Feiringen av 1814-jubileet har vist at det kan være vanskelig å skille begeistring for en spesifikk historisk begivenhet med begeistring for et slags oss her og nå. Dermed får vi også uvegerlig motstemmer, som kommer med verbal malurt til et jubileumsbeger fullt av det som oppfattes som selvskryt. […] Grunnstammen i den norgeshistorien som berettes i «Dovre faller» er en stor rift mellom folket og eliten. En rift som få tiår etter grunnlovsverket utkrystalliseres i konflikten mellom arbeiderbevegelsen og dens motstandere. «Dovre faller» etablerer dette perspektivet gjennom visitter i enkelte av historiens sideveier og paradokser. Snart kommer konfliktlinjene til syne, som en kamp mot det folkelige, mot nynorsken, mot Marcus Thranes arbeiderforeninger som ble dømt i Høyesterett for å ha vedtatt revolusjon. […] En underskog i Norge får her sin fortelling, der også nøkken i Finnskogene kan dukke opp og berike boken. Fine bilder manes frem, av et folk som bare for få generasjoner siden bar alt sitt pikk og pakk med seg på ryggen. Til fots …

Kontrasten til Collett er klar nok til at ein ikkje-historikar må spørje: Korleis kan to representantar for det same faget ved det same instituttet på same tid oppfatte den same teksten – meldinga sitt objekt og primære kjelde – som to heilt ulike historier og med så ulik respekt for det arbeidet som er gjort? Er det berre ein generasjonsforskjell? Er i så fall denne forskjellen også ein metodeskilnad? Er det deira røynsler som historikarar med ulike forskingsobjekt og faglege motivasjonar som styrer språkbruken? Kan eit fag med ein slik intern sprik i sitt resultat om det same objektet vere vitskap?

Ei muleg forklaring er rett og slett at Mona Ringvej er ein vedvarande forskar på Marcus Thrane og den rørsla som ber hans namn, slik at sjølve forskingsobjektet hennar tvingar fram eit anna perspektiv enn det vi finn hos forskarar som ikkje kjenner det same ansvaret overfor nettopp dette forskingsobjektet?12 Annleis er ikkje historievitskapen: ei meir eller mindre kvalifisert meiningsytring i nasjonens eigen mangfaldige og motsetnadsfylte konstitueringsprosess, eit fag som sjølv er fylt til randen av sine eigne indre motsetnader og konkurranseforhold med inn- og underforståtte forbindelsar til sitt objekt.

Sjølvsagt røper populærhistoriske framstillingar av ein periode i nasjonens liv tydlegare enn dei «vitskaplege» avhandlingane med alle sine atterhald, metodiske refleksjonar, kjeldekritikk, kryssreferansar osb. ein underliggande agenda hjå forfattaren, t.d. som skitkasting eller helteepos. I populærhistoria er det meir fridom for kva historikaren ber på i hjartet sitt. I denne boka derimot er det ingen underliggande politisk agenda. Han ligg sjølverklært i dagen.

Også Mona Ringvej ser Thrane si rolle som viktigare i konstitueringa av nasjonen enn det professor Collett gjer – og særleg i jubileumsåret. At dette kan ha noko med deira ulike forhold til fenomenet «Marcus Thrane» og Thranerørsla å gjere, er sannsynleg. Fenomenet «Marcus Thrane» har meiningsgivande etterverknadar også i sjølve historiefaget. Ho skriv:

Dovre faller er historieskriving med en klar agenda. Den kan leses som et svar på Civitas strøm av ideologisk historieskriving, særlig der sosialdemokratiets reformer felles inn i høyresidens historie, fremstilt som resultater av høyresidens velvillige temming av arbeiderbevegelsens eksesser.

Dersom Ringvej si konstatering av dette faktum også blir oppfatta som ein kritikk av Civita sitt ideologiske univers og rolle i hegemonistriden – med andre ord at skiljet mellom det deskriptive «er» og det normative «bør» er oppheva – er også det berre eit uttrykk for at denne striden er eit motsetnadsforhold i den historiske røynda sjølv. Kritikken hennar av boka er sjølvrefleksiv og derfor sakleg og relevant:

Ingen historieskriving er nøytral, ethvert historieverk er et svar på et annet, også dette. Likevel bør teksten etterstrebe leserens tillit. Forfatterne her gjør egentlig ikke det. Mengden av generelle påstander som verken er konkretisert, kontekstualisert eller belagt, kan nok til tider gi en frisk schwung over teksten, men de skaper også usikkerhet. – Var det virkelig Schweigaard og Stang som sørget for opphevingen av korntollen, eller var opphevingen resultat av iherdige diskusjoner og press utenfra? Var det virkelig pengeøkonomien og behov for lån som vakte bøndenes interesse for politikk? Ikke godt å si. Ingen kilder oppgis, men påstandene er generelle og klare.

