Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
Open access
Frå kultursektor til opplevelsesøkonomi: Kva for rolle spelar forskaren?
SammendragAbstract

Introduksjon

I boka ”Den danske oplevelsesøkonomi afgrænsning, økonomisk betydning og vækstmuligheder stiller forfattarane Trine Bille og Mark Lorenzen (2008) avslutningsvis følgjande vitale spørsmål: ”Giver det overhovedet mening i at tale om oplevelsesøkonomi?”. Dette er jo eit ganske uventa spørsmål i slutten av ei bok som nettopp skulle avklare kva opplevelsesøkonomi er for noko. Forfattarane gir heller ikkje eit klart svar på spørsmålet, men mellom linjene les eg at svaret ligg betydeleg nærmare eit nei enn eit ja.

Eg melde boka til Bille og Lorenzen i Nordisk kulturpolitisk tidsskrift nr. 1/2009. Bokmeldinga mi vert avslutta slik:

”Så kan man lure på om det var et slikt svar Tuborgfondet ønsket seg? Og man kan saktens også lure litt på om hele boka var bryet verdt, når prosjektet alt på forhånd, lenge før prosjektets første bok kom ut, hadde bestemt seg for hvilke områder man ville studere som del av den danske opplevelsesøkonomien.

Det får være som det vil. Jeg er, for min del, glad for at vi har fått en eksemplarisk og nøktern bok om opplevelsesøkonomien. Vi trenger dette, etter alle de luftige begeistringsrapportene om opplevelsesøkonomiens fortreffeligheter. Og ”En grøn Tuborg” vil etter dette smake meg enda bedre enn før”. (Arnestad 2009.)

Bille og Lorenzen har altså etter mi meining skrive ei ”eksemplarisk og nøktern bok om opplevelsesøkonomien”. Slik eg kan vurdere det, vert dette òg avspegla i fleire av temarapportane frå dette store prosjektet. Rapportane er for det meste nøkterne og edruelege, og fell ikkje for

Side: 110

freistinga å drive ”åndemaning” og spekulasjonar om at det er opplevelsesøkonomi og opplevelsesnæringar vi alle skal leve av i framtida.

Men det manglar heller ikkje på forskarar som gjer seg til talspersonar for at det nettopp er ”opplevelsesøkonomien” som representerer framtida vår. I ein rapport som ein norsk forskar, dr. oecon. Donatella De Paoli i 2006 skreiv til Noregs forskingsråd om ”Forsking innen opplevelsesøkonomi – Kompetansebehov og forskningsutfordringer”, kunne vi til dømes lese følgjande: ”Dersom en beregner betydningen disse industriene har for finans, helse, det offentlige og turisme, er det rimeleg å anta at næringene er meget betydningsfulle” (De Paoli 2006:4). De Paoli fortel i rapporten korleis vi gjennom meir forsking kan få i stand ei kreativ og verdiskapande utvikling av opplevelsesøkonomien. Ein slik økonomi har vi når ”opplevelser, i tillegg til råvarer, ferdigvarer og tjenester, driver den økonomiske veksten” (ibid). Og «opplevelser», jo, det er musikk, bok, film, teater, festivalar, events, mat, medier, litteratur, spel, arkitektur, reiseliv, turisme, design, naturbruk, kunst osv., samt ”det intellektuelle, tankemessige nivået.” I andre empiriske forskingsrapportar kan vi lese om lag det same.

Å vere forskar på eit samfunnsområde kan stundom vere problematisk. Det hender vi identifiserer oss med det området vi forskar på eller om. Det hender at forsking om i staden vert forsking for. Det er kanskje ikkje så merkeleg at kulturforskarar, og jamvel kulturpolitikkforskarar, er glade i kultur, er aktive kulturbrukarar og kulturutøvarar. Vi har eit (positivt) engasjement i forhold til det feltet vi arbeider med. Men treng dette ha noko å seie for dei konklusjonar vi trekkjer som forskarar? Skal kulturforskarar vere for mest mogleg kultur? Skal vi vere overtydde om det lønnar seg for lokalsamfunnet, regionen, nasjonen å investere mest mogleg i kultur? Er det vår oppgåve å seie at dei spennande framtidige jobbane finst innanfor opplevelsesnæringane, og at det bør kanaliserast meir samfunnsressursar til desse næringane, same kva som høyrer med her?

Dette er ingen ny debatt. Men han har fått ny aktualitet siste åra som ei følgje av den auka interessa for og dei mange kartleggingane og avklaringane i ei rekkje land av kulturnæringar, kreative næringar og, etter kvart, opplevelsesnæringar. I kva grad er det eigentleg ei forskingsoppgåve å drive med denne type dokumentasjon og avklaringar? Kva krav og utfordringar stiller det forskarane overfor? Kor fagkritisk og nøktern skal tilnærminga være? Har kulturforskarar lov å vere begeistra, også som forskarar? Kan ein forskar rett og slett ”tru på” det fantastiske i opplevelsesøkonomien? På kva for måtar skal vi formidle det vi arbeider med; tørt og kjedeleg eller entusiastisk og oppmuntrande? Eg har sjølv mange gonger stått overfor problemstillinga når eg er invitert til å halde foredrag eller innleiingar om kultur og næring, om kreative næringar og regionalutvikling osv. Kva skal eg seie og korleis skal eg seie det? Eg vil ikkje vere ”myth-killer” heller. Skjønnar de meg?

Innanfor kulturøkonomifaget gjekk det på 1980-talet føre seg ein liknande debatt. Denne dreidde seg om såkalla ”impact studies”. Det vil seie studiar av direkte og indirekte effektar av kultursektoren, av eit kulturarrangement, av ein kulturinstitusjon i ein region, ein by, eit lokalsamfunn. Kva verdi hadde slike studiar, kva viste dei og, ikkje minst, kva kunne resultata brukast til? Slike studiar var (og er framleis) oppdragsprosjekt; der forskaren er i nær dialog med oppdragsgivar, som gjerne ønskte ”positive” resultat som ville vere nyttige t.d. til ulike formål, t.d. i ein politisk strid om ressursar. I forskarkrinsar snakka ein etter kvart om ”hired guns”, og at ”such studies should no longer be carried out”.

