Det er 25 år sidan Brasils mest ekspanderande karismatiske rørsle oppstod i eit fattigstrok i Rio de Janeiro. Guds Rikes Universelle Kyrkje - IURD (Igreja Universal do Reino de Deus) har på sin måte snudd misjonskartet på hovudet: Frå sentret i Rio - i «den tredje verda» - strøymer misjonærane ut til alle verdshyrno - ikkje minst Europa og USA. IURD hevdar at dei har etablert seg i åtti land - truleg noko overdrive. I Vest-Europa er det berre Skandinavia som til no har «gått fri».

IURD har 23 radio- og TV-stasjonar og 80 tempel i Portugal. Dei har sterkaste base i Europa i det landet, noko som nok heng saman med språkfelleskapen med Brasil. Men IURD har også eit av dei aller største forsamlingslokala i London. Dei samlar innvandrarar frå Afrika i Paris. Du finn dei i Roma, i Madrid, i Sveits, i Nederland, i Moskva - mest blant dei fattige. Og i Afrika - i det tidlegare portugisisk Afrika, men aller mest i Sør-Afrika der dei etablerte kyrkjene kjenner presset.

Kva skjer når kyrkjer passerer grenser og møter nye miljø - og kva skjer når menneske passerer grenser og møter nye kyrkjer i nye sosiale situasjonar? Kva forandrar seg på den nye staden - og kvar slår tilbake dit kyrkja kom ifrå? Kva er jordfest og kva kjem drivande?

Eit forskingsprosjekt på Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, Religion in a Globalized Age (RIGA) arbeider med desse spørsmåla. Interessa mi for IURD er ein del av dette prosjektet. IURD er eit godt studieemne, særleg om ein vil ha tak i dei globaliserande prosessane «nedanfrå.

Denne artikkelen byggjer på ei førelesing ved semesteropninga på Det teologiske fakultet i år. Det skal koma meir av både teori og empiri. Artikkelen er ein smakebit av eit prosjekt der eg arbeider saman med ein brasiliansk forskar, Mary Rute Gomez Esperandio.

Vi har vel vent oss til at dei fleste kristne i dag held til i den 3. verda. Men eg trur ikkje vi har vent oss til at dei fleste kristne i Den tredje verda er

Page: 4

annleis kristne enn oss. Svært mange av dei kallar seg pinsevener - og det er dei som blir fleire.

Pinsevener i den 3. verda

Barrets «World Christian Encyclopedia» rekna i 1988 med ca 125 millionar pinsevener i den tredje verda - 4.4 millionar i Europa. Om dette talet er nokolunde rett, kan vi truleg rekna med 150 mill i dag. Til samanlikning har Det lutherske verdsforbund vel seksti millionar medlemer - dei fleste i Europa. Fleirtalet av lutheranarar er velstandsmenneske - dei fleste pinsevenene i den tredje verda lever i fattigkvarter og shantitowns.

Da femti tusen pinsevener møttest i eit friluftsteater i Porto Alegre framfor presidentvalet i Brasil no i haust, slo det meg at vi i vest - vi har universiteta og vi har forskning på frigjeringsteologi og kontekstualitet i den tredje verda - men dei truande massene, dei er det lekpreikarane i Afrika, Asia og Latin-Amerika som har.

Men kven er det vi talar om? Slår vi heile hopen saman - pinsevener og andre karismatikarar, blir den karismatiske rørsla den sterkaste ekspanderande kristne rørsle i dag. Men det er heller meiningslaust å snakka om ei rørsle. Det er tale om svært ulike fenomen. Og den delen av dei som kallar seg pinsevener er oppdelte i rørsler og kyrkjer som er ulike i nesten alt - berre ikkje i det at Den heilage Ande gjer seg til kjenne i åndsdåp med tungetale.

IURD

I Brasil er fleire pinserørsler i sterk ekspansjon medan den katolske kyrkja er på vikande front. Den mest synlege er IURD. Fleire tusen «tempel» ligg breisådde over landet. Du ser dei overalt - med felles innskrift i neonblått lys: Jesus Christo é o Senhor.