Ho etterlyser fleire kryssreferansar, kort sagt fleire utfyllande fotnotar som grunnlag for å modifisere utgangspåstandane. Ho har heilt rett i at teksten – sett med faghistorikaren sine briller – er for generell til tider, for lite kontekstualisert i eit tilbakeblikk, noko som kan skape «usikkerhet».

Men denne forma for uvisse er intendert: Det ligg i sjølve sjangeren som polemikk (av polemos = krig, kamp) mot eit hegemoni som (delar av) historiefaget sjølv inngår i, at den skal skape «usikkerhet». Dessutan er det slik at begrep som nasjon, samfunn, stat, fellesskap, klasse, system, økonomi, marknad … (for ikkje å gløyme det overgripande begrepet historie) er styrande i den mest empirisk funderte historieforsking. Dei er ikkje enkelt empiriske med klart avgrensa referansar «utafor» seg sjølve. Dei er empiriske i den grad dei bidreg til å avgrense, ordne og strukturere stoffet på ein tilstrekkeleg overtydande måte. Dei er begrep som konstituerer ein empirisk evidens som dei empiriske data, kjeldene, dei statistiske korrelasjonane osb., ikkje maktar berre ved eiga kraft. Høgst relevant peiker Ringvej på følgjande:

Hadde forfatterne gått mer i dybden, ville de ha funnet flere belegg – og noen justeringer. For eksempel ville de ha funnet dette, til styrke for sin egen tese: Marcus Thranes arbeiderforeninger vedtok aldri revolusjon. Det var en påstått eksess fra embetsmannsstatens side, for å ødelegge foreningene. [Min kursiv].

Den grundigaste, mest samvitsfulle meldinga av boka eg har kome over, står ein ung, nyutdanna litteraturvitar for, Eivind Myklebust (f. 1988) i studenttidsskriftet Røyst, nr. 2, 2014, lokalisert i Bergen med klar vestnorsk sjølvforståing. «Mangelen på historisk feinschmeckeri er både styrken og veikskapen i denne boka», oppsummerar han. «Nyansar blir oversedde, motførestellingar forenkla […] Det er ein tøff og tung jobb å fortelje historia frå venstre.»

Klassekompromiss

Som vi har sett av sitatet frå professor Collett ovanfor, er begrepet om klassekompromiss ikkje særleg høgt verdsett innafor den fraksjonen av historieforskinga i Norge som han representerer. Men når han legg dette begrepet inn i det historiesynet som skal ha gjort seg gjeldane i visse dogmatiske krinsar ved Historisk institutt, UiO (ikkje ved UiB) tidleg på 1970-talet, må det vere ei symptomatisk mistyding. Leietråden i det sekterisk doserte historiesynet Collett viser til, var jo ein naken konfrontasjon «klasse mot klasse» versus «klassesamarbeid/-svik», eit ideologisk ekko frå den mest sekteriske, venstrestalinistiske perioden i Komintern. Klassekompromiss var nettopp ikkje til stades som eit historieteoretisk begrep i dei sirklar Collett tenkjer på, (og heller ikkje hos Collett sjølv?). I Dovre faller er dei store kompromissa mellom arbeid og kapital i Norge, først den landsomfattande Verkstadsovereinskomsten frå 1907, deretter Hovudavtalen av 1935, til stades som samfunnsformande, historiske kompromiss, som fornyast og justerast i den eine eller andre lei ved utviklinga av styrkeforholdet mellom klassar og skiftande alliansar i kvart tariffoppgjer, i dei daglege politiske prosessane, i valkampane anna kvart år, i kampen om velferdsstaten, i kulturkampen osb., jf. t.d. «den norske modellen» i arbeidslivet. Her er ingen enkel «klasse-mot-klasse-logikk», like lite som klassekompromiss er muleg utan klassekamp.

Den dialektiske forståinga er tydleg i Harald Berntsen sin biografi om Johan Nygaardsvold I malstrømmen. Johan Nygaardsvold 1879–1942 (1991). Der viser han korleis klassemotsetningane under dei særeigne vilkåra i Norge kring 1935 formar det parlamentariske demokratiet gjennom arbeidarmobiliseringar og alliansebygging med arbeidsfolk i primærnæringane for makt i parlamentet som grunnlag for ein ny type regjering. Og han viser korleis dette nye demokratiet undergravast gjennom Nato-tilpassinga og antikommunismen, då arbeidarparlamentarikaren Nygaardsvold vart utmanøvrert av den då antiparlamentariske krinsen rundt Martin Tranmæl og Einar Gerhardsen alt under krigen.