I dag er det, i alle fall her i Norden, mindre debatt om slikt innanfor det kulturpolitiske forskings- og utgreiingsmiljøet. Det er likevel grunn til å snakke høgt om at det på nokre av dei faglege

Side: 111

konferansane, t.d. i Wien i 2006, vart lagt fram (for) mange dokumenterande begeistringspapers om kulturnæringar og kreative næringar. På konferansen i Istanbul i 2008 la den engelske forskaren Eleonora Belfiore (Belfiore 2008) fram paperet ”On bullshit in cultural policy practice and research”, der ho gjekk sterkt til felts mot kulturpolitisk forsking som hadde form av å vere ”an advocacy” for den gode sak. ”Bullshit research” kalla ho denne type forsking. Ho la også fram eit ”anti-bullshit” forskingsetos. Det lyder slik:
  • Genuinely open-ended research questions (with preference for “awkward” questions)
  • Disinterestedness,
  • Organised scepticism,
  • Humility
  • Acceptance of the “demands of a disinterested and austere discipline”, and
  • A “built-in, shock-proof crap detector”.

Kulturens betydning for…..

Alle vi som har arbeidd med kulturpolitisk og kulturøkonomisk relevant forsking siste 20-25 åra, har i større eller mindre grad og på mange ulike måtar måtte forholde oss til spørsmåla om kulturens rolle i og kulturens betydning for samfunnet. I særleg grad gjeld dette lokalsamfunn og regionar, i mindre grad nasjonen. Dette gjeld ikkje berre i forskingsarbeida, bøkene, artiklane og rapportane våre, men også i dei mange foredrag vi held, og i debattar av ulike slag vi deltek i. Interessa for det vi driv på, kulturpolitisk og kulturøkonomisk forsking, har vore relativt stor. Mange av oss vert lytta til. Og det manglar ikkje på folk som ønskjer at vi skal slå fast at kultur er viktig – i seg sjølv, men mest for næringsutvikling, regionalutvikling, arbeidsplassar, rekruttering, lønnsomhet, omstilling osv. Dessutan ønskjer mange at vi skal slå fast at kultur i seg sjølv er ein viktig og veksande næringssektor med stort utviklingspotensial. Nemningane har skifta noko; frå kultur, via kulturnæring, kulturindustri, kreative næringar til, i dag, opplevelsesnæringar. Siste 30 åra har styresmakter og organisasjonar av ulike slag finansiert forsking, eller, som vi vel bør kalle det, utgreiingsarbeid, som skal finne ut og helst dokumentere kor stor og, gjerne, kor veksande denne sektoren er, og kva sektoren består av eller kva han bør bestå av. I Norge er det særleg dei regionale oppdragsfinansierte forskingsinstitutta som har utført denne type utgreiingsarbeid. Og alt har slett ikkje vore like bra. Spesielt gjeld dette kanskje dei siste åra. Vi har ofte stått, og står framleis, overfor freistnader til å drive ”bullshit research”

Nedanfor skal vi sjå nærmare på korleis dette har utvikla seg sidan 1980-talet. Eg gjer dette ut frå ei norsk referanseramme, og eg prøver meg ei varsam periodisering.

Perioden ca. 1985-1994

Eg kom sjølv for alvor inn i det (regionale) kulturpolitiske forskingsfeltet på slutten av 1980-åra. I 1980-talets Noreg stod det regionale nivået rimeleg sterkt når det galdt kulturpolitikk og kulturutvikling. Regionale initiativ og entreprenørskap i kulturpolitikken var tidstypisk for 1980-åra. Fylkeskommunane var på offensiven, ikkje minst på det kulturpolitiske området. Medan det lokale og det regionale stod sentralt i den nasjonale kulturpolitikken på 1970-talet, tapte interessa

Side: 112

seg for dette utover 1980-åra. Og fylkeskultursjefane gjekk over frå å verte iverksetjarar av statleg kulturpolitikk til å verte kraftfulle sjølvstendige aktørar, og overtok delar av initiativet i den nasjonale kulturpolitikken. Staten interesserte seg mest for mediepolitikk, nasjonale kunstinstitusjonar og kunstpolitikk. I dette låg bakgrunnen for forskingsprogrammet ”Kultur og regional utvikling”. På europeisk nivå fekk vi Europarådsprosjektet ”Culture and the Regions”.

Fleire av fylkeskommunane hadde sterke og dyktige fylkeskultursjefar, som med tydeleg røyst målbar kulturens rolle som regional utviklingskraft og sum grunnlag for næringsutvikling. ”Kultur = næring” vart det sagt. Det vart skipa store konferansar om dette og om kulturens betydning i og for reiselivet. Rapportar frå utlandet vart noko ukritisk overført til Noreg. Det galdt m.a. ein dårleg rapport om ringverknader av musikkhuset i Århus (Framke og Jensen 1987), og ein noko betre rapport om ringverknader av to Bruce Springsteen-konsertar i Göteborg (Andersson 1985). Dei mange rapportane til John Myerscough om ”The economic importance of the arts in…..(Glasgow, the Merseyside, Ipswich, Britain) (jf. Myerscough 1988) fann god resonans hos regionale kulturstyresmakter i Norge, mens nasjonale kulturstyresmakter ikkje var særleg interessert i denne type spørsmål eller dokumentasjon. Svenske Lisbeth Lindeborgs bok om ”Kultur som lokaliseringsfaktor: Erfarenheter från Tyskland” (1991) var derimot så primitiv at den ikkje vart lesen eller omtalt i Noreg. Derimot vart eg invitert til Helsinki for å duellere med Lindeborg om det ho la fram i denne boka.

Den forholdsvis store regionale merksemda kring kultur, næringsutvikling og regional utvikling var altså inspirert av studiar, meir eller mindre gode, frå utlandet. Merksemda hadde òg sin bakgrunn i nedgangskonjunkturar i den norske økonomien frå slutten av 1980-talet med aukande arbeidsløyse. Ho var dessutan eit uttrykk for at fleire av fylkeskommunane hadde dynamiske fylkeskultursjefar som ønskte å fastsetje ein alternativ kulturpolitisk dagsorden tilden nasjonale.

I 1988 sette fem norske fylkeskommunar i gang det store forskingsprosjektet ”Kultur og regional utvikling” (KRU). Tre regionale forskingsinstitutt skulle stå for arbeidet. ”Da vi satte i gang, skulle alt måles i kroner og øre.” Slik oppsummerte leiaren i styringsgruppa prosjektet då det vart avslutta i 1994. ”Vi trodde vi kunne sette likhetstegn mellom økonomi og kultur. Slik ble det ikke.” (Austeng 1995:14). På den andre sida: ”Regional kulturforskning har fått legitimitet gjennom KRU”.