For å overvinna noko av kløfta mellom universitet og folkeleg liv, har eg bruka mest mogleg av eit halvårs studieopphald i Brasil til å observera - gå på gudstenester i IURD så ofte eg kunne, store forsamlingar og små, i storbyar og mindre byar, morgon, middag og kveld, helg som søkn. For å sjå og høyra. Eg har ikkje tal på alle dei hender som har signa hovud og nakke - med olje og utan olje. Og eg har knapt tal på alle dei demoner som er drivne - eller forsøkt drivne - ut av meg. Og mange varme handtrykk - og gode, gode klemmar. Og eg har forsøkt å vera med - veifta med armar og kropp

Page: 5

etter pastorens instruks, teke mot symbolberande gjenstandar frå smilande hjelparar, «obreiras», gått gjennom portar på den smale veg, kjøpt oppbyggelege aviser og bøker, vandra gjennom tempelsalar saman med dei som gav pengane.

Eg har gjort dette i von om å kunna forstå - iallfall litt av korleis menneska rundt meg - i ein annan kultur og ein annan sosial situasjon - kunne tenkja og føla så annleis enn eg - om Gud og livet. Og kanskje har eg fatta noko - ved deltakande - empatisk - observasjon på antropologisk vis. Følt litt av tyngsla til dei rundt meg som kom - mange - frå naud og svolt - malt i andleta. Og følt gleda - også gjennom min kropp når demonen var ute og alle klappa for Jesus og jubla med pastoren. Og mi eiga utvikling - korleis det som fyrst var framandt og uhyggeleg og skremmande - etter kvart var «vanleg» for ikkje å seia naturleg.

Kvifor folk blir pinsevener og kva skjer med dei idag?

Kvifor folk blir pinsevener? Eg har eit heilt knippe av forklaringar - frå sosiologi, økonomi, psykologi, tradisjon - og eg har mine meiningar på dette planet og. Men kanskje slike teoriar manglar noko - opplevinga, medopplevinga inne i templet. Omvending og dåp inn i medlemskartoteket kunne eg ikkje vera med på - men IURD krev ikkje dåp eller medlemskap. Dei innbyr til å vera med, til å koma med din vanlagnad, dine problem - og ventar at du betalar godt.

Kva skjer med pinsevenene i verda idag? Når pinserørsler er i ekspansjon, er dei også i forandring. Og om vi sannar at pinsevenene er viktige fordi dei er mange, blir det også viktig å få tak i forandringane. Også her er IURD eit glimrande studieemne.

Kontrasten mellom eit meir tradisjonelt pinselokale i Brasil og eit av dei nyaste IURDtempla er enorm Framleis er det dei tradisjonelle pinsesamfunna, Guds forsamlingar, (Assembleia de Deus), som har flest medlemner. Dei har vore i Brasil sidan 1915.

Å koma innom hjå dei kunne vera som å koma heim. Eldsterådet er på plass ved plattforma - i skjorte, slips og jakke. Kvinnene har teke på seg alvorsklede med lange erme. Strengemusikken slår til - og snart gløder tungene. Dei sjuke kjem fram og får varme hender på den vonde staden. Alle kjenner alle og sit tett saman. Eg ser mot døra: Kjem ikkje Arild Edvardsen snart?

Page: 6

I IURD er det annleis. Dei rufsete kino- og fabrikklokala i bakgater og shantitowns held på å vika for flotte tempel i byens sentrum med dyraste tomtegrunn - i storbyane med opp til ti tusen mjuke, polstra sete, flott arkitektur, høgt, høgt under taket - vegger i lys betong og farga glas.

Ingen slips anna enn på predikant og medhjelpar. Jeans på begge kjøn, joggesko, sandalar, nedringa bluser, leppestift og negler i gilde fargar. Og ingen med grå hår. Slikt fiksar ein når alderen melder seg. Her kan dei snakka om kino og teater og god vin - om dei har råd. Og om karneval - som andre aktive kristne helst har halde seg unna.

Det buldrar og larmar og kokar i forsamlinga når pastoren legg i veg med såkalla «kraftig bøn» og fire tusen andre ber høgt i munnen på han og kvarandre - i det store templet i millionbyen Porto Alegre sør i Brasil. Men «tungene» har tagna. Eg har sprunge veker igjennom - og over landegrenser - på jakt etter glødande tunger. Dei skal finnast, får eg vita når eg spør - men eg har ikkje funne dei. Somme har høyrt dei på TV. Men sjeldan. Avløyst av «kraftig bøn» hjå IURD - skriv ein forskar til meg.