Om denne oppvurderinga av parlamentarisme på norsk, altså utan Nato- eller EU/EØS-binding, i vekselverknad med fagleg kamp, har vore tema i dei interne drøftingane i forfattarkollektivet, veit eg ikkje, men Dovre faller er i alle fall konsistent på dette strategiske punktet. Vi blir minna om at utviklinga av demokratiet og forsvar for det som er oppnådd i forminga av samfunnet, blir stadig meir avhengig av korleis den nye, store og samansette lønsarbeidarklassen maktar å utvikle nye alliansar særleg gjennom tariffkampane, for sine rettar i arbeidsmarknaden og i forsvaret av velferdsstaten – ein strid som får konsekvensar for forholdet til Nato, EU og EØS og den internasjonale organiseringa av klassekampane.

«Største arbeidarrørsla i verda»

Det kapitlet som formidlar det viktigaste «nye» einskildfaktum for denne lesaren, er avsnittet «Største arbeidarrørsla i verda» og som samstundes understrekar kor viktig forskinga på nettopp Thranerørsla er i denne samanhengen. Det dreiar seg om ei, ifølgje sitt program, ikkje-revolusjonær rørsle som i 1850–51 hadde eit medlemstal på minst 30 000, av eit samla folketal på 1,4 millionar. Det var like mange medlemmer som stemmetalet Arbeidarpartiet nådde først i 1910, då av ei befolking på 2,4 millionar. «Ut frå folketalet var thranittarane truleg den største samanslutninga av arbeidsfolk i verda midt på 1800-talet.» (s. 53)

Desse tala er revolusjonerande. Sin relativt verdsleiande status fekk thranittarane altså som ei før-industriell arbeidarrørsle prega av daglønna landarbeidarar, handverkarar, husmenn, tenarar og sveinar i ein industriøkonomisk tilbakeståande provins i Europa, enno med eit sterkt innslag av naturalhushaldet. Kva var det ved dei klassemessige, kulturelle og institusjonelle forholda i dette «tilbakeståande» landet som gjorde denne samansette og sprikande klassa så politisk avansert, samanlikna med andre, meir industrialiserte og økonomisk utvikla land? Kva var det ved dette samfunnet som gjorde slik organisering politisk muleg og verkeleg – om enn berre for ei kort tid – i kjølvatnet av 1848-revolusjonane på kontinentet, etter at desse vart knuste? Marcus Thrane las jo aldri Det kommunistiske manifest, kan forfattarkollektivet opplyse (s. 54).13 Men den kommunistiske spøkelseseffekten av manifestet-året gjorde seg like fullt gjeldande i Høgsterett fleire år etterpå, slik Ringvej dokumenterer. For om Thranerørsla ikkje var revolusjonær ifølgje programmet, peikar ho i si praksisform fram mot eit djupare demokrati utafor og i samvirke med parlamentet, noko embetsstanden og domstolen hans kan ha forstått på sitt eige, paranoide vis. Dessutan hadde jo ingen, og slett ikkje Thrane sjølv, god kontroll med rørsla.

Forfattarkollektivet forklarer dette avanserte faktum ved å vise til veksten i husmannsvesenet som følgje av den sterke befolkingsauken etter 1814 og den stadige oppdelinga av gardane, økonomisk krise med større sosiale motsetningar som verknad osb. Men sosiale referansar, sjølv om dei er uomgjengelege, og formidling av nye politiske idear «utanfrå», forklarar i seg sjølv ikkje det politisk avanserte faktum som Thranerørsla utgjorde. Innafor desse sosiale strukturane og motsetningsforholda må det dessutan ha vore tilstades kommunikasjonsforhold, altså institusjonelle eller kulturelle «mekanismar» som var «avanserte» samanlikna med Europa – ein «norsk utakt» alt her, for å bruke Hans Magnus Enzensberger sin terminologi.14 Rørsla vart ei temmeleg avansert blanding av masseorganisering, først som «mønstergyldig organiserte bustadsroder» (s. 53), mobilisering til store demonstrasjonar, møteverksemd, bruk av publikasjonar og framstøytar mot Stortinget i ein liten og oversiktleg hovudstad for ny lovgiving, religions- og ytringsfridom, men lojal mot grunndraga i konstitusjonen, med krav om allmenn stemmerett og idé-impulsar utanfrå, men elles utan vidtgåande krav om demokratisering («kommunisme»).