Eg var med i programmet frå starten. I utgangspunktet var dette eit ekte oppdragsfinansiert ”bullshit” (jf. Belfiore 2008) forskingsprogram som skulle dokumentere kor viktig kulturen og kulturlivet var for å utvikle livskraftige lokalsamfunn og regionar i Noreg. Dessutan skulle vi bestemme omfanget av kulturen i kroner og øre. Programmet vart utført ved tre relativt ferske regionale forskingsinstitutt. Dei nasjonale kulturforskingsmiljøa i Noreg var, med rette, svært skeptiske. Det heile gjekk likevel forbausande bra. Vi som var forskarar i programmet skulle jammen vise at vi dugde som forskarar og at vi ikkje ville la oss kjøpe til å produsere enkle forskingsresultat. Og oppdragsgivarane våre hadde faktisk mykje av den same interessa. Dei ville sjølvsagt også at dei nye og ferske regionale forskingsinstitutta skulle vere fagleg gode og konkurransedyktige på den nasjonale arena.

Det skjedde meir desse åra. Under den internasjonale kulturøkonomiske forskingskonferansen i Umeå sommaren 1990, vart det improvisert ein nordisk møteplass under ein utvida lunsj, der pågåande kulturforsking var presentert. Nokre månader seinare vart det, etter norsk initiativ, skipa ei nordisk samarbeidsgruppe for kulturpolitisk forsking. Både Peter Duelund og Per Mangset (og eg) var med frå starten. Samtidig sette NordREFO i gang det fellesnordiske prosjektet ”Kultur og regionalutvikling i Norden”. Her var det skipa fleire seminar, og gitt ut to bøker/artikkelsamlingar.

Side: 113

I Noreg vart det laga ein statusrapport om den kulturpolitiske forskinga, eit nasjonalt forskingsnettverk kom fort på plass og Norsk kulturråd skipa ei eiga utgreiingseining. Og på kort tid vart det òg skipa kom eit nordisk kulturpolitisk forskingsnettverk. Resten kjenner vi. Per Mangset hadde meir enn éin finger med i det meste.

Den sterke forskarorganiseringa saman med forskingsambisjonane på feltet og eit godt samarbeid med kulturstyresmaktene bidrog klart til at det i Norden i liten grad vart gjennomført ”forskingsprosjekt” der hovudformålet var å dokumentere kultursektorens eller kulturlivets store og veksande betydning. Vi fekk, med nokre få unntak, ikkje særleg mykje kulturpolitisk ”bullshit research” i Norden i denne perioden.

Perioden ca. 1995-2004

Tidleg på 1990-talet vart etablert kontakt mellom det norske forskingsprogrammet ”Kultur og region utvikling” og eit forskingsprogram for ”storbyrettet forskning”. Resultatet var at vi i Norge fekk gjennomført først eit forprosjekt (Arnestad 1993), og deretter ei stor undersøking av kulturfeltet i dei fire storbyane i Norge, utført med nøkternhet og edrueleghet av forskar Ove Osland ved SNF i Bergen (Osland 1995). Her fekk vi ei god utgreiing av omfang, struktur og samansetjing av kulturfeltet, både det offentlege, det private og det sivile, i dei fire største byane i Noreg. Og sjølvsagt peikte Oslo seg ut som sjølve kulturbyen.

Undersøkinga og rapporten var sakleg nøkterne og metodisk godt tilfredsstillande. Ein fall ikkje for freistinga å kome med spekulasjonar korkje av ringverknader og moglege multiplikatorar. Rapporten låg føre i 1995, og var også grunnlaget for ein konferanse i Trondheim om storbykulturen. Men så var det eigentleg slutt. Sjølv om Osland i sin rapport peikte på mogleg oppfølgingar, mellom anna når det galdt det interessante og dynamiske grenselandet mellom det frivillige og det profesjonelle kulturlivet; eit forhold som har vore lite studert her i landet. Osland gjorde seinare (Osland og Jacobsen 2000) ei undersøking av ”Kinoens betydning for bykjernen : en analyse av næringsmessige og kulturelle ringvirkningseffekter av kinodrift i Bergen”.

Men frå rundt midten av 1990-talet er det rett å seie at merksemda kring samanhengane mellom kultur, nærings- og regionalutvikling vart borte. Det hadde i alle fall med to forhold å gjere. Det eine var at krafta etter kvart gjekk ut av den offensive regionale og fylkeskommunale kulturpolitikken. Dette hadde litt å gjere med omorganisering, og at tidlegare gamle krigarar som fylkeskultursjef Lidvin Osland gjekk trøytte. Den andre grunnen var materielt betinga: gode tider og oppgangskonjunkturar medfører alltid at sentraliseringa i landet vårt skyt fart. Vi fekk derfor aukande fokus på sentraliseringa til Oslo-området. Ikkje minst galdt dette på kultur-, og særleg på kunstfeltet. Meir enn 20 års desentraliseringsstrev på dette feltet hadde hatt så godt som ingen verknad, konstaterte Per Mangset (Mangset 1998).

Ein del av dette vart avspegla i den norske regionalismedebatten som gjekk føre seg i fram til rundt 2005. Igjen var det tid for store utgreiingar og dokumentasjonsprosjekt, mange av desse utførte ved regionale høgskular og forskingsinstitutt. Delar av denne forsking var sterkt regionmobiliserande og anti-hovudstad, hadde klare element av ”bullshit, i den forstand at mange premissar, konklusjonar og bruk av resultata var kjende på førehand. Men i debatten og utgreiingane om (ny) norsk regionalisering og regionalisme spelte kulturfeltet ei relativt beskjeden rolle. Mekanismane som førte til sentralisering her, var dei same som på andre område. Derimot fekk regionalhistoria ei ny oppblomstring. Dette gav seg spesielt utslag på Vestlandet. I løpet av få år (2003-06)

Side: 114

vart ”Vestlandets historie” i tre bind utarbeidd av historikarar og samfunnsforskarar ved forskingsinstitusjonane på Vestlandet, med Universitetet i Bergen i hovudsetet. Heile arbeidet var finansiert av den største banken på Vestlandet; Sparebanken Vest. Å markere Vestlandets identitet, særpreg og økonomiske og kulturelle kraft overfor det nasjonale nivået i hovudstaden var ein viktig bakgrunn for og del av dette historieprosjektet. Historiefaget har ofte vore viktig i slike samanhengar. Men er det ”bullshit”?