Pinsehistoria

Forskarar her deler pinsehistoria i tre: Den klassiske som oppstod i USA i Los Angeles tidleg i førre hundreår. Den har Dåp i den Heilage Ande og sjølve kjenneteiknet - tungetale - som merket på at pinsevener var pinsevener. Pinserørsla, Assembleia de Deus, kom tidleg til Brasil - med svenske misjonærar som var blitt omvende i Chicago. Myten seier at grunnleggjarane såg bokstavane PARA på himmelen i ein draum. Dei skaffa seg eit atlas på biblioteket - og fann at PARA var ein stad i Brasil. Så drog dei dit - Berg og Vingren - til byen Belem (Betlehem) i delstaten PARA.

Denne klassiske perioden varde til ca 1950 - da vekta vart flytta frå tungetale til «cura divina» - guddomeleg lækjing - ved bøn. Dei eldre her i Oslo hugsar kanskje opplaupa med politi og kaos og ein rasande Karl Evang da predikanten Branham heldt vekkings- og lækjingsmøte i Filadelfia i St. Olavsgt. tidleg på femtitalet.

No reknar forskarane med ein ny periode - ein tredje periode - med noko ulikt innhald. I Brasil er det viktigaste nye at «guerra sacra» - den heilage krigen mot Djevelens demonar har blitt sentral - på praktisk tala kvart einaste møte: Exorcismar. Åndeutdriving.

Og «teologia da prosperidade» - «velstandsteologi» eller herlegdomsteologi - med den amerikanske predikanten Kenneth Hagin som ein slags

Page: 7

grunnleggjar: Jesus hatar fattigdom. Jesus vil at du skal bli rik. Men Gud treng pengane dine til hjelp for kyrkja. Og det du gjev til Gud, kjem mangfaldig tilbake. Vert det sagt. Slutt med det gamle puritanske fattigdomsidealet. Den som trur blir rik. Og blir han ikkje det, så er det noko gale med trua. Men det kan bøtast ved å gje enda meir pengar til Gud - og såleis visa at trua er reell. Og da vil pengane koma tilbake - mangfaldig - i neste lekk eller om nokre veker.

Postpentekostalisme

Postpentekostalisme - den nye bylgja - har altså demonutdriving og velstandsteologi som kjenneteikn. «Cura divina» går helst inn i velstandsteologien: Den som har tru - og som Gud elskar - og som ofrar sine pengar til kyrkja - blir frisk. Dei nye pinsevenene skil seg så kvasst frå dei gamle at somme forskarar leitar etter eit anna namn på dei. For dei skil seg frå dei gamle: Tungetale trer i bakgrunnen - for «kraftig bøn»

Den gamle kles- og åtferdskoden er altså borte. Dei strenge puritanske levereglane er borte: «Alt» er tillate - utanom homoseksualitet, utruskap, narkotika og korrupsjon.

Dei tette fellesskapsband mellom dei omvende innanfor kyrkjelyden i den klassiske pinserørsla vik for eit kunde- og tenesteliknande forhold. Kyrkja er snarare ein stad folk oppsøkjer på leit etter visse tenester - som kyrkja yter - mot betaling: «Cura divina», demonutdriving, åndeleg hjelp til materiell rikdom. Tenester som «kunden» betalar for.

Omvendinga blir mindre viktig i den postpentekostale rørsla. Den som kjem til templet blir teken imot - og får dei tenester ho eller han ber om - og legg att sine pengar. Pastoren spør ikkje om gjesten er omvend.

Dei strenge etiske reglar saman med eit nøgsemdsideal vik for ei framtidsvon om pengar og rikdom her i livet - knytta til magiske forestillingar, symbolske gjenstandar, rituelle handlingar: «Den magiske von som er sjølve framtida for dei som ikkje har noka framtid» som Bordieu har sagt i annan samanheng.

Det premoderne kyrkjelydsideal - med dei tette fellesskap - trer i nokon mon tilbake for det postmoderne religiøse kundeforhold. Dei religiøse tenestene trer fram som åndeleg konsum mot betaling - eit slag kompensasjon for fattigfolk som ikkje har tilgang til forbrukarsamfunnets materielle konsum. Eit skinnkonsum, vil somme seia.