Boka peikar på at innføringa av det lokale sjølvstyret med formannskapslovene frå 1837 gjorde ein del av dei lokale embetsmannsfunksjonane etter kvart overflødige. Slik vart prosessane kring formannskapa «ein vidare skole i politikk og demokratisk standsmedvit for bøndene» (s. 32). Denne prosessen med nye politiske kommunikasjonsforhold i livgivande opposisjon mot embetsmannsstaten skapte nye alliansar og munna ut i 1884-parlamentarismen. Forfattarkollektivet kunne lagt større vekt på dette mobiliseringsmomentet i samanheng med rørsla etter Hans Nielsen Hauge, lekmanns- og avhaldsrørsler for å få avklart i kva grad dette hadde organiserande verknader på uformell politisk verksemd utafor formannskapa som lågaste nivået i statsforvaltinga i tida opp mot 1850.

Provinsen

Det lokalet sjølvstyret med si praksisform kan ikkje utleiast av prinsippa i grunnlova som primært var tilpassa embetsstandens og handelsborgarskapets politiske behov – bortsett frå grunnlovsfestinga av odelsretten som var ein nødvendig konsesjon til (stor-)bøndene, særleg på Austlandet, ettersom korkje vestlands- eller nordlandsbønder var representerte på Eidsvoll. Vidare er det vel klart at det vellukka forsvaret av 1814-grunnlova i ei tid då tilsvarande radikale grunnlover i andre europeiske land vart fjerna av reaksjonsbølgja som følgde etter 1815, best kan forklarast ved den politiske bondemobiliseringa som grunnlova også bygde på, slik boka kort nemner. Det ga større politisk handlingsrom for andre grupper seinare. Det var eit særsyn i europeisk samanheng. Det var altså ikkje hovudstaden, men provinsen som berga grunnlova slik at den norske konstitusjonen enno kunne vere «den mest demokratiske» i Europa ifølgje Friedrich Engels.15 Berre ein meir detaljert gjennomgang av forholda på grasrota i det norske samfunnet kan gi eit tilfredsstillande svar på kva som var dei praksisformande føresetnadane for den «største arbeidarrørsla i verda» kring 1850.

Også dimensjonen sentrum versus periferi og korleis utviklinga av denne la grunnlag for nye alliansar under den «norske» kapitalismen si utvikling seinare, kunne vore gjort tydlegare. Torolv Solheim peiker på at den litterære så vel som den politiske analfabetismen i byen Bergen var langt større enn på strilelandet utover på 1800-talet.16 For det er ei vidareføring og fornying av desse allianseforholda som hundre år seinare sørgde for at nasjonen ikkje er underlagt EU-konstitusjonen17 og som enno gjer det muleg å setje foten ned utan å gjere «revolusjon» mot EU som overnasjonal (= tysk-dominert) konstitusjon. Dovre er ikkje falle heilt ned, enno.

Strategen og den liberale syntesen

Marcus Thrane si konstituerande rolle for historieskriving på norsk kjem vel tydlegast til syne i det store verket om De nasjonale strateger. For i dette blir Thrane og rørsla kring han ikkje nemnd med eitt einast ord. Til gjengjeld blir minister Frederik Stang og stortingsrepresentant Anton Martin Schweigaard framheva som dei store «skikkelser ved inngangen til det moderne Norge» – og bak desse embetsmennene igjen ein greve – grev Wedel.18 Som Mona Ringvej har vist, var det embetsmannsstaten under Stang & Schweigaard som fekk Thrane dømd ved å produsere falske skuldingar. På det viset gjekk den lovgivande makta med Schweigaard som fremste kraft og den utøvande makta med Stang opp i ein høgare syntese: den liberale rettsstaten gjorde det den skulle, og konstituerte ein de facto-einskap av lovgivande, utøvande og dømande makt. I bakgrunnen stod kanonane oppstilte. Slik vart det liberale dilemma instituert i den norske konstitusjonen bak ryggen på dei liberale ideologane. Det springande punktet er i kva grad denne syntesen er den reelt fungerande konstitusjonen versus den vi finn i grunnlova gjennom den liberale fortolkinga av ho. Når fungerer dei tre statsmaktene kvar for seg og sjølvstendig og under kva vilkår grip dei inn i kvarandre og finn kvarandre – eventuelt med kanonane sin mellomkomst og Schweigaards velsigning av bruk av «krudt og bly» som den 4. juli 1851 då hæren endeleg vart sett inn mot folkehopen i Horten? (s. 62)