Den demografiske utvikling i Noreg i denne perioden var prega av sentralisering og flytting til hovudstadsområdet av yngre menn og, særleg, yngre kvinner. Dei søkte utdanning og jobb i storbyen, og ikkje vende heim att. I utstrekt og aukande grad galdt dette unge kunstnarar.

På slutten av 1990-talet registrerte ein også at til og med større regionsentra, som t.d. Tromsø, hadde nedgang i folketalet som eit resultat av stor netto utflytting. Folk, særleg dei unge og utdanna, reiste ikkje lenger inn til regionsentra, men direkte til Oslo-området. Også Bergen, Trondheim og Stavanger merka dette. Under lågkonjunkturen rundt 1990 hadde det samla seg opp eit flyttebehov, som no vart realisert i tillegg til den ”naturlege” flyttinga.

Frå enkelte hald vart det òg hevda at éin av grunnane til at folk no flytta så sterkt mot sentrum, var at storbyen med sitt varierte og mangfaldige kulturtilbod verka tiltrekkjande; særleg på dei yngre og dei godt utdanna. Skal distrikta og regionane kunne konkurrere med storbyen, må det satsast på å byggje ut eit godt - og kanskje urbant prega - kulturliv og underholdningstilbod. Med aukande styrke vart det hevda i byrjinga av 2000-talet at kultur er eller kan vere eit instrument som kan hindre unge folk i å flytte frå periferien til sentrum

Derfor skulle vi:

- understreke behovet for eit rikt og variert, delvis offentleg finansiert, kulturtilbod (kafe latte-syndromet...)

- gjere regionsentra og småbyane meir like byane, særleg storbyen

Vi fekk diskusjonar om kva det er som var avgjerande for at så mange (unge) flytta inn til storbyen. Mange faktorar vart trekte fram i diskusjonen:
  • Mangel på regionale/lokale kulturtilbod?
  • Dårlege fritidstilbod
  • Manglande valmulegheiter
  • Arbeids- og jobbmulegheiter
  • Økonomisk vekst i det sentrale Noreg
  • Lønns-/inntektsmulegheiter
  • Langtids økonomiske trendar (sidan den industrielle revolusjonen)
  • Eit skifte frå lågproduktive til høgproduktive næringar
Det kan ikkje givast klare svar på spørsmåla. Dei fleste norske (region)forskarar la likevel mest vekt på at den sterke veksten i flytting til sentrum og storbyen hadde økonomiske og

Side: 115

arbeidsmarknadsmessige årsaker. Kulturtilbod i seg sjølv forklarte ikkje kvifor folk flyttar inn til storbyen eller kvifor dei flyttar ut frå distrikta. Vi hadde dessutan å gjere med tunge og langsiktige tendensar som det berre er mogleg å påverke marginalt.

Her skulle ein tru at det låg føre mange gode tema også for kulturpolitisk forsking. Men i alle fall i Noreg var det berre i beskjeden grad utført forsking kring kulturens og kulturlivets moglege rolle for å motverke eller forsterke desse sentraliseringsprosessane. Spørsmåla og samanhengane var kompliserte, og lite eigna til enkel oppdragsforsking. For min eigen del var eg i perioden 2002-2005 ganske sterkt engasjert i utgreiingar og regionpolitisk arbeid saman med folk frå andre forskingsinstitusjonar på Vestlandet (og andre stader i Noreg), det vestnorske næringslivet og vestnorske politikarar. Dette omfatta også utarbeiding av eit såkalla ”Vestlandsmanifest”, der vi nærmast proklamerte den sjølvstendige republikken Vestlandet. Eg laga fleire utgreiingar om kulturområdet og regionalisering, var engasjert i arbeidet med Vestlandets historie, og bidrog også til ei stor statleg utgreiing om regionale effektar av statleg politikk på ei rekkje område. For å seie det slik: Alt var ikkje like bra. Og noko kunne fått merkelappen ”bullshit research”.

2000-talet

Den demografiske og næringsmessige utviklinga i Noreg siste 15 åra, med svært sterk sentralisering har også gradvis medført ei endring av korleis ein betraktar kulturfeltet som mogleg ”endringsagent”. Vi har i det siste fått ei revitalisering av interessa for kultur som eit bærande og viktig element i regionalutvikling. Men til forskjell frå 1980-åra er dag er lite snakk om kultur, distrikt og lokalsamfunn. No dreier det seg mest om byen, storbyen og dei store regionane. For det er nemleg her vi finn mesteparten av kulturnæringane, dei kreative næringane, opplevelsesnæringane.

Vi kan konstatere at språket har endra seg. I aukande grad vert det no snakka om ulike variantar av kulturindustri; ikkje med moralsk beklagelse, men med lysande utviklingsoptimisme. Vi treng ikkje lenger gripe etter Adorno, når omgrepet ”kulturindustri” vert brukt. I dag heiter det kulturnæringar, kreative industriar, opplevelsesnæringar og opplevelsesøkonomi. Det har siste tiåret gått ei bølgje av kartleggingar av kulturindustrien rundt om i heile verda. Alle undersøkingane, for det meste beskrivande analysar, om dei har vorte utført i Danmark, Sverige, New Zealand, Østerrike, Japan, Sør-Korea, Storbritannia, Noreg snakkar i hovudsak om det same, er utforma etter same lesten, og forsøker å fortelje oss at kulturindustrien, den kreative industrien, opplevingsindustrien osv. er eit betydningsfullt felt i stor vekst. Og eit felt som i kraft av sin dynamikk, kreative arbeidskraft, lokalisering, godt utdanna personale er betydeleg viktigare enn dei 3-7 pst. den utgjer av den samla verdiskapinga i landet. Dette skjer for så vidt uavhengig av korleis dei ulike undersøkingane definerer ”kulturindustrien”. Normalt inkluderer ein dei klassiske kulturindustriane (medieproduksjon, film, ”publishing”/ forlagsverksemd, musikkproduksjon, film, design, arkitektur, nye digitale media) og den tradisjonelle kulturverksemda (utøvande kunst, scenekunst, konsertar, litteratur, museum, galleri osv.). Der er sjølvsagt ulikskapar mellom dei klassiske kulturindustriane og den tradisjonelle kulturverksemda, men i denne samanheng vil det å skilje mellom ”kunst” eller ”kultur” på den eine sida og ”næring” eller ”det kommersielle” på den andre, vere ideologisk, ikkje analytisk.