Page: 8

Eit møte med IURD

Men la oss møta IURD - så godt det let seg gjera med eit Atlanterhav imellom: Det er fredag kveld i millionbyen Porto Alegre. Det skal vera Culto da Libertacão - frigjeringsgudsteneste - i det store templet like ved bussterminalen. Folk sig på gjennom, nedslitne, holete, ståkande gater. Det er dårleg med gatelys, hus som ikkje har sett maling på fleire tiår. Eg tråklar meg fram mellom menneska, mellom bilane, dei stygge husa, gateseljarane, tiggarane og dei som alt har lagt seg til å sova - på gata.

Brått kjem skiftet - templet til IURD: Ein nyoppførd opplyst, vakker fasade midt i alt det stygge - med inskripsjon i blå lysande fargar - i skinande kontrast til alt ikring: Jesus Cristo é o Senhor. Dørene er opne - heile veggen er open mot gata. Der er ikkje noko våpenhus eller gangparti som i ei norsk kyrkje eller bedehus. Du berre sig inn, rett inn - merker knapt skiljet mellom gata og fem tusen stolar. For dette er gata si kyrkje, gatefolket si kyrkje.

Inne - eit enormt rektangulært rom med fem tusen mjuke stolar - vegger der det skifter mellom lys betong og glasmaleri. Lyse fargar, vakkert - og i taket ein enorm kross i gult, blått og grønt glas, Brasils nasjonale fargar. Krossen er kanskje tjue meter lang - støypt inn i takflata. Og små altanar i hyrno av den store salen - med TV til opptak og overvaking. Og så ei plattform som fyller heile fondveggen - med talarstol, med «Jesus Christo é o Senhor» og ein kross over det heile. Men det som ruver mest i dag - ein fredag i oktober i fjor - er ein seks meter høg kjempe-statue - ein muskelmann i krigsbunad med sverd. Har dei forveksla Goliat og Jesus?

Pastoren - ein bispo - ynskjer velkomen - til ein dag for frigjering slik det alltid er alle fredagar i alle IURD-lydar. Vi helsar i handa rundt oss. Pastoren dreg opp ein song - pianoet der oppe spelar med ... han syng teksta føre - noko monotont i ein kraftig høgtalar og vi syng etter ... Så er det bøn for møtet. Vi reiser oss. Pastoren ber i høgtalar - ber Jesus fordriva alle Satans demonar - og alle i salen ber i munnen på kvarandre og på han. Bønene frå dei fire tusen buldrar gjennom salen og oppover ...

Predikanten talar att og legg ut om kor viktig det er å frigjera seg frå Djevelens makt. Satan er her no og gjer vondt - han står bak alt vondt i samfunnet og i våre liv. Som kristne er vi nøydde til å ta kampen opp saman med Jesus. Sterk applaus for Jesus frå salen.

Vi reiser oss att og syng og ber ei beite - høgare enn sist. Stemninga stig. Pastoren lyfter armane - og vi lyfter armane. Vi svingar med armane i takt med songen og bønene. Lydnivået aukar.

Page: 9

No trer hjelparane - obreiros - i aktivitet: Menn i blå skjorte og svart bukse. Kvinner i kvit bluse og blått skjørt. Reint, nystroke, velstelt ... Og så får vi alle utdelt eit pappstykke med teksta: Dei ti dagane til frigjering ... Ti fredagar skal vi vera med. Etter ti fredagar skal alle demonar vera ute av oss - endeleg.

Vi syng att. Vi står. Vi veivar med armane i takt. Vi ber så det dundrar i veggene.

No kjem obreiros att - fyk rundt i salen i full fart, innom alle. Vi får små pakkar med plastposar til å ha om føtene. Dei skal danna ein heilag sirkel om føtene - i fall der sit ein demon der inne i kroppen, så skal han ikkje få røma. Plasten kjem i vegen.

Så blir vi bedne om å gå til veggene og danna store ringar rundt heile salen - fire utanpå kvarandre. Skal eg vera med? Til sist sit eg åleine i den enorme salen - saman med ein sterkt handikappa mann som ikkje kan reisa seg. Eg gjev etter. Kjem meg bort til veggen. Det blir for sterkt å sitja aleine i det enorme romet medan fire tusen ser meg.