Stang & Schweigaard sin metode kunne med andre ord berre vere «deliberativ» innafor ein «Intelligenskrets» der dei praktiserte ein «demokratisk elitisme», som Slagstad overtydande viser, men ikkje problematiserer. På den tida då Stang & Schweigaard fungerte som tettast, møttest Stortinget berre nokre månader kvart tredje år. Slagstad med sine presise formuleringar seier det slik: «Schweigaard og Stang delte det politiske system mellom seg – Schweigaard tok Stortinget og Stang regjeringen. I den tid Stortinget var samlet, kunne de sees vandrende på Karl Johan, frå Stortinget til Universitet og tilbake. Stang hadde ikke tilgang til Stortingets forhandlinger hvor Schweigaard var den suverene, men på Karl Johan gikk regjering og Storting arm i arm.»19

Frederik Stang er den største helten av desse to med sin «bemerkelsesverdig moderne statsideologi».20 Han går klart utanpå Max Weber, som han elles har mykje sams med (eller omvendt). Weber «manglet et begrep om kommunikativ makt: evnen til ‘deliberasjon’ […] Habermas, som har kritisert Webers politikkteori, har funnet støtte for sin kommunikative handlingsteori hos Stang.»21 Habermas sin metode er jo den «deliberative politikk» der styrken i «dei betre argumenta» avgjer utfallet av striden – i alle fall som ideal og regulativ idé. Men slik deliberasjon er berre muleg innafor ein krins av innforståtte kollegar og seminardeltakarar. Når Marcus Thrane fell ut av det store galleriet av nasjonale strategar i det vide spennet mellom grev Wedel og filosof Hans Skjervheim, kan det berre skuldast forfattaren sin identifikasjon med den deliberative metoden som idealiserande perspektiv. Metoden har rett og slett ikkje plass til fenomen av typen «Marcus Thrane», «thranerørsla» etc. For dei kommunikasjonsforholda som gjorde thranerørsla verkeleg (og ikkje berre muleg), var jo ikkje nettopp prega av «deliberasjon» mellom intelligente vener i eliten. Også mellom dei intellektuelle leiarfigurane i denne rørsla var det kamp og strid, slik forfattarkollektivet viser.

Vi har altså sett korleis tre akademiske historikarar handsamar fenomenet «Marcus Thrane» i nasjonens konstitusjonsprosess og korleis nettopp dette fenomenet også ved sitt fråvere perspektiverer historieforteljingane deira i ei felles samtid.

Terningkast 4 – eit litterært klassekompromiss

I arbeidet med denne artikkelen har eg også gått igjennom ein del bokmeldingar i dagspressa av Dovre faller. Dei er av ulik kvalitet, sjølvsagt. Men skal dei litterære og ideologiske svingingane i meldarane sine lesarunivers kort oppsummerast, må det bli om lag slik:

Dei set pris på boka sine innfall og formuleringar, men blir ikkje heilt fanga av dei. Eller som professor Collett seier det: «Om målet var å målbinda ein bokmeldar, er det ikkje langt frå at det har lukkast.» Med andre ord: Om målet var «målbinding», kunne boka fått minst terningkast 5 eller til og med 6. Men boka fell ikkje heilt på plass. Ho skaper usikkerheit. Det kan oppstå forvirring i eit jubileumsår. Den liberale horisonten blir vel mykje utfordra. Reint ideologisk sett, med innebygd usikkerheit, kan det ikkje bli meir enn maksimum terningkast 3, eller kanskje berre 2. (For mykje «marxisme» etc.). Best derfor å reservere seg. Ingen av meldarane går likevel så langt som Collett med karakteristikken «skitkasting» (terningkast 1). Dei tar det meir med ro. Men då boka er full av elles ufortalde historier, og av fortalde historier som blir fortalde på ein heilt ny, ja, beint fram morosam måte, ville det vere urettvist å gi ho berre terningkast 3. (Eit par av meldarane vedgår at dei tidvis humrar godt under lesinga). Då terningkast 5 eller 6 er komplett umuleg av ideologiske grunnar (feil ideologi), må det bli eit kompromiss: terningkast 4! Det må bli den salomoniske domen i eit jubileumsår for nasjonen, mest som eit litterært klassekompromiss å rekne. Det kunne berre vere ein sann fedrelandsvenn som kunne felle ein slik dom, sjå Fædrelandsvennen 18. november 2014.

Avisa meldar der same dag også Sverre Mørkhagen Det norske Amerika. Nordmenn i USA og Canada 1900–1975. Bokmeldaren konkluderer slik: «Et blikk på USAs historie kan saktens lære oss noe om innvandrerne i vårt eget land.» Altså, terningkast 5. Lærdom av Dovre faller derimot, skal ein vere varsam med.