No er det ikkje lenger snakk om ”economic impacts” og ”ringverknader” og ”multiplikatorar”, slik det var for 15-20 år sidan. Men det er stor merksemd kring kulturens betydning i urban og regional utvikling i brei forstand . No er det snakk om langsiktige effektar både på inntekt, forbruksutvikling og busetnad, som m.a. betydninga av lokalisering av visse typar arbeidskraft; ikkje minst det Richard Florida kallar den kreative klasse. Floridas (2002) analyse av kreative skapande regionar har gitt

Side: 116

gjenlyd også i heile Norden, til og med i små bygderegionar, og vore ei viktig referanseramme for dei mange dokumenterande kulturnæringsrapportane som har vorte utarbeidde både i Norge og dei andre nordiske landa siste åra. La oss derfor sjå litt nærmare på nettopp Richard Florida.

”Florida-hypen”

Nøkkelen til regional suksess i dag ligg i å utvikle det Florida kallar «a world class people climate». Det er sjølvsagt viktig å ha eit godt (industrielt) «forretningsklima», men betydeleg viktigare å ha eit effektivt og variert «menneskeleg klima» eller «menneskeleg miljø». Regionar må utvikle ein strategi som siktar mot å tiltrekkje seg og halde på folk, særleg kreative folk. Dette inneber at ein må vere, ikkje berre opne for, men medvite satse strategisk på skilnader og det mangesidige i det «menneskelege miljøet». Regionar, og det er særleg regionar med storbyar Florida har sett nærmare på, må investere i «lifestyle amenities»; ting som gjer livet «godt» og «behageleg», ting som folk treng og ønskjer å bruke ofte. Dette i staden for einsidig å utvikle finansielle insentiv som skal tiltrekkje seg føretak utanfrå, byggje enorme sportsarenaer eller gigantiske handelshus. Slik mange storbyar i USA har gjort, og slik fleire norske byar og tettstader har på teiknebrettet. Kanskje skulle dei no revurdere strategiane sine?

Teknologi, talent og toleranse er, i følgje Florida, dei viktigaste produksjonsfaktorane for ei dynamisk regional utvikling. Og dei tre heng nøye saman. Fellesnemnaren for desse tre er nettopp kreativitet. Kreativiteten, slik den er representert ved og vert forvalta av «den kreative klassen», er den fundamentale kjelda for økonomisk vekst i det postmoderne samfunnet. Dei vala som medlemmene i denne klassen gjer, har alt vist seg å ha ein enorm økonomisk effekt. Å leggje forholda til rette for denne veksande klassen, er derfor eit viktig strategisk val som regionar, særleg større byregionar, ikkje kjem utanom. Sentralt i denne strategien er det å utvikle opne, tolerante og mangesidige (by)miljø, prega av diversitet og kreativ ulikskap. Eit variert, annleis og inkluderande menneskeleg miljø.

Kjernen i dei kreative næringane er den utøvande kunsten. Her skjer det ei masse med nyetableringar, særleg i urbane strøk. Men kulturetableringane er prega av mikroføretak med svakt økonomisk grunnlag. Kulturentreprenøren er ung, har lite kapital, er kreativ og fleksibel, og har kunstnarleg og kreativt talent på mange område. Verksemda er risikofull. Ikkje berre nyskapingsraten er høg. Det same er fråfallsraten. Men korkje den tradisjonelle kulturfinansieringa eller verkemidla i næringspolitikken fangar inn behovet til dei dynamiske, men kapitalfattige, kulturentreprenørane. Den individuelle kulturentreprenøren lever på utsida av dei fleste offentlege støtteordningar. Han vert eit offer for det tradisjonelle norske skiljet mellom kultur (ånd) på den eine sida og kommers (økonomi) på den andre. Seinast har dette kome fram i rapporten til Per Mangset og Sigrid Røyseng om norske kulturentreprenørar (2009). Moderne kulturentreprenørar er lite å byggje omfattande næringsverksemd på korkje i by eller bygd.

Nye dokumenterande studiar: 1980-talet på nytt?

Det er først eit stykke ut på 2000-talet at vi i Norge har fått dei mange dokumenterande utgreiingane om kulturfeltet som næring. Østlandsforsking har gjort fleire slike, to (Haraldsen m.fl. 2004 og 2008, finansiert av Næringsdepartementet) har dreidd seg om kulturnæringane i Norge, mens éi (Haraldsen m.fl. 2005, finansiert av storbyane) har sett på kulturnæringane i Oslo, Bergen,

Side: 117

Trondheim og Stavanger. Østlandsforsking har òg laga eit oversyn over kunnskapsbehovet innanfor kultur- og opplevelsesnæringane (Bråtå m.fl. 2007), ei utgreiing om lokaløkonomiske verknader av festivalar; som vert karakterisert som ”et metodisk urent farvann” (Ericsson 2003) og diverse andre mindre rapportar og notat på området (sjå ). Kulturdepartementet har laga ei eiga stortingsmelding om Kultur og næring (2005). Fleire andre regionale forskingsinstitutt har laga regionalt avgrensa utgreiingar om kulturnæringar, mellom andre Agderforskning på Sørlandet, NORUT i Nord-Norge og fleire andre. Agderforsking har òg laga ei rekkje rapportar og dokumentasjonar om festivalars betydning i og for Sørlandet, om filmprosjekts betydning, om musikkeksport og opplevelsesindustri (Hjemdahl m.fl. 2006; 2007; Aronsen 2006; Hauge 2007; Døviken m.fl. 2008). For nokre av desse oppdragsprosjekta har det vore problematisk at forskarane også har hatt oppgåver for og vore involverte i drifta av dei festivalane som ein har studert. Generelt er Til ein viss grad er dette reflektert over i ein artikkel av Lind (2009) om interessekonfliktar ved festivalforsking i lokalsamfunn.

På mange måtar er vi no tilbake der vi starta på 1980-talet. Men dei urbane opplevingsnæringane i 2009 er ikkje det same som den kultursektoren vi snakka om i 1985. Mykje har endra seg. Kulturfeltet har skifta karakter. Det er omdefinert, har vorte mykje større, og inkluderer store delar av underhaldingsindustrien. Retorikken og språket har også endra seg. Område som vi i 1985 definerte langt utanfor kulturområdet, vert i dag plasserte i same sekken som den tradisjonelle kunsten og kulturen. Det ”nye” kulturfeltet; meir privatfinansiert, meir individuelt tilpassa, meir globalt i si utforming kjem i tillegg til og delvis erstattar den ”gamle” kulturen. Dessutan har politiske og økonomiske forhold endra seg betydeleg i desse 25 åra. Kulturfeltet er på mange måtar meir ”in” i dag,

Forskingsutfordringane er derimot mykje dei same. Men oppdragsgivarane i dag er nasjonale kulturstyresmakter og store nasjonale konsern, mens dei på 1980-talet gjerne var kommunar, kulturinstitusjonar og fylkeskommunar. Dette kan vere ein styrke for forskinga, men ikkje nødvendigvis. Også store oppdragsgivarar veit kva dei ønskjer seg.