Vi tek einannan i hendene, klemmer godt, lukkar augo og konsenterer oss om det som no skal skje. For no skal endeleg Djevelen ut av huset - ja ut av kvar einaste ein av oss. Pastoren går fram og tilbake der oppe på plattforma og ropar ut med full lydstyrke i mikrofonen at no er det dags for frigjering - libertacão - frå Djevelens vonde makter, frå store og små demonar. Eg kjenner kropp og armar tett på meg skjelva og hendene dirra hjå dei to som held i meg - ein ung mann og ei gamal kone. Det er eit underleg syn - det enorme lokalet heilt tomt - fem tusen stolar i halvlys. Tome stolar. Berre den helselause sit att midt i det store romet. Ingen bryr seg med han. Obreiros inspiserer rekkene langs veggene - passar på at alle lukkar augo og konsentrer seg om utdrivinga, at leppene rører seg i bøn. Og ser obreiro ein person som treng ei spesiell personleg utdriving, så stoppar obreiro opp - legg handa på hovudet på vedkomande, spør kva som er åfått, samtaler, ber - og krev at demonen skal koma seg ut: «Sai ...»

No stilar obreiro mot meg. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal ta det som no kjem. . Tru om nynorsk kan gå for å vera tungetale? Men eg slapp no. Det var sidemannen demonen hadde sett seg i. Han ser meir og meir fornøgd ut etter kvart som samtala går sin gang - fram til utdrivinga: «Sai!» - «ut!».... . Ei anna obreira tek seg av ei ung kvinne like ved meg: Ho smiler og gret om ein annan - inntil det forløysande: «Sai  ...»

Det er tettast med folk framme med plattforma. Og der er dei tyngste tilfella - der er dei som må reknast ikkje berre å ha ein liten svip av demonen

Page: 10

i seg: Der er dei besette, dei som verkeleg ser ut til å vera i Satans makt ... Det er temmeleg kaotisk der framme. Obreiros og pastoren slåst med demonar - som har sett seg fast, godt fast i dei besette. Kroppar rister i ekstase. Pastoren tek godt tak i håret på ei gjente så ho ikkje stuper ... Kroppar vrir seg i vonde, knekker ned mot golvet, kryp, reiser seg - medan pastoren eller obreiros prøver halda fast i hår og hals og armar Det er slåsskamp - mellom den gode makt og den vonde - som tek kroppar i bruk. Kven kjem til å vinna? Jesus eller Satan? Det er ikkje godt å seia. Ei skjerande unggjenterøyst gjer det iskaldt i det store romet ... Og no tek pastoren og intervjuer Satan: «Kva vondt har du gjort mot denne mannen?» som pastoren held tak i. Ei grov, djup og rallande røyst frå ein klemt djevel langt nede i magen på den besette - svarar: «Desemprego, pobreza, miseria, doencas» «Eg har plaga denne mannen med arbeidsløyse, fattigdom, elende, sjukdomar» .... Pastoren vil ha djevelen ut - men djevelen vil ikkje. Slagsmålet - med nevetak og ryggtak - går sin gang på plattforma - saman med andre stridar av liknande slag der oppe - og ein heil del andre stridar med den vonde nede på golvet framfor plattforma. Det er rop og skrik - og vi som ikkje er så plaga - vi ber. Pastoren ropar at vi må hjelpa: Alle skal leggja hendene på hovudet og sjå mot den store krossen i taket - konsentrera oss om det ... Og no losnar det visst: Der kjem eit brøl frå den besatte mannen ... og eit skingrande «Sai» frå pastoren. No måtte den vonde til pers. Enorm applaus for Jesus.

Pastoren prøver rydda opp på scenen att for å koma vidare, få til ein viss orden, stemmer i ein song - og tek til å snakka om pengar. Han vil ha tak i sytti personar som gjev 50 reais kvar, ein ganske stor sum, ei vekeløn for mange. Det er stille ei stund. Så kjem dei fyrste - med pengar. Forsamlinga klappar. Så kjem der fleire - og enda fleire : No vantar det berre seks, appellerer han. Og dei kjem, dei og. Så etterlyser han alle som kan gje tretti, tjue og ti reais ... og deretter alle som kan gje mindre - men iallfall noko ... Folk veltar fram mot plattforma med pengesetlar. Obreiros står klar til å ta imot - dei som kjem fram får eit signingsklapp på hovudet.

Heile tida medan dette forretningsmesige føregår, held slåsskampane med demonar fram oppe på plattforma og nedanfor. Besette og obreiros veltar seg, reiser seg, dreg i hår og armar, vrir seg ...

No tek pengeinnsamlinga ei ny vending: Obreiros kjem inn med stablar av biblar, ... Og ber folk betala. Ein ny tett straum av folk til plattforma med pengar. Medan den vonde framleis held fast i sine siste offer der oppe.

Men så får det vera nok ... pastoren ropar ut at no skal han vekk: Han jagar Djevelen ut med enorm stemmekraft - medan alle vi fire tusen løfter

Page: 11

armane - og viser han vegen ut med kraftige rørsler: «Sai!» ... Og så dundrande applaus for Jesus.

Predikanten roar seg og oss ned med ei preike - om omvendinga og det nye livet - frigjort frå Satans krefter: Frigjering til eit liv i lag med Jesus Kristus - for han er «o senhor» - som det står over fondveggen.

Så er det ny runde med song og bøn og store armrørsler: Vi står. Vi løfter hendene, rister hendene, svingar armane i takt - lenge ... medan pastoren syng - og vi syng etter ...

For no er den tunge uhyggelege stemninga borte. No er djevelen jaga ut. Tonen er lett. Mange smiler. Vi smiler til kvarandre. Jesus har vunne - Vi har vunne. Vi har kjempa i lag. Vi har drive den vonde ut. Vi har kome nærare kvarandre. Vi klemmer kvarandre.

Eit kaos av kyss og klem over stolar og passasjar før pastoren legg i veg med ei preike att. Og no er emnet David og Goliat. Og den enorme plaststøtta får meining: Ja, det er Goliat. Der er inga forveksling ute og går. Pastoren legg i veg om korleis israelittane la på flukt da dei fekk sjå denne kjempa - men David .... Han hadde seks steinar i slyngja. Og no skal vi få slyngje med steinar i - Davidsteinar. Ein obreiro kjem med famnen full av små raude tøyposar. Vi går fram og får kvar sin pose - med seks små steinar inni - medan obreiroane klappar oss signande på hovudet. Og pastoren går vidare: «Er du arbeidslaus, så tek du fram ein stein og legg frå deg her» - på eit bord på plattforma. «Har du gjeld å baksa med, så tek du fram ein stein og legg frå deg - her» (på talarstolen). «Og har du ein sjukdom, så legg du ein stein frå deg her». Han legg steinen på golvet. «Og har du problem i familien, så legg du frå deg ein stein ... her». Den store Goliat vart ståande - men alle dei små goliatane i våre liv fekk det mindre greitt no. Vi reiser oss og løfter den vesle raude posen høgt over hovudet - og svingar han i triumf og i takt med pastorens - og vår - song. Men der kjem eit lite tillegg: Om fjorten dagar skal vi koma tilbake med posen - og da skal der vera pengar i han.

Vi syng og ber att - medan obreiros går rundt og samlar inn fottyet av plast. Det skal brennast med vondskapen i - og vi får nye plastposar til neste møte. Og så er møtet slutt.

Eller ikkje heilt slutt: Obreiros kjem inn på scenen med fire digre portrett - halvannan meter høge: Det er valplakatar for «våre fire representantar» - med andlet og kandidatnummer - nummer som blir lesne og skanderte i salen i kor så alle skal hugsa kven dei skal stemma på. Dette er viktig. Det er val om ti dagar. Dei tilhøyrer ulike parti, men er «våre kandidatar» -

Page: 12

til delstatsparlament, føderativt parlament, senat og president. Men så er det slutt. Vi går ut i kveldsmørkret. Dei stive andleta frå halvannan time før har no løyst seg opp. Vi smiler letta til kvarandre. Kona med pasteis - kaker med kjøtbitar - står klar i trappa. No er det på tide med ei kake.

Kva har eg opplevd?

Halvannan time med emosjonell avlasting - fyrst og fremst. Eg har kome inn i dette romet - eit rom for alle mine vonde kjensler, angst, uro, gjeld, arbeidsløyse, fattigdom. Eg har kunna setja meg ned i ein mjuk stol i eit stort vakkert rom saman med fire tusen andre ... Eg ser lyset frå orda over talarstolen - Jesus Cristo é o Senhor. Og pent kledde menneske går rundt og vil meg vel. Eg har møtt plagene mine - som vonde ånder. Eg har fått hjelp til å driva dei ut. Saman har vi drive dei ut. Sjukdomen er ikkje borte. Fattigdomen er ikkje borte. Arbeidsløysa er ikkje borte. Men eg har vunne ein siger - fått eit nakketak på dette vonde: Jesus - o meu Senhor - er sterkare. Plagene mine er vonde ånder som no vert drivne ut. Vondskapen i mitt liv er på defensiven. Og eg har opplevd felleskap - med fire tusen andre. Vi har site saman, reist oss saman, teke i hendene, klemt kvarandre, gått fram til plattforma i flokk, gått tilbake. Eg har vore engasjert med heile tida. Eg har ikkje site passivt og høyrt som i ei katolsk messe. Eg har fått vera med - fått be, ropa høgt om det vonde, fortvilte i mitt liv - og hjelpt dei andre med sitt.