Mykje av det som har vore gjort av oppdragsbasert dokumenterande forsking i Noreg om kulturnæringar og opplevelsesnæringar er av same slaget som har vore gjort i mange andre land. Vi kan avlese ein slags Florida-effekt i desse globale dokumentasjonane. Dei omfattar stort sett det same. Vi kan ikkje alle vere originale. Forskarar i eitt land ser sjølvsagt på korleis ein har utført kartleggingsarbeida i andre land. Det vil alltid vere mange element av kopiering når det gjeld definisjonar, avgrensingar, metodisk opplegg, kartleggings- og teljemåtar. Her gjeld ”the advantage of the latecomer”.

Eg kan illustrere dette ved å vise til Bille og Lorenzens bok, som eg nemnde innleiingsvis. Her gjer som mange bøker før har gjort det: Forfattarane rett og slett peikar ut nokre område dei meiner kan liggje innanfor den sfæren dei vil undersøke, i dette tilfelle den ”opplevelsesøkonomiske sfære”. Det vil seie, dei gjer det på same måte som når ein i tidlegare undersøkingar har avgrensa kultursektoren, kulturnæringane, kulturindustrien, dei kreative næringane osv. Det har dei siste 25 år blitt laget ei lang rekkje slike rapporter. Bille og Lorenzen kjem, kanskje med et visst unntak for turismen, fram til at opplevelsesøkonomien omfattar omtrent det same som det ein i mange tidlegare undersøkingar har omtalt som ”dei kreative næringane”. Og desse næringane er i sin tur omtrent de same næringane som Hummel og Berger kom fram til i sin omfattande og grundige studie fra 1988 om ”Die Volkswirtschaftliche Bedeutung von Kunst und Kultur (Hummel & Berger 1988).

Side: 118



Kva kjem ein så eigentleg fram til i denne (nye) typen studiar og kartleggingar? Kva er det nye, kva skil opplevelsesøkonomien frå dei kreative næringar, korleis skil desse seg frå kulturnæringane, osv.? Dreier det heile seg berre om eit skifte av namn? Frå kultursektor via kulturnæringar og kreative næringar til opplevelsesøkonomi? Det må vere ei forskingsoppgåve å drøfte dette også. Kva skil opplevingsøkonomien frå kulturnæringane? Og kvifor er det i Norden akkurat kulturforskarane som arbeider med opplevelsesfeltet? Dessverre reflekterer Bille og Lorenzen ikkje over desse spørsmåla. Det gjer heller ingen av dei nye forskarane på feltet.

Eit felt i vekst?

Mange av rapportane fortel oss at kulturindustrien, kulturnæringane, den kreative industrien, opplevingsnæringane osv. er eit felt i stor vekst, og eit felt som i kraft av sin egen dynamikk, kreative og godt utdanna arbeidskraft, lokalisering, er betydelig viktigare enn de 3-7 pst. den utgjer av den samla verdiskaping i landet eller regionen. Rapportane fortel oss at opplevelsesøkonomien eller kulturnæringane er større enn eller like stor som andre viktige næringar i vedkomande land eller region. Dette er som det plar vere i denne type dokumentasjons- og avgrensingsrapportar. Bille og Lorenzen er her eit unntak, dei fell ikkje for denne freistande samanlikninga. Det er også nøkterne når det gjeld å konstatere vekst innanfor dei ulike delar av opplevelsesøkonomien. Men generelt kan vi konstatere at

a) Nesten alle rapportar og bøker om opplevelsesøkonomi, kreative næringar o.l. framstiller desse som område i betydeleg vekst, eller

b) Dei aktuelle bøkene og rapportane (og forfattarane) vert framstilte i media som om dei har kome fram til at opplevelsesøkonomien representerer eit felt i sterk vekst og utvikling

c) Nesten alle slike rapportar og bøker er resultat av prosjekt som er finansierte av oppdragsgivarar som på ulike måtar er partar i saka, og

d) Mange av forskarane på feltet står fram som ”forkynnarar”; det vil seie at dei er sterke talsmenn, og særleg talskvinner, for at det gode framtidige livet må og skal byggjast på kultur, kreativitet og opplevingar

På 1980-talet var det særleg regionale kulturbyråkratar som var talsmenn for den ”lønnsomme” kulturen. Forskarane var, med nokre unntak, skeptiske. Det var òg ein sterk fagleg debatt mellom forskarar i mange land om nytten og verdien av såkalla ”economic impact”-analysar (jf. Ringstad 2005). ”Uses and Abuses of Impact Studies in the Arts”, var tittelen på eit paper av den nederlandske økonomen Frank van Puffelen på ein internasjonal fagkonferanse i 1994. Han hadde sjølv vorten skræmd av korleis hans eiga undersøking av kulturlivet i Amsterdam blei brukt og presentert av andre (van Puffelen 1994). Den framståande engelske kulturøkonomen Alan Peacock konstaterte at John Myerscoughs engelske kulturøkonomiske studiar inneheldt ei mengde med interessante data, men at desse har blitt ”blatantly misused by cultural pundits”. Han stilte òg spørsmålet om forskarar som tok på seg oppgåva å gjere studiar av kulturlivets økonomiske omfang og betydning stod i fare for å verte ”a useful hired gun for the cultural establishment” (Peacock 1990).

Forskarane, etter kvart også i dei nordiske landa såg det som si oppgåve å kome med motførestillingar (jf. Ringstad 2005). I dag er det omvendt. Mange forskarar ser det nærmast som ei oppgåve å drive

Side: 119

reklame for opplevelsesøkonomiens ”fortreffelighet”. Dei er gjengangarar på dei mange seminara som vert arrangerte, dei skriv stadig fleire dokumenterande oppdragsrapportar om opplevelsesøkonomien og dei kreative næringane,

og institusjonane dei arbeider ved, skipar sine eigne seminar i fellesskap med organisasjonar som t.d. Forum for kultur og næringsliv. Mellom opplevelsesøkonomiens fremste ”forkynnarar” finn vi forskarar og utgreiarar ved Handelshøyskolen BI i Oslo og Agderforskning i Kristiansand. Dokumentasjonsrapportane som er utarbeidde ved Østlandsforskning på Lillehammer er også prega av at det har vore einsidig viktig å få fram kor store og veksande dei norske kulturnæringane er. Det er òg laga mange regionale dokumentasjonsrapportar om dei kreative næringane ved fleire regionale og andre forskingsinstitutt.

Handelshøyskolen BI oppretta alt i 2006 ”Senter for opplevelsesøkonomi.” Samtidig finansierte rederiet Color Line eit professorat i opplevelsesøkonomi. Ved Senteret har ein bl.a. oppdaga at ”opplevelser handler i stor grad om å nyte og ha det bra, og om å gjøre kundene engasjerte” (BI 2009). Forskarar ved BI har med glød og begeistring hevda at vi er på full fart inn i opplevelsesøkonomien (De Paoli 2006). Eg har sjølv kommentert dette tidlegare (Arnestad 2007). Agderforskning har stått i fremste rekkje av norske oppdragsbaserte forskingsinstitusjonar når det gjeld å få fram vekstpotensial, ringverknader og det unike ved festivalsektoren på Sørlandet. Her har vore lite rom kritiske motførestillingar. Desse har kome seinare, godt levert av festivalane sjølve.

La meg for ordens skuld leggje til at forskarar ved dei nemnde institusjonane langt frå har vore aleine i sine enkle påstandar om kulturnæringanes og opplevelsesøkonomiens velsignelsar. Mange av oss som har delteke på dei internasjonale (og nordiske) forskingskonferansane i kulturpolitikk på 2000-tallet, har blitt litt skræmde av dei mange dårlege forskingspapers om kulturnæringar, kreative næringar og, etter kvart, opplevelsesøkonomi, som har blitt presenterte på disse konferansane. Særlig ille var det på Fourth International Conference on Cultural Policy Research i Wien sommeren 2006. Det betra seg til den femte konferansen i Istanbul i 2008, men dette er ”still a challenge for us” sa Per Mangset i si avslutningshelsing på denne konferansen (Mangset 2008).

Gjennom Tuborgfondet si store bevilgning har Danmark og danske kulturforskarar fått i gang eit omfattande forskingsprosjekt om den danske opplevelsesøkonomien. Eit stort tal godt kompetente forskarar er involverte i dei mange delstudiane. Så langt ser det for meg ut som ein har unngått dei store fallgruvene i dette prosjektet. Nøkternheit og edruelegheit har eg brukt som karakteristikkar for dei forskingsrapportane er har fått tid til å sjå på. Dei verkar også metodisk tilfredsstillande. Dette skal vi alle vere glade for, og prosjektleiarane fortener ros for arbeidet. Men som tilfellet var med dei såkalla ”impact studies” på 1980-talet, så har heller ikkje forskarane på det danske prosjekt om opplevelsesøkonomi kontroll med korleis forskingsresultata frå prosjektet og frå alle rapportane vert brukte. Heime i Noreg har eg alt fått ei framstilling av Dorte Skot-Hansens rapport om ”Museerne i den danske oplevelsesøkonomi” som eg er sikker på at Dorte slett ikkje ville kjenne seg att i. Det finst truleg mange slike eksempel. Kva kan forskarane gjere med dette? Når skal forskarane igjen begynne å drøfte om dei har noko ansvar for måten forskinga deira vert brukt på?

Avslutning

Dei siste åra har det tilsynelatande skjedd store endringar på og omkring kulturfeltet. Kulturen, i dag under namnet opplevelsesøkonomien, som dynamisk utviklingsfaktor er på nytt på dagsorden.

Side: 120

Som på 1980-tallet har det gått ei bølgje av kartleggingar over nesten heile verda. Richard Florida og hans ”creative class” har inspirert mange. Men i dag synes stadig flere, i Norden i alle fall, nesten ukritisk også å skjele til Pine og Gilmore og deira berømte bok ”The Experience Economy” frå 1999.

Eg er uviss på om dei stadig nye nemningane som har vorte tekne i bruk, har tilført oss særleg mykje nytt. ”Giver det overhovedet mening i at tale om oplevelsesøkonomi?”, spør Trine Bille og Mark Lorenzen. Det er i alle fall eit godt spørsmål. Frå min synsstad er svaret mykje nærmare eit nei enn eit ja. Det gir, etter mitt syn, inga særleg meining i å snakke om ”opplevelsesøkonomi”

Andre forskarar ser dette annleis. Det er forskarar som har funne opp omgrepet, og det er forskarar som fører an når det gjeld å ta omgrepet i bruk – slik er det i alle fall i Noreg. Dei stiller ikkje spørsmål ved relevansen av omgrepet. Forsking om opplevelsesøkonomi, utført av forskarar som har vore med å innføre omgrepet og som ukritiske til bruken, vert derfor lett sjølvbekreftande. Det må i det minste vere verd nokre sjølvrefleksjonar.

Eit framveksande og ambisiøst forskarsamfunn på det nordiske kulturpolitiske feltet rundt 1990 var ein viktig grunn til at omfattande ”impact studies” ikkje vart gjennomførte i Norden. Dette forskarsamfunnet bør òg sjå det som si oppgåve å bidra til kritiske avklaringar og ”avmystifiseringar” av opplevelsesnæringar og opplevelsesøkonomi, og, ikkje minst, hindre at forskinga på dette feltet forsterkar preget av å vere ”bullshit research”. Mykje av det som har vorte utført, er ikkje forsking, men dokumentasjon. Eller ”bullshit research” av fremste klasse.

Og mykje av den kunnskapen som vert etterspurt, treng vi slett ikkje forske oss fram til. Nokre telefonar til Statistisk sentralbyrå vil gjere like mykje nytte til ein langt rimelegare penge.

I åra rundt 1990 gjekk det internasjonale forskarsamfunnet på det kulturøkonomiske feltet i seg sjølv og tok eit fagleg oppgjer med dei såkalla ”impact studies”. Nordiske forskarar var blant dei fremste i dette oppgjeret. Desse studiane fekk aldri heilt gjennomslag i Norden.

Det stiller seg annleis i dag. Også i Norden har vi kasta oss på den store bølgja av oppdragsfinansierte kartleggings- og dokumentasjonsstudiar av opplevingsøkonomien og dei kreative næringane. Forsking og næring synest å gå hand i hand. I dag har vi ingen Frank van Puffelen eller Alan Peacock som kan ta til motmæle. Også i Norden er det taust. Kvar har dei fagkritiske kulturøkonomane og kulturpolitikkforskarane gjort av seg? No trengst dei.