Mørkret frå dei skitne gatene har eg fått koma inn med - og kasta frå meg - i neonlyset frå o Senhor. Eg har fått oppleva - ikkje ei lang preike, men rop, rørsler, syn, kjensler, kroppar, hender ... Smilande går eg ut att for å møta ein ny dag med lys i mørkret - og neste fredag kjem eg att - til nytt påfyll.

Men slår velstandsteologien til?

Får dei mangfaldig att av sine offer - blir dei rike? Kvar måndag er templet i Porto Alegre fylt av «empresarios», næringsdrivande, og slike som vil bli næringsdrivande. Halve forsamlinga retter handa i veret når pastoren spør om nokon her vil bli næringsdrivande. Helst er det vel snakk om små næringsdrivande. Men glitrande bilmodellar glei ut av garasjen under templet etter gudstenesta. Og predikanten byrja «offerauksjonen» der inne høgt: Kven kan gje 5000 reais? Ein formue. Mange årsløner. No var der visst

Page: 13

ingen som hadde så mykje den kvelden. Men fire tusen, tre tusen, to tusen ... fleire kom fram og leverte sjekk og fekk brakande applaus. Og ingen måtte koma med mindre enn 50 reais den kvelden, ropa pastoren.

Dei færraste vart rike denne kvelden eller denne månaden. Men kanskje neste? Kanskje ved å ofra meir pengar - visa at trua er sterk? Så skjer det kanskje.

Viktigare er det at mange fortalde oss at dei hadde fått det betre - om dei ikkje var blitt rike. Dei som gjekk i IURD og fekk familien med kunne fortelja om eit betre liv: Det vart slutt med narkotika og alhohol. Det vart fred i familien: Berre Jesus kan gje ein lukkeleg familie, ropa predikanten ut laurdag - for kvar laurdag i alle IURDs tempel er temaet «Terapia de amor», kjærleiksterapi.

Og dei som dreiv for seg sjølv med gatesal eller ein liten butikk eller verkstad og kom til IURD fekk orden på reknskapar og leveransar. Og kundane strøymde på. Og i Salvador høyrde vi at den som hadde med seg eit vitnemål frå IURD om at han eller ho var truande kunne rykka godt fram i køen av arbeidslause. Iurdistane var rekna som gode arbeidsfolk. IURD lova ei betre framtid for dei som bad og betalte. Og når nokre fekk det betre, vart det kunngjort i templet. Kanskje er det min tur neste gong? «No har eg to bakeri og fire nye bakarsveinar og to på kontoret», fortalde ei kvinne i høgtalaren. «Og det var fordi du gjorde som pastoren sa?» spurde intervjuaren. «Ja, det var fordi eg gjorde som pastoren sa».

IURD i verda

IURD er altså interessant fordi det er ein religion som vandrar - plantar seg inn i nye omgjevnader - i Europa, Nord-Amerika, Afrika, Asia. Kva endrar seg med flytting - deslokasjon? Her skal vi berre ta med nokre stikkord.

Iurd som «mediumistisk» religion

Brasil ser ut til å ha ein mediumistisk religiøs kultur: Forestillinga om «besettelsen», mediet, som gudemakta tek kontroll over - går att i folkeleg katolisisme, i Candomblé, religionen slavane hadde med seg frå Afrika, i det synkretistiske Umbanda - og i spiritismen. Og det er berre i Brasil at Kardecs spiritisme har blitt trua for millionar.

Dette er grunnleggjande for IURD - på negativt vis. Afrokultane, Umbanda, katolisismen og spiritismen er fiendane - djevelens demonar som må drivast bort, nedkjempast. Heile Brasils pandemonium eksisterer lys

Page: 14

levande for IURD - som fiendar. Dei lever som Djevelens agentar. IURD prøver ikkje fornekta dette sertrekk ved brasiliansk religion. Tvert imot stadfester dei heile spekteret av ånder - negativt: Dei er sjølve fienden og dei lever og trugar og skader. Såleis har IURD djupe røter i brasiliansk jord - gjennom exorcismane - utdriving av demonar. Dette er det serbrasilianske ved IURD.

Samtidig vert dette støypt saman med importert stoff - Kenneth Hagins velstandsteologi frå USA: Det er demonane som gjer deg fattig, står imot at du skal bli rik - noko Jesus vil du skal. Når demonane er drivne ut, kan du ofra dine pengar til Gud - dvs IURD - og få mangedobbelt att innan sju eller 15 eller 18 veker - alt etter lengda på programmet pastoren føreskriv for at resultata skal melda seg. I den tida må du gå i IURDs tempel kvar veke og betala. Kvar veke.

Såleis flyt brasilianske røter og import frå andre land saman.

Men kva skjer når denne religionen etablerer seg i Afrika? Der er det greitt. Der lever åndene framleis i animistiske religionar. IURDs univers kan atterreisast. Kampen mot demonane held fram.

Men i Europa - der rasjonalisme og sekularitet praktisk tala har rydda bort trua på demoner og ånder - så vi så vidt har julenissen tilbake? Dei opphavleg afrikanske åndene frå Brasil blir ikkje med til Europa. Dei semittiske og europeiske djevlenamn spelar ei viss rolle - Satan, Belial, Lucifer, Beelzebub ... Men dei demonane i Brasil - som vart utdrivne ved kvar einaste gudsteneste - Pompa Guira, Tranca-Rua, Velho Preto hjå Umbanda - og Omulo, Zhango, Exu, Iemanja hjå Candomblé - er borte no.

Iurd som protestreligion

Men her i Europa ser det ut til at IURD får ei anna rolle - som protestreligionen blant dei fattigaste av dei mest heimlause. IURD har etablert seg sterkast i Portugal - på grunn av språk og fattigdom - og i mest kvar einaste storby i Europa finst det utvandra portugisarar - klemt mellom oversjøisk innvandring og meir velståande europerarar. Her får altså IURD eit sterkare protestpreg mot autoritet og mot sosial eksklusjon. Liksom den klassiske pinserørsla i Nord-Europa langt på veg vart religionen til tradisjonelle vandrarar, sigøynarar, kan det sjå ut til at IURD blir religionen til mange nye heimlause - frå Portugal og frå Afrika.

Men dette verkar tilbake på Brasil. Da Edir Macedo, IURDs grunnleggjar, skreiv si fyrste «grunnbok» for IURD, handla den mest om afrobrasilianske demonar. Den siste boka hans heiter «Doutrinas de IURD» og er ei

Page: 15

katekisme, ein dogmatikk - for å halda saman ei rørsle som femner fleire kontinent. Og nypinsevenene legg frå seg det gamle prinsippet om at Bibelen og den heilage Ande er nok.

Men det sosiale protestpreget kan sjå ut til å bli sterkare - sjølv om det har fleire årsaker enn IURDs globalisering. Venstresida sin presidentkandidat gjennom fire val i Brasil, Ignacio Lula da Silva, var stempla som ein av demonane i dei to fyrste vala. Ved valet i fjor haust bad IURDs leiarar dei truande om å stemma på Lula.

Men tilslutt: Somme har spurt meg: Har du kjent noko uro nokon gong - når du prøver trengja inn i eit trusunivers så ulikt ditt eige? Har du kjent noko sakn av det fellesskap du observerte? Eg veit ikkje heilt å svara - bortset frå eitt punkt. Vi byrjar her i Noreg vår lutherske gudsteneste med å bøya hovudet i ei stille syndsvedkjenning. Eg er ofte i tvil om det er måten å byrja ei gudsteneste på. Og tvilen vart sterkare kvar gong eg høyrde IURD-pastoren opna gudstenesta på ein noko annleis måte - ved å ropa ut gjennom høgtalaren så det gjalla i veggene:

«I Jesu Kristi namn forkynner eg for dykk alle - siger, Vitoria!»

Berge Furre. Professor i kirkehistorie ved Det teologiske fakultet, UiO. Medlem av nobelkomiteen. Adresse: Ymersv. 9, 0588 Oslo