Litteratur

Andersson, T. D. (1985). Evenemang och ekonomi : en analys av Bruce Springsteen-galan, Göteborg 8-9 juni 1985. Rapport nr. 256. Göteborg: Företagsekonomiska institutionen, Univ.

Arnestad, G. (1993): Kulturfeltet i storbyane : del 1: Kvantitativ beskrivelse, del 2: Fagleg og metodisk opplegg for eit hovudprosjekt. Notat 14/93. Songdal: Vestlandforsking.

Arnestad, G. (2009). Hva er egentlig ”oplevelsesøkonomi”?. Bokanmeldelse, Nordisk kulturpolitisk tidsskrift, nr 1, 2009.

Side: 121



Arnestad, G. (2007). Forsking og forkynning. Kronikk, Bergens Tidende, februar 2007.

Aronsen, M. (2006). Quart 06 mer enn musikk. Verdiskaping og ringvirkninger. Rapport nr. 08/2006. Kristiansand: Agderforskning.

Austeng, S. (1995): Et vellykket forskningsprogram?, i Arnestad, G. (red): Kultur- og regionalutvikling. Tano.

Belfiore, E. (2008) On bullshit in cultural policy practice and research. Paper til 5th International Conference on Cultural Policy Research, Istanbul.

Bille, T og Lorenzen, M. (2008). Den danske opplevelsesøkonomi afgrænsning, økonomisk betydning og vækstmuligheder. Frederiksberg: Imagine; Samfundslitteratur.

Bråtå, H.O., Ericsson, B. og J. Kristoffersen (2007). Kunnskapsbehov innen kultur- og opplevelsesnæringene : en studie av behov for FoU og annen kunnskap i kultur- og opplevelesesnæringene og reiselivet. Rapport 11/2007. Lillehammer: Østlandsforskning.

De Paoli, Donatella (2006). Forskning innen opplevelsesøkonomi. Kompetansebehov og forskningsutfordringer. Notat til Noregs forskningsråd, Handelshøyskolen BI, oktober 2006.

Døviken, J., Sverkeli, B. og P. Strömberg (2008). Yohan barnevandreren. Hvordan kan en familiefilm skape grunnlaget for ny næringsutvikling i Agderkommunene? Prosjektrapport nr. 27/2008. Kristiansand: Agderforskning.

Ericsson, B. (2003) Lokaløkonomiske virkninger av kulturfestivaler - et metodisk urent farvann. Notat 6/2003. Lillehammer: Østlandsforskning.

Florida, R. (2002). The Rise of the Creative Class. New York: Basic Books.

Framke, W og P.R. Jensen (1987). Musikhuset Aarhus. Aarhus: Geografisk institut, Univ.

Handelshøyskolen BI (2009). Opplevelsesøkonomi (Experience Economy). Entrepreneurship and Innovation in Silicon Valley 2009 (Brosjyre).

Haraldsen, T. et al. (2004). Kartlegging av kulturnæringene i Norge : økonomisk betydning, vekst og utviklingspotensial. Rapport 10/2004. Lillehammer: Østlandsforskning.

Haraldsen, T., Overvåg, & K., J. Vaagland (2005). Kulturnæringene i storbyregionene Oslo, Bergen, Trondheimog Stavanger: kartlegging og analyse av økonomisk betydning, dynamikk, lokalisering og utviklingsstrategier. Rapport 05/2005. Lillehammer: Østlandsforskning.

Haraldsen, T., Hagen S E & P. K. Alnes (2008). Kulturnæringene i Norge muligheter og utfordringer : en oppdatering av kartleggingen fra 2004. Rapport 12/2008. Lillehammer:

Side: 122

Østlandsforskning.

Hauge, E.S. (2007). Musikk ut av Norge en bransjeanalyse. Rapport 1/2007. Kristiansand: Agderforskning.

Hjemdahl, K.M., Hauge, E.S., Nygårdsvik, I. & M. Aronsen (2006). Nordisk Senter for Opplevelsesindustri? Satsing fra Sørlandet. Rapport 3/2006. Kristiansand: Agderforskning..

Hjemdahl, K.M., Hauge, E.S. & E. Lind (2007). Festivaler på Sørlandet : kultur i kraftformat. Rapport 4/2007. Kristiansand: Agderforskning..

Hummel, M. & Berger, M. (1988). Die Volkswirtschaftliche Bedeutung von Kunst und Kultur: Gutachten im Auftrag des Bundesministers des Innern, Schriftenreihe des Ifo-instituts für Wirtschaftsforschung nr. 122.

Lind, E. (2009) Festival research in the local community: a discussion on conflicts of interest and objectivity, i Johnsen, H. Chr. G, Halvorsen, A. og P. Repstad:  Å forske på sine egne. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Lindeborg, L. (1991). Kultur som lokaliseringsfaktor. Erfarenheter från Tyskland. Ds 1991:22. Stockholm: Industridep.

Mangset, P. (1998). Kunstnerne i sentrum : om sentraliseringsprosesser og desentraliseringspolitikk innen kunstfeltet. Rapport nr. 11. Oslo: Norsk kulturråd.

Mangset, P. (2008). Closing Summary. Fifth International Conference on Cultural Policy Research, Istanbul.

Mangset, P. & S. Røyseng (red.) (2009). Kulturelt entreprenørskap. Bergen: Fagbokforlaget.

Myerscough, J. (1988). The Economic Importance of the Arts in Britain. London: Policy Studies Institute.

Osland, O (1995). Kulturfeltet i storbyene. Rapport 34/95. Bergen: SNF.

Osland, O. & S.E. Jacobsen (2000). Kinoens betydning for bykjernen : en analyse av næringsmessige og kulturelle ringvirkningseffekter av kinodrift i Bergen. Rapport 43/2000. Bergen: SNF.

Pine, J. & Gilmore, J. (1999). The Experience Economy. Boston: Harvard Business School Press.

Peacock, A. (1990). Economics, Cultural Values and Cultural Policies. Paper, 6th International Conference on Cultural Economics, Umeå universitet.

Ringstad, V. (2005). Kulturøkonomi. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.

van Puffelen, F. (1994). Uses and Misuses of Impact Studies in the Arts. Paper, 8th International Conference on Cultural Economics, Univärsität Witten/Herdecke.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon